mandag 7. juni 2010

Endeleg!



















Det er ikkje mange dagane sidan kunstgraset blei ferdiglagt i Kjøpsvik. Ein kan trygt seie at bana blei fin!! At ei slik bane gjer mykje for trivselen, ja, det kan eg skrive under på. Laurdagen var eg på bana med Steffen i over tre timar. Då var det aldri under 15 born på bana. Fleire av borna har nesten regelrett skifta bustad frå hus til fotballbane. Det seier litt. Uansett, kjempeflott tenkte eg då eg skua dei unge spelarane i helga.

I dag var det og ein god del mennesker på bana då vi kom. Etterkvart byrja eg å telle kor mange det var. Jaggu meg var det ikkje i underkant av femti. Så flott!!! Så høyrde eg at asylantane hadde vore der og trena tidlegare på ettermiddagen. Dei er nok ganske mange dei og.........

Dersom du studerer biletet nøye ser du at det kom nokre oldboys etterkvart også:=) Dei var nok mange til at dei kunne spele kamp der oppe. Så om eg ikkje er så altfor dårleg i matte, så trur eg at det kanskje var bortimot 100 personar på bana i løpet av ettermiddagen og kvelden. Då kan eg bruke uttrykket med rette: Så flott!!!!!!! Sjekk keeperstillinga til Einar. Skulle tru han er proff!!

Eg må ærleg innrømma at eg blei både opprømt og skeptisk på samme tid då ein etter ein av dei eldre karane entra banen. Eg sleit mellom det å synes at det er kjempeflott at dei hiv seg rundt og det at eg fryktar det skal gå nokre leggar...... Det gjekk heldigvis bra. Eg blei imponert over kor godt dei eigentleg klarte seg kondisjonsmessig, spesielt med tanke på at aldersforskjellen på bana utgjorde 42 år. (Markus på 15 og Einar med sine 57). Det kan trygt seiast at det blei ei kjempeskøy tid der oppe. Mange bilar som køyrde forbi stoppa opp for å få med seg kveldens "happening":=) Så ja, det er godt kunstgraset er lagt. Håper at det fortset slik som no........

Etterkvart blir vel stilen meir upåklageleg..... Eg er stygt redd for at eg må innømme at ikkje alt såg like bra ut stilmessig på menna. No var det jo ganske stor variasjon både atletisk og kondisjonsmessig..... Alle har nok ikkje like fin og stram mage der dei spring etter ballen:=) Reknar med at det kjem etterkvart no!!! Hehe..... Innsatsen var upåklageleg!

No nærmar det seg sommarferie med raske skritt. Tentamensrettinga fredagskvelden vitna om akkurat det. Det var godt å ha ein stille "heime åleine-kveld" der eg kunne få unna mykje av det som trengtes. Sjølv om ikkje vèret til no har stått til årstida er eg sikker på at det rettar på seg ganske så snart. Eg har bestilt sol heile sommaren:=)

Laurdagen hadde vi ei koseleg avslutning med musikken som allereie no har tatt ferie for sesongen. Så byrjer vi på for fullt att til hausten (med ny dirigent):=)
Det merkes at ein ikkje er vant til det festlege lag. Det skal ikkje så mykje til før verknaden slår til.... men, det var i alle høve gøy.
Det er nok nokre år sidan sist eg var på "huset i Holmen". Nokre minner dukka opp då vi kom. Det er vel ganske stor forskjell på å vere 20 og 35 år. Veit ikkje heilt kva eg syns var best. Ein har vel eigentleg heilt ulike perspektiv på kva som er gøy og kva ein tillet seg i desse to aldersgruppene. Det er uansett ein fin stad å ha ei slik avslutning på. Seint blei det også. Eg kan ikkje hugse sist eg var like lenge ute:=)

No ser eg fram til jentehelg på hytta den nærmaste tida og det som følgjer med det. Dei som fekk med seg kommentarane etter forrige års helg veit at vi har noko å sjå fram til:=)


You're the meaning in my life, you're the inspiration. You bring feelings to my life, you're the inspiration. I wanna have you near me, I wanna have you hear me say yeah.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar