mandag 14. juni 2010

Ropet fra aust......

Frå tid til anna bruker det å kome eit blad, Ropet frå aust, til skulen. Eg har aldri vist noko særleg interesse for bladet før, men denne gongen tenkte eg at eg skulle lese det og sjå kva det eigentleg dreier seg om. Uavhengig av kva mine personlege ståsted i livet er så må eg seie at det er eit blad til ettertanke. I utgangspunktet er jo dette eit blad som omhandlar misjon. Eg går sterkt ut ifrå at dei fleste veit kva misjon er.
Vi som mennesker har ganske ulike spekter på livet og religion for den saks skuld. Likevel trur eg ikkje det er mange som kan påstå at den misjonen som drives i aust ikkje er positivt. Det er heilt utroleg at mennesker frivillig påtar seg å hjelpe andre på den måten.
Sjølv om eg eigentleg er klar over korleis det er mange stader i verda, gjer det noko med meg når eg les om det. Det blir på ein måte meir reelt.

I denne utgåva som eg valgte å lese tar dei for seg saker som bl.anna "Jakten på rettferdighet", "Barns lidelser i Burma", "Når troen skiller mennesker" og "Religiøs vold herjer i India". Det er viktige tema alle saman!

I mars var det eit møte i Trondheim der dei første rapportane frå Burma blei offentleggjort. Den eine av dei tar ganske så grundig for seg dei menneskerettsbrudda som er mot born i Burma. Sjølve møtet blei opna med "Er ikkje borna i Burma like viktige som våre eigne?" Bakgrunnen for uttalelsen er at det er bortimot ein million born i Burma som lev som flyktningar.
I dag kan ingen av oss seie at vi ikkje veit kva som foregår i Burma. Det har vi fått rikeleg informasjon om via media.......
Borna der nede lev i eit land som har hatt den lengste borgarkrigen nokonsinne. I dag har den vel sånn høveleg pågått i ca 50 år! Det sier litt...
Det som er då er bra med misjon er at det gjer håp til dei som bur der. Håp om at det eingong skal ta slutt.

India! Det er eit land som er under kraftig utvikling. Det er vel ingen andre land som har så rask økonomisk utvikling som nettopp India. Kva hjelp det at dei har ein slik positiv oppgang når det er så mange andre ting som tar ein ned på jorda att??
Berre for å nemne nokre få eksempler kan eg dra fram det at kristne blir banka opp, hus blir vandalisert og ikkje minst det at kvinnfolk blir valdtekne av di dei har feil religion. Det er tema som vitnar om den verkelege verda. Det er dei momenta som brenn seg fast i hjernen min når eg les, ikkje det om at dei har økonomisk vekst........ Kva skal ein med vekst i eit land om menneskeverda ikkje har den største veksten?

Det er ikkje meir enn 11 år sidan ein misjonær blei brent til dauden i bilen sin ilag med sønene sine. Dette var ei handling som vekte store reaksjonar blant folk i heile India. Berre i Hyderabad var det over 70 000 som demonstrerte mot handlinga. Fleire og fleire skjønna at det ikkje lenger gjekk an å ha det slik som det var. No måtte dei kome saman på tvers av gamle grenser. Alt i alt kan ein difor seie at denne bilbrannen også medførte noko positivt. (I den grad ein kan seie at ei ugjerning kan vere positiv........).
Likevel, det er forsatt mykje religiøs motivert vald i India. Det er vanskeleg for oss her heime å skjønne akkurat det. India er jo eit demokrati og ein rettsstat som beskyttar landsmenna sine mot vald og urett. Likevel skjer desse overgrepa med stor kraft.
Det er nærliggande å tru at så lenge det fins ekstreme hinduistiske grupper som gjer kva som helst for å vinne fram med sin ideologi, så vil ikkje India få bukt med problema.
Eit første steg på vegen burde vel kanskje vere å fjerne kastesystemet?? Hadde det berre ikkje vore så inngrodd......

I Vietnam er det ikkje lett å vere kristen. Der opplev dei sterkt press frå fleire hald. Hovudårsaka ligger nok i det at kyrkja hadde sitt å seie i kommunismens fall i det tidlegare Sovjet. Det er ennå mange som har vanskeleg for å svelge nettopp det.
Det er mange eksempler på at kjærester ikkje får gifte seg av di foreldre har vanskeleg for å akseptere at f.eks dottera skal gifte seg med ein kristen.
Vi lever i 2010, så ateismen som ligg til grunn i kommunismen stikk vel ikkje like djupt som før. Då kan det kanskje bety at i framtida eingong fins håp? Kanskje blir det slik at religion ikkje lenger skal skille mennesker.....

Religionar skal i utgangspunktet innby til fred, harmoni osv blant menneska. Det er då ganske patetisk at det er nettopp religion som ligg til grunn for fleire av dei krigane som utspenn seg i verda!! Kven er eigentleg dei som forsvarar angrepa sine med at det er deira rett å gjere det pga deira overbevisning om at guden deira har tildelt land til dei langt attende i tid?? Kanskje eg ikkje heilt klarar å sjå den rette samanhengen som vil gjere at eg vil forstå...?! Eg er rimeleg sikker på at eg har brukt ganske mange timar på å fundere på akkurat det opp gjennom åra eg har levd. Eg blir liksom aldri så mykje klokare. Min fornuft seier at det er mykje som er riv ruskande galt!!! Kanskje det er andre som har ei god forklaring å gje meg, så kanskje eg kan forstå tankegangen ein gong i framtida........ Kven veit? Eg er berre ei vestlandsjente eller nordlandsjente for den del som eigentleg ikkje veit så mykje. I alle høve ikkje om det som føregår i hovudet på eindel galningar (i følge meg) rundt om i verda.........

I hope I'll see you soon.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar