tirsdag 1. juni 2010

Ting skjer...

Det er nett ikkje så lett å vite kva ein skal skrive om i desse dagar. Ein kan trygt seie at ting skjer!! Det er også ganske så stor variasjonsbreidde i sakene. Frå det fantastiske i eine enden til det utroleg teite i andre enden. Ein burde kanskje prøve å mikse litt frå alt..... NOPE.

I dagens VG brukes overskrifter som "Heilt utan skam". Det dei siktar til er streiken som nå pågår rundt om i landet. Det er vel ingen som ikkje veit at mange av forbunda i landet har tatt steget ut og stansa eindel av arbeidarane sine. Kvifor? Joda, likelønn.
No skal eg vere veldig forsiktig med kva eg seier, for det gjeld å halde tunga rett i munnen. Det er fleire årsaker til det. For det første må eg ta hensyn til at eg sit i styret til Utd.forb, Tysfjord. Berre det åleine er grunn nok til å vere forsiktig.
Uansett, eg har eigentleg berre tenkt å drøfte litt det som står i avisa utan at eg eigentleg kjem inn på kva eg sjølv meiner.....

I heile verda kjemper banker og finanshus mot reguleringer som er mykje strengare enn dei er vant med. Dei som må plukke opp regninga om det går galt, på ny, er sjølvsagt vi. Så gidd vi ta regninga neste gong den kjem??
Vi veit alle kven som er dei svakaste i samfunnet! Eg kan sjølvsagt ramse opp ei liste, men eg trur akkurat det er unødvendig. Det er ei kjennsgjerning at det er nettopp dei det går verst utover i krisetider.
Sjå berre til andre statsland i kriser. Dei er nødt til å bruke mindre penger (i stor grad). Det er dei som har minst å leve av som får mindre å rutte med.
Kva i all verda har dette med streik å gjere?? Joda, eg kjem snart til poenget....... Det meste handlar om jakta på profitt! Bankane som var trauste men viktige brikker i samfunnet er blitt omdanna til enorme pengemaskinar. Vegen er faktisk ikkje så lang frå det ærlege til det å begå innsidehandel, nettopp på grunn av jakta på profitt. Jakten på overskudd går foran alt. Då tenker eg ikkje berre på finansfolk, men at det er ein tendens blant alle som sel tenester. Straumleverandørane er eit veldig godt eksempel på det. Straum er livsviktig. Straum er dyrt!!

På teikninga i VG står det følgende: "Vi tener godt når det går godt, vi tar ikkje ansvar når det går dårleg. Går alt til helvete, kan skattebetalerne få vise sin solidaritet." Ser vi ikkje kva veg det går? Personleg trur eg ikkje vegen mot inflasjon er så lang. Lønningene skal ikkje så mykje opp før vi kan ende opp på noko vi ikkje såg konsekvensen av då vi burde. Kven er så vi?? Eg meiner ikkje berre meg og mi arbeidsgruppe. Eg tenker heilt generelt.

Likeløn, kva er det?? Ein lærar ved Borge skule vil ikkje streike av den enkle årsak at han meiner det stort sett er likeløn i skuleverket. Han har nok eigentleg ikkje skjønt kva dei meiner med likeløn...... Likeløn er eit begrep som brukes på yrkesgrupper som er samanlignbare. Ei gruppe vi som lærarar kan samanlikne oss med kan for eksempel vere sjukepleiarar.

Alle forbunda har leiarar. Ingen av dei seier at det er greit om vi ikkje får eit stort lønshopp. Det er jakta på profitt som gjeld, koste kva det koste vil!! Det er litt skummelt å tenke på eigentleg.
Å streike er ein rett vi har og som vi har hatt lenge. Den retten har på mange måtar vore viktig for arbeidstakarar i landet. Streikeretten ersjølvsagt ein rett vi må ha også i framtida, men eg trur alle og einkvar bør sette seg ned og tenke over kva ein streiker for og konsekvensane det har å seie for fellesskapet...... Noreg har flust med pengar. Joda, men tru meg.....olja er ikkje fornybar. Så om nokon trur at alle som kjem etter oss skal ha det så bra, dei tar sanneleg feil! Eg har sørga for at eg har ein etterkommar, og eg håper inderleg at han fører det vidare. Eg lurer då på korleis mine etterkommarar vil ha det når den tid kjem.

Ellers i samfunnet fins det både smarte og mindre smarte sjeler. Dagens Vg var ganske innhaldsrik på saker...Ikkje kvar dag vi er så heldig:=)'
Ta bonden i USA for eksempel. Han mishandla dyrene sine på det grovaste. I tillegg var han så dum at han ikkje gjorde det i det skjulte. Han hadde fleire på besøk ein heil månad. Det han ikkje visste var at dei filma mishandlinga i det skjulte.
Han fekk naturleg nok si straff...... men kva med dei som filma?? Dei lot han halde på heile den månaden utan å gripe inn. Var ikkje dei skuldige også??

Så har vi han som kidnappa katten til naboen for så å kreve løysepengar av han. Årsak? Joda, han var lei av at katten gjorde sitt fornødne i hagen hans. Jaja....

Større er nok saka om at rusa foreldre drep sine eigne born. Det er jo berre heilt tragisk!! Sjølv meiner eg at det er feil å påstå at det var rusen sin feil. Om ein er istand til å ta livet av sin eigen unge, ligger det fleire årsaker bak. Rusen er berre den utløysande årsaka. Hovedtyngden av grunner ligger andre stader. Du skal vere langt nede om du begår ei så grusom handling..
Det verste er at det i fleire tilfeller er nok med eit samlivsbrudd. Hallo!!!! Psyken til dei det gjeld må vere øydelagt før den tid...... Er samlivsbrudd så grusomt at born må takast av dage? Berre for straffe den andre? Det er ikkje lett å forstå, men kanskje forklaringa er så enkel at det ikkje skal meir til.........
I den samanheng trur eg det er viktig at foreldre set grenser for kva borna får sjå på tv eller spele på data osv..... Sjølv kjenner eg til at enkelte sit fleire timar kvar einaste dag foran dataen og speler valdsspel. Det verste er at dei ikkje prøver å skjule det. Reknar då med at dei føresette veit kva borna gjer. (Det skal vanskeleg bortforklarast om ein ikkje veit om alle dei timane foran skjermen. Då er ein i såfall aldri heime sjølv). Uansett, meininga var ikkje å angripe foreldre men å belyse at dersom vi ikkje får betre kontroll på dette, ja........då trur eg vi får mange fleire episodar der vaksne drep borna sine. Eg er overbevist om at mange, ikkje alle, blir påverka i stor grad av spelinga.
Så til dei som planlegg å slå opp....... Gjer det på ein ordentleg måte så du ikkje går i fella :=)

I morgon skal visst sommaren stikke innom ein tur for å seie "Hei!" sånn berre for ein kort periode (sikkert ein dag). Det må eg verkeleg seie at eg er glad for. Steffen har planta ei solsikke og den har vokst seg så stor at den ikkje er til å ha i hus lengre. Etter å ha fått den heil over frå den lille potta til den store, måtte eg sjølvsagt gjere det samme for å få den i jorda ute. Etter tilvenning på verandaen satt eg den endeleg ut på torsdag. Vèret var jo så flott! Kva skjer? Det blir plutseleg surt og kaldt att...... Frustrasjon på høgt plan!!
Steffen deltar i ein konkurranse som inneberer at han må prøve å få den høgaste blomen. Derfor har vi lagt litt arbeid i det (han og eg). Då passa det dårleg med det sure vèret. No er eg redd for at blomen skal bli tatt knekken på om vi ikkje får litt meir varme. Så sol i morgon...Velkommen!!

Please don't tease me....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar