mandag 28. desember 2009

Motivasjonen for øving tebake:=)

Det er vel kanskje ikkje motivasjonen som har mangla..... Men det er ikkje noko særleg å setje seg ned og øve med huset fullt av folk. I dag er det berre familien som er her, og då kom lysta sivande. Plutseleg sat eg der og spelte låter eg ikkje har spela på aldri så lenge. Trur kanskje dei høyrer til studietida... Dei var i alle høve ikkje komen i gløymeboka. Stort sett er det songar om forelskelse osv...."Ung og forelska, famlande forvirra, håvelaust betatt av deg...... ". Jaja..... Det stemmer på meg heile tida det, så då går den vel aldri av moten!?!?! :=)

Lærte meg forresten eit nytt uttrykk i dag! Her ein dag stod det i ei melding eg fekk ...... btw...... Kva i alle dager? btw? Kva betyr det, liksom?? Ville ikkje vise at eg er heilt blåst på det området, så eg berre lot livet gå vidare som om eg forstod det. Mobilspråk kallar dei det. Joda, berre det ikkje går ut over det normale skriftspråket. Uansett! "By the way" betydde det!!! Jauda...heilt klart at det var ein ting som var logisk!!? Det måtte eg vel forstå?! Neste gong kanskje...om det ikkje går i gløymeboka. Har i alle høve lært meg mg, dg, sg, d, gid, z og så videre.... Til å bli svett av:=) (Ikkje bra når eg som lærar har byrja å ta i bruk både smileys og anna når eg skriv....Eg er på veg ut i fella eg og!).

Trur det er tredje gongen eg er på dataen i dag. Kor bra er det?? Vel, nå er eg ikkje lenge innom, så sånn sett i minutter er det ikkje så mykje. Det er deilig med stille dager, men det blei så stille og roleg så plutseleg. Lett å kjede seg då. Ikkje er det godt med mat heller. Ein et alt for mykje i jula.... I tillegg er ein nesten ikkje i rørsle. Farleg, spør du meg.
Burde ta å trø ein tur, men det er vanskeleg å finne den berømte motivasjonen for å gå på eigenhand. Gidder ikkje spørre nokon no når det er romjul. Går ut frå at dei fleste vil bruke tida på familiane sine. Er eg heldig, er det eg som får spørsmålet:=) Svaret er uansett JA!!

I morgon er det ein snartur til byen før det bere rett på hytta. Eg GLER meg til å feire nyåret der. Vi har brukt å feire nyåret der anna kvart år. Så i år blir det! Vi er tre på vår hytte, og på nabohytta blir det to. Ingen stress med andre ord. Skulle det no dukke opp ubudne gjester så skal vi vel klare å huse dei og. Sengeplassar er det nok å ta av:=) Det er om å gå roleg inn i det nye året, så blir det kanskje eit roleg år?? Kven som veit?!

2009: Året som blir huska for: 1) Eindel uro i bygda..:=(
2) September regna bort.
3) Bryllup i Spania.
4) Fantasien til mannfolka landa på under pari!!
5) Andreas kjøpte max julegave!!!! :=) (Igjen!! ).
6) Jenteturen endte i havet med kledane på!! (To av oss)...
7) Marita sin amarulla.....sei ikkje meir!!
8) Stor overraskelse som venta då eg kom heim frå Spania:=)
Ein som verkeleg har overgått seg sjølv!!!
9) Kleda som Eve og eg bestilte. Say no more!!!
10) Steffen oppdaga at det er noko som heiter "Fersk" leverpostei
11) Speling under blueshelga.
12) Året der stemming ikkje var så viktig... Lenge leve unoter.
13) Remme tapte veddemålet om at eg kom til å havne på
førstesida i Vg i løpet av ti år!!! YES!! Djævelskapen har nok
roa seg litt. Sjølv vestlendingar roar seg etterkvart:=)
14) Onkel Olaf.....
15) Eg løfta kollegaen min opp etter veggen på lærarrommet....
Berre spikeren mangla. (Stor glede for dei andre.) :=)
16) Tante Tove tok FLY til London. (Og Egypt!!!!!) Det er faktisk
ein stor prestasjon.
17) Skitur på Ulvsvågskaret.....
18) Forelskelsen som aldri går over...
19) Monica svikta og dro til Eikelandsosen av alle stader!!
Ho har ikkje skjønna at det er her som er staden:=)
20) 40-årslaget eg blei snytt for!!
21) Noregs fløtepus vann Grand Prix... Stakkars jenter som
forelsker seg i han...Han er litt for ærleg:=)
22) Nissen flytta til sørpolen.
23) "Slektningen" som fikk betennelse i den eine testikkelen. Kor
kult er ikkje det?? Og kor sur skal han ikkje bli om han leser
dette?? Då er det hevn som gjelder!! Hjelp......
24) Hevnen som er lova til Kenneth, men dog ikkje gjennomført
enno. (Den kommer..!! ). Grufull!!!
25) Eg gjekk ut av mitt gode skall og var ufin (mildt sagt), men
dog berre ein gong.
26) Ironi mangla hos enkelte.
27) Mine fantasier om Jan Fredrik Karlsen!!!!!! Hehehe.... Her i
huset er han ikkje likt av den mannlege delen:=)
28) Steffen sin hukommelse når det gjelder navn..... Ingen over
ingen under.
29) Beathe blei kalla for pudding av Eve!!! I love it!!!!!! :=)

Mandag!!

Så var det ei ny uke..... Her i gården kan ein trygt seie at det er ei som er trøytt. (Eller to). Halv tre i natt hadde eg enno ikkje sovna. Plutseleg skjærer eit forferdeleg rop i gjennom lufta. Det høyrtes verre ut enn ei hysterisk kvinne. Eg hoppa sjølvsagt i senga...... Det var Steffen som hylte. Kva han har drøymt husker han ikkje sjølv eingong...men noko forferdeleg må det ha vore. Han låg klistra opp til meg resten av natta. Han påstod at han ikkje var redd, men heile han skalv og han klamra seg hardt fast!!! Eg trur klokka var nærmare halv seks før han sovna att. Då var eg ganske så trøytt, ja. Å vakne 4 timar etterpå var ikkje godt.
No er det blitt ettermiddag og han byrjer å kvikne til. Når ein liten gut ikkje vil ha noko på butikken, er det noko som ikkje stemmer! Han fekk endeleg i seg litt mat, så då retter vel det meste på seg.

søndag 27. desember 2009

2.juledag er over...

Klokka er såvidt passert eitt og her sit eg. Er liksom på kroa nå og det var vel meininga å vere der til the bitter end...Hm....Slik blei det ikkje. Då eg kom traltande inn døra var det ein som blei overraska. Lysa var såvidt slokna i huset. Det var ingen som venta ei nesten edru Beathe heim så tidleg.

Kvelden har vore triveleg. Det er ikkje noko å seie på det. Det var berre det at det plutseleg blei så mykje folk i lokalet at det hverken gjekk an å få seg noko å drikke, og aller minst bevege seg i mellom alle folka.



Nye Dynamites har opptrådt på årets julejam. To høveleg lange økter i løpet av kvelden fekk vere nok, meinte fleire i gruppa, og det var greit nok det. Det var jo andre i salen som også hadde lyst til å spele. Det var då vi var ferdige å spele at problema oppstod...... Skaff Yngve ein gitar var ord som surra rundt fleire gonger. Det viste seg at han ville spele, men der var ingen gitar?? Det er kanskje ein forutsetnad at ein stiller med eindel gitarer når ein arrangerer jam session. Dei bomma litt der, ja. Rart, for det vart sagt at det skulle vere nok av gitarer. Jaja....

Vi var ferdige med å spele, stemninga mi tok aldri heilt av....Var berre vanleg glad. Tenkte at det då likesågodt kunne vere flott å vakne i normal tid i morgon og ha ein kjempefin dag. Har forsåvidt spurt Steffen om han har lyst til å gå på ski i morgon. Så då kan eg halde det løftet!



I forhold til spelinga, så sa dei som kommenterte det at det var veldig bra. Sjølv kan eg ikkje uttale meg om saka. Det var ikkje berre berre å høyre seg sjølv i monitoren. Trur det var fleire som opplevde det. Då er det vansklegare å spele. Alt i alt trur eg det gjekk sånn passe. Ikkje det værste vi har prestert, men ei heller det beste. Uansett er det flinke musikarar i gruppa, så det låt nok bra:=)

Eg hadde vel eigentleg eit ønske om at vi kunne ha hatt litt fleire vokalsanger. (Men det har eg aldri sagt høgt...). Instrumentallåtene vi speler er veldig fine, det er ikkje det. Det kunne likevel vore greit å ha nokre sanglåter også. Vi spelte to i kveld, men vi burde kanskje hatt fire:=) Vi bør kanskje bli litt meir trygg på oss sjølv. Det er fleire som er litt redd for at det ikkje skal vere godt nok. Så feil kan dei ta. Alle saman er meir så god nok til det dei skal, også vokalmessig, så det er berre å stå på.

Som alle andre kvinner elsker eg å høyre når ein mann syng ein "lovesong". Det er jo berre så "søtt" (mangel på andre ord). Som eg skriv i min eigen song: I like to watch you when you sing a lovesong.

Klokka har rukket å passere halv to no. På tide å finne vegen til badet. Sjølve julehelga er over og om litt over eit døger er det mange som må attende på arbeid. Håper det har vore ei triveleg jul rundt om i bygda. Her heime har det vore ei fin jul.
Det er koseleg med masse besøk i desse dager, men det er også deilig når det blir roleg rundt seg sjølv også.

Jula er ikkje lenger det samme for meg, det vil alltid vere ein som manglar. Den gladaste og snillaste personen i verda.... Ein time ved grava samme dag som julaften får vere mitt bidrag til saknet. Så lenge ein har born må ein gjere det beste ut av alt. Tårene får trille den stunda på kyrkjegarden, men så må smilet vere attende etterpå. Det skuldar ein dei små. Det er no eingong slik at det er ein som aldri ville ha villa at ein skal gå rundt å vere lei seg. Som han sjølv ville ha sagt: Pell deg heim og feir jul med familien. Vær glad og nyt livet!!
Det vil alltid gjere vondt på merkedagar, men livet har gått vidare, eg har gått vidare. Lev i dag. I morgon er det kanskje for seint. Gjer det du har lyst til i dag. Ikkje vent! Ikkje tru at det kommer til å skje langt opp og fram. Ingen veit kva morgondagen bringer. Eg prøver å vere opptimist. Ingen får ta det i frå meg.
Det er tida for å gå videre......

Håper det er nokon som har varma ei dyne til meg. Det er så godt å krype under ei god og varm dyne. Om eg ikkje tar mykje feil, er det sikkert ein liten kar som har innynda seg hos faren.....Då har han nok okkupert min plass i senga. Stor er sjansen for at eg er forvist til senga hans. Då kan eg trygt seie at eg kjem til ei mindre varm dyne. Aller helst ganske så kaldt.
Jaja..... Litt speling i bytte mot ei varm dyne går vel opp i opp. Kvifor er det berre eg som skal ha alle føremoner??? Hehe...

Ha ei god natt og sov godt. Det skal i alle høve eg gjere!! Gode tankar skal gjere draumene mine fine. Det blir godt å vakne til ein fin sundag. Glad er eg for at eg gjekk heim. Ellers hadde eg vel stått i kø enno.........

tirsdag 22. desember 2009

Tysdag 22.desember 2009

Dagen då eg gjorde mykje utan å gjere så mykje! Forstå det den som kan. Eg gjer det i alle høve :=)
Rundt meg er det heilt stille. Einaste lyden er vinden som har teke seg opp på utsida av veggane. Det er ikkje så lenge sidan eg kom heim frå øving. Guten sov og dei andre er borte i kveld. Her sit eg og er overlatt heilt og haldent til meg sjølv. Eg klagar ikkje......
Har vore tidleg ute med det meste i år, så føler slett ikkje at det er tida for stress. Faktisk sit eg ganske så godt her i sofaen.
Dei neste dagane blir fylt med det glade bodskap osv..... Julemusikken kjem sikkert til å finne vegen ut høytalarane, masse god julemat, familie og anna kos. I måro står pyntinga av juletreet for tur. Det er jo ein koseleg tradisjon. Mange har allereie gjort det, men eg har i alle år gjort det på lillejulaften. Det er ei fin tid vi går i møte. Vi har mykje å vere takksame for. Med tanke på dei som ikkje har det så godt, tenker eg ein god del på kor heldig eg er:=)
Mi største bekymring er i kor stor grad kan eg ta meg eit glass rødvin til den gode julematen pga voltarenkuren eg må ta pga det skada kneet mitt....... (puh...lang setning..)...Eg burde vel ikkje lage ei problemstilling ut av det. I det vide og breie ein bagatell...!!

Pelle politibil er 25 år i dag. Bilen som har kjørt seg inn i alles bornehjarter er like stor i dag som før. Den ekte bodøværingen feires i dag. Helsa til Pelle i det verkelege livet er heller skral.
(Berre ei lita avsporing........ei viktig sådan......hehehe).

mandag 21. desember 2009

Rettighet eller gave??

I helga leste eg ein artikkel i VG som omhandla det å få born. Det vart stilla spørsmålet om det å få born er ei gave eller om det er ein rettighet. Overskrifta var Statens farskap. Trur det som i størst grad har provosert forfattaren av artikkelen er at staten påtvinger far til å måtte ha lengre fødselspermisjon. Samtidig jobber fleire sentrale politikarar for å få meir lempelege lovar i forhold til det å få born. Med det meines einslege kvinner som ønskjer born.... Då trengs visst nok ingen far vere innblanda i det. Då kjem dobbeltmoralspolitikken inn.
Adopsjon er utelukka frå problematikken i dette, for gjennom adopsjon hjelper ein også eit menneske som trenger det. Akkurat det er jo ein flott ting. Det går meir på kven skal ha rett til å få born, og på kva måte skal dei få det.

Dette temaet er ganske sårbart for mange, og ein skal difor vere forsiktig med å ordleggje seg. Det skal ikkje mykje til for at ein blir skulda for å ha dårlege haldningar om ein ikkje trør varsamt. Tenkjer då mest på dei som er homofile av legning.
Eg har på lik linje som forfattaren av artikkelen ikkje noko problem med å skjønne at alle, uansett legning, har lyst på å få born. Sjølvsagt er det forståeleg! Problemstillinga spør om det er ein rett vi som vaksne har , eller om det er ein gave å få born.

Statens farskap?? I kva grad skal staten blande seg inn for å dekke dei vaksnes behov i denne saka? Er det likegyldig om eit born veks opp med mor og mor, med far og far, eller med mor og far? Eller, det nye forslaget som seier berre mor? Eg meiner det ikkje er likegyldig! Ein vanskeleg debatt, ja, men dog ganske innlysande for meg! Eg utelukker heilt det som mange argumenterer med......Evnen til å gje omsorg. Evnen til å gje omsorg er heilt sikker like stor hos dei temaet gjeld som hos dei som følger den "normale" normen. Alle born skal tas i mot med kjærleik og respekt. Kva rolle bør staten ha i forplantninga?

Eit born treng både ein far og ei mor. Livet blir ikkje alltid slik av ulike årsaker. Fleire veks opp med berre ein vaksen. Andre veks opp med andre enn sine biologiske føreldre. At livet blir slik, er noko heilt anna enn at staten skal planleggje at born settes til verda utan mor eller far.

I dag brukes argumenter som urettferdighet og diskriminering. Då er ikkje vegen lang før også einslege menn vil ha hjelp til å få born.
Fleire homofile menn bruker ei surrogatmor frå USA. Egget som blir planta inn er gjerne frå ei anna kvinne. Kven av kvinnene er eigentleg mor? Disse borna får inga mor......

Alle born kjem ein eller gong til det stadiet i livet at dei vil sakne anten å ha ei mor eller ein far dersom dei manglar det. Er det rett å utsetje borna for det berre for å tilfredstille dei vaksnes behov?? Eg berre spør.....

lørdag 19. desember 2009

Flotte laurdagen:=)

Så var kveldens meny klar. Nå er det berre for gjestene å komme:=)

Roastbiff
Spekemat
Lammelår i skiver
Eggerøre
Laks
Kylling
Potetsalat
Waldorfsalat
Grønnsakssalat
Sennepsaus
Ferske rundstykker og loff + + +

torsdag 17. desember 2009

Torsdag 17.desember 2009.

Så var ein ny dag over. Det er torsdag og for første gong på lenge kan eg seie at den siste uka ikkje har floge avgarde. Normalt ville eg ha hatt sundag i dag...men det er visst berre torsdag. Jaja, må vel ha sånne uker også.
Akkurat no sitter eg her og føler meg ganske sliten. Hovudet henger ikkje fast i kroppen (føles det). Heile uka har det gått i eitt. Då meiner eg i eitt!! Noko av det har sjølvsagt vore morro. Øvinga på tirsdag var vel eigentleg ei avkopling frå stresset ellers omkring. Har konstantert for meg sjølv at stress ikkje er noko for meg. Trur kanskje det ikkje er så sunt heller!??!!! Men når døgeret ikkje har nok timar slik som no, så blir det slik. Det einaste som er sikkert er at eg ikkje skal bo på aulaen neste desember. Hovudet er fyllt til randen av rytmer og strofer som ikkje har noko som helst der å gjere. 16 timar med musikk på få dager er litt i meste laget. Det går ut over dei her heime som må stille ned lyden på tv. Nett no vil eg berre ha det stille.

Nei, det er vel berre å summe seg og gå inn i stova og prøve å vere nokonlunde blid. Det er trass alt juletider.....Ein dag att, så venter heile tre fridager i neste uke.
Det er sikkert ei koseleg helg som kjem oss i møte. Det er berre å sjå opp og fram.

Det er vel heller ingen som seier noko på det om eg legg meg no...klokka er snart ti.

tirsdag 15. desember 2009

I will give you my life in a lovesong.

My world has changed
and everything is different.
Times are changing.
From you comes all of my hope.

I will give you my life in a lovesong.
All thing comes together in you.
I open my heart so that
I can show you love.

There is no one like you.
I feel my heart beats faster.
You give me strenght to carry on.
My head is filled with you.

I will give you my life in a lovesong.
All thing comes together in you.
I open my heart so that
I can show you love.

You make me smile everytime I see you.
You make me feel alive.
I like to watch you
when you sing a lovesong.

I will give you my life in a lovesong.
All thing comes together in you.
I open my heart so that
I can show you love.

Så attstår det å la deg høyre songen..... There is a time for everything.

God natt!

Tysdag 15.desember!

Det er uke nr 51, det er tysdag. Uka er såvidt byrja, men trur den vil bli unnagjort i løpet av ganske kort tid... :=) Så er det juleuka!! Den gler vi oss til alle mann! I alle fall her....

Akkurat no sitter eg og tenker kor godt det er at vi alle er ulike og ikkje minst at vi har ulike meininger om mangt. Det er det som gjer oss levande! Tenk kor kjedeleg det hadde vore om alle var like og meinte dei samme tinga... Då skulle i alle fall ikkje eg ha stått modell:=) Hehehe.
Eg syns det er flott, eg. Eg har mi meining medan andre har si. Det gjer at eg er mitt eiga individ! Flotte ord... Kva?
Ein ting er i alle høve sikkert. I desse dagar held eg meg langt unna diskusjonar her heime som omhandlar budsjett og politikk her i kommunen. Men eg får min dose likevel! Trur telefonen her er ganske så varm for tida. Ordet som blir nevnt oftast er eigedomsskatt. Eg er glad eg ikkje skal ta stilling til det spørsmålet. Det overlet eg til dei som skal røyste over saka. Kan seie så mykje at vi ikkje er hundre prosent einige her i huset. Då er det vel best å teie....så slepp ein dei store diskusjonane. Trur nok politikk kan vere årsaka til mange diskusjonar rundt om i heimane.
Som sagt...Det er flott med mange meiningar.

Det er mange saker som engasjerer for tida... Ikkje berre eigedomskatten. Det må jobbast mykje med å få budsjettet på plass og mange har vel sine saker dei kjempar for. Ikkje alle får gehør, sjølv om dei meiner sakene er aldri så viktig. Ei anna sak er legesituasjonen. Eg skal for all del ikkje komme inn på kva eg eigentleg meiner i saka. Det har eg holdt for meg sjølv heile tida. Det er vel ikkje opp til meg å meine noko som helst om eg skal sette det litt på spissen.... Men sjølvsagt, eg er som alle andre.....så eg har ei meining om det eg og!!
Det einaste eg er interessert å dele i forhold til mi meining om temaet er: Kva er alternativet?? Det vil med 100% sikkerhet bli masse dyrare for kommunen å ikkje gripe fatt i problemet. Kva er likast? Auke to lønningar litt og beholde 3 legar, eller den dyre vikarordninga vi har forholdt oss til før?? Då er svaret enkelt for meg!! Kommunen blir ikkje så mykje fattigare på lønnsauke om ein ser det opp mot alternativet..... Men kva veit vel eg??
Som sagt....eg har ikkje med reine ord sagt kva eg meiner om saka. Eg har berre prata litt rundt temaet. (Eg må jo og seie at eg berre har gode røynsler frå mine legebesøk.....Så eg er difor nøgd med tilbodet vi har i dag).

Nokre gonger syns eg det er litt gøy å seie ting som eg i utgangspunktet ikkje står for. Misforstå meg rett.... Eg seier aldri at det er mi meining som kjem fram, men eg argumenterer for ting eg eigentleg er imot. Det er berre for å få lufte temaet ordentleg og å vise at ei sak kan ha fleire sider.

Han "artigkaren" som sitter borti sofaen er grimm på akkurat dette. Når mamma er på besøk, bruker han å byrje med å argumentere for Frp. Eg som bur i lag med han veit jo såpass at er det noko han ikkje stemmer, så er det Frp. Dei vil jo ha kommunesamanslåing. Det vil ikkje han.... Men han elsker å "provosere". Ho er då eit typisk Arbeiderpartimenneske samtidig som han veit ho lar seg fyre.... Eg har høyrt diskusjonane og argumentane så mange gonger at eg har lært meg tidleg med å gripe inn og seie til mor mi: Husk at han stemmer Arbeiderpartiet akkurat som deg. Han prøver berre å provosere!! Ho svarer sjølvsagt at ho veit det, men lar seg rive med likevel.... Det har blitt betre med tida skal det seies. (Berre så synd at det er så mange som trur at han faktisk stemmer Frp.... Men det kan han takke seg sjølv for)!

Det er bra med ulike meininger....berre ein ikkje gløymer akkurat det når ein diskuterer. Mange gonger er det lett å la seg rive med. Det betyr ikkje alltid at det ein meiner er det beste eller det rette svaret. Ein skal jo og passe seg for å presse sine meininger over på andre og forvente at dei skal meine det samme. Det er ikkje bestandig like lett å halde tunga rett i munnen, og sjølv om meiningane er ulike i ei sak som for meg er veldig viktig, må eg ikkje gløyme at det ikkje gjer noko om ikkje alle er einige med meg. Problemet er at av og til kan ting virke så opplagt og spesielt då er det vanskeleg å forstå at vi faktisk ikkje meiner det samme. Dette er sikkert noko både eg og mange med burde blitt flinkare til.
Det einaste som er sikkert er at eg føler meg meir levande når eg kan utveksle meininger som ikkje bestandig er like med dei andres enn om vi bestandig skal vere einig.

Eg er sta som person.....men eg prøver å forbetre meg heile tida. Eg vil vel aldri bli bra nok på det området...Men det er akkurat det som er så bra. Det betyr at eg held på det som er meg. Eg kan ikkje vere ein annan enn eg er. Take it or leave it!!

søndag 13. desember 2009

Bodøbyen.

Bodø - eigentleg ein fin by å bu i - men dog ikkje byen å leggje førjulshandelen til når det er under to veker til jul. Med mindre du har god tid, kan dei lange køane gjere sitt til at du blir ei utålmodig og rastlaus sjel. Been there - done that!!

Denne helga har eg vandra frå butikk til butikk i Bodø. Håpet var at eg skulle få gjort meg ferdig med det meste allereie laurdagen. Så feil kunne eg ta! Eg treng nok både sundagen og måndagen også.....
Eg har ikkje talet på kor mange gongar eg drog kortet, men eg veit det var mange! Like mange gonger stod eg i kø. Lange køar!!! Spesielt på El-kjøp var det ille. Først var det å stå kø etter å ha trekt kølapp. Då kjøpmannen trudde han var ferdig med oss, hasta han vidare til neste nummer på lista. Så då var det å stå i ny kø.... Etter ei stund vart det vår tur på nytt. Vi fekk ordna det vi skulle, men så sa ekspeditøren at vi måtte stille oss i kø ved utgangen kor vi skulle oppgje namnet på ein av oss. Butikken var lang å tråle gjennom. I enden såg vi kassane og lange køar. Huff!! Ny kø. Ikkje nok med det....Vi oppga som avtalt namnet og fekk betalt varen. Då sa kassadama at vi måtte stille oss i endå ein ny kø. Nemleg der varen utleveres! Vi fekk kvitteringa med oss og måtte trekke ny kølapp. Om det var gøy å handle???? Ikkje med tanke på at eg hadde gløymt at det var ein ting til eg skulle kjøpe der, og då måtte ta heile sirkuset på nytt..:( Trur kanskje eg endte opp med 8 køar for to små gjenstander......med ein 5-åring på slep.

tirsdag 8. desember 2009

Tysdag 8.desember!

Så var nok ei ny uke igang. Om ikkje lenge er vi midt i desembermånaden. Månaden blant dei store hos borna. Trur ikkje det går ein einaste dag utan at det første som blir sagt er "Kan æ åpn en adventspakke?" Steffen er eigentleg litt treg å få opp om morgonen sjølv om han legg seg tidleg. ¨Han er det sjølvsagt enno.....men berre til han kjem på at det henger nokre pakkar på veggen i stova. Då er han plutseleg lys vaken...på null komma niks. Vi var vel likedan vi og, men eg hugsar det ikkje.
Det skal ikkje så mykje til for at han blir glad. Trur det er mange som har dei "fancy'e" pakkane, men ikkje denne guten! Eg bestemte meg tidleg at han skulle få bli vant til at adventskalender ikkje er einstydande med at han skulle få mykje av det han ønsker seg. Han får ein liten ting kvar dag. Han blir sjølvsagt gladast når det er snop i pakken, men dog ikkje så glad av di han då må spare den til etter bornehage.... Trur ikkje tantene der ville vore så glad om alle borna hadde ete snop før dei kjem i huset der....Det kunne blitt ei fin smørje.

Denne desembermånaden har faktisk vore den minst stressande julemånaden på mange år....heilt tilbake til eg var 12 år. Det er lenge sidan det. Det har alltid vore ein aktiv månad, men i år har eg heller vore aktiv heime. Kjenner eg har lyst å både vaske/rydde og bake stort sett kvar dag. Ein skal vel vere takksam for at ein føler at ein har energi nok til det. Det er faktisk null stress.

Steffen har ein kompis på besøk no. Høyrer dei sitter og ler til Tom og Jerry i bakgrunnen. Det er det gøyaste programmet å sjå her i huset. Om Steffen står tidleg opp og det er Tom og Jerry på tv, ja då merker vi det på fliringa i stova. Det er rett og slett rå latter. Då er det ein til som står opp!! Kan seie så mykje at den andre som står opp ikkje er meg! Det kommer ikkje til å skje at eg ofrar den gode, varme dyna for ein teikneserie (sjølv om eg er glad i Tom og Jerry).
No sit dei der og flirer medan dei har si barnetvstund foran skjermen. Koseleg!

Når brøda er ferdigstekt , tenker eg at eg vil ta meg ein svømmetur. Det er godt å vere i bevegelse. Når eg ikkje kan springe den næraste tida, fungerer svømming godt (jogging er skøyare).

lørdag 5. desember 2009

LEV I DAG!!!

Det er for seint å angre på det ein ikkje har gjort når ulukka er ute. Akkurat i dag, når ein får høyre om den tragiske ulukka på Norcem, virker alt så bagatellmessig. Ingenting er viktig. Det er berre så uverkeleg. Eg berre tenker på alt eg sjølv henger meg opp i. Kva er vitsen?? Nei, det er viktig å leve medan man kan det. Ikkje utsett det ein har lyst til i dag og sei at til neste år......då kan vi unne oss det.

Hvil i fred, Kjell!!! Tankane går til familien din og dei du hadde rundt deg. Dei får ei tung jul og eg håper dei har mange rundt seg som støtter opp i denne vanskelege tida. Det er berre trist...Eg er heilt satt ut.

Happy ever after???

Klokka er halv tre på natta. Eg og han der som kaller seg husbonden min har vore ein tur på kroa., Vi åt juletallerken (anbefales verkeleg!!!). Eg er akkurat kommen heim. Burde vel vore alle andre plaasar enn på dataen no (les i senga), men klarte berre ikkje å la vere!! Kvelden har vore toppers. Dette var ein av dei tre gongane eg unner meg det livlege i året....og tru meg.... det var verdt det. Det var eigentleg TPL som skulle ut...og eg lot meg til slutt overtales til ¨å vere med. AAkkurat no føles det som om det var det rette. Ikkje farleg når ein har barnevakt i huset:=)
Nokre mannfolk frå kommunen var også ute....og det gjorde at eg fekk det ganske så skøy:=) Dei har faktisk litt humor!!!!
Eit par (eg kan jo leve i trua) drinkar gjer at eg burde leggje meg, men det er litt for gøy å vere meg til at eg burde leggje meg ennå.
Jajaja........Har aldri flirt før, så eg må nytte høvet no:=)......hehehehehehhehehehehehehehehehehehe

Gler meg til andre juledag....då er det jam,!!!!! Jajajjjajajaja...det er ikkje måte på kven eg er glad i i kveld, så berre nyt det folkens....det går snart over. Eg har mine favorittgutar, og dei veit o det. Det får vere nok:=)
Nei.....god natt. Vi snakkes i mårra når........

torsdag 3. desember 2009

Klager??.......Kven, eg???

Har akkurat kommunisert med ei venninne frå lærarhøgskulen. På lik linje med oss har også dei tentamen denne uka. Tentamensretting er skøy.... Ho hadde visst 120 norskstiler å rette! Skal vi se.....Eg har 16 i norsk, 10 i engelsk og 16 i matematikk. Det blir i mitt hovud 42 tentamenar å rette. Har eg klaga??? Trur i alle fall eg berre skal teie stilt på meg heretter.. Om eg byrjer å samanlikne med dei store byskolane sørafor, er det berre barnemat her. Stakkars Marianne!!!

onsdag 2. desember 2009

Vi levde med hua i handa.......

Halvdan Sivertsens "Nordnorsk julesalme" speler i bakgrunnen frå dataen. Kjempefin song! Det er deilig å ha ein sånn song i øyrene så tidleg på dagen. Eg sitter og retter tentamener. Satser på at eg skal få gjort mest mogleg her på skulen så eg slepp å ta dei med heim...... Det er litt tungt å sitte så konsentrert og rette over lang tid, så då tar eg meg ein liten pause og skriver her heller.

Velsignelse, Guds fred...det er ikkje måte på kor fine ord som blir brukt. Songen er ei bøn om fred. Vi treng å bli passa på. Sjølv om det er mykje å gjere før jul må vi ikkje gløyme at vi ikkje skal slite med å kave oss fram. Jula skal vere gledens høgtid. Kven klarer å glede seg om ein berre slit og kaver....og ikkje minst stresser? Håp om ei utstrakt hand...... Mange treng den handa.
Ein kan meine kva ein vil om Trygve Hoff, men teksten til denne julesongen har han truffe bra på. Eg skal lære elevane songen slik at heile skulen kan syngje den i lag på juleavslutninga. Det blir flott!!

I dag lever vi i ein verden som heile tida sett krav til oss. Heilt frå vi er små. Det byrjer med dei føresettes "krav " til borna. Alle foreldre har sikkert eit ønske om at akkurat deira born skal vellukkast. Kven avgjer om ein har lukkast eller ei? Om ein gjer det bra i det meste er det ikkje sikkert ein er lykkeleg. Eg trur det er viktig å la alle få finne ut kven dei eigentleg er og leve deretter. Det treng eg ikkje gå lenger bort enn min eigen heim for å skjønne. Sjølv har eg forventninger for min eigen gut. Eg forventer at han skal te seg skikkeleg. Eg ønsker at han skal lære å få eit forhold til musikk. Men det går ikkje på mine premisser! Eg føler meg fram og lar han styre det sjølv (til ein viss grad). Faren hans snakker berre om at han skal spele på Barcelona når han blir stor. Seier han det nok mange gonger trur han det til slutt. Ved skulen her er det mange som går rundt og drøymer og trur at dei skal bli oppdaga. Dei har ingen reell oppfatning av kor dei eigentleg ligg i forhold til kvalitet på spelinga. Foreldre må ikkje føre sine eigne drøymer som ikkje blei oppfylt over på borna. Fleire born er overbevist om at dei er god nok. Eg har allereie sagt til fleire av dei at eg skal spise ein hatt om så skjer!
Ein må sjølvsagt ha drøymer!! Ein må ha lov til å ha noko å jobbe mot. Det er berre det at ein må også lære å vere realistisk. Ein tonedøv gut kan aldri bli ein god songar. Nokon må fortelje det for han om han trur han skal fronte ei gruppe i framtida!

Så kjem samspelet med andre. Det handler om å gje og ta. Ein skal lære å dele og fungere med andre. Samspelet der er viktig. Ein skal lære å besinne seg..... Kva om eit born alltid får beskjed om å besinne seg? Er det alltid rett av oss å kreve det? Skal ein aldri få utløp for sine verkelege kjensler? Kven er det som aldri har lyst å vere sint og få lov til det? Vi vaksne bremser borna på dette området...Vi vil fortsette å gjere det. Eg gjer det sjølv.

På skulen stilles det krav om resultater. Ein blir måla mot dei andre borna- Ein blir måla mot resten av landet. Han er betre enn landets gjennomsnitt.... Korleis føler han seg, han som kom under landets gjennomsnitt? Dum?? Ikkje veit eg, men offentleggjering av nasjonale prøver...kven sitt forslag var det? Eg er glad det er bestemt at resultata ikkje lenger skal komme i storavisene. Det er likevel langt å gå før ein kan klare å spare den svake for ydmykelsen. "Du er ikkje god nok".... Den som øver blir meister. Nei, langt frå alle, men det hjelper. Kva skal ein måle eit born i? Kva med dei kvalitetane som ikkje kjem fram i det skriftlege eller det ein les? Kva med dei kvalitetane som kanskje er viktigast og som viser kven personen eigentleg er? Dei maktsjuke ledarane våre er kun opptatt av resultatar. Dei bryr seg ikkje om det andre.
Har nokokn forska på sosiale forhold opp mot resultatar? Ja, det kan eg garantere at det er fleire som har gjort. Mange lærarar må bruke tid på å vere ein sosialomsorgsperson. Det går ut over tida til anna. Kan ikkje regjeringa prøve å få meir bukt på det området? Kven skal skulda om ein elev gjere det dårleg på skulen når ikkje dei sosiale normene er oppfylt?? Læraren, foreldra, staten....?? Uansett, det er foreldra som har hovudansvaret for sine eigne born! Kan dei ikkje klare å følgje dei opp, har ikkje staten då noko ansvar? Eg har ikkje svaret.....Eg berre lurar. Kor ligg ansvaret??

Halvdan Sivertsen og julesalmen siver fortsatt ut av dataen. "Du signe folket som lever her nord". Det er ingen krav bak desse orda.
La førjulstida bli koseleg. La oss huske kva som er viktig. La borna få fine tradisjonar, la dei få glede seg til ei høgtid som skal feirast og ikkje minst la dei slippe å få føle presset!
Desember er kos:=) Mange baker til jul. Det betyr og at mange stresser med å bli ferdig med bakinga til jul. La det heller vere slik at ein baker fordi det er koseleg. Det gjere vi. Baking i lag med Steffen er kvalitetstid! Er det stress å bake? Kvifor ikkje berre ta seg ein tur på butikken og kjøpe dei kakene ein vil ha i hus? I dag selges det meste. I alle høve selges det julekaker. Gode er dei sikkert også. Så slipper ein strevet...... Eg baker, men skulle dagen komme at det er eit pes.. ja, då veit eg kva eg har å gjere! Desember er koseleg!!!

Ha ei fin førjulstid!!