mandag 21. desember 2009

Rettighet eller gave??

I helga leste eg ein artikkel i VG som omhandla det å få born. Det vart stilla spørsmålet om det å få born er ei gave eller om det er ein rettighet. Overskrifta var Statens farskap. Trur det som i størst grad har provosert forfattaren av artikkelen er at staten påtvinger far til å måtte ha lengre fødselspermisjon. Samtidig jobber fleire sentrale politikarar for å få meir lempelege lovar i forhold til det å få born. Med det meines einslege kvinner som ønskjer born.... Då trengs visst nok ingen far vere innblanda i det. Då kjem dobbeltmoralspolitikken inn.
Adopsjon er utelukka frå problematikken i dette, for gjennom adopsjon hjelper ein også eit menneske som trenger det. Akkurat det er jo ein flott ting. Det går meir på kven skal ha rett til å få born, og på kva måte skal dei få det.

Dette temaet er ganske sårbart for mange, og ein skal difor vere forsiktig med å ordleggje seg. Det skal ikkje mykje til for at ein blir skulda for å ha dårlege haldningar om ein ikkje trør varsamt. Tenkjer då mest på dei som er homofile av legning.
Eg har på lik linje som forfattaren av artikkelen ikkje noko problem med å skjønne at alle, uansett legning, har lyst på å få born. Sjølvsagt er det forståeleg! Problemstillinga spør om det er ein rett vi som vaksne har , eller om det er ein gave å få born.

Statens farskap?? I kva grad skal staten blande seg inn for å dekke dei vaksnes behov i denne saka? Er det likegyldig om eit born veks opp med mor og mor, med far og far, eller med mor og far? Eller, det nye forslaget som seier berre mor? Eg meiner det ikkje er likegyldig! Ein vanskeleg debatt, ja, men dog ganske innlysande for meg! Eg utelukker heilt det som mange argumenterer med......Evnen til å gje omsorg. Evnen til å gje omsorg er heilt sikker like stor hos dei temaet gjeld som hos dei som følger den "normale" normen. Alle born skal tas i mot med kjærleik og respekt. Kva rolle bør staten ha i forplantninga?

Eit born treng både ein far og ei mor. Livet blir ikkje alltid slik av ulike årsaker. Fleire veks opp med berre ein vaksen. Andre veks opp med andre enn sine biologiske føreldre. At livet blir slik, er noko heilt anna enn at staten skal planleggje at born settes til verda utan mor eller far.

I dag brukes argumenter som urettferdighet og diskriminering. Då er ikkje vegen lang før også einslege menn vil ha hjelp til å få born.
Fleire homofile menn bruker ei surrogatmor frå USA. Egget som blir planta inn er gjerne frå ei anna kvinne. Kven av kvinnene er eigentleg mor? Disse borna får inga mor......

Alle born kjem ein eller gong til det stadiet i livet at dei vil sakne anten å ha ei mor eller ein far dersom dei manglar det. Er det rett å utsetje borna for det berre for å tilfredstille dei vaksnes behov?? Eg berre spør.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar