søndag 27. desember 2009

2.juledag er over...

Klokka er såvidt passert eitt og her sit eg. Er liksom på kroa nå og det var vel meininga å vere der til the bitter end...Hm....Slik blei det ikkje. Då eg kom traltande inn døra var det ein som blei overraska. Lysa var såvidt slokna i huset. Det var ingen som venta ei nesten edru Beathe heim så tidleg.

Kvelden har vore triveleg. Det er ikkje noko å seie på det. Det var berre det at det plutseleg blei så mykje folk i lokalet at det hverken gjekk an å få seg noko å drikke, og aller minst bevege seg i mellom alle folka.



Nye Dynamites har opptrådt på årets julejam. To høveleg lange økter i løpet av kvelden fekk vere nok, meinte fleire i gruppa, og det var greit nok det. Det var jo andre i salen som også hadde lyst til å spele. Det var då vi var ferdige å spele at problema oppstod...... Skaff Yngve ein gitar var ord som surra rundt fleire gonger. Det viste seg at han ville spele, men der var ingen gitar?? Det er kanskje ein forutsetnad at ein stiller med eindel gitarer når ein arrangerer jam session. Dei bomma litt der, ja. Rart, for det vart sagt at det skulle vere nok av gitarer. Jaja....

Vi var ferdige med å spele, stemninga mi tok aldri heilt av....Var berre vanleg glad. Tenkte at det då likesågodt kunne vere flott å vakne i normal tid i morgon og ha ein kjempefin dag. Har forsåvidt spurt Steffen om han har lyst til å gå på ski i morgon. Så då kan eg halde det løftet!



I forhold til spelinga, så sa dei som kommenterte det at det var veldig bra. Sjølv kan eg ikkje uttale meg om saka. Det var ikkje berre berre å høyre seg sjølv i monitoren. Trur det var fleire som opplevde det. Då er det vansklegare å spele. Alt i alt trur eg det gjekk sånn passe. Ikkje det værste vi har prestert, men ei heller det beste. Uansett er det flinke musikarar i gruppa, så det låt nok bra:=)

Eg hadde vel eigentleg eit ønske om at vi kunne ha hatt litt fleire vokalsanger. (Men det har eg aldri sagt høgt...). Instrumentallåtene vi speler er veldig fine, det er ikkje det. Det kunne likevel vore greit å ha nokre sanglåter også. Vi spelte to i kveld, men vi burde kanskje hatt fire:=) Vi bør kanskje bli litt meir trygg på oss sjølv. Det er fleire som er litt redd for at det ikkje skal vere godt nok. Så feil kan dei ta. Alle saman er meir så god nok til det dei skal, også vokalmessig, så det er berre å stå på.

Som alle andre kvinner elsker eg å høyre når ein mann syng ein "lovesong". Det er jo berre så "søtt" (mangel på andre ord). Som eg skriv i min eigen song: I like to watch you when you sing a lovesong.

Klokka har rukket å passere halv to no. På tide å finne vegen til badet. Sjølve julehelga er over og om litt over eit døger er det mange som må attende på arbeid. Håper det har vore ei triveleg jul rundt om i bygda. Her heime har det vore ei fin jul.
Det er koseleg med masse besøk i desse dager, men det er også deilig når det blir roleg rundt seg sjølv også.

Jula er ikkje lenger det samme for meg, det vil alltid vere ein som manglar. Den gladaste og snillaste personen i verda.... Ein time ved grava samme dag som julaften får vere mitt bidrag til saknet. Så lenge ein har born må ein gjere det beste ut av alt. Tårene får trille den stunda på kyrkjegarden, men så må smilet vere attende etterpå. Det skuldar ein dei små. Det er no eingong slik at det er ein som aldri ville ha villa at ein skal gå rundt å vere lei seg. Som han sjølv ville ha sagt: Pell deg heim og feir jul med familien. Vær glad og nyt livet!!
Det vil alltid gjere vondt på merkedagar, men livet har gått vidare, eg har gått vidare. Lev i dag. I morgon er det kanskje for seint. Gjer det du har lyst til i dag. Ikkje vent! Ikkje tru at det kommer til å skje langt opp og fram. Ingen veit kva morgondagen bringer. Eg prøver å vere opptimist. Ingen får ta det i frå meg.
Det er tida for å gå videre......

Håper det er nokon som har varma ei dyne til meg. Det er så godt å krype under ei god og varm dyne. Om eg ikkje tar mykje feil, er det sikkert ein liten kar som har innynda seg hos faren.....Då har han nok okkupert min plass i senga. Stor er sjansen for at eg er forvist til senga hans. Då kan eg trygt seie at eg kjem til ei mindre varm dyne. Aller helst ganske så kaldt.
Jaja..... Litt speling i bytte mot ei varm dyne går vel opp i opp. Kvifor er det berre eg som skal ha alle føremoner??? Hehe...

Ha ei god natt og sov godt. Det skal i alle høve eg gjere!! Gode tankar skal gjere draumene mine fine. Det blir godt å vakne til ein fin sundag. Glad er eg for at eg gjekk heim. Ellers hadde eg vel stått i kø enno.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar