tirsdag 22. desember 2009

Tysdag 22.desember 2009

Dagen då eg gjorde mykje utan å gjere så mykje! Forstå det den som kan. Eg gjer det i alle høve :=)
Rundt meg er det heilt stille. Einaste lyden er vinden som har teke seg opp på utsida av veggane. Det er ikkje så lenge sidan eg kom heim frå øving. Guten sov og dei andre er borte i kveld. Her sit eg og er overlatt heilt og haldent til meg sjølv. Eg klagar ikkje......
Har vore tidleg ute med det meste i år, så føler slett ikkje at det er tida for stress. Faktisk sit eg ganske så godt her i sofaen.
Dei neste dagane blir fylt med det glade bodskap osv..... Julemusikken kjem sikkert til å finne vegen ut høytalarane, masse god julemat, familie og anna kos. I måro står pyntinga av juletreet for tur. Det er jo ein koseleg tradisjon. Mange har allereie gjort det, men eg har i alle år gjort det på lillejulaften. Det er ei fin tid vi går i møte. Vi har mykje å vere takksame for. Med tanke på dei som ikkje har det så godt, tenker eg ein god del på kor heldig eg er:=)
Mi største bekymring er i kor stor grad kan eg ta meg eit glass rødvin til den gode julematen pga voltarenkuren eg må ta pga det skada kneet mitt....... (puh...lang setning..)...Eg burde vel ikkje lage ei problemstilling ut av det. I det vide og breie ein bagatell...!!

Pelle politibil er 25 år i dag. Bilen som har kjørt seg inn i alles bornehjarter er like stor i dag som før. Den ekte bodøværingen feires i dag. Helsa til Pelle i det verkelege livet er heller skral.
(Berre ei lita avsporing........ei viktig sådan......hehehe).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar