søndag 13. desember 2009

Bodøbyen.

Bodø - eigentleg ein fin by å bu i - men dog ikkje byen å leggje førjulshandelen til når det er under to veker til jul. Med mindre du har god tid, kan dei lange køane gjere sitt til at du blir ei utålmodig og rastlaus sjel. Been there - done that!!

Denne helga har eg vandra frå butikk til butikk i Bodø. Håpet var at eg skulle få gjort meg ferdig med det meste allereie laurdagen. Så feil kunne eg ta! Eg treng nok både sundagen og måndagen også.....
Eg har ikkje talet på kor mange gongar eg drog kortet, men eg veit det var mange! Like mange gonger stod eg i kø. Lange køar!!! Spesielt på El-kjøp var det ille. Først var det å stå kø etter å ha trekt kølapp. Då kjøpmannen trudde han var ferdig med oss, hasta han vidare til neste nummer på lista. Så då var det å stå i ny kø.... Etter ei stund vart det vår tur på nytt. Vi fekk ordna det vi skulle, men så sa ekspeditøren at vi måtte stille oss i kø ved utgangen kor vi skulle oppgje namnet på ein av oss. Butikken var lang å tråle gjennom. I enden såg vi kassane og lange køar. Huff!! Ny kø. Ikkje nok med det....Vi oppga som avtalt namnet og fekk betalt varen. Då sa kassadama at vi måtte stille oss i endå ein ny kø. Nemleg der varen utleveres! Vi fekk kvitteringa med oss og måtte trekke ny kølapp. Om det var gøy å handle???? Ikkje med tanke på at eg hadde gløymt at det var ein ting til eg skulle kjøpe der, og då måtte ta heile sirkuset på nytt..:( Trur kanskje eg endte opp med 8 køar for to små gjenstander......med ein 5-åring på slep.

1 kommentar: