tirsdag 15. desember 2009

Tysdag 15.desember!

Det er uke nr 51, det er tysdag. Uka er såvidt byrja, men trur den vil bli unnagjort i løpet av ganske kort tid... :=) Så er det juleuka!! Den gler vi oss til alle mann! I alle fall her....

Akkurat no sitter eg og tenker kor godt det er at vi alle er ulike og ikkje minst at vi har ulike meininger om mangt. Det er det som gjer oss levande! Tenk kor kjedeleg det hadde vore om alle var like og meinte dei samme tinga... Då skulle i alle fall ikkje eg ha stått modell:=) Hehehe.
Eg syns det er flott, eg. Eg har mi meining medan andre har si. Det gjer at eg er mitt eiga individ! Flotte ord... Kva?
Ein ting er i alle høve sikkert. I desse dagar held eg meg langt unna diskusjonar her heime som omhandlar budsjett og politikk her i kommunen. Men eg får min dose likevel! Trur telefonen her er ganske så varm for tida. Ordet som blir nevnt oftast er eigedomsskatt. Eg er glad eg ikkje skal ta stilling til det spørsmålet. Det overlet eg til dei som skal røyste over saka. Kan seie så mykje at vi ikkje er hundre prosent einige her i huset. Då er det vel best å teie....så slepp ein dei store diskusjonane. Trur nok politikk kan vere årsaka til mange diskusjonar rundt om i heimane.
Som sagt...Det er flott med mange meiningar.

Det er mange saker som engasjerer for tida... Ikkje berre eigedomskatten. Det må jobbast mykje med å få budsjettet på plass og mange har vel sine saker dei kjempar for. Ikkje alle får gehør, sjølv om dei meiner sakene er aldri så viktig. Ei anna sak er legesituasjonen. Eg skal for all del ikkje komme inn på kva eg eigentleg meiner i saka. Det har eg holdt for meg sjølv heile tida. Det er vel ikkje opp til meg å meine noko som helst om eg skal sette det litt på spissen.... Men sjølvsagt, eg er som alle andre.....så eg har ei meining om det eg og!!
Det einaste eg er interessert å dele i forhold til mi meining om temaet er: Kva er alternativet?? Det vil med 100% sikkerhet bli masse dyrare for kommunen å ikkje gripe fatt i problemet. Kva er likast? Auke to lønningar litt og beholde 3 legar, eller den dyre vikarordninga vi har forholdt oss til før?? Då er svaret enkelt for meg!! Kommunen blir ikkje så mykje fattigare på lønnsauke om ein ser det opp mot alternativet..... Men kva veit vel eg??
Som sagt....eg har ikkje med reine ord sagt kva eg meiner om saka. Eg har berre prata litt rundt temaet. (Eg må jo og seie at eg berre har gode røynsler frå mine legebesøk.....Så eg er difor nøgd med tilbodet vi har i dag).

Nokre gonger syns eg det er litt gøy å seie ting som eg i utgangspunktet ikkje står for. Misforstå meg rett.... Eg seier aldri at det er mi meining som kjem fram, men eg argumenterer for ting eg eigentleg er imot. Det er berre for å få lufte temaet ordentleg og å vise at ei sak kan ha fleire sider.

Han "artigkaren" som sitter borti sofaen er grimm på akkurat dette. Når mamma er på besøk, bruker han å byrje med å argumentere for Frp. Eg som bur i lag med han veit jo såpass at er det noko han ikkje stemmer, så er det Frp. Dei vil jo ha kommunesamanslåing. Det vil ikkje han.... Men han elsker å "provosere". Ho er då eit typisk Arbeiderpartimenneske samtidig som han veit ho lar seg fyre.... Eg har høyrt diskusjonane og argumentane så mange gonger at eg har lært meg tidleg med å gripe inn og seie til mor mi: Husk at han stemmer Arbeiderpartiet akkurat som deg. Han prøver berre å provosere!! Ho svarer sjølvsagt at ho veit det, men lar seg rive med likevel.... Det har blitt betre med tida skal det seies. (Berre så synd at det er så mange som trur at han faktisk stemmer Frp.... Men det kan han takke seg sjølv for)!

Det er bra med ulike meininger....berre ein ikkje gløymer akkurat det når ein diskuterer. Mange gonger er det lett å la seg rive med. Det betyr ikkje alltid at det ein meiner er det beste eller det rette svaret. Ein skal jo og passe seg for å presse sine meininger over på andre og forvente at dei skal meine det samme. Det er ikkje bestandig like lett å halde tunga rett i munnen, og sjølv om meiningane er ulike i ei sak som for meg er veldig viktig, må eg ikkje gløyme at det ikkje gjer noko om ikkje alle er einige med meg. Problemet er at av og til kan ting virke så opplagt og spesielt då er det vanskeleg å forstå at vi faktisk ikkje meiner det samme. Dette er sikkert noko både eg og mange med burde blitt flinkare til.
Det einaste som er sikkert er at eg føler meg meir levande når eg kan utveksle meininger som ikkje bestandig er like med dei andres enn om vi bestandig skal vere einig.

Eg er sta som person.....men eg prøver å forbetre meg heile tida. Eg vil vel aldri bli bra nok på det området...Men det er akkurat det som er så bra. Det betyr at eg held på det som er meg. Eg kan ikkje vere ein annan enn eg er. Take it or leave it!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar