torsdag 31. oktober 2013

Eg er akkurat ferdig med litt retting av elevoppgåver og fann ut at no er det tid for litt skriving. Eg nemnte jo i går at eg hadde tenkt å skrive litt om grubling, så her kjem det.

Gruble....... Er det noko vi alle er god til, ja så må det vere å gruble. Definitivt!
No tenker eg å utelate slik grubling som Newton gjorde for å kome fram til sine logiske forklaringar. Slik grubling tilhøyrer ein annan kategori enn den eg siktar til. Eg lener meg meir mot den daglegdagse grublinga vi normale daudelege har ein tendens til å la ta over oppi hovudet vårt der dei små grå ligg og svømmer. (Dersom dei er tilstadeverandes....)

Så kan ein spørre seg sjølv. Kva hjelper det å gruble på kva som kunne vore? Eg gjer det sjølv, men skjønner eigentleg ikkje vitsen. Kvifor gjekk det som det gjekk? Hadde eg rukket akkurat den bussen eg skulle........eller kanskje det hadde vore betre om eg hadde tatt ei drosje.
Vi kan gruble oss sinnssvak og då gjerne heilt attende til den gongen vi låg i pungen på faren vår.
I alle fall med mindre du klarar å stoppe grublinga i tide.
Tenk om det regna første gongen far din ba ut mor di..........og kanskje var det busstreik. I verste fall kan det jo hende at Gud ga blaffen eit par dagar. Kva om, kva om?

Det verste er dei som tenker "Kva om ikkje Gud hadde skapt menneska... Korleis ville det vore då?" Jada, ein heilt normal tanke..... Vi ville i allefall ikkje vore så grueleg grublande at det gjer noko.
Så kva om Eva ikkje hadde lokka Adam? Tru kor mykje moro han ville ha gått glipp av! Hahaha..... Adam var sikkert ein kul fyr. Eva akkurat som oss andre kvinnfolk.
Bibelen seier jo at ho "lura" Adam og kvifor skal då vi andre kvinnfolk vere noko betre?
(Jada, eg veit at det var slangen som var den skuldige......men det høyres berre så meir kult ut om vi legg skulda på ho Eva!)
Røya klarte sikkert å freista han så det ljoma etter!

I alle fall...... Vi er no her i dag og vi grublar frykteleg mykje.
Akkurat no dukka ein tanke opp i mitt søte, lille hovud og då må eg vel gruble litt på det..... Korleis hadde det vore om han godeste Bell ikkje hadde funne opp telefonen? Gud, for eit artig liv vi hadde hatt.
Vi ville i alle fall vore flinkare til å besøke andre. Jens Stoltenberg hadde ikkje trengt å uroe seg for om han Obama tjuvlyttar på han. (Skulle ønske han kunne vise meg teknikken!)
Joda......

Kva gjer grubling med sjølvbiletet til mange? Du kan jo nesten gruble deg i hel.
Mange mennesker bruker for mykje tid på å gruble over andre mennesker enn dei sjølve.  Akkurat det må jo berre vere slitsamt?! Eller.......
Eg vil tru at det fort kan vere eit sterkt teikn på dårleg sjølvbilete om verda nesten berre består av å gruble om andre. Kva seier andre, kva har dei gjort, korleis lever dei.........osv.

Kva om alle hadde slutta å tenke negativt om andre? For å tenke negativt om andre er faktisk eindel av det å gruble. Mykje unødvendig energi blir brukt.
Kva om ein berre slappar av og tar ein dag i gongen. Nyter notida og det den bringer med seg. For eit herleg liv det vil kunne bli!

Eg skal i alle fall ikkje gruble på kva som hadde skjedd om far min ikkje hadde kvitta seg meg avkomsmiddelet sitt for straks 40 år sidan.
Eg sit no her og det er det som er den harde realiteten. Like it or not!

No skal eg sitte meg ned og gruble litt på eitt eller anna. Gudane veit kva, men noko blir det. Det er visst ikkje så lett å styre.
I alle fall.......... Ha ein fantastisk fortsettelse på kvelden. Gruble i veg, men sørg no i alle fall å vere ferdig til du har tenkt å lukke augene og draume deg bort i lykkens verd. Det er ikkje verdt å ta grublinga med seg dit. Då sover du nok ikkje like godt!
Ha ein god natt!!

Hasta mañana!

IWALY!!

onsdag 30. oktober 2013

Rema er i full kyllingkrangel. Då spør eg.... Korleis kranglar kyllingar?

Kuttet naboens trær - krevd for 90 000 kr. Ååååååå, kunne ikkje eg også ha hatt trær i hagen min, og så kunne eg ha hatt ein "tuillåt" nabo som såg sitt snitt til å rasere litt?
Hint, hint...... Eg har ei heggbær-busk som er rimeleg høg. (Eg kjem ikkje til å kreve meir enn 50 000.)

Dette er nordmenns feriefavoritt. Nå kan du reise hit 20 ganger i uka. Dårleg setning........igjen! Her er det snakk om dobbelbetydning.
Eg tvilar på at nokon reiser same staden sånn rundt rekna 3 gonger pr dag. I alle fall ikkje eg.
Likevel, det er jo det som står skrive. Det står at eg kan reise dit 20 gonger i uka.
Opnar eg saka, er eg ganske sikker på at det er snakk om 20 avgonger til den staden. MEN dei kan jo ikkje forvente at alle er like smart som eg!! Hahahahahaha.......

Jepp......Ving har 20 avgonger fordelt på 13 flyplassar. Framleis står det at EG kan reise så ofte. Eg veit ikkje korleis eg kan klonast og det er snakk om store distansar mellom dei ulike flyplassane.......Så at eg kan rekke alle 20 avgongane er å sikte litt vel høgt.

Rett skal vere rett!

Slik kler du deg som skandale-Miley på Halloween. Jaujau..... Veldig lårkort skjørt, bh, lave sko, leppestift og smykker. Verkeleg noko å trakte etter.
Eg trur jaggu meg at eg må ut å gå Halloween i morgon kveld. Jomfru Knutsen i lårkort og bh. For eit nydeleg syn det må bli! Eg ser det for meg.......
Eg trur det må x antal lag med leppestift på for å veie opp for dei plagga som då uteblir. Brrrrrr.......... (Det verste er vel at det sikkert finnes dei som har tenkt å prøve det ut. Reklame har sin påverknad på enkelte.....)

Så pass på. Kanskje du plutseleg får besøk av denne frøkna.

Eks- allsvenskan-spiller funnet halshugd. Kona fikk levert mannens hode i en ryggsekk. Æsj, kor kvalmt! At det går an......
Resten av kroppen? Den veit dei ikkje kor er.

Viss dei no må gravlegge eit hode.......

Norges bank mangler 155,5 millioner kroner i femtiører. Hahaha...... Så tilfeldig og kult at det skulle stå i avisa akkurat no. Eg har vore og tømt alle borna sine sparebøsser i dag. Det var eindel femtiører i dei alle.
No sit ikkje eg med 155, 5 millonar kroner i femtiører, men eg har no ein liten prosentandel.
Kanskje eg kan ta vare på dei og selge dei om nokre år?
Om eg i alle fall kunne få nok til å kjøpe meg ein is.........

Sånn eigentleg hadde eg tenkt å skrive litt om det å gruble. For vi grublar mykje! Alle og einkvar, utan unntak.
Det er ikkje måte på kva vi grublar på. Vi bruker så mykje energi på å gruble og akkurat no grublar eg valdsamt på kva det var med grublinga eg skulle skrive. Difor skal eg vente med det til i morgon og kanskje prøve å få ein litt artig vri på det heile. For det er mykje artig blant det vi grublar på.
Når eg i tillegg kan starte med å gruble på kva eg skal gruble over allereie no, har eg jo god tid på meg til å gruble.

Så for denne gong.... Ha ein strålande kveld og ei god natt! I desse elgtider.... Eg trur ikkje det hjelper å telle elg om du ikkje får sove. Hald deg til sauen viss du vil øyne eit håp.

Hasta luego!

IWALY!!!



tirsdag 29. oktober 2013

Bil med åtteåring dundret inn i sportsbutikk. Sånn kan det gå. Politiet har gitt si forklaring på kva dei veit og ikkje veit. Ut frå dei opplysningane som dei gjer, forstår eg at ordet "dundre" har endra seg i det siste.
For meg betyr det at noko dundrar om det kjem i høg hastigheit rett i noko. I denne saka seier politiet at dei ikkje veit anna enn at bilen har trilla over parkeringsplassen og i butikken.
I bilen sat ein åtteåring, men dei veit ikkje kva rolle han har hatt i det heile.

No vises ikkje heile parkeringsplassen på biletet, men ut frå det eg kan sjå, er det ganske flatt ute. Då kan det stemme at ein bil "berre" har trilla. Likevel, når ein ser at bilen er hamna midt inne i butikken, kan ein forstå at begrepet "dundre" har blitt brukt. Det kan virke som om at den har dundra rett i.
Ryggande!

Med tanke på at føraren (som var inne og handla) er skråsikker på at handbrekket var av fordi bilen stod i gir, høyres det rart ut om bilen berre trilla.
Set du ein bil i gir, er det som oftast i første gir og då trillar den ikkje bakover. Hmm............ Det er nok nærliggande å tru at åtteåringen er delaktig.............

Viss bilen dundra, må vel nokon ha rørt noko og då vil vel plasseringa av gutungen vere av betydning. (Men så kan det jo vere at dei som såg det heile er stokke blind.)
Jaja, ein skal i såfall tidleg krøkes.

Gjør mannen din en tjeneste. Hahahahaha...... Her er det nokon som er desperat etter å selge. Dette er faktisk ein reklame som går på noko av det som fell mange menn tyngst for brystet.
Dei kjem i overgongsalderen og får litt problemar med å få herlegdomen sin stiv nok. (Det verste som kan skje for enkelte.)
Å oppdage at ein ikkje er like veril lenger og at ein faktisk eldes, er ikkje alltid like lett. Kven vil vel ikkje vere "tipp topp" lengst mogleg?!

Det er mangel på testosteron som gjer seg gjeldande. (Som om det var noko nytt.........)
Som vanleg er det ikkje verre enna t ein reklame for eit produkt kan vere det som skal til for å gje nytt livsmot til desse menna.
Ikkje berre det, men dei appellerer rett og slett til kvinnfolka! Kvinnfolka må ta ansvar og hjelpe mannen sin. Gje han lysta attende og få han til å føle seg "ung".

Yeah, right! Testomax! Det er namnet på vidundermiddelet som skal gje sexlysta ny gnist. Middelet som skal sørge for at den mannlege overgongsalderen skal gå smertefritt over.
Dei som står bak reklamen oppfordrar no kvinner til å bestille dette til mannen sin.
Som om det nokon gong ville skjedd med denne jomfrua. Testomax-produsentane ville ikkje akkurat gjort seg rik på denne knetta. Er det nokon som treng middelet, får dei jaggu eg kjøpe det sjølv.
Menn må då vel finne ut korleis dei vil takle overgongsalderen sjølv? Vi kvinner får vel sikkert nok å stri med i forhold til oss sjølv om vi ikkje i tillegg skal sy fleire puter under armane på menna.

Greit nok at vi "bossar" eindel, men når det kjem til "litjkaren" får dei ta ansvar sjølv. Anten vil dei, eller så vil dei ikkje. Enkelt og greit. Ingen døyr av det uansett........

61 år gamle Tor held seg ung og sprek. Han er fortsatt 27 år i hovudet. (Han er brukt i reklamen.)
Då vil eg berre seie at dersom produktet sørger for at du blir 27 år i hovudet, ja då burde ingen kjøpe det. Det fins mykje galskap i menn før fyllte 30 år, altså!! Berre sånn for å ha sagt det! Thihihihihi.......
Då har eg eit mykje betre alternativ til "behandling", men det trur eg at eg skal teie stilt om her.

Svenske som drepte egne barn trolig psykisk syk. Han sperra borna inne i ei hytte og tente på........ Jeeeeeezez! Har dei brukt all denne tida på å fastslå det? At han er psykisk sjuk......
Hallo, inegn foreldre gjer slikt utan at dei er psykisk sjuk. Det er jo noko som er riv ruskande galt inni hovudet til eit menneske idet det skjer ei slik handling. Akkurat det er no ikkje diskuterbart. Det er alt anna enn normalt.
Det som verre er, er at fleire av dei som gjer slikt ikkje kan fengslast av hensyn til helsa deira. I stadenfor skal samfunnet rundt gå å vere bekymra. (Men det er ei heilt anna sak.....)
Likevel, om du er ein kaldblodig bornemordar av natur eller om det er noko som "berre" skjer....... Det er like fullt ut noko som feile psyken.

Eg siktar til overskrifta og ordet "trolig"..........

Date-kveld........... Horne har verkeleg funne oppskrifta til eit lykkeleg ekteskap (der born er innblanda). Oppskrifta er ikkje oppbygd av hverken kveitemjøl eller sukker. Melis er søtt, men for å ta vare på den søte musikken må det andre klutar til.
Par må vie ein kveld i uka til seg sjølv, utan born!

Huitfeldt er ueinig. Ho vil heller ha lengre pappa-perm enn date-kveldar.

Ein ting er å gje råd om kva ein meiner kan vere bra. Ein annan ting er når desse to sakene blir satt opp mot einannan. Då er det nærliggande å tru at det skal innførast at dette er noko skal gjennomførast hos alle. (Noko eg ikkje i min villaste fantasi kan sjå for meg.)
Gleda i det heile må jo då vere at det er meininga at staten skal betale for det??? Eller....?
Betale for ei bornevakt, ein kveld i uka, året rundt. Det blir det jo arbeidsplassar av, så då blir det nesten som ein vinn-vinn-situasjon. Fleire folk i arbeid, liksom.
For eg reknar med at dei veit at folks pengebøker er ulik av innhald?!

Likevel, eg likar idèen. Eg er berre glad eg slepp å forhalde meg til både date-kveldar og pappa-perm (om ikkje eit under skjer - som for eks det gjorde for over 2000 år sidan).

Ei lita gåte......
Perog Jonas konkurrerer i samme 100-meter løp. Når Per passerer mållinjen, er Jonas kommet til 90-meter-merket. Per foreslår å løpe enda et løp, men denne gangen vil han starte 10 meter bak startlinjen. Alle andre omstendigheter vil være identiske. Vil Jonas vinne eller tape denne gangen?


Ha ein fin kveld! Hasta luego!

IWALY!!!








mandag 28. oktober 2013

Broren til ei klassevenninne av meg frå oppveksten jobbar i Nordsjøen. I går kveld tok han seg tid til å fundere litt. Tenke..... Det har akkurat vore ein repotasje som omhandla "Stopp islamifiseringa av Noreg" på nyheitskanalen. 
I den samanhengen gjer han seg nokre tankar som i alle høve eg føler at eg er einig i.

Han stiller spørsmålet kvifor bruke så mykje energi på ei slik sak? 
Viss vi tenker oss litt om, er det ikkje vanskeleg å skjønne kvifor spørsmålet stilles. Det må jo finne viktigare saker å kjempe mot i desse dagar. Eg kan ikkje tru anna. 
John Arne, som han heiter, peiker på ein del poeng i denne samanhengen. 
Ein slik aksjon er like effektiv som å skuggebokse i blinde, for vi bur jo i eit land der vi har kasta vår eiga tru og etikk ut av både skule, stat, oppdragelse og lovverk.

Ein treng ikkje vere noko tilhengjar av det kyrkjelege styresettet og ein treng heller ikkje vere filosof for å sjå at der kyrkja ein gong stod, er det inga frodig blomstereng, men heller eit sort hull.
Vi har fått "velstand" og ein innbilt individuell fridom som liksom gjer oss så mykje lykkelegare, tryggare, ærlegare, mindre overflatiske og ellers "you name it". I alle fall er det nett det vi sjølv trur. 
Så kan vi sjå på statistikken opp mot desse tankane om kor godt vi meiner vi har det. 
Kva er det statistikken seier om antal psykisk sjuke? Kva seier den om forbruk av alkohol, narkotika og diverse lovlege eller ulovlege medikamenter? Kva med ran, valdtekter, svindel, drap, vald og andre negative temaer? Lista kan jo forsåvidt bli riktig så lang. 

Hverken John Arne eller eg har sett tala eller grafane på nett dette, men eg reknar med at dei aller fleste har ein intuiasjon om svaret (om kva veg pilene peiker). 
Dette er borna og ungdommens oppvekstvilkår. Ganske komplekse samtidsmessige problem og det kastar dei mørkaste skuggane over ramtidsvisjonane våre. 

Å tru at fleire politi og fengselsplassar skal gjere livet så mykje betre i denne verda......... Joda.......
Då seier eg som John Arne at Europa banker på så det ljomer og snart faller døra ned.

Med desse orda skal eg sette meg attende og sjå kveldens episode av "Farmen". Ha ein fortsatt fin kveld! :=)


Hasta luego!

IWALY!!!

søndag 27. oktober 2013

Eli Hagen blei 66, noko som gjekk heilt fint for hennar del. I alle høve gjekk ho vidare i "Skal vi danse" og vi fekk feira ho i godt lag.
Det spørs om ho ikkje har ein mann som trykker valdsamt på tastane i løpet av programmet, men for all del..... ho har jo blitt flink. Berre det at dei som hamna i duell er hakket betre. (I alle fall ifølge minstemann som var rimeleg oppskaka av at duellen ikkje blei den han hadde håpa på.)

Her blir du servert biller, gresshopper og skorpioner. Det høyres jo fortreffeeg ut. Eg trur at neste ferie må legges dit. Definitivt!
Det er Elie Daviron som driver restauranten, men avisa er ikkje så smart at dei skriv kor denne restauranten er, så det spørs om ein er så heldig at ein finn fram. Det vil i så fall bli ein megastor nedtur, for denne jomfrua "døyr" etter å smake slike delikatesser. (Joda.........)

Hvordan skal man unngå å bli usynlig i sort? Hahaha....... Så dårleg. Den dagen sort blir usynleg...... Eg skjønner jo sånn eigentleg kva som legges i uttrykket, men syns likevel det er dårleg.
Svart er ein farge veldig mange bruker når dei pyntar seg og skal på fest. At dei gjer det, er neppe at dei har noko ønske om å vere usynleg.
Lårkort svart sørger for alt anna enn det!

Stjal 75 kilo lakris mens sjåføren sov. Stakkars mann....han skal få skite mykje om han bryt alt i seg!! Hahahahaha.........
(Eg fekk berre behovet for å vere litt blond og ikkje skjønne at målet er noko anna.)

75 kilo lakris. Det er mykje det! Visst det no plutseleg skulle stå ein framand mann på torget og selge lakris, så ringer det vel ei eller anna bjelle. Då kan vi jo sikre julelakrisen til ein billig penge... :=)

Oslo flommer over av pølser, burgere, pizza og kebab. Skikkeleg sunn mat med andre ord. Ja, det er vel ikkje akkurat så vanskeleg å få fatt i..... Det såg eg sjølv i vinter då eg var der. Det er ikkje akkurat noko nytt fenomen.
Det er slik at ein finn ei sjappe her og der i tillegg til mange buer som står og sel desse variantane av mat.
Difor er det eigentleg litt rart at ikkje mattilsynet er litt meir aktiv. No kan det jo hende at dei er nett det, aktiv, men i og med at det turer og går og at det ikkje blir særleg færre som sel, kan ein i alle høve vere tilbøyeleg til å anta at dei ikkje er aktive nok.

Driv du ei kro, eller noko i den dur, settes det ganske store krav. Krav til benkeplater, krav til reinhald, krav om rett temperatur, krav om korleis maten skal oppbevares osv osv..... I tillegg skal alt dokumenterast. Kvar einaste dag skal det lesast av ein heil del og det skal journalføres.
Eg tvilar på at det er tilfellet om eg er ute på byen i hovudstaden og plutseleg får lyst på ein saftig kebab. ylla
Køen står lang utanfor den lille "vogna" og inni står det ein mann og skjærer kjøtt frå ein "stav" som går rundt og rundt. Klokka har passert midnatt for lenge sidan. (Eg hugser det som om att det var i går...)
Då det blei min tur, prøvde eg å sjå etter ein eventuell fryseboks, korleis benken såg ut m.m. Det var ingenting som tyda på at dette var ei overrein sutsalgsbu. Heller tvert imot. But, but, ...... "Alle" skulle likevel handle der. Dei fleste påverka av prosentar, berre ikkje eg. Å vere påverka i Oslo sine gater ein sein kveld er vel ikkje det eg vil kalle smart. (Med mindre at ein er fleire ilag.)

Eg kan ikkje tenke meg til at alle desse utsalgsbuene tilfredsstillar krava som setttes. Langt ifrå. Nokre av dei gjer det sjølvsagt, men langt ifrå alle.

Fulle folk betyr pengar. Slik er det berre. Fulle folk er sultne. Fulle folk vil ha mat som kan lages kjapt. Ergo poppar det opp ein heil del buer som tilbyr nett det.
Etterspørselen er der ................ Pølser, burger, kebabm pizza........enkel mat. (Pizza er kanskje ikkje det du bestiller når du står der i halvfylla og treng noko å putte i kjeften, men dei andre rettane, heilt klart.

Det er slik mat som fører til fedme også. Tenk berre på kva ei kjede som MacDonald kan tilføre deg som menneske om du spis der mange dagar i uka. Dei fins dei personane også. MacDonald er enkelt og billig.
MEN, hurtigkjedene går over lik, dei serverer mat som inneheld så mykje feitt, sukker og ikkje minst ein stor mengde industriavfall. Mengder som burde gjord både deg og meg litt bekymra. Likevel, eg er ganske sikker på at eg ikkje har kjøpt mitt siste hurtigmatprodukt. Eg kan nesten garantere at det kjem til å skje att. Ikkje i dag, ikkje i morgon eller seinare i uka, men ein eller annan gong. Då med vissheita at eg puttar gift inn i meg sjølv.
Så "smart" er eg....... Så "smart" er nok majoriteten av det norske folk.

I Irland bruker mange mødre å kjøpe ein BigMac og putte den i blenderen. Det er jo klart at dei minste borna også må få.
Ein åtte månadar gamal gut kan ikkje ete burgeren heil og stakkars han som ikkje kan få når dei andre gjer det...... Blender er ein fin ting! Jupp!
Kva gjer ein ikkje for sine eigne? LOL

Er det no eigentleg slik at MacDonald sin mat smaker så godt? Er det ikkje slik at om ein lagar eit fint måltid heime, ja så smaker det mange gonger betre?
Du slepp å henge over grytene, du slepp oppvasken, det er frykteleg lettvint..........men nei, det er ikkje så godt at det gjer noko.

Det er sundag og TIL har gått på eit nytt tap. Eigentleg litt synd for Nord-Noreg. At Glimt rykker opp er ei gladsak, men det hadde vore hakket kulare om begge laga var i same divisjon. Eg er ikkje sikker på om toget har gått eller ikkje. Eg håpar ikkje........

Det er kveld og ein dag som i stor grad har vore prega av inneliv er over. Eg trur klokka var halv seks før eg var på utsida av huset første gongen i dag.
Nei, eg har ikkje sløva. Ikkje det at eg heilt kan kome på at eg har gjort så mykje fornuftig, akkurat, men eg har i alle fall ikkje sløva.
Det skal eg no! :=)  No skal eg berre nyte sofalivet og ikkje gjere ein tøddel. Å lese litt på nettet kan jo vere eit alternativ, men utover det? Nope....... Kanskje sjekke litt julegåvetips (til meg sjølv, sjølvsagt). Det er jo forsåvidt litt skøy.
Jomfru Knutsen føler behovet for litt meir utstyr i kjellaren og akkurat det er jo ganske fornuftig?!
Elles er eg heilt på bærtur når det gjelder å leite. No har eg leita kvar dag i fleire uker etter maracasane mine, men dei er sporlaust borte. Om det seier litt om mine auge, eller om det betyr at det er skrømt i huset......veit ikkje eg.
Eg veit berre at dei må vere ein eller annan stad og eg ser ikkje for meg at det sit eit lite skrømt og ristar nevane sine i rytme berre for å ha det skøy med meg.
I så fall håper eg at skrømtet gjer meg eit lite hint snart, sånn i form av maracaslydar eller liknande. DET ville vore kult!
Nei, det er vel sikkert berre like greit å bestille nye, med mindre det er nokon som føler behovet for å gje meg det i julegåve. Hint, hint.......... (Hahaha..... Litt kult om eg plutseleg får ti sett med maracasar berre av di alle skulle sjå sitt snitt til å vere så smart at dei tar hintet.)

Nei, no er det lesetid for jomfru Knutsen. Ho Lisbeth Salander treng jo litt omsorg ho også. Så difor avsluttar eg berre med at du må ha ein fortreffeleg fin kveld og natta med om nokre timar. Sover du like godt som eg gjorde i natt.......... Søvn er ikkje oppskrytt!
Så medan enkelte måtte jobbe ein ekstra time, kunne eg sove ein ekstra time. Heilt grei fordeling!

Hasta mañana!

IWALY!!!

lørdag 26. oktober 2013

Det er laurdag og eg er nett komen heim frå ein fin fotballdag på Oppeid. To sigrar, ein uavgjort og eitt tap. Det får ein tru er greit nok. Borna er i alle fall nøgd og det er det viktigaste.
Her i huset er det ein som er lykkeleg over at at vi rakk den ferga vi kom med, for då får han med seg "Skal vi danse" (veldig viktig). Det vil jo vere trasig å gå glipp av eit musikkprogram, ifølge han.
Jaja.... Ein kan vel ikkje klage på at han er glad i musikk.
Det er berre faren som ikkje blir så "happy" når han sit seg ned for å øve på piano akkurat når han har tenkt å ta seg ein blund.

I natt stiller vi klokka. Eg har ikkje høyrt ei einaste sjel nemne noko om at det er på tide å stille klokka denne helga. Tar eg ikkje mykje feil, er det nok fleire enn meg det gjeld. Heldigvis er det attende i tid vi skal. Så då får vi ein time meir på oss i morgon til å føle oss kvil. :=)

No er det mange som irriterer seg over denne ordninga som forstyrrer biorytmen. Folk veit ikkje kva dei skal gjere med den ekstra timen når dei vaknar.
Oi, for eit luksusproblem..... Irritere seg over at dei har ein ekstra time. Borte er tankane som ofte seier at døgeret skulle ha hatt ein ekstra time. (Noko mange seier ganske ofte....)
At folk forsover seg første dagen på våren når timen skrus fram att....... Tja, då er vel risikoen stor for at dei forsover seg til sydenturen dei skal ha som tilfedigvis har eit fly som startar i seks-tida på morgonen.
Med andre er det eigentleg ikkje store problemet. Då er det heller det at folk ikkje bryr seg hardt nok med å kome tidsnok på arbeid den dagen.... Dei er liksom ikkje like redd for å kome for seint til arbeid som dei er for å miste flyet. Flyturen kostar trass alt eindel...... Så då er det vel berre å innføre at ein taper mykje pengar på å forsove seg nett den dagen, så er det problemet løyst.

No trur du vel at eg syns det er kult at vi stiller klokka......men det gjer eg ikkje. Eg veit ikkje eingong om eg er tilhengar eller ikkje. Med andre ord er det ikkje noko eg har brukt tid og energi på å danne meg ei meining om. Kanskje eg burde det? Då må eg jo starte no!

Eg prøver hardt, men det er visst ikkje særleg interessant. Eg kjenner ikkje nokon stad at det irriterer meg, men eg kjenner heller ikkje den store gleda.
Eg trur eg konkluderer med at eg gjer blaffen. I alle fall er eg ikkje anna enn nøgd med at eg kan ligge litt lenger i morgn (med godt samvit), men ut over det.........så bryr eg meg sikkert ikkje.
Hadde det ikkje vore for at eg las det i avisa på nettet no nettopp, hadde eg vel latt dagen i morgon forløpe som vanleg og så ville eg vel ha fanga det opp i løpet av dagen......forhåpentlegvis.

Når det gjeld å forstyrre biorytmen vår, trur eg vi klarar å forstyrre den både titt og ofte på eigenhand.

Farrah (22) skjelt ut for å ha vokset bryna på sovende datter (4). Sukk....Kva er eigentleg vitsen? Ein fire-åring...... Det er så mykje fokus på at ein til eikvar tid kal sjå så digg ut. Fire år er heftig tidleg.

Det var i eitt eller anna program det kom på bana....... Eg skal ikkje gå like langt som tilhøyraren som ropte at Farrah er gal i hovudet. Det er kanskje å ta litt hardt i, men eg er einig at det ikkje er heilt normalt.
Det er sjølvsagt heilt legalt å gjere det, men likevel........

Jeg sverger på at hodet mitt kommer til å eksplodere. Ein tilskodar er tydlegvis sint og tar han "heilt ut". Akkurat såååå mykje energi har ikkje eg tenkt å bruke på Farrah.
Ho har sikkert gjort noko ho er overbevist om sjølv er bra, men det betyr ikkje at vi andre treng å meine det same.
Eg vil tru at dei fleste syns det er å gå vel langt, men vi treng i utgongspunktet ikkje ha noko som helst meining om det. Det angår jo ikkje oss.
Det er likevel vanskeleg å la vere å tenke sitt.

Uansett kva forhold vi vaksne har til mote, skjønnheit, osv osv........syns eg vi kan halde borna utanfor det heile. Dei kjem tidsnok til det stadiet der dei må ta stilling til eigne meininger i forhold til temaet.

Hvorfor bytter så mange Facebook-bilde til en sjiraff? Hahahaha...... Dagbladet har fanga det opp! Det betyr at det er mange som har gått i fella! Thihihihi........
Eg svarte på gåta, men vurderte å la vere.
Dp eg svarte, tenkte eg at eg absolutt ikkje hr lyst å ha ein sjiraff i profilen min i fleire dagar. Likevel, konkurranseinstinktet mitt gjer at eg ikkje klarar å la vere. Så eg svarte........ Heldigvis korrekt! Lykke!

Så ser eg at fleire og fleire sjiraffar dukkar opp på skjermen. Det er maaaaaange som går i fella.
Eg veit nøyaktig kva dei har svart. Eg var på tur til å svare det same sjølv, men tenkte at sidan svaret var så logisk, måtte det vere eit anna svar. Eg har ingen sjiraff på profilen, så det betyr at eg hadde rett svar.

Først trudde eg bror min hadde svart feil. Lykke for ei stakket lita stund. Når det gjeld søsken, er det om å gjere det betre enn den andre. Denne gongen blei det uavgjort, men lykken var der......sjølv om det berre var for ei kort stund.

Dette gjør nordmenn lykkelige. Naturen, operaen, restauranter, utestader, barer og butikker. Museum!
Eg må seie at eg blei litt overraska over "svaret". Eg såg for meg ei heilt anna liste enn dette. Utan tvil.

Naturen....... Joda, det er lett å sjå for seg at mange er glad i naturen og kan finne lykken i det. Men resten?!
Ikkje det at det er noko galt med dei andre momenta, men lykke? Ikkje eit einaste ord om samliv, økonomi, seksualitet, venner, sosiale hobbyar utover det å drikke seg full eller spise ein betre middag.

Det er mange som likar å gå på museum. Det må det jo vere........ Likevel, det er ikkje ofte du høyrer om dei om ein samanliknar med andre interesser. Difor er det litt "rart" at det er klassifisert som ein av nordmenns lykkepunkt.
Jaja, så feil kan ein ta.

Viss eg skulle ha bytta ut museum med noko anna, må det bli å utøve musikk i lag med gode vener. Heller det hundre gonger enn å dra på eit museum.
Så heiter det vel så fint.....alt til si tid. :=)

Nei, no er det tid for å fjonge seg litt. Det er laurdagskveld og eg skal til ei venninne og feire at Eli Hagen er 66 år! Hahahahahahahaaaa.......... Jaja, det var jo neste sant. Eg skal til ei venninne og Eli har jo geburstdag. Så då...... :=)

Ha ein fjong laurdagskveld!
Hasta mañana!

IWALY!!! < 3
Komplimenter på toalettet. Dette må vere det kleineste som fins!
Eg har lest litt på nettavisene sine sider etter noko å skrive om. Det er ganske ille når det beste ein klarar å hoste opp er ei sak som dette.
Alex og Fridtjof skal gje komplimentar til andre som står og pisser på toalettet. Dei er "kundar" på ein kafè (som dei sjølvsagt etterkvart blir kasta ut ifrå) og stiller seg opp for å gjere sitt fornødne ved sida av andre som er der i eiga ærend.

Eg vil tru at det ikkje er normalt å spørre den ukjente mannen du pisser "saman med" om det er meininga at ein må prate med kvarandre medan ein utfører det ein skal. Som regel teier en nok berre still.
Alex spør han! Svaret er "det kommer helt an på". Alex stirrer då på mannnen og seier "kul pikk".
Joda....... Det seier seg sjølv at denne mannen blei stille og ikkje turte å seie eit einaste ord etterpå. Han snudde seg litt bort også.
Så eg lurar eigentleg på kva han tenkte då?! Det kan jo vere at han tenkte at det var ein skrulling (som det jo i utgongspunktet ikkje kan nektast for at det faktisk var) og at han blei bekymra for evetuell valdtekt. Kven veit....... Det blei i alle høve stille.

Saka er nok mest berre teit, men ho blei litt komisk også.

Mangler lik, åsted og tilståelse. Hmmm....... Kan ein etterforske ei sak utan ei einaste av desse opplysningane? Inga lik eller åstad. Korleis veit dei då at det er føregått ei kriminell handling?
No blei i alle fall eg nysgjerrig!

Det er visst ein som er forsvunnen og ikkje komen til svars det siste året. Jaja......... Då kan det jo vere......
Eg vil likevel tru at det er ei håplaus oppgåve når ikkje politiet har snøring på kor dei skal leite etter mannen.
Om han er tatt av dage, ja då kan det jo i utgongspunktet ha skjedd kor som helst. Landet er langt, så då må det eindel ressursar inn i systemet om dei skal kunne følge det opp utover sittt eiga distrikt. Jaja.......

Jeg vet det er natta. Men hor skal jeg sove i natt? Når det går fleire år utan at dei ansatte i ein bornehage klarar å fange opp at eit av borna ikkje har fast bopel......Det seier litt!

Det er ettermiddag og det er stengetid. Eitt born blir ikkje henta. Ei handling som kanskje berga nett dette bornet, men som også gjer oss den vitskapen om at det kanskje fins fleire slike born. Born som ikkje har fast tak over hovudet. Born som vekslar på å bu hos kjenningar eller rett og slett berre sover i bilen ei natt.
Korleis går det an at det ikkje blir oppdaga?

For meg er det heilt uforståeleg. Likevel kan dei i ettertid kome med at ja dei fekk ikkje sjokk, for dei har vel eigentleg trudd at det var noko med akkurat det bornet.
Viss dei kan seie det, skulle dei jo ha rapportert det for lenge sidan.

Denne saka er ikkje eineståande på nokre vis. Det fins sikkert mange av dei. Det er berre det at det må skje slikt som dette for at nokon skal fange det opp og faktisk melde ifrå om galskapen.
Og kva rørte seg oppi hovudet til den lille guten som spurte kor han skulle sove denne natta? Han trudde det var natt av di det byrja å bli mørkt ute.
Litt etter litt kommer han med detaljar som viser seg stemme. Detaljar som sørger for at dei er nødt til å varsle ifrå om forholda.

Er det for lett å teie stille? Vergrar vi oss for mykje?  Det er nok ikkje berre, berre å seie ifrå, men det er no eingong slik at ein må. Det er bornets beste som er viktigast. Det er for seint å angre i ettertid.
Det er eit borns framtid som står på spill. Det er ikkje så lite, akkurat det!
Det er ikkje særleg kult å lese ei slik overskrift. For den treff deg midt i blinken. Hjartet.

Nei, det er fotballturnering i morgon og då er det vel best om ein er sånn høveleg kvil. Vi satsar på ein fin fotballaurdag! Så då er det berre å tilte seg i seng. Det tar vel ikkje mange sekundane før augene er lukka og jomfrua borte i draumeland.
Akkurat no fryktar eg at eg kjem til å drøyme om smalahovud. Ekle greier, men eg har sjølvsagt nettopp sett enkelte kjendisar kappspise mat, deriblant sauehovud, og det sa sitt! Mildt sagt. ..... Det er nok ikkje berre eg som ikkje likar smalahovud. (Ikkje det at eg har smakt det så mange gonger. Det er berre å tenke på kva det er. Sauskolt! Fisj........)
Eg håpar eg slipp å telle sauskoltar i natt!

Uansett, ha ein fin slutt på kvelden og ei god natt!
Hasta luego.

IWALY!!

fredag 25. oktober 2013

Har du noko du skulle ha sagt til ein eller annan? Er det nokon du skulle ha vore god mot? Nokon du skulle besøkt? Ikkje vent, for i morgon kan det vere for seint.

Eg fekk sjølv erfare det i dag. At det blei for seint.
Ikkje det at det er lenge sidan eg snakka med den det gjeld, men eg skulle ta eit besøk her tidlegare i uka. Den dagen fekk eg beskjed om det ikkje gjekk, for han var sendt på sjukehuset. I dag blei han borte............ No more.
Difor er det viktig at vi ikkje utset slike ting. Vi veit ikkje kva  morgondagen bringer. Ung eller gamal.....dauden spør ikkje etter alder.

Mann satt på do da han ble skutt. Tenk å sitte på do og plutseleg få ei kule gjennom veggen og rett i deg. Du har ikkje tid til å reagere. Du har ikkje tid til å oppfatte kva som skjer.
Joda, det er ganske utroleg at det faktisk går an. Bomme på elgen og treffe hytta og doen. Kanskje noko å tenke på neste gong du drar på hytta og treng å skite. Ikkje sikkert du kjem der ifrå i livet.

Eg reknar med det fins reglar for kva tid ein har lov til å skyte elgen, eller ikkje.  Å skyte rett mot ei hytte/hus er vel ikkje akkurat å foretrekke.

Ikke drøm om å bli gamle sammen. KK.no meiner at det ikkje nødvendigvis er eit mål å bli gamal saman. Istadenfor å drøyme om at ein skal sitte og gynge i ein gyngestol saman når ein blir 80år, skal ein nyte livet her og no. Det er det som gjeld.
Vi har rett og slett ikkje noko anna enn her og no. Slik er det berre.

For all del......ikkje prøv å endre partnaren din. Det er den største feilen mange gjer. Berre tenk etter kor vanskeleg det er å endre seg sjølv. Kor utopisk vil det ikkje då vere å forvente at andre skal endre seg?
Velg deg heller ein kjæreste der du kan vere deg sjølv og samtidig ha det supert med.
Det du ser er det du får.

Det er første gong eg les KK på nett og dette var det første som møtte meg. Eg har skilt lag med papirutgåva av di eg er misnøgd. Ikkje ndvendigvis på bladet, men er lei av å få det i postkassa tysdag eller onsdag uka etter at det er komen i butikkhyllene. Dei få kronene ein sparer på å abonnere på bladet, gjer ikkje at det er verd å lese eit blad som stort sett er gått ut på dato. Då kan eg liksågodt kjøpe bladet av nærhandelen vi har. Så putter eg sikkert nokre epler opp i handlekorga i lag med bladet og mest sannsynlegvis eit par andre artiklar også.......Vips så har butikken tent på at eg ikkje abonnerer på det bladet.

Sånn eigentleg trur eg at eg får siste utgåve av bladet denne uka. Nr 43...... Er det ikkje uke 43  no? Eg trur det.
Det er vel rettare å seie at det skulle kome på fredag i forrige uke, men dukka opp her om tysdagen.

Jaja, no har eg prøvd å lese litt KK på nett og trur mest at eg ikkje kjem til å legge det til som ein av lastane mine. For såååå spanande var det ikkje. Eg treng nok ikkje KK til å fortelle meg at ein må leve i dag og fokusere på den lykken ein kan sørge for å oppnå i dag framfor å tenke på at ein skal bli gamal ilag.

Henrik Thodesen fikk blackout etter å ha rumpe-slikket Morten Ramm. Dette var ikke en grei hevn. Fy fffffffffffff............. Eg klarer ikkje heilt å sjå humoren i dette!
Dette er ting som er sendt i programmet "Torsdagskveld fra Nydalen" og det er sikkert dei som ler seg skakk av dette. Berre teit spør du meg.
Korleis i all verda kan det vere god humor i det å hemne seg på nokon med å la dei smake på ræva di? Det er jo berre kvalmt!
Det er jo berre å sjå for seg sjølv i same situasjon. Då trur eg fleire vil syns det er ekkelt, ja.

Det er greit at dei "driter kvarandre ut" i sketsjane sine, men dette er slikt som ein ikkje kallar greit. Det er berre umodent, latterleg og ein heil masse andre superlativer.
Eg lurar på kva tid desse humoristane skal bli vaksne?!

Eg ler av mykje i denne verda, men denne sketsjen var berre teit. Den var å vere ekkel med ein kompis og det skal ein ikkje vere. Det er stor forskjell på å ha det gøy med nokon og det å vere ekkel.
Morten Ramm synes den dag i dag at det han gjorde er kult og driter i kva folk meiner.
Akkurat det seier ganske mykje om han som person. Eg er verkeleg glad for at han ikkje er eindel av MIN kvardag. Det ville berre vore flaut. (Mangel på antenner vil eg kalle det.)

De bor i samme gate, men de går på forskjellige skoler. Er det dette den nye regjeringen drømmer om? Det er vel lett å anta at svaret er ja.
Ferdig diskutert! Det fins ikkje noko å seie til det.
Det er like teit som mykje anna som har vist seg å ver gjeldande i den nye politikken.
Eg syns alle på biletet er like fine, men det er vel det dei har mellom øyrene som skal avgjere. Enkelte "kjøper" seg vel litt ekstra små grå. Fosåvidt ikkje noko nytt i det.

Jomfru Knutsen skal ta kveld. Etter ein litt lang dag som har inneholdt alt ifrå mørke til lys i tunnelen, skal det bli godt å få pakka dyna rundt seg og sove.
I morgon er det helg att. Tida går fort.......
Ha ein fortsatt fin kveld og set pris på dei små tinga i livet.

Hasta luego.

IWALY!!!!

onsdag 23. oktober 2013

Slik kan du vinne over giktsmertene. Både papirutgåva og nettavisa til Dagbladet har fokus på nett dette i dag. Faktisk er det denne saka som prydar forsida i papirutgåva. Den dekker stort sett heile sida.
Er du då eit gikt-menneske, er det klart du kjøper avisa.
Kven er det som ikkje ønsker svar på slikt, liksom?!

Eg kjøpte avisa, eg også. Til stor skuffelse.......... Avisa kunne fortelje at ein ikkje må røyke! Hurra, eit kjemperåd!
Ein skulle jo tru av overskrifta at det skulle stå noko om korleis ein kunne få bukt med slike smerter. Når det då kun står at det er bra om det blir oppdaga på eit tidleg stadium og at det ikkje er lurt å røyke....... Hallo?
Så står det nokre teikn på at du kan ha gikt. Hovne ledd, for det meste. That´s it!

Vel, viss ein har store giktsmerter, veit ein som regel om at ein har gikt. I tillegg rettar jo overskrifta seg mot folk som har gikt og ikkje dei som kan kome til å få det. Ergo er det ein ny journalist som har terga seg inn på jomfru Knutsen.
Det er nesten som om at eg føler meg lurt. Eg kjøper sjeldan Dagbladet i papirform. Denne gongen gjorde eg det av nysgjerrigheit til akkurat denne sida, for så å bli megaskuffa. Det var stort sett ikkje eit einaste råd dei kom med. Så først tenkte eg at det berre var bortkasta pengar.
Heldigvis var ikkje berre avisa på to sider, så då fekk ein jo samtidig lest om mykje anna viktig som til dømes korleis ein lagar kornsmoothie, den nye "dame-akevitten" og at Solskjær var ein mønsterelev. Ikkje dårleg berre det.

Stenger skole etter edderkopputbrudd. Hahahaha..... Dagens beste. Slikt skjer ikkje her, og det til trass for at det er tonnevis av dei også på vår skule. I alle fall rett utanfor1

Det er engelskmenn som er rare. Så er det sagt.......
Ein elev er bitt av ein edderkopp og difor skal skulen gassast ned. Det er ikkje eingong snakk om ein farleg edderkopp.
Når det kjem til denne type edderkopp som har bitt ein elev, er det slik at ein veps er verre. det vil i utgongspunktet bety at vi (om vi også hadde vore rar) måtte ha stengt skulen kvart einaste år, for vepsen den flyg. Den kjem inn opne vindauge og den er der definitivt i friminutta.
Skal vi stenge skulen om det kjem ein elev som seier han er bitt av ein klegg?

Vel, hos oss tar jo dei vaksne med seg edderkoppane inn på kontoret, slik at denne knetta må ha augene i nakken til eikvar tid!

Ellers er denne knetta klar for litt meir snø enn det som er komen. Snø er heilt greitt det, så lenge den kjem i passe mengde og at den ligg der med stabil temperatur. Alt anna enn slaps med andre ord.
Slik den ligg no, dug den ikkje så altfor godt til noko som helst.
Viss eg plutseleg no skulle sjå ein spark ute langs vegen, ja då er det nokon som er i overkant overirig etter å kome seg fram (og det på måte som gjer at det vil ta 2 år lengre i tid.....).
Kanskje det kjem litt snø dalande ned frå oven om eg tar til vit og karrar meg i seng no?! Så då skal eg prøve på det.
Han Stieg Larsson har enno ikkje fått besøk av meg, som eg sa at han skulle for eit par dagar sidan. Så så mykje for å lite på meg....... Kanskje i kveld? Men berre eit kanskje. Eg er god på å surre det heile bort.
Ha ein fantastisk slutt på kvelden og ei god natt. Tell ikkje for mange sauer, for då kan du kome ut av telling og DÅ får du i alle høve ikkje sove!

Hasta luego!

IWALY!

tirsdag 22. oktober 2013

"Kvinner bør gå uten truser" og "Kvinner kan ikke politikk". Jaja, det kan jo vere at det er mange som er einige i det. "Kvinner bør være hjemme", "Kvinner burde være slaver", "Kvinner burde være på kjøkkenet", "Kvinner burde ikke snakke i kirken"......You name it..........og framleis er det sikkert fleire som er einige. Mannssjåvinistar finnes overalt. Slik er det berre.

No er det ikkje ein mannssjåvinist som har ytra seg i dette tilfellet. Det er så enkelt som at dersom du søker på Google etter "Woman should......", er dette nokre av eksempla Google hostar opp som alternativ, eller forslag som andre vil kalle det.
Ergo har FN kritisert Google for å vere sexistisk.

Då dei fann ut dette, blei dei sjokka og har no starta ein kampanje. Ein kampanje som viser kor langt vi eigentleg har att før vi kan påstå at vi har oppnådd likestilling i samfunnet.

Google på si side går tvert i forsvar. (Noko anna var vel ikkje å vente?!) Spørsmålet er berre om Google kan lastast?
Google lagar ikkje alle alternativa sjølv. Det er nødvendigvis ikkje deira haldning som blir attspegla her.   Forslaga avspeglar berre kva det blir mest søkt på.
Det er likevel ein liten tankevekker når følgande dukkar opp i søkefelta.
 Skriv du «kvinner bør...», blir svaret «... gå uten truse, ... ikke få barn, og ... drikke mer kakao» alternativa.
Skriv du «kvinner kan ikke...», blir svaret «... politikk, ... kjøre, ... lese kart og ... få alt». 
Skriv du «kvinner burde ikke...», ble svaret «... få barn og ... tale i forsamlinger». 
Skriv du  «kvinner trenger...», ble svaret «Forsvaret trenger flere kvinner»,«... mer jern», «hvorfor menn trenger kvinner» og «hvor mange kalorier trenger kvinner».  
Så alt i alt seier jo dette litt. 

Likestilling? I mitt hovud betyr det lik løn for likt arbeid. For andre betyr det visst ganske mykje meir. 
Det komiske er også då at vi jobbar mot likestilling innan det meste, men i mange heimar går det motsatt veg. (På bekostning av menna.) Hahahah......... I og med at det er slik at veldig mange kvinner er "sjef" i heimane, så burde kanskje også menna jobbe for likestilling der. 
Menn må vere ettergjevande og la kjerringa få viljen sin dersom han ønsker husfred. Ergo lar han få bestemme utan at ho eigentleg tenker over at ho heile tida får viljen sin. (Altså......Ikkej alle heimar er slik,men fleire enn det vi trur.) 
Det er sikkert og visst at det er avla opp mange fleire tøffelheltar dei siste tiåra enn tidlegare. No er det meir vanleg å høyre utsagn som "Joda, æ må nu bærre høyr med kjærringa først" , eller "Joda, æ må nu bærre høyr med sjefen først". 
Menn lar seg nok lettare "dikkedares" med lettare enn tidlegare. 
Med likestillinga og det at kvinnfolka blei meir sjølvstendige kom også sjølvtilliten som gjorde at kvinnene i større grad turte og bli sur og tverr. Ergo blei det ikkje lettare å vere mann. 
Mannen som skal forstå at vi meiner nei når vi seier ja og mannen som skal forstå oss til trass for at vi ikkje seier eit einaste ord om kva som plagar oss. 
Er det rart dei kan bli frustrerte? 

Eg veit ikkje kva eg syns om forslaga som dukkar opp på Google........ Sjølvsagt kan dei virke provoserande, men eg ler no mest av dei. Det er jo eigentleg litt komisk! 
Ein kan sjølvsagt gå rundt og ta seg sjølv superhøgtideleg, men det må jo vere mykje lettare å leve eit liv der ein klarar å sjå det komiske i ting?! 
Det heiter jo at ein god latter forlenger livet.......... :=)

Nei, at ein maskin skal fullføre tankane våre........Hahaha.....

Neil glemte sitt eget bryllup og sendte inn bombetrussel. Hahahaha...... Tragikomisk! Likevel, det viser berre at det eg skreiv om menn og kvinner her overfor stemmer! 
Han klarte å gløyme å bestille lokale til sjølve seremonien. Utan lokale, ingen bryllaup. "Shit happens all the time". 
Hadde eg vore mann, trur eg kanskje at ikkje eg heller hadde turt å sagt ifrå om det til brura. Litt seint å oppdage det same dagen som du skal gifte deg. 
Likevel.....Han var jo supersmart! Å ringe inn ein bombetrussel ville jo sjølvsagt sette ein stoppar for all aktivitet der den dagen og då ville han slippe unna. Ho ville liksom aldri få vite det....... Hahahahaha og i stadecnfor så veit "heile verda" det! Snakk om "shit happens"! 
I tillegg er jo det beste at han må i fengsel i eitt år. Så det spørs om det blir noko bryllaup i det heile. Det spørs kor stor evne kvinna har til å tilgje, men eg vil tippe at ho er bra sint, skuffa og frustrert akkurat no.
Så er det også slik at dersom du får ei kvinne sint nok, er det vanskeleg å få henne til å svelgje stoltheita si. Slik er det berre. Så stakkars mann, seier eg berre!

Du kan nekte naboen å bruke søppelkassen din! Ja, for det er jo det største problemet eg har......
Det er vel ikkje så mange hundar som går på tur rett forbi huset mitt og finn ut at dei skal skite nett der. For det er vel aller helst det som er hovudproblemet. At hundeeigarar ikkje gidd å ta med seg skitposen heim for å kaste den. 
Eg syns no eigentleg berre at det er supert at dei i det heile har med seg pose og tar opp driten så vi slepp å trø rett i den. 
Skulle det vere ein stakkar som ikkje klarar å bære driten heilt heim, ja så skal eg no vere så grei å la han få putte den i "kassa" mi! Hahaha......... 
Spørs om det då hamnar i vanleg avfall eller matavfall?! Det er jo god gjødsel i hundedrit. 
Vis  ein humdeeigar samlar opp driten eit heilt år, er det sikkert nok til eit heilt blomabed, og tenk berre då på kor fine blomane vil kome til å halde seg. Ekte gjødsel, liksom.

Nei, det er tid for Farmen (som eg ser ein sjeldan gong), så då er det å pakke bort dete vesenet eg har foran meg og plassere augene i retning av tv´n. Det kan jo bli hyggeleg det. 
Det kan jo bli ein liten time med både konfliktar og greier. Ikkje akkurat kriml, men det fungerer vel det også. 

Ha ein strålande tysdags kveld! 
Hasta luego!

Part of me......

mandag 21. oktober 2013

Klokka er straks elleve og eg har leita fram boka "Luftslottet som sprengtes" av Stieg Larsson. Det betyr med andre ord at det er over 700 sider som skal pløyast gjennom den næraste tida. Den forrige boka slutta jo på ein sånn måte at eg ønsker å lese denne siste boka. Det er vel det ein god forfattar skal sørge for?!
Larsson er nok dyktig, men dog ikkje den dyktigaste. Det er få som klarar å skrive som forfattaren bak Harry Hole, så det er nok han som er favoritten min. Det er berre så synd at eg ikkje har noko bok å lese i som han har skrive. Dei er allereie lest.

Vi lev i eit såkalla demokrati og skal sjølvsagt ha respekt for det. Likevel har det vore ein nedtur å vite at det er ei blå-blå regjering, som vi kallar dei, som skal styre.
Blant anna av di dei allereie no har vist at dei ikkje står for store delar av det dei sa i valkampen. Dei har seld mykje av seg sjølv til andre parti for å få lov til å sitje i regjering.
Greit nok det, dei er ikkje dei første og sannsynlegvis ikkje dei siste. Likevel........

Det som gjer at eg idag har ergra meg eindel, er at det er mykje eg ikkje får til å stemme oppi mitt lille hovud.
Eg brukar å tenke som sådan at dersom ein blir statsråd, ja då er ein litt smart. Ein må jo ha gjort eitt eller anna som har blitt lagt merke til, på ein bra måte, for å hamne i ein slik posisjon. Ein treng sjølvsagt ikkje meine det same som eg, men det må på ein måte vere veloverveid.

No har det seg slik at eg syns den nye regjeringa ikkje er så veloverveid som den burde vere. Det er fleire statsrådar som allereie har gjort og sagt mykje "rart". Seinast i dag las eg ein artikkel som verkeleg rysta meg. Eg måtte stille meg sjølv spørsmålet "går det verkeleg an?"
No var det ikkje ein statsråd som var hovudpersonen i saka frå i dag, men leiaren av utdanningskomiteen på Stortinget og Høgres frstekandidat frå Telemark. Altså to personar som lett kan vere med å påvirke systemet.
Så spørs det........ Kva er det dei har sagt som er så ille? For det er ille!

Aftenposten har ein artikkel i dag som heiter "Vil gi gullmedalje til de beste 1.klassingene". Ine Marie Eriksen og Torbjørn Røe Isaksen talar varmt om det å premiere dei flinkaste elevane.
Ei slik premiering skal motivere elevane til å gjere det enno betre. Ei premiering på lik linje med idrettens svømmeknapp. Dei flinkaste får gullmedalje, dei neste sølv osv........
I ungdomskulen nemnes det faktisk også at det bør henges opp "hederslister" der dei beste elvane rangeres. Denne lista skal henges opp på skulen i tillegg til at dei beste elevane får diplomar.

Viss ikkje dette skaper eit grusomt skille, så veit ikkje eg. Kva med den eleven som strever og strever alt han maktar? Innsatsen er kanskje 10 gonger betre enn den flinke eleven, men resultata blir likevel ikkje betre enn hans........ Han vil aldri klare å få noko gullmedalje og det til trass for at han verkeleg gjer alt han kan for å oppnå den. Urettferdig!!!!
Kva oppegåande menneske er det som kan meine at dette er rett? Kva oppegåande menneske er det som meiner at det er greit å la dei svakaste få føle enno meir på kor det svir å ikkje vere blant dei beste?

Når dei samanliknar med idretten, er det ikkje då slik at når det byrjer å bli eit visst nivå at fleire fell ifrå? Er det slik vi vil at den norske skulen skal bli? At dei flinke skal bli flinkare og dei svake skal falle meir attende og berre gje opp av di dei heile tida må forhalde seg til at dei likevel aldri kjem til å nå opp. Dei er og forblir blant dei som ikkje får gullmedalje og då kan ein likesågodt la vere å prøve.
Skremmande!

At Høgre faktisk foreslår noko så dumt som dette....... Å tru at dette skal skape meir motivasjon i skulen. Kva tid blei det politikaranes si oppgåve å bestemme det pedagogiske innhaldet i skulen? Har politikarane kvalifikasjonar sjølv som tilseier at dei i det heile kan prøve på det?

Dette vil i så fall bli ein nasjonal politikk som vil føre til meir mobbing (av både dei flinkaste og dei svakaste), dårlegare sjølvbilete hos dei svake osv...... Lista kan sikkert lages lang berre ein prøver. Likevel vil eg påstå at berre desse to punkta eg nemnte her er meir enn gode nok argument for å legge tankane på is.

Det kan virke som om at dei som sit langt der oppe på stråa og liksom skal vere betrevitarar, kun tenker på kva som kunne vore fint å få gjennomført og så gløymer dei konsekvansane for dei det ikkje gjeld.
Dei flinkaste får sine gullmedaljar, motivasjon, sjølvtillitt osv......medan i andre enden skal vi bygge  ned.
Det dei ikkje skjønner, er at det kan vere skummelt å ta avgjerdsler som omhandlar born utan å ha noko som helst kjennskap til samfunnet borna er i når dei er på skulen. Utan å vite kva det kan gjere med borna.
Det fins mange gode tankar, men ikkje alle er gjennomførbare. Denne tanken om å medaljere dei flinkaste elevane og det allereie frå 1.klasse er alt anna enn ein god idè. Den burde aldri ha vore tenkt. Aller minst burde den ha sett dagens lys i ei avis som mange les.
Eg ser for meg at det no sit foresatte rundt om som har fått med seg denne saka og som bekymrar seg for at det faktisk kan bli ein realitet. Dei er redd for kva det vil få å seie for bornet deira som faktisk slit med å lære og som treng alt anna enn konkurranse.

"Lykken" oppi det heile er at Frp sin skulepolitiske talsmann er litt overraska av at Høgre har slike tankar. Viss ikkje dei får Frp med på det, kan det heller ikkje bli ein realitet.

Nei, det var vel meininga at Larsson skulle få underhalde meg i kveld, så då må eg nok snart starte på boka. Viss ikkje går eg glipp av heile oppstarten i kveld. Å tru at det er lurt å begynne med å lese etter midnatt........ Forget it. Eg skal starte no! :=)
Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!

Hasta luego!

IWALY!






onsdag 16. oktober 2013

Erotikkforfatter: Pappa klarer ikke å lese bøkene mine. Vel, det er no vel eigentleg ganske forståeleg. Kva far er det som ikkje berre ser på dottera si som den søte, yndige og uskuldige dukka? At ho skal ha skitne tankar........Det går rett og slett ikkje an! I alle fall vil han nok ikkje vite om det!  (På lik linje med at ungdom aller helst ser at dei slepp å få den kunnsakpen som seier at foreldra enno har sex. Det syns dei berre er ekkelt å tenke på.)

Ti ting du ikke sier til gravide. Det er jo alltids eindel ting ein ikkje bør seie til ulike grupper folk. Ting som blir klassifisert som tabbar. Gravide er inga unntak.

Hovudtabben! Det kan bli ganske så pinleg om du stiller spørsmålet "Er du gravid?" og det viser seg at vedkommande ikkje er det.
Nokon vil sjølvsagt berre le av det, men eg trur nok mange vil reagere heilt annleis enn det. Kven syns det er kult å få eit slikt spørsmål om det ikkje er berettiga? Få følelsen av å vere feit, til dømes.........
For det er vel difor dei som spør, spør. Dei ser at ho har lagt på seg litt og tenker at ho kanskje har hatt seg ei hyrdestund i halmen med eit "heldig" utfall.

Å spørre  "Har de begynt å sjekke deg nedentil?" to uker før fødsel, og det foran ein skokk med andre menneske (til dømes 17.mai.....). Tja, det er kanskje ikkje det intime spørsmålet dei ønsker å få.

Er du svigerfar, spør du IKKJE "Nå som du er gravid, er du mer lysten på sex?" Hahahahaha...... Det er jo berre kleint!
Kun venninner kan spørre om det!

"Svangerskap er ingen sykdom!" Prøv å seie det til meg....... Svangerskap var ikkje anna enn sjukdom. Korleis kan ein eller klare å gå ned 12 kilo på under ein månad, anna enn å henge over bøtta og spy? (Eg vil tru at dei som får omgangssjuka med spye, ringer arbeidgjevaren sin og seier at dei er sjuk.)
Vel, å spy i fire og ein halv månad, 24 timar i døgeret....... Viss ikkje det kalles å vere sjuk?! Ja, då veit ikkje eg.
(Svangerskap treng ikkje vere ein sjukdom, men i visse tilfeller er det faktisk det.)

Å vere "dramaquen". Det kjenner vi vel alle tilfeller av?! Dramaqueener. Dei fins overalt og dei legg ut i det vide og breie om det verste og mest grufulle ved fødslar.
Det er skikkeleg digg å høyre på ei som fortel at å fø føles som om at ein traktor har parkert med hjulet mellom føtene dine og at den står der og spinner oppi XXXXX di.
Hahahahaha.......  Det er også berre kleint. Slikt er vel ikkje allment greit å seie?

Å fortelje ei gravid dame om den grufulle fødselen din, ja det er å klassifiserast som at du er eit grusomt menneske som berre vil andre vondt. I alle fall er det ikkje å vere medmenneske når ein overdriv på den måten. Bom basta!

Så stor du er! Hahahahaha...... Ikkje det smartaste du seier til eit kvinnfolk. Du risikerer faktisk at ho klappar til deg. Eg er ganske sikker på at akkurat det må ha skjedd ein eller annan gong. Verda er full av spesielle kvinner og ei og anna må vel reagere på den måten.
"Jeg syns du er blitt litt feit i det siste" er kanskje ikkje det smartaste du seier.

Enn denne? Du er kompis og ergo kan du stille litt meir nære spørsmål. Men...............
"Er det sant at det ser ut som sprengt roastbiff  med hår og majones etter fødselen?"
Ungen blir klassifisert som "det" og samalikninga er jo berre ekkel.
Dette spørsmålet er rett og slett stygt!

Er du sikker på at det ikke er tvillinger? Thihihi....... Der er på gyngande grunn! Det er jo det same som å seie at ein syns den gravide er stor og kanskje litt feit. Farleg......
Når det gjelder denne, trur eg mest at den gravide berre vil sjå dumt på deg å seie "Er du så lite smart at du trur du er den einaste som kan kome på at DET kan vere årsaka til at eg er så stor? At eg har gått gravid i 9 månadar utan å vite at eg har tvillingar i magen? Fjott!!!!!"
Det handlar om å ha filter! (Eg går ut ifrå at du som lesar forstår kva filter betyr.)

Du håper vel på en gutt denne gangen? Vis meg det kvinnfolket som svarer ja til det.
Dei fleste meiner det er akkurat det same kva kjønn som kjem ut, men dei håpar nok alle at bornet som kjem ut skal vere frisk.

Akkurat det siste eg skreiv om å vere frisk, kan også vere sårande. Viss ein seier til ei gravid at det ikkje er så nøye kva kjønn det blir, berre det blir friskt, så kan det provosere ein god del. Spesielt er det sårande overfor dei som faktisk føder eit born med spesielle behov.
Er liksom ikkje bornet velkommen då (om det ikkje er friskt)?

Det stemmer nok at dersom du seier at magen er for liten, er det feil. Seier du at den er stor, er du rett og slett ein dust.
Seier du at ho ser bra ut, ja då blir du tatt for å lyge. (Altså ikkje særleg enkelt.)

Kva med dei som seier til den gravide at ho ser sliten ut? Eg trur dei berre må rømme.
Så konklusjonen må jo då berre bli at ein teier stilt. Ein lar vere å seie noko som helst og så kan den gravide få følelsesmessige nedturar og låse seg inn på do fordi ho meiner det er mangel på interesse.
(For gravide er jo trass alt overfølsomme!)

Å publisere ei slik sak som omtalar i alle fall deler av det eg har kommentert her, er jo å be om haugevis av kommentarar. Eit hav av menneske skal sjølvsagt få fram meininga si om temaet og alle er nok neppe like saklege.
Eller...... Neppe er feil ord å bruke, for eg har sjølv sett nokre få av kommentarane folk har lagt ut og dei er alt anna enn saklege.

Sjølv om ein skal ha respekt for enkeltmenneset osv osv....., er det vanskeleg å ta alle kommentatorane seriøst.
Alle har rett på eiga meining, men av og til blir det berre teit. Men, men...Så lenge media opnar for at folk skal kommentere, ja då må ein jo også berre godta at usaklege og ufine menneske fins og dei vil la resten  av omverda få vite at dei er der.

Når enkelte meiner at dersom ein kan bli sjukemeldt når ein går gravid, ja då burde ein hoven fot, litt vondt i ryggen o.l gjelde vel så mykje som gyldig grunn.
Dei skjønner rett og slett ikkje det at det er umogleg å gå på arbeid, med mindre du kan henge over bøtta foran alle andre, noko eg tvilar nokon ville gått med på.
Å spy foran alle andre vil vere uakseptabelt både av den som spyr og dei som må vere tilstades medan vedkommande spyr. Lykke på jord............

Nei, lista over kva ein ikkje bør seie til gravide kan nok vere lang. Kanskje uendeleg lang, for den del.
Eg vil tru at om ein la ut spørsmålet om kva det verste ein kan seie til ei gravid kvinne vil vere, så ville ein fått ganske så mange harrysvar attende. Det er eg ikkje i tvil om.
Det er nok av gravide rundt omkring som har mange gode dømer på tabbar rundt graviditeten.

Heldigvis skal ikkje denne knetta bli gravid dei neste 10 åra, så då slepp eg no lett unna desse fine kommentarane/spørsmåla.

Jaja, klokka er ikkje min ven i dag, så no er det nattatid. Ha ei god natt og sov godt!
Hasta luego!

IWALY!!





tirsdag 15. oktober 2013


Møt min nye ven, Reidar, som er eit positivt tilskot i skulekvardagen! Dagens høgdepunkt! Utan sidestykke! Særleg........

Sånn eigentleg så har det til dags dato vore heilt greit å dele kontor med dei eg har delt med til no. Berre at no byrjer eg å ha mine tvil. På bakgrunn av min eigen sikkerheit.
Eg veit ikkje heilt om det er så trygt å sitte der eg sit lenger.

Tidlegare har det vore skorpionar (det er eg heilt sikker på, sjølv om det kanskje var noko heilt anna), ekle fiskeskoltar, firfirsle(?), augestikkar og ein heil del andre småkryp. (Småkryp kan faktisk vere rimeleg store!!!! Prøv ikkje å påstå noko anna.) Alt dette av di eg deler kontor med ein som er grueleg glad i naturen og då sjølvsagt alt som lev i naturen. 
No må eg jaggu meg dele kontor med TO som har den "sære" interessa. 

"Gå å sjå ka som står i hylla mi!" Eg berre registrerte orda i forbifarta der eg stod og kopierte i matpausen.  Eitt kvarter etterpå var eg ikkje komen særleg lenger enn der eg var. Ting tar tid. 
Vedkommande som slengte kommentaren til meg då ho passerte meg, kom plutseleg attende smilande og lurte på om eg hadde titta. 
Spent måtte eg jo sjå i hylla hennar då eg kom inn på kontoret  (mitt) og eg hadde jo gjort meg opp ei meining om at ho sikkert hadde fått ei lita "gåve" frå ein eller anna elev og at det var det eg skulle får sjå. Få sjå kor koseleg, liksom.........
Så såg eg rett på Reidar! Fysj, seier eg berre! OG der i hylla skulle han faktisk vere resten av skuledagen. Så medan eg skulle sitte der og konsentrere meg om arbeidet mitt, skulle dette krapylet stirre meg i nakken.
Eg er ganske sikker på at han hadde eit ønske om å stupe rett i nakken på meg, men som du ser så var det eit lite glas i mellom oss. "Stakkaren" kom seg ingen stader. Lykke!

Krypet blei brukt i naturfagundervisninga, til elevane si store begeistring (noko eg veit av di min eigen gut var ivrig etter å fortelje om den då han kom heim). Så det elevane syns var veldig kult, det syns denne knetta berre var ekkelt. 
Lykken var likevel stor over at læraren og elevane slapp han fri på baksida av skulen etter å ha "brukt han" ferdig. For ein kan jo ikkje drive med dyreplageri og la han slite inne i glaset?! Jaujau......
Så lenge han ikkje framleis står der i hylla på kontoret, så går det greit. For eg er sikker på at han hadde kommen til rømme på eitt eller anna vis om han berre hadde stått der lenge nok. Eg er heilt overbevist om det.

Så no er eg berre glad vi går vinteren og mørketida i møte, av den enkle årsak at då er vi mest kvitt desse krypa for nokre månadar. 
I tillegg er det mindre sjanse for at desse naturforskarane eg deler kontor med plutseleg dukkar opp med slike skumle "gjenstandar" som ikkje høyrer heime bak jomfru Knutsen si skulder. 

Den siste tida har det vore fokusert, i media,  dagleg på den tragiske hendinga som skjedde på Stord i forrige uke. Eg har bevisst holdt meg unna denne saka, her inne, av di eg kjenner til familien det gjeld. Ergo syns eg det er vanskeleg å skrive om saka og om ein slik problematikk som denne saka omhandlar. 
Eg føler eg må vere hakket meir "forsiktig" i mine formuleringar i og med at det ikkje er "kven som helst" og det i seg sjølv gjer det vanskeleg.

Så kan ein spørre seg.....Kvifor no? Kvifor vel eg å kommentere det heile i kveld? 
Svaret er ganske enkelt.
Ei slik sak er klassifisert som tragisk. Ikkje berre for den som blir offer, men også for gjerningsmann og ikkje minst familiane som blir råka og dei andre som står dei nær. 
I slike saker er det viktig å halde hovudet på rett plass. 

Det er så lett å anta. Det er så mange som har meininger om det som har skjedd. Slikt blir det rykter av. 
Det er alt for mange som gløymer at det er snakk om eit samfunn som ikkje er så stort og det er snakk om at ein familie skal leve vidare i dette samfunnet. Difor er det berre trist at enkelte sprer rykter om saka, rykter dei ikkje har hald i. Dei antar.........
Dette er nok noko som er svært vanleg mange stader, men det er alt anna enn bra. 

Det siste ein familie som hamnar i ein slik situasjon treng, er at det spres ein heil masse usanne rykter. Det gjer det berre vansklegare for dei. 
Eg har aldri vore i ein liknande situasjon, men det er ikkje vanskeleg å forstå at det familien treng no er ro og fred rundt seg til å bearbeide det som har skjedd. 

Samtidig som alt for mange sprer rykter, syns eg media har opptrådt riktig så uprofesjonelt i saka. 
Berre det at dei intervjua klassekompisar av guten det gjeld og sendte det på tv i går, viser kor langt ned på stigen dei legg seg i "moral". Eg veit der var ungdom som syns det var ekkelt at tv dukka opp og ville intervjue dei. Ei av jentene hadde heldigvis mot nok til å seie til dei kva ho meinte om at dei prøvde å få ungdommen i tale. 
Skoleungdommen må då vitterleg få lov til å ha fred for media på skulevegen sin heim frå skulen. Trygg skulevei, heiter det!! 

Som sagt syns eg det er vanskeleg å kommentere sjølve saka pga den årsaka eg nemnte i stad. Så difor kjem eg heller ikkje til å gjere nett det. Det er nok av folk som ytrar seg.
I det eg har skrive her, til no, har fokuset vore på korleis omverda/samfunnet har "takla" saka. 
Eg syns berre det er trist at ein familie som er i djup sorg også må forhalde seg til ondsinna sladder og det er DEN biten eg vil påpeike her.

Det er ikkje sikkert at eg når fram til nokon som helst med det eg har skrive her nett no, men målet mitt er jo sjølvsagt nett det.
Eg håpar jo at i alle fall dei som les dette kanskje tenker seg litt om før dei ytrar seg "høglytt" og skråsikkert om dei skulle hamne i ein liknande situasjon. Ein situasjon der det skjer ei tragisk hending i samfunnet der dei bur.  
For all del...... Det kan godt hende at eg sjølv må gjere det same. Tenke meg meir om...... Eg vil tru det gjeld oss fleste! 

Så vil denne knetta berre ønske alle ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem. 

Hasta luego!

IWALY!!


mandag 14. oktober 2013

Fange gravde seg ut av cella med smørkniv. Går det an då? Eg trudde det først var ein spøk då ei anna kvinne hadde lagt ut dagens "Donald" på nettet. At det berre var meint som ein.
Så gå eg inn på Vg-nett no og ser at det faktisk stemmer. Galskap!

Todlegare har ein fange gjort det same ved å bruke ein kleshengar. Så det betyr vel kanskje då at lykken må vere å hamne i fengsel på Hamar. I alle fall om ein planlegg å stikke av.

Albansk statsborgar...... Jaja, viss han no rømmer heim, så er det vel liten sjanse for å finne han. Samtidig er landet vårt kvitt eit problem, så då går det vel opp i opp?!
Han har nok sikkert ikkje gjort sitt siste sprell enno.

Eg trudde at det med å rømme frå eit fengsel ved å fire seg ned veggen med eit laken berre var foreholdt filmar. Eg har tydlegvis tatt grundig feil. Det var nett det mannen med kleshengaren gjorde.

Tanja Amanda Høglund Pettersen har for meg stått fram som ein stor person i mine auge. Ho har verkeleg fått smake på det å bli mobba over nettet. Dagens unge, som samtidig er framtidas vaksne, har framstått som grusomme mennesker. Akkurat det er ganske skremmande å tenke på.

Taja er ei søt jente som sliter litt med anoreksia. Eit problem ho ikkje er åleine å kjempe mot. Ved første augekast er det ikkje noko eg tenker over......anoreksia. Eg ser ei heilt vanleg jente, dog utan eit kilo for mykje.

Når ein blir utsatt for grov sjikane, må ein verkeleg vere sterk som person for å klare å halde hovudet over vannet. Eg kan ikkje sjå noko anna enn at denne jenta må vere utroleg sterk.
Med tanke på at utsagn som "Hvorfor i helvete er du født?", "Hvordan kan moren din føde noe så stygt?", "Jævla hore, drep deg sjæl.", "Gjør alle en tjeneste og ta livet av deg selv. Det er til det beste for oss alle." florerer mot Tanja på nettet........... Det er ikkje mykje å seie til det. Ikkje anna enn at det er frykteleg trist at enkelte er i stand til å gjere slikt.

No er det slik at ein kan legge att anonyme kommentarar. Det er nok det første ein må gripe fatt i. Det bør bli slik at du må gjere deg til kjenne om du skal kommentere noko som helst. Personvernet til den som eig sida er mykje viktigare enn ytringsfridomen til dei som kommenterer når det er slik at enkelte ikkje har sperrer for kva dei kan skrive.
Heldigvis er det komen ei lov som forbyr nettmobbing, men det er nok ikkje berre berre å finne ut kven alle dei anonyme kjeldene er. Det er i alle fall kostbart, og så spørs det om det er velvilje blant rette etaten til å ta denne kostnaden med å spore alle kommentarane. Det er jo lov til å håpe.......

Det er fint å sjå at kjempemange rundt om i landet no engasjerer seg i denne saka og det til føremon for Tanja.
Eg vil tru at det er med på å gje ho betre sjølvtillit og at ho i større grad skjønner at det er dei som skriv alt dette forferdelege det er noko gale med.
I tillegg håper eg verkeleg at ingen av desse mobbarane har tenkt å ta seg arbeid i eit omsorgsyrke. (Skule, bornehage, sjukeheim.....osv....you name it.) Det meiner eg av di det er skremmande tendensar og slike haldningar er det skummelt å dra med seg inn i slike yrker. Også andre yrker sjølvsagt, men desse eksempla er vel kanskje av dei viktigaste sådan.

Eg håper inderleg at det roar seg rundt Tanja. At ho får den freden og respekten ho fortener som menneske.
Det bør også opne augene til foreldregenerasjonen. Kva haldningar er det vi ønsker å bringe vidare til borna våre? Det er i alle fall viktig at alle sit seg ned med sine eigne og snakkar om tema som dette. Sette krav til sine eigne om kva følgene vil bli om dei hiv seg med på ei mobbebølge.
Vi har alle eit ansvar for å stoppe det.
Vi må ikkje vere så naive at vi ikkje trur at det skjer rundt oss. Små eller store stader.

No er dette ei sak som nok er litt større i omfang enn dei fleste, men nettmobbing må stoppast. Vi må gjennom haldningsskapande arbeid få fram kva vi meiner om at folk gjer slikt og vi må vere tydelege på at det ikkje vil bli akseptert. Uavhengig av om det er anonymt eller ikkje.
Det er rett og slett ein menneskerett å ikkje få slike kommentarar!

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!:=)
Hasta luego!

IWALY!!

søndag 13. oktober 2013

Det er søndag 13.oktober og det betyr at det er den store "gå utan BH-dagen".
No har eg ikkje satt meg heilt inn i saka, men det har sikkert eitt eller anna med brystkreft å gjere.
Uansett...... Det handlar i alle fall om å gå utan BH i dag, noko denne knetta ikkje har gjort.
Den kjem nok av etter kvart på denne sida av døgeret, forhåpentlegvis, men då av heilt andre årsaker.
Å gå ein heil dag utan BH er uaktuelt. Då må dei heller finne på noko betre.......

De fantastiske brystene. Vg helg har fokus på pupper denne helga dei også, dog i ei anna vending. Det har seg nemleg slik at du kan utnytte dei om du er stressa. (Puppene altså.)

Viss du er stressa, kan du be nokon om å kjæle med dei! Det skal ha ei super verknad på stressnivået.
Det står ingenting om at det må vere din betre halvdel som kjæler med dei, så då står ein vel i realiteten heilt fritt?! Hahahahaha........ Eg ser det for meg. Kvinnfolk som stressar rundt om og stoppar tilfeldige og ber dei om å kjæle med puppane sine.
Eit luksusproblem for enkelte menn om situasjonen faktisk oppstår, medan andre neppe vil vite kor dei skal gjere av seg.

Det er no eingong slik at det ikkje er så mykje som er så arketypisk som brystene våre. Når dei i tillegg har slike fantastiske eigenskaper...........
Ein kan nemne dømer som at dei er ei kjelde til kjærleik, nærleik, stresshandtering og god helse. Ei god rekke med positive eigenskaper.
Problemet er at desse runde formene diverre som oftast får merksemd berre på grunn av form og utsjånad. Samtidig kan ein då konkludere med at det ikkje er så rart at enkelte får kompleksar og at dei føler ei misnøye med eigne bryst.
Det er ikkje alle som er som meg........ Ei som eigentleg driter i heile puppestyret og heller fleiper med at dei snart heng heilt ned på navlen. (Er nok å overdrive litt, but who cares anyway?)

Enkelte kvinner liker merksemda som blir retta mot puppene sine. Trange topper er nok noko som sørger for blikkfang. At puppene får ei heilt anna form når BH-en  og toppen blir tatt av, er det nok ikkje så mange som reflekterer over der og då.
Det er nok mange mødre som har fått høyrt av sine søte små at dei ikkje har sånne runde pupper som "alle" andre og at dei har lange puppar (når dei heng laus under tannpussen....)

Små pupper, store pupper, faste pupper, hengepupper, spisse, runde, lange.....lista er uendeleg. Effekten av kjæling er nok den same. Så er du stressa, er det berre å be nokon om å kjæle med dei. (Så får ein vel vere litt alvorleg oppi det heile og seie at det aller helst bør vere din kjære..)

Terapibasseng......... Fleire byar har store badeanlegg og ein stor andel av desse anlegga har noko som blir kalla for terapibasseng. Som regel innebærer det at det er basseng som er ein god del varmare enn dei andre i bygget. Mange har også oppslag om at dersom det er reumatikere tilstades, eller folk med andre lidelsar, så har dei førsterett til å bruke bassenget.
Slik er det ikkje i Harstad!

Eg har vore der i helga og der var terapibassenget noko heilt anna enn dei andre stadene ein har vore og besøkt før.
Bassenget er sånn rundt rekna i same storleik som det bassenget vi har her heime i bygda.
Med andre ord er det ikkje snakk om noko stort basseng. Grottebadet........
Det første som møtte meg då eg entra dørstokken inn til bassenget, var eit lydnivå som ikkje kan skildrast. Det var så høgt!! Det var såvidt det gjekk an å finne seg ein liten kvadratmeter å slappe av på.
Eg talte antal menneske....... Over tretti born som herja (derav støyen) og over 40 vaksne (dei fleste var der for å sjå etter borna sine).
Midt oppi det heile var det ein stakkar som trengte å vere ute i akkurat det bassenget og som gjerne skulle ha svømt litt. Det seier seg sjølv at ikkje det gjekk.
Mesteparten av tida gjekk vel aller helst til å snu på hovudet for å hindre å få vann rett i augene frå alle dei herjande borna som var der inne.

Over 70 menneske i eit lite basseng og ikkje ei einaste badevakt. "Området er tv-overvåka". Jaujau..... Kva hjelper det, om dei stakkarane som ser på skjermane samtidig som dei ekspederer kundane som kjem og vil betale seg inn, ikkje oppdagar at noko skjer?
Nei, det var nok ingen som følte at dei fekk noko særleg terapi av å vere der inne (heller motsatt) og sikkerheita var nok heller langt ifrå den beste. Kanskje det ikkje har gått opp for dei at bassenget er blitt noko anna enn eit terapibasseng.
Når borna kan ta med seg alt av badeleikar inn dit, så er det endra seg frå terapi til "berre varmt" basseng.

Sjølv om badeturane mest var ei nedtur, hadde byen sjølvsagt anna "gøy" å by på. Shopping er nok aldri feil, men det er enno mindre feil når det er snakk om musikkforretningar.
Som regel skjer det meste av handelen via nettet, men det er jo då sjølvsagt digg når ein kan gå innom og sjå på utstyr med eigne auge.
Eg var der begge dagane! Eg handla der begge dagane!

Eg tippar det er ein liten kar som gler seg til skuledagen er over i morgon. Han var sjølvsagt med mora då ho investerte i slagverk! Han er nok klar over at mora mest sannsynleg kom til å bruke denne kvelden til å montere det (og han har sjølvsagt heilt rett i det).
Slagverk! Eit elektrisk sådan. Roland.

Eg snakka med ein slektning av meg som har "storpeiling" på musikk. Han meinte at sidan eg skulle ha slagverket i kjellaren heime, kunne det vere ein idè og kjøpe elektrisk. Då blir det ikkje den same støyen som eit slagverk brukar å avgje. Då kan ein styre volumet akkurat slik ein sjølv ønsker ut av høgtalarane. I tillegg til at ein kan velge ulike effektar på trommene og symbalane, alt etter kva musikk ein skal spele. Jazz, pop, rock, world, reggae osv....you name it. Ganske tøft.
Ikkje minst tar det mindre plass! Når heile stortromma kun er ein pedal med leidning, ja då har ein spara ganske mykje plass berre på det.
4 trommer, 3 symbalar, basstrommepedal og high-hatpedal. Eg trur kjellaren vil få eindel besøk den næraste framtida! :=)

Eg har til no registrert at det kan vere hakket vansklegare å undervise ein 60-åring på trommer enn ein ti-åring.

Pupper og trommer. Knallkombinasjon! Hahahaha............Eg skal i alle fall ikkje spele trommer utan BH, så det slepp å bli eit pinleg syn der.

No er det straks natta. Om eg skal halde målet om at BH-en skal av på denne sida av døgeret, må eg speede litt opp her eg sit. Så då blir badet neste stopp.
Ha ei god natt der ute og hasta luego! :=)

IWALY!!!


fredag 11. oktober 2013

Mann sovnet i fylla og våknet uten penis. Ingen vet hvor den tok veien. At det fins rare folk i Den dominikanske republikk, er vel ikkje til å unngå. Dei fins vel overalt i denne rare verda.
Likevel, det er ganske drastisk å miste sin lille kompis og ikkje ha den minste peiling på kor han har stukket av hen.
Berre det å unngå å merke at han blir borte, sånn heil utan vidare...........

Det er blitt spekulert i om det kan vere ein hund som har bitt av han herlegdomen sin, men sjølv betvilar offeret det.
Han ser meir på det som ein vekkelse og har av den grunn slutta å drikke alkohol.

Det må jo vere litt kjipt å få ein vekkelse på denne måten. Kva hjelper det å slutte med alkohol? Ikkje anna enn at han til eikvar tid har kontroll påseg sjølv......... Penisen kjem nok aldri til å dukke opp att og då kan ein jo berre konstatere at ein del av "kosen" med livet er borte! Synd for han.........

Mann satte penis fast i brødristeren sin. Brannvesenet måtte rykke ut. Jeeeeeszes, går det verkeleg an?
Er det berre penissaker i media i dag? (Bortsett frå dei meir triste...)
Tja, det er jo ein artikkel som heiter "Kan du finne deg selv?" Hahahaha....... Eg trur ikkje jomfru Knutsen skal trykke på den linken. Det kan jo vere stor sjanse for at ho finn seg sjølv og det er slett ikkje sikkert at DET er så bra! Eg tenker ho lar vere! Thihihi........

Sjokolade giver faste bryster. Jaja, eg skjønner at her er det berre å hive innpå. Kanskje eg kan klare å få "hengpuppan" litt lenger opp?! Det ville jo vore lykke! Haha....... Eg får ønske meg sjokolade av julenissen i år.
Eg skjønner ikkje kvifor han alltid sender meg ei sexy truse. I år skal eg verkeleg slå til og sende inn ønskeliste. Sjokolade!!

Eit lengre liv, slankare midje og auka sexlyst er visst også nokre av føremonene ved sjokolade. Kvifor har ingen fortalt meg det tidlegare?
Mørk sjokolade, vel og merke.

Blir frisk av å spise rått kjøtt. Fisj!! Om eg hadde vore nøydd til det av helsemessige årsaker, så hadde eg likevel valgt å ikkje gjere det.
Kva er vel meir kvalmt enn å spise rått kjøtt? Aldri i verda om det hadde vore eit alternativ.
Likevel skjer det! Eit bilete av "blodige" tenner vitnar om det heile. Eg seier berre æsj!

Det kunne jo vore interessant å sjå kor mange som eigentleg ville hertes å spise rått kjøtt fleire gonger i uka. Nokon ville sikkert ha svart ja, men eg vel å tru at dei fleste ville svart nei.
Det trur eg til trass for at uendeleg mange legg ut bilete av sushi og anna rå fiskemat som skal fortærast og som i deira auge visstnok er det same som delikatesse!

Michael Douglas løy om kreften. Ei tåpeleg overskrift som også lyg. Eller...........Han laug jo, men dog ikkje på ein slik måte som overskrifta indikerer.

Då eg las overskrifta, tenkte eg umiddelbart at han gjekk ut og sa at han hadde kreft og at det no viser seg at han berre laug om det.
Så tenkte eg kor teit det var.... Kven er verkeleg så dum at han "spøker" med slikt?
Ein seier liksom ikkje at ein har kreft viss ein ikkje har det. Det er i såfall heilt uforståeleg viss nokon kan finne på slikt.

Så opna eg saka........ Svartens journalist som klarte å lure meg. Journalisten som oppnådde akkurat det han ville. (Eg berre antar at det er ein mann.)
Han tener sikkert pengar ettter kor mange treff saka får. Ikkje at eg veit akkurat det, men eg går sterkt ut ifrå det. Ellers hadde han vel valgt ei meir treffande overskrift.

Douglas hadde kreft, han. Berre ikkje i halsen, men tunga.
For meg betyr det ingenting om det var i halsen eller tunga. Kreft er kreft og er like ille uansett kor den er i kroppen.
Hadde eg visst at det berre var ei lita korrigering, hadde eg aldri opna saka. Det er vel nett det denne journalisten veit...........og dersom han tener pengar på kvart treff saka får, så er han jo forsåvidt smart. Smart, joda........men også provoserande ille. (Det er vel strengt tatt ikkje noko nytt at denne knetta har ein viss tendens til å irritere seg over journalistar.)

Informasjon om Douglas er for meg like viktig som lakrispipa.
Når lakrispipa er det som får merksemd når ei ny regjering skal dannes, ja då seier det litt.

Sjekk hvilken vin kjendisene drikker. Dette må jo berre vere dagens sak! Kva er vel meir viktig enn det? Kjendisane har garantert mykje meir peiling på god vin enn det du og eg har. Om vi veit kva vin dei drikk, kan vi bli betre vinkjennarar. Då hjelper det ikkje om vi syns vinen er elendig. For har først ein kjendis sagt at den er god, må vi berre godta det. Dei er jo trass alt høgare oppe på stråa. Slik er det berre.
My ass.........

Nei, jomfru Knutsen har vore og bada i nokre timar i dag og sjølv om eg ikkje tok meg heilt ut i svømmetakas land, så kjenner eg at svevnen ikkje er så langt unna.
Også der var det "ting" som irriterte. Til og med meir enn dårlege journalistar!

No er det slik at eg ikkje bryr meg så veldig masse om det er eit par som klinar litt. Det er vel meir normalt enn unormalt. Likevel, ein eller annan stad bør det vere ei moralsk grense.
I dag gjekk eg faktisk i frå basseng til basseng, berre for å slippe det å vere vitne til at to stykk skulle spise kvaradre (nesten bokstaveleg tala).
Trur du søren meg klype ikkje at dei kom etter til dei nye bassenga ein gjekk til? Siste gongen eg reiste meg og forlot eit basseng, utbraut eg høgt nok til at dei skulle høyre det: Fy flate, det er så kleint at enkelte spis kvarandre opp utan å ta omsyn til borna og oss andre rundt om. Fysj så ekkelt! Eg går i protest mot sånn heslig klining!
Dei fekk det heldigvis med seg.

Begeret rant over då dei tok munnen til kvarandre og prøvde å opne dei mest mogleg for å sjå kven som kunne få tunga lengst ned i halsen på den andre. Det blei berre kvalmt.

Når til og meg EG reagerer,ja då må det vere kleint!!
Så det så!

No er det natta og skjønnheitssvevn. Eg må drøyme meg opp på om eg skal kjøpe slagverk eller ikkje imorgon.
Eg har studert eit elektrisk slagverk og det verkar veldig freistande.
Ei elles så impulsiv Knutsen, har i dag hatt pittelitt vit og tatt avgjerdsla om å vente til i morgon.
(Kanskje eg heller sover på meg ein kontrabass?! Hahahaha........)

Ha ei fortreffeleg natt og sov aldeles godt!

Hasta luego!!

IWALY!!!