torsdag 31. oktober 2013

Eg er akkurat ferdig med litt retting av elevoppgåver og fann ut at no er det tid for litt skriving. Eg nemnte jo i går at eg hadde tenkt å skrive litt om grubling, så her kjem det.

Gruble....... Er det noko vi alle er god til, ja så må det vere å gruble. Definitivt!
No tenker eg å utelate slik grubling som Newton gjorde for å kome fram til sine logiske forklaringar. Slik grubling tilhøyrer ein annan kategori enn den eg siktar til. Eg lener meg meir mot den daglegdagse grublinga vi normale daudelege har ein tendens til å la ta over oppi hovudet vårt der dei små grå ligg og svømmer. (Dersom dei er tilstadeverandes....)

Så kan ein spørre seg sjølv. Kva hjelper det å gruble på kva som kunne vore? Eg gjer det sjølv, men skjønner eigentleg ikkje vitsen. Kvifor gjekk det som det gjekk? Hadde eg rukket akkurat den bussen eg skulle........eller kanskje det hadde vore betre om eg hadde tatt ei drosje.
Vi kan gruble oss sinnssvak og då gjerne heilt attende til den gongen vi låg i pungen på faren vår.
I alle fall med mindre du klarar å stoppe grublinga i tide.
Tenk om det regna første gongen far din ba ut mor di..........og kanskje var det busstreik. I verste fall kan det jo hende at Gud ga blaffen eit par dagar. Kva om, kva om?

Det verste er dei som tenker "Kva om ikkje Gud hadde skapt menneska... Korleis ville det vore då?" Jada, ein heilt normal tanke..... Vi ville i allefall ikkje vore så grueleg grublande at det gjer noko.
Så kva om Eva ikkje hadde lokka Adam? Tru kor mykje moro han ville ha gått glipp av! Hahaha..... Adam var sikkert ein kul fyr. Eva akkurat som oss andre kvinnfolk.
Bibelen seier jo at ho "lura" Adam og kvifor skal då vi andre kvinnfolk vere noko betre?
(Jada, eg veit at det var slangen som var den skuldige......men det høyres berre så meir kult ut om vi legg skulda på ho Eva!)
Røya klarte sikkert å freista han så det ljoma etter!

I alle fall...... Vi er no her i dag og vi grublar frykteleg mykje.
Akkurat no dukka ein tanke opp i mitt søte, lille hovud og då må eg vel gruble litt på det..... Korleis hadde det vore om han godeste Bell ikkje hadde funne opp telefonen? Gud, for eit artig liv vi hadde hatt.
Vi ville i alle fall vore flinkare til å besøke andre. Jens Stoltenberg hadde ikkje trengt å uroe seg for om han Obama tjuvlyttar på han. (Skulle ønske han kunne vise meg teknikken!)
Joda......

Kva gjer grubling med sjølvbiletet til mange? Du kan jo nesten gruble deg i hel.
Mange mennesker bruker for mykje tid på å gruble over andre mennesker enn dei sjølve.  Akkurat det må jo berre vere slitsamt?! Eller.......
Eg vil tru at det fort kan vere eit sterkt teikn på dårleg sjølvbilete om verda nesten berre består av å gruble om andre. Kva seier andre, kva har dei gjort, korleis lever dei.........osv.

Kva om alle hadde slutta å tenke negativt om andre? For å tenke negativt om andre er faktisk eindel av det å gruble. Mykje unødvendig energi blir brukt.
Kva om ein berre slappar av og tar ein dag i gongen. Nyter notida og det den bringer med seg. For eit herleg liv det vil kunne bli!

Eg skal i alle fall ikkje gruble på kva som hadde skjedd om far min ikkje hadde kvitta seg meg avkomsmiddelet sitt for straks 40 år sidan.
Eg sit no her og det er det som er den harde realiteten. Like it or not!

No skal eg sitte meg ned og gruble litt på eitt eller anna. Gudane veit kva, men noko blir det. Det er visst ikkje så lett å styre.
I alle fall.......... Ha ein fantastisk fortsettelse på kvelden. Gruble i veg, men sørg no i alle fall å vere ferdig til du har tenkt å lukke augene og draume deg bort i lykkens verd. Det er ikkje verdt å ta grublinga med seg dit. Då sover du nok ikkje like godt!
Ha ein god natt!!

Hasta mañana!

IWALY!!

1 kommentar:

  1. Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

    Giaonhan247 chuyên dịch vụ mua hàng mỹ từ dịch vụ order hàng mỹ hay nhận mua nước hoa pháp từ website nổi tiếng hàng đầu nước Mỹ mua hàng ebay ship về VN uy tín, giá rẻ.

    SvarSlett