tirsdag 15. oktober 2013


Møt min nye ven, Reidar, som er eit positivt tilskot i skulekvardagen! Dagens høgdepunkt! Utan sidestykke! Særleg........

Sånn eigentleg så har det til dags dato vore heilt greit å dele kontor med dei eg har delt med til no. Berre at no byrjer eg å ha mine tvil. På bakgrunn av min eigen sikkerheit.
Eg veit ikkje heilt om det er så trygt å sitte der eg sit lenger.

Tidlegare har det vore skorpionar (det er eg heilt sikker på, sjølv om det kanskje var noko heilt anna), ekle fiskeskoltar, firfirsle(?), augestikkar og ein heil del andre småkryp. (Småkryp kan faktisk vere rimeleg store!!!! Prøv ikkje å påstå noko anna.) Alt dette av di eg deler kontor med ein som er grueleg glad i naturen og då sjølvsagt alt som lev i naturen. 
No må eg jaggu meg dele kontor med TO som har den "sære" interessa. 

"Gå å sjå ka som står i hylla mi!" Eg berre registrerte orda i forbifarta der eg stod og kopierte i matpausen.  Eitt kvarter etterpå var eg ikkje komen særleg lenger enn der eg var. Ting tar tid. 
Vedkommande som slengte kommentaren til meg då ho passerte meg, kom plutseleg attende smilande og lurte på om eg hadde titta. 
Spent måtte eg jo sjå i hylla hennar då eg kom inn på kontoret  (mitt) og eg hadde jo gjort meg opp ei meining om at ho sikkert hadde fått ei lita "gåve" frå ein eller anna elev og at det var det eg skulle får sjå. Få sjå kor koseleg, liksom.........
Så såg eg rett på Reidar! Fysj, seier eg berre! OG der i hylla skulle han faktisk vere resten av skuledagen. Så medan eg skulle sitte der og konsentrere meg om arbeidet mitt, skulle dette krapylet stirre meg i nakken.
Eg er ganske sikker på at han hadde eit ønske om å stupe rett i nakken på meg, men som du ser så var det eit lite glas i mellom oss. "Stakkaren" kom seg ingen stader. Lykke!

Krypet blei brukt i naturfagundervisninga, til elevane si store begeistring (noko eg veit av di min eigen gut var ivrig etter å fortelje om den då han kom heim). Så det elevane syns var veldig kult, det syns denne knetta berre var ekkelt. 
Lykken var likevel stor over at læraren og elevane slapp han fri på baksida av skulen etter å ha "brukt han" ferdig. For ein kan jo ikkje drive med dyreplageri og la han slite inne i glaset?! Jaujau......
Så lenge han ikkje framleis står der i hylla på kontoret, så går det greit. For eg er sikker på at han hadde kommen til rømme på eitt eller anna vis om han berre hadde stått der lenge nok. Eg er heilt overbevist om det.

Så no er eg berre glad vi går vinteren og mørketida i møte, av den enkle årsak at då er vi mest kvitt desse krypa for nokre månadar. 
I tillegg er det mindre sjanse for at desse naturforskarane eg deler kontor med plutseleg dukkar opp med slike skumle "gjenstandar" som ikkje høyrer heime bak jomfru Knutsen si skulder. 

Den siste tida har det vore fokusert, i media,  dagleg på den tragiske hendinga som skjedde på Stord i forrige uke. Eg har bevisst holdt meg unna denne saka, her inne, av di eg kjenner til familien det gjeld. Ergo syns eg det er vanskeleg å skrive om saka og om ein slik problematikk som denne saka omhandlar. 
Eg føler eg må vere hakket meir "forsiktig" i mine formuleringar i og med at det ikkje er "kven som helst" og det i seg sjølv gjer det vanskeleg.

Så kan ein spørre seg.....Kvifor no? Kvifor vel eg å kommentere det heile i kveld? 
Svaret er ganske enkelt.
Ei slik sak er klassifisert som tragisk. Ikkje berre for den som blir offer, men også for gjerningsmann og ikkje minst familiane som blir råka og dei andre som står dei nær. 
I slike saker er det viktig å halde hovudet på rett plass. 

Det er så lett å anta. Det er så mange som har meininger om det som har skjedd. Slikt blir det rykter av. 
Det er alt for mange som gløymer at det er snakk om eit samfunn som ikkje er så stort og det er snakk om at ein familie skal leve vidare i dette samfunnet. Difor er det berre trist at enkelte sprer rykter om saka, rykter dei ikkje har hald i. Dei antar.........
Dette er nok noko som er svært vanleg mange stader, men det er alt anna enn bra. 

Det siste ein familie som hamnar i ein slik situasjon treng, er at det spres ein heil masse usanne rykter. Det gjer det berre vansklegare for dei. 
Eg har aldri vore i ein liknande situasjon, men det er ikkje vanskeleg å forstå at det familien treng no er ro og fred rundt seg til å bearbeide det som har skjedd. 

Samtidig som alt for mange sprer rykter, syns eg media har opptrådt riktig så uprofesjonelt i saka. 
Berre det at dei intervjua klassekompisar av guten det gjeld og sendte det på tv i går, viser kor langt ned på stigen dei legg seg i "moral". Eg veit der var ungdom som syns det var ekkelt at tv dukka opp og ville intervjue dei. Ei av jentene hadde heldigvis mot nok til å seie til dei kva ho meinte om at dei prøvde å få ungdommen i tale. 
Skoleungdommen må då vitterleg få lov til å ha fred for media på skulevegen sin heim frå skulen. Trygg skulevei, heiter det!! 

Som sagt syns eg det er vanskeleg å kommentere sjølve saka pga den årsaka eg nemnte i stad. Så difor kjem eg heller ikkje til å gjere nett det. Det er nok av folk som ytrar seg.
I det eg har skrive her, til no, har fokuset vore på korleis omverda/samfunnet har "takla" saka. 
Eg syns berre det er trist at ein familie som er i djup sorg også må forhalde seg til ondsinna sladder og det er DEN biten eg vil påpeike her.

Det er ikkje sikkert at eg når fram til nokon som helst med det eg har skrive her nett no, men målet mitt er jo sjølvsagt nett det.
Eg håpar jo at i alle fall dei som les dette kanskje tenker seg litt om før dei ytrar seg "høglytt" og skråsikkert om dei skulle hamne i ein liknande situasjon. Ein situasjon der det skjer ei tragisk hending i samfunnet der dei bur.  
For all del...... Det kan godt hende at eg sjølv må gjere det same. Tenke meg meir om...... Eg vil tru det gjeld oss fleste! 

Så vil denne knetta berre ønske alle ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem. 

Hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar