onsdag 23. oktober 2013

Slik kan du vinne over giktsmertene. Både papirutgåva og nettavisa til Dagbladet har fokus på nett dette i dag. Faktisk er det denne saka som prydar forsida i papirutgåva. Den dekker stort sett heile sida.
Er du då eit gikt-menneske, er det klart du kjøper avisa.
Kven er det som ikkje ønsker svar på slikt, liksom?!

Eg kjøpte avisa, eg også. Til stor skuffelse.......... Avisa kunne fortelje at ein ikkje må røyke! Hurra, eit kjemperåd!
Ein skulle jo tru av overskrifta at det skulle stå noko om korleis ein kunne få bukt med slike smerter. Når det då kun står at det er bra om det blir oppdaga på eit tidleg stadium og at det ikkje er lurt å røyke....... Hallo?
Så står det nokre teikn på at du kan ha gikt. Hovne ledd, for det meste. That´s it!

Vel, viss ein har store giktsmerter, veit ein som regel om at ein har gikt. I tillegg rettar jo overskrifta seg mot folk som har gikt og ikkje dei som kan kome til å få det. Ergo er det ein ny journalist som har terga seg inn på jomfru Knutsen.
Det er nesten som om at eg føler meg lurt. Eg kjøper sjeldan Dagbladet i papirform. Denne gongen gjorde eg det av nysgjerrigheit til akkurat denne sida, for så å bli megaskuffa. Det var stort sett ikkje eit einaste råd dei kom med. Så først tenkte eg at det berre var bortkasta pengar.
Heldigvis var ikkje berre avisa på to sider, så då fekk ein jo samtidig lest om mykje anna viktig som til dømes korleis ein lagar kornsmoothie, den nye "dame-akevitten" og at Solskjær var ein mønsterelev. Ikkje dårleg berre det.

Stenger skole etter edderkopputbrudd. Hahahaha..... Dagens beste. Slikt skjer ikkje her, og det til trass for at det er tonnevis av dei også på vår skule. I alle fall rett utanfor1

Det er engelskmenn som er rare. Så er det sagt.......
Ein elev er bitt av ein edderkopp og difor skal skulen gassast ned. Det er ikkje eingong snakk om ein farleg edderkopp.
Når det kjem til denne type edderkopp som har bitt ein elev, er det slik at ein veps er verre. det vil i utgongspunktet bety at vi (om vi også hadde vore rar) måtte ha stengt skulen kvart einaste år, for vepsen den flyg. Den kjem inn opne vindauge og den er der definitivt i friminutta.
Skal vi stenge skulen om det kjem ein elev som seier han er bitt av ein klegg?

Vel, hos oss tar jo dei vaksne med seg edderkoppane inn på kontoret, slik at denne knetta må ha augene i nakken til eikvar tid!

Ellers er denne knetta klar for litt meir snø enn det som er komen. Snø er heilt greitt det, så lenge den kjem i passe mengde og at den ligg der med stabil temperatur. Alt anna enn slaps med andre ord.
Slik den ligg no, dug den ikkje så altfor godt til noko som helst.
Viss eg plutseleg no skulle sjå ein spark ute langs vegen, ja då er det nokon som er i overkant overirig etter å kome seg fram (og det på måte som gjer at det vil ta 2 år lengre i tid.....).
Kanskje det kjem litt snø dalande ned frå oven om eg tar til vit og karrar meg i seng no?! Så då skal eg prøve på det.
Han Stieg Larsson har enno ikkje fått besøk av meg, som eg sa at han skulle for eit par dagar sidan. Så så mykje for å lite på meg....... Kanskje i kveld? Men berre eit kanskje. Eg er god på å surre det heile bort.
Ha ein fantastisk slutt på kvelden og ei god natt. Tell ikkje for mange sauer, for då kan du kome ut av telling og DÅ får du i alle høve ikkje sove!

Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar