fredag 25. oktober 2013

Har du noko du skulle ha sagt til ein eller annan? Er det nokon du skulle ha vore god mot? Nokon du skulle besøkt? Ikkje vent, for i morgon kan det vere for seint.

Eg fekk sjølv erfare det i dag. At det blei for seint.
Ikkje det at det er lenge sidan eg snakka med den det gjeld, men eg skulle ta eit besøk her tidlegare i uka. Den dagen fekk eg beskjed om det ikkje gjekk, for han var sendt på sjukehuset. I dag blei han borte............ No more.
Difor er det viktig at vi ikkje utset slike ting. Vi veit ikkje kva  morgondagen bringer. Ung eller gamal.....dauden spør ikkje etter alder.

Mann satt på do da han ble skutt. Tenk å sitte på do og plutseleg få ei kule gjennom veggen og rett i deg. Du har ikkje tid til å reagere. Du har ikkje tid til å oppfatte kva som skjer.
Joda, det er ganske utroleg at det faktisk går an. Bomme på elgen og treffe hytta og doen. Kanskje noko å tenke på neste gong du drar på hytta og treng å skite. Ikkje sikkert du kjem der ifrå i livet.

Eg reknar med det fins reglar for kva tid ein har lov til å skyte elgen, eller ikkje.  Å skyte rett mot ei hytte/hus er vel ikkje akkurat å foretrekke.

Ikke drøm om å bli gamle sammen. KK.no meiner at det ikkje nødvendigvis er eit mål å bli gamal saman. Istadenfor å drøyme om at ein skal sitte og gynge i ein gyngestol saman når ein blir 80år, skal ein nyte livet her og no. Det er det som gjeld.
Vi har rett og slett ikkje noko anna enn her og no. Slik er det berre.

For all del......ikkje prøv å endre partnaren din. Det er den største feilen mange gjer. Berre tenk etter kor vanskeleg det er å endre seg sjølv. Kor utopisk vil det ikkje då vere å forvente at andre skal endre seg?
Velg deg heller ein kjæreste der du kan vere deg sjølv og samtidig ha det supert med.
Det du ser er det du får.

Det er første gong eg les KK på nett og dette var det første som møtte meg. Eg har skilt lag med papirutgåva av di eg er misnøgd. Ikkje ndvendigvis på bladet, men er lei av å få det i postkassa tysdag eller onsdag uka etter at det er komen i butikkhyllene. Dei få kronene ein sparer på å abonnere på bladet, gjer ikkje at det er verd å lese eit blad som stort sett er gått ut på dato. Då kan eg liksågodt kjøpe bladet av nærhandelen vi har. Så putter eg sikkert nokre epler opp i handlekorga i lag med bladet og mest sannsynlegvis eit par andre artiklar også.......Vips så har butikken tent på at eg ikkje abonnerer på det bladet.

Sånn eigentleg trur eg at eg får siste utgåve av bladet denne uka. Nr 43...... Er det ikkje uke 43  no? Eg trur det.
Det er vel rettare å seie at det skulle kome på fredag i forrige uke, men dukka opp her om tysdagen.

Jaja, no har eg prøvd å lese litt KK på nett og trur mest at eg ikkje kjem til å legge det til som ein av lastane mine. For såååå spanande var det ikkje. Eg treng nok ikkje KK til å fortelle meg at ein må leve i dag og fokusere på den lykken ein kan sørge for å oppnå i dag framfor å tenke på at ein skal bli gamal ilag.

Henrik Thodesen fikk blackout etter å ha rumpe-slikket Morten Ramm. Dette var ikke en grei hevn. Fy fffffffffffff............. Eg klarer ikkje heilt å sjå humoren i dette!
Dette er ting som er sendt i programmet "Torsdagskveld fra Nydalen" og det er sikkert dei som ler seg skakk av dette. Berre teit spør du meg.
Korleis i all verda kan det vere god humor i det å hemne seg på nokon med å la dei smake på ræva di? Det er jo berre kvalmt!
Det er jo berre å sjå for seg sjølv i same situasjon. Då trur eg fleire vil syns det er ekkelt, ja.

Det er greit at dei "driter kvarandre ut" i sketsjane sine, men dette er slikt som ein ikkje kallar greit. Det er berre umodent, latterleg og ein heil masse andre superlativer.
Eg lurar på kva tid desse humoristane skal bli vaksne?!

Eg ler av mykje i denne verda, men denne sketsjen var berre teit. Den var å vere ekkel med ein kompis og det skal ein ikkje vere. Det er stor forskjell på å ha det gøy med nokon og det å vere ekkel.
Morten Ramm synes den dag i dag at det han gjorde er kult og driter i kva folk meiner.
Akkurat det seier ganske mykje om han som person. Eg er verkeleg glad for at han ikkje er eindel av MIN kvardag. Det ville berre vore flaut. (Mangel på antenner vil eg kalle det.)

De bor i samme gate, men de går på forskjellige skoler. Er det dette den nye regjeringen drømmer om? Det er vel lett å anta at svaret er ja.
Ferdig diskutert! Det fins ikkje noko å seie til det.
Det er like teit som mykje anna som har vist seg å ver gjeldande i den nye politikken.
Eg syns alle på biletet er like fine, men det er vel det dei har mellom øyrene som skal avgjere. Enkelte "kjøper" seg vel litt ekstra små grå. Fosåvidt ikkje noko nytt i det.

Jomfru Knutsen skal ta kveld. Etter ein litt lang dag som har inneholdt alt ifrå mørke til lys i tunnelen, skal det bli godt å få pakka dyna rundt seg og sove.
I morgon er det helg att. Tida går fort.......
Ha ein fortsatt fin kveld og set pris på dei små tinga i livet.

Hasta luego.

IWALY!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar