mandag 21. oktober 2013

Klokka er straks elleve og eg har leita fram boka "Luftslottet som sprengtes" av Stieg Larsson. Det betyr med andre ord at det er over 700 sider som skal pløyast gjennom den næraste tida. Den forrige boka slutta jo på ein sånn måte at eg ønsker å lese denne siste boka. Det er vel det ein god forfattar skal sørge for?!
Larsson er nok dyktig, men dog ikkje den dyktigaste. Det er få som klarar å skrive som forfattaren bak Harry Hole, så det er nok han som er favoritten min. Det er berre så synd at eg ikkje har noko bok å lese i som han har skrive. Dei er allereie lest.

Vi lev i eit såkalla demokrati og skal sjølvsagt ha respekt for det. Likevel har det vore ein nedtur å vite at det er ei blå-blå regjering, som vi kallar dei, som skal styre.
Blant anna av di dei allereie no har vist at dei ikkje står for store delar av det dei sa i valkampen. Dei har seld mykje av seg sjølv til andre parti for å få lov til å sitje i regjering.
Greit nok det, dei er ikkje dei første og sannsynlegvis ikkje dei siste. Likevel........

Det som gjer at eg idag har ergra meg eindel, er at det er mykje eg ikkje får til å stemme oppi mitt lille hovud.
Eg brukar å tenke som sådan at dersom ein blir statsråd, ja då er ein litt smart. Ein må jo ha gjort eitt eller anna som har blitt lagt merke til, på ein bra måte, for å hamne i ein slik posisjon. Ein treng sjølvsagt ikkje meine det same som eg, men det må på ein måte vere veloverveid.

No har det seg slik at eg syns den nye regjeringa ikkje er så veloverveid som den burde vere. Det er fleire statsrådar som allereie har gjort og sagt mykje "rart". Seinast i dag las eg ein artikkel som verkeleg rysta meg. Eg måtte stille meg sjølv spørsmålet "går det verkeleg an?"
No var det ikkje ein statsråd som var hovudpersonen i saka frå i dag, men leiaren av utdanningskomiteen på Stortinget og Høgres frstekandidat frå Telemark. Altså to personar som lett kan vere med å påvirke systemet.
Så spørs det........ Kva er det dei har sagt som er så ille? For det er ille!

Aftenposten har ein artikkel i dag som heiter "Vil gi gullmedalje til de beste 1.klassingene". Ine Marie Eriksen og Torbjørn Røe Isaksen talar varmt om det å premiere dei flinkaste elevane.
Ei slik premiering skal motivere elevane til å gjere det enno betre. Ei premiering på lik linje med idrettens svømmeknapp. Dei flinkaste får gullmedalje, dei neste sølv osv........
I ungdomskulen nemnes det faktisk også at det bør henges opp "hederslister" der dei beste elvane rangeres. Denne lista skal henges opp på skulen i tillegg til at dei beste elevane får diplomar.

Viss ikkje dette skaper eit grusomt skille, så veit ikkje eg. Kva med den eleven som strever og strever alt han maktar? Innsatsen er kanskje 10 gonger betre enn den flinke eleven, men resultata blir likevel ikkje betre enn hans........ Han vil aldri klare å få noko gullmedalje og det til trass for at han verkeleg gjer alt han kan for å oppnå den. Urettferdig!!!!
Kva oppegåande menneske er det som kan meine at dette er rett? Kva oppegåande menneske er det som meiner at det er greit å la dei svakaste få føle enno meir på kor det svir å ikkje vere blant dei beste?

Når dei samanliknar med idretten, er det ikkje då slik at når det byrjer å bli eit visst nivå at fleire fell ifrå? Er det slik vi vil at den norske skulen skal bli? At dei flinke skal bli flinkare og dei svake skal falle meir attende og berre gje opp av di dei heile tida må forhalde seg til at dei likevel aldri kjem til å nå opp. Dei er og forblir blant dei som ikkje får gullmedalje og då kan ein likesågodt la vere å prøve.
Skremmande!

At Høgre faktisk foreslår noko så dumt som dette....... Å tru at dette skal skape meir motivasjon i skulen. Kva tid blei det politikaranes si oppgåve å bestemme det pedagogiske innhaldet i skulen? Har politikarane kvalifikasjonar sjølv som tilseier at dei i det heile kan prøve på det?

Dette vil i så fall bli ein nasjonal politikk som vil føre til meir mobbing (av både dei flinkaste og dei svakaste), dårlegare sjølvbilete hos dei svake osv...... Lista kan sikkert lages lang berre ein prøver. Likevel vil eg påstå at berre desse to punkta eg nemnte her er meir enn gode nok argument for å legge tankane på is.

Det kan virke som om at dei som sit langt der oppe på stråa og liksom skal vere betrevitarar, kun tenker på kva som kunne vore fint å få gjennomført og så gløymer dei konsekvansane for dei det ikkje gjeld.
Dei flinkaste får sine gullmedaljar, motivasjon, sjølvtillitt osv......medan i andre enden skal vi bygge  ned.
Det dei ikkje skjønner, er at det kan vere skummelt å ta avgjerdsler som omhandlar born utan å ha noko som helst kjennskap til samfunnet borna er i når dei er på skulen. Utan å vite kva det kan gjere med borna.
Det fins mange gode tankar, men ikkje alle er gjennomførbare. Denne tanken om å medaljere dei flinkaste elevane og det allereie frå 1.klasse er alt anna enn ein god idè. Den burde aldri ha vore tenkt. Aller minst burde den ha sett dagens lys i ei avis som mange les.
Eg ser for meg at det no sit foresatte rundt om som har fått med seg denne saka og som bekymrar seg for at det faktisk kan bli ein realitet. Dei er redd for kva det vil få å seie for bornet deira som faktisk slit med å lære og som treng alt anna enn konkurranse.

"Lykken" oppi det heile er at Frp sin skulepolitiske talsmann er litt overraska av at Høgre har slike tankar. Viss ikkje dei får Frp med på det, kan det heller ikkje bli ein realitet.

Nei, det var vel meininga at Larsson skulle få underhalde meg i kveld, så då må eg nok snart starte på boka. Viss ikkje går eg glipp av heile oppstarten i kveld. Å tru at det er lurt å begynne med å lese etter midnatt........ Forget it. Eg skal starte no! :=)
Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!

Hasta luego!

IWALY!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar