søndag 27. oktober 2013

Eli Hagen blei 66, noko som gjekk heilt fint for hennar del. I alle høve gjekk ho vidare i "Skal vi danse" og vi fekk feira ho i godt lag.
Det spørs om ho ikkje har ein mann som trykker valdsamt på tastane i løpet av programmet, men for all del..... ho har jo blitt flink. Berre det at dei som hamna i duell er hakket betre. (I alle fall ifølge minstemann som var rimeleg oppskaka av at duellen ikkje blei den han hadde håpa på.)

Her blir du servert biller, gresshopper og skorpioner. Det høyres jo fortreffeeg ut. Eg trur at neste ferie må legges dit. Definitivt!
Det er Elie Daviron som driver restauranten, men avisa er ikkje så smart at dei skriv kor denne restauranten er, så det spørs om ein er så heldig at ein finn fram. Det vil i så fall bli ein megastor nedtur, for denne jomfrua "døyr" etter å smake slike delikatesser. (Joda.........)

Hvordan skal man unngå å bli usynlig i sort? Hahaha....... Så dårleg. Den dagen sort blir usynleg...... Eg skjønner jo sånn eigentleg kva som legges i uttrykket, men syns likevel det er dårleg.
Svart er ein farge veldig mange bruker når dei pyntar seg og skal på fest. At dei gjer det, er neppe at dei har noko ønske om å vere usynleg.
Lårkort svart sørger for alt anna enn det!

Stjal 75 kilo lakris mens sjåføren sov. Stakkars mann....han skal få skite mykje om han bryt alt i seg!! Hahahahaha.........
(Eg fekk berre behovet for å vere litt blond og ikkje skjønne at målet er noko anna.)

75 kilo lakris. Det er mykje det! Visst det no plutseleg skulle stå ein framand mann på torget og selge lakris, så ringer det vel ei eller anna bjelle. Då kan vi jo sikre julelakrisen til ein billig penge... :=)

Oslo flommer over av pølser, burgere, pizza og kebab. Skikkeleg sunn mat med andre ord. Ja, det er vel ikkje akkurat så vanskeleg å få fatt i..... Det såg eg sjølv i vinter då eg var der. Det er ikkje akkurat noko nytt fenomen.
Det er slik at ein finn ei sjappe her og der i tillegg til mange buer som står og sel desse variantane av mat.
Difor er det eigentleg litt rart at ikkje mattilsynet er litt meir aktiv. No kan det jo hende at dei er nett det, aktiv, men i og med at det turer og går og at det ikkje blir særleg færre som sel, kan ein i alle høve vere tilbøyeleg til å anta at dei ikkje er aktive nok.

Driv du ei kro, eller noko i den dur, settes det ganske store krav. Krav til benkeplater, krav til reinhald, krav om rett temperatur, krav om korleis maten skal oppbevares osv osv..... I tillegg skal alt dokumenterast. Kvar einaste dag skal det lesast av ein heil del og det skal journalføres.
Eg tvilar på at det er tilfellet om eg er ute på byen i hovudstaden og plutseleg får lyst på ein saftig kebab. ylla
Køen står lang utanfor den lille "vogna" og inni står det ein mann og skjærer kjøtt frå ein "stav" som går rundt og rundt. Klokka har passert midnatt for lenge sidan. (Eg hugser det som om att det var i går...)
Då det blei min tur, prøvde eg å sjå etter ein eventuell fryseboks, korleis benken såg ut m.m. Det var ingenting som tyda på at dette var ei overrein sutsalgsbu. Heller tvert imot. But, but, ...... "Alle" skulle likevel handle der. Dei fleste påverka av prosentar, berre ikkje eg. Å vere påverka i Oslo sine gater ein sein kveld er vel ikkje det eg vil kalle smart. (Med mindre at ein er fleire ilag.)

Eg kan ikkje tenke meg til at alle desse utsalgsbuene tilfredsstillar krava som setttes. Langt ifrå. Nokre av dei gjer det sjølvsagt, men langt ifrå alle.

Fulle folk betyr pengar. Slik er det berre. Fulle folk er sultne. Fulle folk vil ha mat som kan lages kjapt. Ergo poppar det opp ein heil del buer som tilbyr nett det.
Etterspørselen er der ................ Pølser, burger, kebabm pizza........enkel mat. (Pizza er kanskje ikkje det du bestiller når du står der i halvfylla og treng noko å putte i kjeften, men dei andre rettane, heilt klart.

Det er slik mat som fører til fedme også. Tenk berre på kva ei kjede som MacDonald kan tilføre deg som menneske om du spis der mange dagar i uka. Dei fins dei personane også. MacDonald er enkelt og billig.
MEN, hurtigkjedene går over lik, dei serverer mat som inneheld så mykje feitt, sukker og ikkje minst ein stor mengde industriavfall. Mengder som burde gjord både deg og meg litt bekymra. Likevel, eg er ganske sikker på at eg ikkje har kjøpt mitt siste hurtigmatprodukt. Eg kan nesten garantere at det kjem til å skje att. Ikkje i dag, ikkje i morgon eller seinare i uka, men ein eller annan gong. Då med vissheita at eg puttar gift inn i meg sjølv.
Så "smart" er eg....... Så "smart" er nok majoriteten av det norske folk.

I Irland bruker mange mødre å kjøpe ein BigMac og putte den i blenderen. Det er jo klart at dei minste borna også må få.
Ein åtte månadar gamal gut kan ikkje ete burgeren heil og stakkars han som ikkje kan få når dei andre gjer det...... Blender er ein fin ting! Jupp!
Kva gjer ein ikkje for sine eigne? LOL

Er det no eigentleg slik at MacDonald sin mat smaker så godt? Er det ikkje slik at om ein lagar eit fint måltid heime, ja så smaker det mange gonger betre?
Du slepp å henge over grytene, du slepp oppvasken, det er frykteleg lettvint..........men nei, det er ikkje så godt at det gjer noko.

Det er sundag og TIL har gått på eit nytt tap. Eigentleg litt synd for Nord-Noreg. At Glimt rykker opp er ei gladsak, men det hadde vore hakket kulare om begge laga var i same divisjon. Eg er ikkje sikker på om toget har gått eller ikkje. Eg håpar ikkje........

Det er kveld og ein dag som i stor grad har vore prega av inneliv er over. Eg trur klokka var halv seks før eg var på utsida av huset første gongen i dag.
Nei, eg har ikkje sløva. Ikkje det at eg heilt kan kome på at eg har gjort så mykje fornuftig, akkurat, men eg har i alle fall ikkje sløva.
Det skal eg no! :=)  No skal eg berre nyte sofalivet og ikkje gjere ein tøddel. Å lese litt på nettet kan jo vere eit alternativ, men utover det? Nope....... Kanskje sjekke litt julegåvetips (til meg sjølv, sjølvsagt). Det er jo forsåvidt litt skøy.
Jomfru Knutsen føler behovet for litt meir utstyr i kjellaren og akkurat det er jo ganske fornuftig?!
Elles er eg heilt på bærtur når det gjelder å leite. No har eg leita kvar dag i fleire uker etter maracasane mine, men dei er sporlaust borte. Om det seier litt om mine auge, eller om det betyr at det er skrømt i huset......veit ikkje eg.
Eg veit berre at dei må vere ein eller annan stad og eg ser ikkje for meg at det sit eit lite skrømt og ristar nevane sine i rytme berre for å ha det skøy med meg.
I så fall håper eg at skrømtet gjer meg eit lite hint snart, sånn i form av maracaslydar eller liknande. DET ville vore kult!
Nei, det er vel sikkert berre like greit å bestille nye, med mindre det er nokon som føler behovet for å gje meg det i julegåve. Hint, hint.......... (Hahaha..... Litt kult om eg plutseleg får ti sett med maracasar berre av di alle skulle sjå sitt snitt til å vere så smart at dei tar hintet.)

Nei, no er det lesetid for jomfru Knutsen. Ho Lisbeth Salander treng jo litt omsorg ho også. Så difor avsluttar eg berre med at du må ha ein fortreffeleg fin kveld og natta med om nokre timar. Sover du like godt som eg gjorde i natt.......... Søvn er ikkje oppskrytt!
Så medan enkelte måtte jobbe ein ekstra time, kunne eg sove ein ekstra time. Heilt grei fordeling!

Hasta mañana!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar