torsdag 3. oktober 2013

Viss ikkje Jomfru Knutsen får både sprettrumpe, six-pack og det som verre er etter denne dagen, ja då kjem det vel heller aldri til å skje. (Som vi også veit er tilfellet, men det er jo lov til å leve i trua!)
Eg har hengt i alle slags vinklar, brukt kvar einaste muskel i alle kroppsdelar (inkludert dei små grå!) og alt anna som går an å ta i drift i denne kroppen.

Etter ei våkenatt med ein liten kar som hang over bøtta, var det berre å halde både han og seg sjølv heime. Augene stod delvis i kryss då klokka ringte i morges og det var rett og slett vondt å opne augene. Dei hadde jo endeleg fått tid til kvile og så måtte dei tvingast fram att. Ikkje bra..........
Heldigvis kunne eg legge meg litt nedpå att etter å ha fått sagt ifrå om at eg måtte vere heime med den sjuke.

No fins det ikkje noko som er kjedeligare enn å vere heime i slike tilfeller. Som regel sit eg berre rett opp og ned og er god med den sjuke. I dag, derimot, klarte dei små grå å fatte at det faktisk går an å gjere noko fornuftig ut av dagen, til trass for at dei måtte tilbringast innanfor husets fire veggar.
(Vel, er ein sjuk, er det klart ein må ha potetgull og Cola. DET er obligatorisk! Så eg fekk meg litt luft i sånn all hast for å få skaffa det i hus.)
Så..............
Stova har vore overfylt av mykje rart den siste månaden. Ikkje rart, med tanke på at den har vore både stove, kjøkken og alt anna ei stund.
I dag fann eg ut at når eg likevel skulle vere heime, ja då kunne eg vel rydde og vaske og sånn litt andre ting som trengte å gjerast.
Då må eg vel også inkludere kjøkkenbordet som er blytungt og som skulle ned i kjellaren.
Alle som har vore på besøk hos meg veit at det er ei svingtrapp ned til kjellaren. Å bære eit bord (som er i bar-høgde) åleine ned ei slik trapp....... Eg berre seier det. Det er slikt som kalles for "med livet som innsats". Jeeeezes! Bordet veide (veier enno for den saks skuld) nesten meir enn kva eg sjølv gjer.
Eg forbante meg på at eg skulle vere eit hjelpeslaust lite kvinnfolk og beit i meg alt av det som måtte gjere vondt i løpet av den arbeidstida som blei brukt på nett dette.
Eg klarte det!! (Sjølv om eg lir litt for det nett no. Dog ikkje verre enn at eg lever!) :=)

Tida gjekk og eg styra på og styra på. Når Jomfru Knutsen først hiv seg rundt...... Ja, då går det unna!
Klokka blei over tre og nybaka brød var akkurat tatt ut av omnen og middagen straks ferdig.
Stova var blitt ein prinsessehall i forhold til kva ho var då ein viss kar tilta seg på arbeid før sju i morges.
Så stod han plutseleg der i kjøkkenopningen og seier heilt vanleg: "Hei, vaska du?"
Etter ei heil enorm forandring og maaaaaasse arbeid heile dagen, var det alt???? "Hei, vaska du?"

Dæven døtte jomfrua var ikkje nådig!!! Med føter som såvidt bar ho etter dagens innsats, var ikkje den setningen ein suksess å kome med. Så hadde blikk kunna...........Og hadde eg hatt krefter att til å henge han opp på spikeren bak eine biletet i stova, ja då skulle eg jaggu meg ha gjort det!

Akkurat no sit eg berre her og nyt "utsikta". Utsikta over den "nye" stova og nykjøkkenet. Stakkars den stakkaren som tør å legge att eit einaste støvkorn her det nærmaste døgeret.

Reklame! Stor bod/garasje - kun i dag! Joda, begrepet "kun i dag" er relativt. Eg såg denne reklamen i går også.
Tar eg ikkje mykje feil, gjeld vel tilbodet i morgon også  - og då også med teksten "kun i dag".

Japanske monterveps drepte 41 mennesker i Kina. Oh, my God! Veps er altså ikkje noko digg!
Dessutan er det snakk om at 2675 stykk er skada etter eit monsterangrip.

Eg har akkurat sett bilete av nokre av vepsestikka og i same slengen tar eg meg ein liten pasue for å snakke litt med han der oppe. (Eg skulle berre seie klart ifrå om at han må la dei der monstervepsane halde seg der dei er og i alle fall langt unna meg. Ellers blir det baluba!)

Vi snakkar juli. Vi snakkar denne sommaren. Veps som er opp til 4,5 cm lang. (Oi, det er lange veps!)
Ei kvinne ligg på sjukehus enno og er blitt sydd heile 200 gonger etter å ha blitt angripen av desse ekle udyra. DET er creepy!

No har styresmaktene der nede satt av heile 6,8 millionar for å ta knekken på i alle fall delar av bestanden. 6,8 millionar berre for å få kontroll på veps. Det er litt av deit beløp, men det seier også litt om kor alvorleg det faktisk er.
Ikkje så greit om alle kinesarane ikkje skal tore å vise seg utandørs før i desember.

Siv kan ikke garantere Krekar-utsendelse. Nei, er det då nokon som nokon gong har trudd det? Kanskje dei har trudd at ho kan gjere som ho vil og berre lage sine eigne reglar........
Det er jo ikkje akkurat slik at den regjeringa som no har vore nokre år har hatt noko særleg stort ønske om å ha han buande her til lands.
Dei har sine årsaker til at han at han ikkje har blitt sendt ut av landet, akkurat som Siv no vil få dei same årsakene i sitt fang.

Nordmenn med datoskrekk kaster 300 000 tonn med brukbar mat. I året! Ja, og eg er ein av dei! Eg spis stort sett ikkje maten dersom eg veit at den er gått ut på dato. Slik er det berre.
Det betyr sånn sett ikkje nødvendigvis at eg kastar så mykje mat som er gått ut på dato.
Viss ein er flink å finne varer på butiken som har høveleg god datop, er sjansen større for at den ikkje rekk å gå ut på dato før den er hamna i ein eller annan mage.

Skal ein tru Dagbladet sine nettsider, kan enkelte spare rundt rekna 10 000 kroner på eit år om dei kastar mindre mat.
10 000 kr er jo litt pengar. Det er mykje fint å få for det beløpet.

Eg trur kanskje at mi haldning til "utgått på dato" kjem av at eg som 9-10-åring skulle steike meg egg og lenge før egget traff panna, oppdaga eg at heile innhaldet var svart.
Eg reagerte momentant og egget hamna i vasken før eg fekk sukka. Gud betre meg for ein stank det blei!
Eg åt ikkje egg det neste året! Knapt nok andre rettar som inneheldt egg heller. Eg fekk rett og slett avsmak på det. Mildt sagt!

Den dag i dag er eg "opp og ned" når det kjem til egg. Det er liksom anten eller. Ja, eg har lyst på egg, eller nei, det byr meg rett og slett imot. (Egg er godt, det er ikkje det....)
Så det er nok den opplevinga som har sørga for at eg er veldig var på kva tid varer går ut på dato.

Nei, sjølv om det er eit frydefullt syn å sjå rundt seg i kveld, er det nok tid for å slukke lysa og lukke augene og satse på at denne natta blir fyllt med berre svevn. At minstemann er ferdig med sitt og at morgondagen forløper som normalt.
Så ha ei god natt og gløym for all del ikkje å rose kjerringa om ho har stått på heile fagen, for ellers kan det vere du angrar etterpå. Hahahahahaha.............

Sov godt!!
Hasta mañana!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar