lørdag 26. oktober 2013

Det er laurdag og eg er nett komen heim frå ein fin fotballdag på Oppeid. To sigrar, ein uavgjort og eitt tap. Det får ein tru er greit nok. Borna er i alle fall nøgd og det er det viktigaste.
Her i huset er det ein som er lykkeleg over at at vi rakk den ferga vi kom med, for då får han med seg "Skal vi danse" (veldig viktig). Det vil jo vere trasig å gå glipp av eit musikkprogram, ifølge han.
Jaja.... Ein kan vel ikkje klage på at han er glad i musikk.
Det er berre faren som ikkje blir så "happy" når han sit seg ned for å øve på piano akkurat når han har tenkt å ta seg ein blund.

I natt stiller vi klokka. Eg har ikkje høyrt ei einaste sjel nemne noko om at det er på tide å stille klokka denne helga. Tar eg ikkje mykje feil, er det nok fleire enn meg det gjeld. Heldigvis er det attende i tid vi skal. Så då får vi ein time meir på oss i morgon til å føle oss kvil. :=)

No er det mange som irriterer seg over denne ordninga som forstyrrer biorytmen. Folk veit ikkje kva dei skal gjere med den ekstra timen når dei vaknar.
Oi, for eit luksusproblem..... Irritere seg over at dei har ein ekstra time. Borte er tankane som ofte seier at døgeret skulle ha hatt ein ekstra time. (Noko mange seier ganske ofte....)
At folk forsover seg første dagen på våren når timen skrus fram att....... Tja, då er vel risikoen stor for at dei forsover seg til sydenturen dei skal ha som tilfedigvis har eit fly som startar i seks-tida på morgonen.
Med andre er det eigentleg ikkje store problemet. Då er det heller det at folk ikkje bryr seg hardt nok med å kome tidsnok på arbeid den dagen.... Dei er liksom ikkje like redd for å kome for seint til arbeid som dei er for å miste flyet. Flyturen kostar trass alt eindel...... Så då er det vel berre å innføre at ein taper mykje pengar på å forsove seg nett den dagen, så er det problemet løyst.

No trur du vel at eg syns det er kult at vi stiller klokka......men det gjer eg ikkje. Eg veit ikkje eingong om eg er tilhengar eller ikkje. Med andre ord er det ikkje noko eg har brukt tid og energi på å danne meg ei meining om. Kanskje eg burde det? Då må eg jo starte no!

Eg prøver hardt, men det er visst ikkje særleg interessant. Eg kjenner ikkje nokon stad at det irriterer meg, men eg kjenner heller ikkje den store gleda.
Eg trur eg konkluderer med at eg gjer blaffen. I alle fall er eg ikkje anna enn nøgd med at eg kan ligge litt lenger i morgn (med godt samvit), men ut over det.........så bryr eg meg sikkert ikkje.
Hadde det ikkje vore for at eg las det i avisa på nettet no nettopp, hadde eg vel latt dagen i morgon forløpe som vanleg og så ville eg vel ha fanga det opp i løpet av dagen......forhåpentlegvis.

Når det gjeld å forstyrre biorytmen vår, trur eg vi klarar å forstyrre den både titt og ofte på eigenhand.

Farrah (22) skjelt ut for å ha vokset bryna på sovende datter (4). Sukk....Kva er eigentleg vitsen? Ein fire-åring...... Det er så mykje fokus på at ein til eikvar tid kal sjå så digg ut. Fire år er heftig tidleg.

Det var i eitt eller anna program det kom på bana....... Eg skal ikkje gå like langt som tilhøyraren som ropte at Farrah er gal i hovudet. Det er kanskje å ta litt hardt i, men eg er einig at det ikkje er heilt normalt.
Det er sjølvsagt heilt legalt å gjere det, men likevel........

Jeg sverger på at hodet mitt kommer til å eksplodere. Ein tilskodar er tydlegvis sint og tar han "heilt ut". Akkurat såååå mykje energi har ikkje eg tenkt å bruke på Farrah.
Ho har sikkert gjort noko ho er overbevist om sjølv er bra, men det betyr ikkje at vi andre treng å meine det same.
Eg vil tru at dei fleste syns det er å gå vel langt, men vi treng i utgongspunktet ikkje ha noko som helst meining om det. Det angår jo ikkje oss.
Det er likevel vanskeleg å la vere å tenke sitt.

Uansett kva forhold vi vaksne har til mote, skjønnheit, osv osv........syns eg vi kan halde borna utanfor det heile. Dei kjem tidsnok til det stadiet der dei må ta stilling til eigne meininger i forhold til temaet.

Hvorfor bytter så mange Facebook-bilde til en sjiraff? Hahahaha...... Dagbladet har fanga det opp! Det betyr at det er mange som har gått i fella! Thihihihi........
Eg svarte på gåta, men vurderte å la vere.
Dp eg svarte, tenkte eg at eg absolutt ikkje hr lyst å ha ein sjiraff i profilen min i fleire dagar. Likevel, konkurranseinstinktet mitt gjer at eg ikkje klarar å la vere. Så eg svarte........ Heldigvis korrekt! Lykke!

Så ser eg at fleire og fleire sjiraffar dukkar opp på skjermen. Det er maaaaaange som går i fella.
Eg veit nøyaktig kva dei har svart. Eg var på tur til å svare det same sjølv, men tenkte at sidan svaret var så logisk, måtte det vere eit anna svar. Eg har ingen sjiraff på profilen, så det betyr at eg hadde rett svar.

Først trudde eg bror min hadde svart feil. Lykke for ei stakket lita stund. Når det gjeld søsken, er det om å gjere det betre enn den andre. Denne gongen blei det uavgjort, men lykken var der......sjølv om det berre var for ei kort stund.

Dette gjør nordmenn lykkelige. Naturen, operaen, restauranter, utestader, barer og butikker. Museum!
Eg må seie at eg blei litt overraska over "svaret". Eg såg for meg ei heilt anna liste enn dette. Utan tvil.

Naturen....... Joda, det er lett å sjå for seg at mange er glad i naturen og kan finne lykken i det. Men resten?!
Ikkje det at det er noko galt med dei andre momenta, men lykke? Ikkje eit einaste ord om samliv, økonomi, seksualitet, venner, sosiale hobbyar utover det å drikke seg full eller spise ein betre middag.

Det er mange som likar å gå på museum. Det må det jo vere........ Likevel, det er ikkje ofte du høyrer om dei om ein samanliknar med andre interesser. Difor er det litt "rart" at det er klassifisert som ein av nordmenns lykkepunkt.
Jaja, så feil kan ein ta.

Viss eg skulle ha bytta ut museum med noko anna, må det bli å utøve musikk i lag med gode vener. Heller det hundre gonger enn å dra på eit museum.
Så heiter det vel så fint.....alt til si tid. :=)

Nei, no er det tid for å fjonge seg litt. Det er laurdagskveld og eg skal til ei venninne og feire at Eli Hagen er 66 år! Hahahahahahahaaaa.......... Jaja, det var jo neste sant. Eg skal til ei venninne og Eli har jo geburstdag. Så då...... :=)

Ha ein fjong laurdagskveld!
Hasta mañana!

IWALY!!! < 3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar