tirsdag 1. oktober 2013

Dagens beste er definitivt joggeturen eg hadde i kveld. Eg hadde vore på arbeid sidan i morges, berre med eit urpitelite avbrekk midt på dagen. Då eg kom heim, kjente eg at eg trengte å løpe "av meg" litt. Det er tungt med så lange dagar og då er det deileg med ein joggetur, sjølv om den i kveld ikkje var så himla lang at det gjorde noko.

Så var det kluet med dette (som gjer det til dagens beste). Slutten av joggeturen gjorde at eg fekk ein super opptur. Eg kom jogande langs vegen og då eg kom til ungdomsklubben, var det ein god del ungdom i gata utanfor der.
Dei såg jo sjølvsagt at eg kom imot dei og fleire av dei "hang seg på". Dei jogga i lag med meg nedover bakken og eg passa sjølvsagt på å seie at no måtte dei berre vise at dei kunne klare å halde følge med meg. (Det er jo klart at det blir flaut for dei om dei ikkje klarar å halde ut lenger enn læraren.)

Eg sørga for å halde tempoet oppe og då dei skjønna at eg ikkje kom til å løpe ned mot der eg bur, men vidare rett fram, mista dei litt av den positive psyken. Til slutt var det berre ein einaste ein som holdt ut......... ei stakket lita stund. Han måtte gje opp han også!! Så jomfru Knutsen fortsatte berre med eit smil om munnen og tenkte "Yes, det der skal dei få slengt i seg i morgon den dag!"

Kjepphøge var dei. "Små" blei dei! Denne knetta blei rimeleg nøgdmed at dei ikkje klarte å halde følgje.

Derfor nektet Venstre å skrive under abortavtale. No er det vel ingen som ikkje er klar over at det er Høgre og Frp som skal danne regjering saman. Det blei for vanskeleg å samle fire parti, men dei har klart å få til ei form for samarbeid til trass for at ikkje alle fire partia får plass i regjeringa.

Partia har blitt einige i fleire saker, men det er ei sak som Venstre nekta å skrive under på. Nemleg abortsaka........
Etterkvart som eg las artikkelen som omhandlar dette temaet, kjenner eg at eg blir litt lettare provosert.
Det handlar om kven ein skal ta hensyn til dersom ei kvinne blir gravid og ikkje ønsker å bære fram bornet. Legen eller kvinna.............?

Det er slik at dei skal ta mest hensyn til legen som blir oppsøkt. Ikkje den gravide kvinna. Heilt sjukt, spør du meg.
Har legen ei overbevisning om at abort er noko som er galt, kan han nekte å henvise kvinna vidare.
Då tenker eg ikkje på at legen meiner at årsaka til abort ikkje er særleg god, men rett og slett på det at legen er imot abort.
Viss legen har dårleg samvit overfor ufødte born, er det hansrett å nekte å henvise den gravide vidare.
Dette gjeld då sjølvsagt i same slengen assistert befruktning og foreskriving av p-piller som kan ha ein aborterande effekt.

Når det ikkje er kvinna som er den "svake part" her, er det noko som skurrar for meg.
Det er lovbestemt at kvinna skal ha rett til abort dersom ho ønsker det. Difor er det teit at det er legen som skal tas hensyn til.
Dersom ein lege ikkje evnar å gjere det han er satt til pga samvit, ja då burde han vel ikkje vere lege!

No er det ikkje slik at eg her og no utleverer kva eg meiner om abort eller ikkje. Det er ikkje det som er det vesentlege.
Det vesentlege er at kvinna har ein lovfesta rett. Kvinna er den personen som har hamna i ein situajon som ho kanskje ikkje taklar eller har lyst til. Så kan vi meine kva vi vil.......for det er ikkje kva vi andre meiner som skal vere det avgjerande.
Det er ikkje vi som skal sitte der oppe på den høge hesten og vere dommarar overfor desse kvinnene det gjeld.

Viss vi er imot abort, er det vårt ansvar å sørge for at vi ikkje hamnar i slike situasjonar. Likevel, vi kan ikkje forvente at alle skal ha same overbevisning i alle tema.
Abort er eit vanskeleg tema,på mange område. Menneska kjem nok aldri til å bli heilt samde på det området.
Vi må lære å respektere enkeltmennesket. Det gjeld legar også. Personlege overbevisningar kan ikkje legge hinder for andre.
Dessutan er det fastlegane det er snakk om. Legar som ikkje utfører handlinga sjølv. Det er snakk om å henvise pasientane vidare. At dei nektar å henvise dei........

Kvifor i alle dagar skal ein lege kunne nekte å skrive ut prevensjon? Skal legens meining om det bety noko, medan den som ønsker det si meining ikkje er like mykje verdt?
Kven er vi eigentleg som kan bestemme kva som er rett og galt i ei slik problemstilling?

Nei, eg kan ikkje dømme andre ut ifrå om dei tar abort eller ikkje. Eg kan meine at det er galt (dersom eg gjer det), men det er forskjell på å meine noko og det å kunne sitte der og bestemme over det.

Regning: 4,94 mill. Betalingsfrist: 21 dager. Statens innskrevingssentral er ikkje nådig når dei skal ha inn pengar. Det er jo snakk om eit ganske så heftig beløp.
Jaja...... Eg har ikkje så altfor store planar om å hamne i eit slikt økonomisk uføre.......

Jomfru Knutsen skal ta kveld. Klokka er såvidt passert elleve og det kan vere godt å kome seg tidleg i seng. Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem!

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar