torsdag 28. mars 2013

Tankar, ord og gjerningar! Joda, ord som står godt til denne høgtida. Ikkje noko å nekte for det. Det er vel kanskje det påska dreiar seg om?!
No er det eingong slik at det er alt anna enn påskebodskapen eg tenker på. Det er meir min eigen senilitet eller eit anna betre og brukbart ord. Du vel sjølv eit meir passande ord. 

Problemet er ikkje stort nok til at det blir krig i verda, men nok stort til at det skaper frustrasjon i mitt lille hovud. 
Når det ikkje er heilt på stasjon, er det fleire ting som går galt. Blant anna i dag...... 
Sånne ting som angår den koselege delen av påska. Slik som maling av egg. 
Maling av egg som treng at det fins egg å male på. Maling av egg som gjer at ein syns det kan vere smart å lage eggerøre til frukost. Kjempesmart. Dersom der er egg å male etter at røra er laga. 

"Unga.....Eg kjem te å lage eggerøre no sånna t dåke kan male egg etterpå vi har spist". "Å jaaaa! Det vil vi!!"
Lykkelege born, nøgde vaksne!! Fram til tabben blei oppdaga.
"Tante, kor e egga vi sku få mal?" What?? Shit.....Dei låg knust i søpla! Dei blei aldri blåst......... Så tankane var der. Orda var der. Berre så synd at gjerningane ikkje stemte overeins med desse tankane og orda! 
Det løyste seg heldigvis. Vi ordna det så dei fekk male egg og dei er komen opp på "veggen". 

I morgon tar det av her i vika. Då skal dei eldste ut i ake-ilden. Då nyttar det ikkje om ein er bekka 70 år eller ikkje. Alder er inga påskudd for å slippe. Då er det blodig alvor. Måtte den beste vinne!! Rattkjelke er tingen. .....
Dei yngste skal gå skirenn. 2-åring mot 11-åring. Ingen urettferdigheit bak det. Tap og vinn med same sinn! (Spørs om det gjeld framleis om 2-åringen slår 11-åringen......Då trur eg det er lov til å bli skuffa!!)
Då er det om at tanta har gjerningane med i gjennomføringa. At ikkje ora og tankane styrer seg sjølv og så tar ho skia på den lille att fram. 
Det skal ikkje gå an, men er likevel mogleg. (I ei verd der det meste kan gå an). 

Det er om å få i ungane så mykje energi som mogleg slik at dei presterer godt i morgon. Difor var det nødvendig å få påskeharen på besøk no i kveld. Så er det berre å håpe at dei sluker alt før dei sluknar............. Då kan det hende det blir liv og røre i morgon. Det skal i alle fall ikkje stå på oss. 

Det kan hende at det hadde vore enklare om ein heller tok seg tida til tankar, ord og gjerningar i forhold til det påska handlar om. Då hadde ein vel klart å få samla alle tre elementa. 
Det passar seg vel ikkje så bra å stå der og seie ut fadervår og samtidig tenke på George Clooney (for å ta eit døme.....). Kva er vel fadervår utan tankane? Hahahaha........... 

Ha ein fantastisk fin fortsettelse på kvelden og sov godt til natta! Nyt dagen i morgon. Hiv dåke med på det sm er å hive seg med på. Om det er skileik med oss eller ein lang og herleg tur innover fjellet. 
Kan sjølvsagt ikkje samanliknast, men er digg begge deler. 
Er véret bra nok, kan det jo forsåvidt bli tid til begge deler!! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!!

onsdag 27. mars 2013

Dagens "høydare" må berre nøydd til å vere bleieskift! Utan tvil......
Eg stod der og skulle vaske skitræva og medan eg så gjorde, byrja gutungen med å synge om julenissen. Julenissen!! Som om det var nissen som var komen med bæsjen og at det var gåva hans til meg! Hahahahaha.......... Eg trudde eg skulle krepere.
Eg lo godt og lite skjønna vel gutungen om kvifor eg plutseleg flirte sånn. Han trudde vel mest berre at han var kul og fortsatte med å synge........om nissen!!

Det blei med den eine skitræva. No er bleiene lagt på hylla og eg har akkurat hatt meg ei lita stund på sofaen og bladd gjennom nyaste KK som låg i postkassa i dag.
Det blei mildt sagt ei hurtig lesetid. Kanskje meir riktig å seie minimal.......... Eg gjer meg over. Det er ikkje meir enn eit par dagar sidan eg skreiv her inne at det var så mykje om slanking og slikt i bladet. At fokuset er mykje på det (og strikking!) og at det då blir bortkasta for meg å lese det.
Sjekk dette!!
No skal eg ramse opp eindel overskrifter frå bladet eg fekk i dag og så kan du telle kor mange overskrifter det er snakk om og sjå om du skjønner teikninga mi. Here it comes.......
Start nå - hvis du vil bli kvitt smilehullene på lårene til sommersesongen. 
Tunge løft gjør deg smalere.
Blir du ikke kvitt de siste kiloene rundt midjen? Her er planen for deg.
Slik når du vektmålet ditt.
Typiske slanketabber.
Tren opp hvileforbrenningen din.
10 grep for en enklere hverdag.
Vi klarte det! Marianne ville bli slankere. (Problem løst).
I form til sommeren.
5 kilo lettere til sommeren.
Gi slankekuren n kick start.

Puh........Kom du som eg til talet elleve?
Det er altså snakk om EI utgåve av KK. I eittt og sam blad stod alle desse overskriftene og så kan du tenke deg kor motiverande det er å lese det med tanke på at det står litt om same temaet i stort sett alle blada.
Det er sikkert fleire som er superglad for alle tipsa, råda eller whatever kva du kallar det. Råd dei tar med seg på vegem.
Likevel, landet er fyllt opp med folk som har rimeleg vidt spenn i interessene sine.
KK har jo vore kjent for å vere eit blad med litt meir spennvidde enn berre slanking. Det tar jo heilt av.

KK - Kvinner og klær. Namnet forklarer jo eigentleg alle motesidene, så det skal ein vel ikkje ta dei på. Det er sider ein burde forvente å få med på kjøpet. (Sjølv om denne jomfrua ikkje stirrar nett dei sidene ned i senk).
Kvinner?? Hmmm..... Er vi så trangsynte at vi treng å proppast med dette temaet kvar uke? Er det nett det som er forbunden med å vere kvinne?  KK - Kvinner og klær. KK - Slanking og mote.
Bladet for deg som trenger eit ekstra puff i kvardagen. Bladet for deg som treng litt betre sjølvtillit. Her får du gode råd!

Det beste er at etter å ha slengt ut alt dette skvipet om KK, så kan kven som helst slenge etter meg at det berre er å la vere å kjøpe bladet. At viss det er så ille, så bruk pengane på noko anna.
Ja, dei har heilt rett i så fall!

Eg abonnerer på bladet! Det betyr at det dukkar opp i postkassa mi kvar einaste uke (om det no klarer å vere i rute........men det får posten ta skulda for).
Etter eit visst antal månadar dukkar det opp eit blad der det følger med ein giro.
Skal ein fortsette å abonnere på bladet, ja då betaler ein giroen som følger med.
Kva gjer så jomfru Knutsen?? Joda........Ho betaler!!
Så der!!! Kun seg sjølv å takke. Neste uke er det nytt blad og ny irritasjon og slik kjem det vel til å vere i år etter år framover.

Kanskje det er kryssordsida som held det heile i gong? Kryssord er jo "gøy". Eit himla dyrt kryssord med andre ord!

Det er onsdag og det er kveld. Kanskje snart på tide å finne Ole Lukkøye og håpehan har plenty med sovestøv til alle oss som treng det.
I morgon er det ein ny dag.............
Ha ein fortsatt fin kveld og ei god natt! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!

tirsdag 26. mars 2013

Det er no eg skulle skrive at eg sit her med eit deileg glas raudvin, litt snacks på sida og herleg musikk ut av høgtalarane.
Berre så synd at det ikkje er tilfelle! Eg sit her, det stemmer.......men utan noko glas av noko slag, snacksen ligg godt bortgøymt i skapet (noko som betyr at eg faktisk må lette på meg om det skal bli noko av) og det som er nærast den herlege musikken, er litt snorking i bakgrunnen (og det er definitivt ikkje herleg å høyre på!!) Så då høver det seg ikkje å seie skål!

Dette tullet satte meg på ein fin tanke, nemleg å sette på radioen.
Viss snorkinga ikkje er så behageleg, er det jo berre å ta saka i eigne hender. (Det betyr ikkje å snu på ein viss kropp, men få fram andre lydar også - gjerne i form av lovesongs!)
Kanskje ef seriøst burde vurdere snacksen også då? (Eg står over - viser styrke!!)

Tysdagen står for hell. Det var nett måndag, så det er litt problematisk å sjå at det er onsdag i morgon. (Men det er det......)
Vèret har vore sånn "nesten på mi side", men det er enno litt å gå på for han der oppe.
Når eg ser at det er sol og blå himmel lenger sør, ja då kan eg ikkje for at eg kjenner misunninga tar litt overtaket på meg. Ikkje så lett å overstyre den med kvart. Sånn er det berre.
Er det noko bra andre har, ja då vil vel eg også ha det!!! Hahaha......

Vi har ikkje lidd noko naud (for å seie det slik). Langt ifrå. Vi har sett havet (ikkje dårleg berre det), vi har snust inn god naturduft, leita etter dyrespor, sett etter ekorn, måka snø og berre somla bortetter vegen. Det med somlinga er obligatorisk for å få inn den rette påskestemninga!
Likevel, det koselegaste må no vere å male påskeegg!! Fine fargar som skal henges opp i påska.
Kvalitetstid mellom mor og son kalles det.

Det beste med heile dagen er kortspel-rundane!! (No håper eg verkeleg at han som ligg og snorkar på sofaen i dette sekund ikkje får med seg det som kjem her no! At han ikkje gidd å lese seg attende alle dagane i påska når han kjem heim........) Hahahaha......
Viss du lurar på kvifor eg seier det, så skal du få svaret her og no.
Vi har spelt eindel kort og det seier seg sjølv at viss to av tre rottar seg i hop mot den tredje, så har tredjeparten null sjanse. Noko som er rimeleg enkelt å fortså. Dersom ein faktisk får med seg at det er ein "rott deg i hop"-ting på gong. OG det var det sjølvsagt til den store gullmedaljen i dag!
Aldri før har han vel tapt så det suser som i dag. Og så ler vi to andre. :=)

Gris!! Det var det vi spelte...... Eine med foten sin oppå den andres. Eit lite dult med foten og ein er førebudd på å ta fingeren kjapt ned på bordkanten.
Kjiiiipt.
G  R  I   S   prikk     prikk   "Nei, nu gidd æ ikkje spæll meir! Æ e sekker på at det e nåkka muffins på gång. Ellers så e det at æ har mesta reaksjonsevna nu når æ har vor sjuk". Hahahahaha......... Livet er hardt!!!

I går, på ferga, funderte eg på noko. Det skjer det også! :=)
Minstemann har alltid vore glad i "mammakos" og det er godt å ligge med hovudet i fanget og bli puska på.
Eg skjønner han kjempegodt, for det er nok meg han har det etter. Det var (er) det beste eg også visste. Kunne sikkert ligge i timesvis om eg fekk lov.
Så var det funderinga mi då.....
I går så spurte eg han om han ville ligge i fanget mitt og då fekk eg eit svar eg var alt anna enn førebudd på. Han såg seg først rundt og så svarte han "Mamma, då....De ainner kan jo sjå det!"
What??? Og kva tid skjedde dette liksom? Sånn over natta?
Eg måtte jo sjølvsagt kommentere det og spørre kva i all verda gjer no vel det?
Nei, han skulle sitte i eiga sete og han skulle absolutt ikkje ha kos. (Til tross for at det vistes tydeleg på augene hans at han ville).

Eg veit ikkje heilt om eg syns det er så kult at dei veks til. Det treng no i alle fall ikkje gå så fort?!
Eg fekk kos.......mammakos, men det var jo etter at vi kom for oss sjølv. Den vil sikkert vare enno nokre år, men likevel.
Kule gutter, liksom?!
Jaja, berre han ikkje kjem heim og ber om barberhøvel snart.

Det er deileg å ikkje ha tilgong til tv. Stort sett ikkje omverda heller. Berre litt.
Korleis forklarer eg då dataen og bloggen på ein slik kveld?
Joda, ikkje verre enn at den ikkje er på i løpet av dagen. Dataen brukes kun til dette formålet.
Om ein løyser kryssord, les ei god bok eller skriv, kan vel stort sett klassifiseres som det same.
Så lenge det ikkje går ut over kvalitetstid med minstemann, så er det vel greit. :=)

No er de snart lalletid for denne knetta. Først er det om å få liv i ein skrott der borti andre enden, men det fins enkelte metodar som funker dersom det ikkje er nok å seie "vakn opp".
Akkurat det er det berre å spørre ein tidlegare elev om. Han veit alt om nett det å vakne til ei som likar å vere "bitch" på feile tidspunkt!!

Ha ei god natt!
Hasta mañana :=)

Ut frå radioen no strømmer denne setningen: Let me stay in your arms forever.............

mandag 25. mars 2013

Der er måndag og sjølve påskeuka er starta. Så spørs det om vi er heldige og får eit flott vèr vi kan boltre oss i. (Vi veit vel allereie svaret på det!)
Skia er lett tilgjengelege i håp om at dei skal brukast flittig. Berre det at då må det nok kome litt meir snø for at det skal bli ei god oppleving. Ikkje særleg gøy å stå på ski om det ikkje er nok av den.
Erfaringa til fleire av dei som gjekk "Grytarennet" i helga, var at enkelte stader var det så lite snø at løypa måtte gå litt utanfor det normale.
Ergo meiner dei også at den var litt lenger.
Anten så er det siste tilfelle, eller så er det ei ønsketenkning ut ifrå kor slitne dei følte seg då dei kom seg i mål. Hahahahaha.............

Sjølv hadde eg lyst til å gå, men hadde nok andre planar for helga. Planar som ikkje lar seg gjennomføre om ikkje alle held seg frisk.
Foreldrerolla måtte nok gå foran "kos og hygge"-rollen når ein liten gut ikkje hadde det bra.
Heldigvis er formen stigande og snart er det vel på tide at han får påskeformen opp og går så mora får han med på ski!

Påsketrafikken går som normalt. Som vanleg er det ein eller annan "tulling" som er ute og køyrer og som vanleg skjer det nesten ei ulykke. Som sagt......heilt normalt!
Og så blei det jo heller inga ulykke og dåkan ein vel ikkje klage???
Spesielt ikkje når det er ein familiefar som vel å utsetje familien sin for fare midt i ein lang og uoversiktleg sving!
Det er ikkje særleg kult å sitte bak rattet når ein hamnar rett bak slike folk. Ikkje når det berre er såvidt at han ikkje dreg oss med seg i det heile. For det er ikkje berre, berre å bremse opp i tide når det smell rett foran deg.
Helsigvis var det oppmerksam bil som kom i mot midt i svingen og han klarte å svinge seg langt nok ut til å hindre galskapen.
Eg håper verkeleg denne mannen har eit "troill" til kjerring!! For då trur eg at han fekk så øyrene flagra! Det kan i og for seg vere ille nok, det! (Troill-kjerringer gjer seg ikkje med det første........)

Det stor KK-bladet......... Joda, stort og stort! Slank deg ved å se deg sjølv i speilet (tenk deg tynn). Trim deg tynn. Spis deg tynn. Tynn, slank.....whatever. Det er sikkert enno fleire metodar for å få idealfiguren om ein berre ser nøye etter.
Så står det om overvekt.
Så kjem motesider............... Oppskriftsider med sunne og gode oppskrifter (med rettar eg aldri kjem til å spise ) og sist men ikkje minst strikkesidene!! Strikk denne kåpa! Jaaaaaaa............

Ikkje skal eg bli tynnare, eg et den maten eg vil, motesidene har eg aldri ofra eit blikk (trur eg) og då står eg att med strikkesidene. Jippi, seier eg då!!
Eg skal bruke påska til å strikke meg kåpe......
Eg kjem faktisk på noko eg heller strikkar då, men det skal eg ikkje nemne her.
Berre så synd at alt garnet blei "attgløymt" heime. (Hahahaha ALT garnet, som om det er ein heil haug).
Vel, det er ikkje så altfor lenge sidan eg hadde eit lite strikkeprosjekt på gong, men eg må ærleg innrømme at dei andre hobbyane mine føles 40 gonger viktigare enn det.
Rett og vrang meg her og der. Det er jo påske!! Kryssord og krim!! Quiz!!

Det er faktisk ei quizside i KK denne gongen, så pluss for det! Spørsmål om kultur og litteratur. Skikkeleg dekkande tema. Det er nesten som om at dei går litt inn i kvarandre.
Hvem har komponert musikalen "Les Misèrables?" Hmm......Den var vanskeleg!! Hahahah........Neppe!
Om eg ikkje hugsar heilt feil, så var eg ein del av den musikalen for kanskje 14 år sidan (eller noko i den dur). Men kva veit vel eg? Eg er vel ikkje nok på stasjon til å vite om eg var der eller ikkje!! :=)
Joda...... Gode minner frå den tida. Laaaaaange dagar med musikk! Herleg!!!

Så med tanke på at KK er det einaste magasinet eg har drassa med meg, er det vel ikkje så store forhåpningar om at det blir velbrukt i påska. Fire krimromanar ligg og ventar i sekken. Tre norske og ei engelsk. Så får vi sjå kor langt eg kjem.

Disneymonopol! Det er tingen det! Der kan ein fort bli rikare enn kva sundt er! Ikkje ofte at ein får sååååå rimelege hus, så då kjøper vi som galningar. Skulle tru vi ikkje skjønnar betre. (Vi gjer vel ikkje det). Og så Tingeling då........ Den flotte skapningen som blir flytta etterkvart som vi gjer noko bra.
Eg brukar å vere ein av dvergane til snøkvit! (Det er snøkvit som har dvergar??)
Nei, no har verkeleg hjernen tatt kveld! Tenk å måtte tenke over det...... Som om det var Tornerose, liksom?!
Det er vel eit tydeleg teikn på at det er kveld og at unge jomfruer må sove for å henge med på alt som skjer. Så då er det berre å seie god natt! :=)
Sov godt!
Hasta mañana!

IWALY!

søndag 24. mars 2013

Palmesundag......... Kva i livet mitt er det som vitnar om at det er palmesundag? Tja, sei det.
Hadde eg vore på hytta, kunne eg skjult meg bak ordet "tradisjon". Palmesundag på hytta er "tradisjon". Det vil seie......anten i fjorden eller lenger ut i fjorden.
Så ergo er denne forma for tradisjon broten ved at eg sit her heime ved spidebordet og skriv.

Palmesundag då eg var yngre?
Tja, med tanke på at ein er vaksen opp på ein stad som har nær tilknytning til det indremisjonistiske, så er vel sjansen hakket større at det hadde meir med palmesundag å gjere enn dagen i dag (eller dei siste palmesundagane for den del).

Eg skal ærleg innrømme at eg ikkje er sikker på om eg har fortalt sonen min om kva denne dagen "betyr".
Eg trur nok han veit det til ein viss grad. Eg vil tru dei har hatt litt om påska også i løpet av snart tre år, men det er kanskje mitt ansvar å følge det opp.
Er det ikkje difor vi bærer dei til dåpen? Foreldre, fadrar osv........Spesielt den heldige gudmora eller gudfaren bornet har, alt etter kven det er som bærer bornet.
Ein lover å følge det opp............

Ergo så burde eg vel ta samtalen. Uavhengig av kva eg sjølv meiner om ting og tang. Frå ei heilt nøytralt "side".......
For ellers så tar eg jo på ein måte frå bornet mitt retten til å velge sjølv?! Om eg ignorerer det heile..... Korleis skal han kunne ta standpunkt til noko om han ikkje "lærer" om det?
Om eg ignorerer det av di mitt standpunkt er negativt til temaet, har eg samtidig valgt for han også. Då har eg bestemt om han skal tru eller ikkje! Er det ok?
Eigentleg ikkje.............
Då skulle eg heller ikkje ha fått han døpt.

Palmesundag..... Eg trur jaggu meg eg skal sette meg ned og snakke med han om det. Om han spør kva eg meiner, skal eg svare så ærleg som eg kan, men likevel påpeike for han at det er han sjølv som må kjenne etter om han trur på det.
Palmesundag.........Dagen då Jesus, i følge kristendommen, rei inn i Jerusalem.
Namnet palmesundag av di folk la palmer foran han der han kom ridande.
Palmesundag, berre dagar før det skjedde det som i dag er skuld i at vi i det heile tatt kan feire påske og nyte påskesola på høgfjellet eller på ei hytte i skogen. You name it.....
Hadde ikkje det som skal ha skjedd i påska skjedd, hadde det heller ikkje vore noko å feire.
Då hadde vi vel ikkje feira jul heller.

Vi kan meine kva vi vil om religion, men eg er rimeleg sikker på at eit stort fleirtal av folket gler seg til påskefri. Sjølv om ein er alt anna enn kristen, får ein likevel nyte godt av at det fins nokon som er det.

Eg trur at enkelte ikkje heilt veit kva det har å seie for oss at stat og kyrkje har skilt lag...... Kanskje burde det vere slik at kun dei som står i statskyrkja burde vere dei som kan ta julefri og påskefri? I og med at det er ei kyrkjeleg høgtid begge to.
Berre så det er sagt...... Eg meiner ikkje at det skal bli slik. Eg berre set det litt på spissen.
Vent eit par år, kanskje litt meir, så er ikkje kristihimmelfartsdag raud lenger. Då kan ein ikkje lenger ta seg ei langhelg på hytta eller reise bort på romantisk weekend. Den eine dagen du har oppspart må plutseleg bli til to. Og då kan ein jo likesågodt ta dei kva tid som helst.
Då kan ein ikkje reise utan at borna må søkast fri frå skulen (som mange gjer likevel).

Tar eg ikkje heilt feil, er det sikkert ikkje mange åra att til skjærtorsdagen er borte som raud-dag også.
Det blir ein kort påskeferie............

Vel, eg byrja vel eigentleg med kva palmesundag er for meg.
Det skal eg faktisk ikkje utlevere her. Det er ei privatsak. Ikkje meir privat enn at eg svarar dei som spør, men that´s it.
Eg føler likevel for å sette meg ned med gutungen og prate om temaet med han. Det kan jo vere greit at han reflekterer over det, uavhengig av kva han ender opp med i livet sitt.
Så står det i alle fall ikkje på meg!

Kloner hunden din for 600 000. Mpfghhh.......Du er bra glad i hunden din om du spanderer 600 000 på å klone han!!
Joda, majoriteten av dei som har hund er nok glad i den. Heilt normalt det. Likevel, det er heftig dyrt å bruke så mykje pengar på å få ein kloning.
DET er ikkje naturleg.
Det skaper også enno større ulikskapar i samfunnet. Naboen kan få hunden sin attende, men det kan ikkje eg, liksom..... Kult!!
Ikkje veit eg, for eg har inga erfaring på området, men noko seier meg at ein ikkje får like mykje sorg av at hunden blir borte av di ein får "same hunden" attende.
Kanskje eg tar fullstendig feil?! Det vil nok vere ulike reaksjonar ute og går.

Ein ting er sikker! Skal eg bruke fleire hundre tusen kroner, skal det vere på noko heilt anna.

Sov seg gjennom hele sexscenen. Hahaha......Det meste går an!
Radric Davis, ein kjent rapper, er tydlegvis klar for sin første film. Filmdebut med andre ord.
I denne filmen skal han delta i ein sexscene. Noko som mest sannsynlegvis vekker det meste i kroppen hans!
MEN, så feil kan ein ta. Tippar ho som sat oppå han i heile 45 minuttar ikkje føler seg høg i hatten. For rapperen sovna under heile akta.
Ho høyrde plutseleg at han snorka.
Ikkje skjønner eg korleis dei har klart å lage eit bra opptak av ei sexscene når den eine aktøren sover!!
For eg vil tru at dei bruker det i og med at ho holdt heftig på med han medan han sov.
Tre kvarter er bra lenge sådan!!

Menn har ikke mye de skal ha sagt. Hmmm......Hive seg på den bølgja att?? Det er Dagbladet som gløymer at dei må fornye seg og at enkelte tema er utdebbatert. Kanskje........... Sånn bortsett frå at det stemmer sånn litt då??? Hahahaha.....

Nei, det er enno berre ettermiddag! Måtte både eg sjølv og alle andre med få ein herleg kveld!!
Ha ein fortsatt fin dag!
Hasta luego!

IWALY!!!


Eit tydeleg bevis på at ein ikkje kan stole på at eit bilete ikkje lyg.
Eg har leika litt med bileteredigering og ein ting er sikkert. Eg har berre såvidt bbyrja å lære meg litt. Difor er det ikkje vanskeleg å tenke seg kor mykje endringar ein faktisk kan gjere berre ein har eit bilete og ein data.

Eg har "leika" meg med litt andre bilete også, men det er det der med åndsverklova. At ein ikkje skal publisere andre utan samtykke...... Eg brukar som regel å følgje det.
Kanskje litt keisamt å bruke bilete av seg sjølv, men ein tar kva ein har!

Det første biletet er ifrå forrige uke. Det andre er heilt attende til juli i tid.
På bilete nummer to har det vore fleire ting med på biletet, men som eg har fjerna.....
Så då kan ein spørre seg om foto held som bevis i ei sak? Burde det gjere det?
Kven kan sjå at eg sit i ein buss og ventar på det øverste biletet? Det er det eg gjer og bussetet osv vises på orginalen.
Det er ikkje mykje å finne på når ein sit og tar bilete av seg sjølv med mobilen! Trur nok det er ei som er lei av å vere på reis og berre gler seg til å kome heim til si eiga dyne!

Det var det der med om ein kan bruke bilete som bevis..........
Eg vil tru at dei har ekspertar som kan gå god for om at eit bilete er ekte eller ikkje! :=)


lørdag 23. mars 2013

Russisk oligark og Putin-kritiker funnet død i badekaret. What?? Kve er ein oligark for noko?? Gark og gark meg her og der!
Lurar på om det er eit ord eg faktisk burde kunne definere.......At det ikkje er så smart å spørre om kva det betyr, liksom.
Berre ikkje sei det bort om det er tilfelle. Så slepp eg at det blir så flaut!!

Oligark..... Det er tydlegvis makt samla hos ei lita knippe mennesker i eit oligarki. Fåmannsvelde...... Der er svaret på kvifor eg ikkje var klar over kva det er . Oligark er eit framandord som ikkje ofte er i bruk. Det er ordet fåmannsvelde som er det mest vanlege og det ordet dei aller fleste forstår berre ved å lese ordet.
Så det er sikker ein eller annan gluping som vil briljere litt som har skrive artikkelen og ikkje tenkt på at den vanlege lesaren skal få med seg alt.(Forstå alt...)

Ein som av nyare tid er kjent for fåmannsvelde, er Jeltsin. "Oligarkane" sørga for at Jeltsin vant valget på 90-talet (eg kjem ikkje heilt på årstalet) av di dei då visste at dei ville ha ein som sørga for at dei fekk ha litt makt. At han styrte etter deira behov.
(Eg skulle ha kjent ein sånn mann, eg også!!!)

MEN, det fins alltid ein Putin. Ein Putin som ikkje er så stor tilhegjar av fåmannsvelde. Ein Putin som prøvde å redusere makta til desse oligarkane.
Var det så populært då?
Det kan eg ikkje i min villaste fantasi tenke meg til.
Vis meg det mennesket som vil ha mindre enn det allereie har....... (Vel, det fins jo alltids unntak. Men det er ikkje så generelt...)

Berezovskij er ein mann og oligark som vil bli hugsa for den kritikken han har retta mot Putin.
Han var ein som gjekk langt i kritikken sin, og med andre ord kan vi kalle han for nådelaus!

Dei siste par åra har han vore i sterk strid med Chelsea-eigar og oligark Abramovitsj.
Striden handlar ikkje om meir enn 30 milliardar kroner, så då er det jo ikkje noko grunn til å byrje med å spekulere i kva fandenskap det er som står bak det at han no er funnen i eit badekar.

Eg vil tru at han har mange fiendar..........

Hekle ditt eget interiør. Hahahahaha..... Denne jomfrua må nok le litt! :=)
På ein skala frå 1-50.........kor stor er sjansen for at denne "artikkelen" blir opna av meg?? Tipp i veg!!

Du treng ikkje tippe så veldig hardt, for eg skal gje deg svaret ganske så umiddelbart.
Den dagen denne frøkena tenker å hekle mtt eiga interiør, ja då har det skjedd noko galt, eller kanskje det berre er skjedd eit under.
At ein som kan trylle har lagt handa si på hovudet mitt (eller noko sånt!)

Joda..... Eg er ikkje heilt grøn når det kjem til hekling. Berre lysegrøn. Det tels vel litt??
Eg har hekla før! Det er berre det at eg kan då vel ikkje finne meg noko meir keimsamt enn nett det?!
Skal liksom eg bruke den tida eg bruker på masse tull til å faktisk gjere slikt?
Nåneidu. Det kjem aldri til å skje!
Det er rett og slett ingen vibber som seier at det kan freiste. Som sagt.... Då er det eit under ute og går! (Vel, under har jo skjedd tidlegare, men viss det skal skje eit under i mitt liv, så skal det vere på eit heilt anna plan enn hekling.)

Du ser vel for deg meg med ein heklepinne?? Passar det inn i biletet ditt?
Eg håper du lander på nei!

Dytter kona ned på togskinnene. Tja........Med andre ord ikkje kjerringa! For kaller du kona for kjerring, så er du jo faktisk veldig glad i ho. (Med tanke på at kjerring betyr "den du har kjær").

Kjip skjebne........ Kanskje eit "kontroll av sinne"-kurs vil vere på sin plass?
Det er vel ikkje så ille likevel..... Det fins vel nok av kjerringer å velge seg etterpå.......

Jaja, sånn går no dagane! :=)

Ha ein fin kveld!
Hasta mañana! :=)

IWALY!!!

fredag 22. mars 2013

Påskeferie!! :=)

Det er herleg med påskeferie no. Ingen tvil om det. Likevel, for den som trur at ei påske er totalt avslapping frå arbeid, så må eg nok seie "Du må tru om att!"
Ein slik bunke som dette rettar vel seg ikkje på eigenhand, så då må den vel tas med i ferien........
Er det no eg skal seie "Det skal berre kome mykje  regn i påska!"? Hahahahaha....... Den var god!!
Som om ei ung jomfru som eg vil ha regn.... Hahaha, det får klare seg med at sonen er halvvegs pubertal i dag (i ein alder av snart 9).
Ingenting er vel som å ligge på ein veranda og "blotte" seg i påskesola og rette framandspråklege oppgåver?!
Nei, her i garden klages det så absolutt ikkje!! :=)

Det er landskamp på tv. På facebook florerer det med gretne gubber som klager på korleis den norske bana ser ut. Vi som er verdas rikaste kan vel ikkje ha ei bane som ikkje er grøn?
Hahahahaha......Like I care?!
For det første har det vel aldri vore spelt ein landskamp så tidleg på året før. For det andre er mars ikkje ein månad der ein kan forvente at ein grasplen av ekte sort er grøn når ein bur i vinterland.
For det tredje må det jo vere supert å spele på ho no. Det er jo i alle høve ikkje noko sjanse for at bakken forsvinn under dei medan dei spring rundt på matta! Ikkje så hardt så det må vere på denne tida........:=)

Etter ein times løping på bana, er det ingen av dei heile 22 spelarane som har klart å netta den der runde ballen. (Som om det er nokon av spelarane som ikkje er heil??!)
Dei er meir opptatt av å få nærkontakt med kvarandre enn å få ballen bak keeper.
Eg forstår dei godt, eg!!! :=)

Eg digger Drillo, så difor følger eg med på tv´n med eit halvt auge (kanskje berre eit kvart). Drillo er glup, så det vil jo vere fint om dei vinn.
Spørs berre om han ikkje må tvinge dei høgare opp på bana (som om denne jomfrua har peiling?! Hahahaha........Joda, litt så!)

Jarstein er i alle fall supersøt der han står og kauker og lager grimaser! Berre sekunder etterpå er visst ballen i mål!
Det var noko med det at ein ikkje må vere så opphengt i utsjånaden (sidan ein er på tv). Det kan fort straffe seg. Fokus på kropp i stadenfor ball....... Ikkje bra!
(Tru meg, eg ville også ha hatt fokus på kroppar om eg hadde hatt 21 andre menn rundt meg!! Definitivt!)

Jaja......Eg har klokketru på Drillo og kampen er ikkje over.

Hvordan har påskeutfarten gått? Joda, takk som spør. Berre bra. Eg sit jo her i sofaen, så då har eg vel ikkje rukke å gjort så mykje ugagn.
Ingen utfart her i garden med andre ord.

Drikker ananasjuice for at vaginaen skal lukte bedre. Jeeeezes..... Det var då og noko! Tvilar sterkt på at det har noko å seie.
Det er reality-tv som når sitt lavmål når dei ønsker at kvinnene skal lukte som ei tropisk øy nedantil!

Eg tippar at det er ganske mange som følger med på reality-tv. Ergo er det også mange som blir påverka av det dei ser.
Det ser ein jo berre på dei som ein veit ser slike program.
Sjølv om eg sjølv ikkje er noko ihuga fan av slike program, kjenner eg fleire som er det.
Med andre ord kan ein jo då påstå at det blir vansklegare og vansklegare å vere ein person med ein skjede og kjønnslepper om ein skal leve opp til det ein ser på tv. (Vi veit jo at mange faktisk prøver ut det dei ser...........)

Ananasjuice er godt det.......men neste gong eg får lyst på det, kjem eg vel berre til å tenke på det eg nett har skrive og så får den stå i fred.
Eg kjenner ingenstader at eg vil lukte så tropisk. Ikkje her nord i vinterlandet!!

Nei, det ser ikkje ut for at Drillo skal få sove godt i natt. Stakkars mann! Det er visst ikkje nok med 11 sterke karer for å ta oss med til "himmelen".
Jaja, denne unge jomfrua skal slutte av no, så då er det berre å håpe at alle dåke andre i alle fall får ta litt del av skjønnhetssvevntida i løpet av natta!
Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego!!

IWALY!!!



torsdag 21. mars 2013

Det var kjempefine forhold i Ballangen i går. Her er sola på veg ned bakom fjella. Klokka er rett før seks, så ho er oppe bra lenge før ho forsvinn for kvelden. 
Det var minus 4 grader, men det føltes kaldare enn dei minus 15 som var sist i stod på ski her 
Tenk om vi kunne hatt slike skøyteforhold som dette heime.............
Ballangsfolka er veldig gjestmilde. Stort sett alle hilser og smiler breidt når dei ser oss. Dei syns det er flott at også vi brukar området og inviterer gjerne til å kome og trene ilag med dei. 
Berre synd det ikkje er hakket nærare heime......

Ein fantastisk fin dag, verkeleg. Sol og varme! Kan vi ønske meir?
Så spørs det då.......Påskevèret er vel ikkje planlagt så nøye av han der oppe at han har tenkt å gje oss for mykje av den sorten. (Med mindre ein bur sørafor).
Nei, folket rundt meg har nok synda alt for mykje, så då må vi berre ta til takke med at det blir overskya. (Viss ikkje nokon tar til vit og ber om syndenes forlatelse!!) Hahaha.........
Det blir vel aller helst bra.:=)

Nyhetsanker annonserer frieri - aner ikke at det er til henne selv. Hahaha...... Snakk om å bli tatt på senga!
Kanskje litt risky å fri "online", med mindre du er sikker på svaret.
Det er rart kor påverka ein blir av eit frieri. Plutseleg er det ei pipestemme som svarer ja. Det er lett å sjå at pulsen er skyhøg og pusten jobber verkeleg hardt.
Så då er det ikkje rart at det berre er pipestemme som kjem ut først!
Jaja.......Heldig er ho som fekk eit romantisk frieri! :=)

Eg har akkurat bladd i eit KK. Om eg ikkje tar heilt feil, er det bladet frå forrige uke.
Etter å ha lest "bli ny" sidene denne gongen, kjenner eg at det er tårer på kinnet. Med andre ord ei sterk fortelling bak sidene denne gongen!

Det er to kvinner som har fått kreft. Den eine av dei har fått det dei kallar for kronisk kreft. Ergo blir ho ikkje frisk att.
Desse to kvinnene har lyst til å føle seg vakker for ein dag. Cellegiftkurar er jo ikkje akkurat noko som farer fint med kroppane til dei som tar det.
Det er nok ikkje berre berre å plutseleg bli fri for hår på hovudet, fri for augebryn og elles andre synlege teikn.
Det gjer noko med psyken..........

Ekstra ille er det om du har born i slike tilfeller. For korleis fortel ein til ein niåring at "mamma har kreft". Kreft som var årsaka til at morfar døydde for litt sidan......... Mamma som er livsnerven i ein liten gut sitt liv.
Rett før jul..............

Eg har sjølv ein niåring (snart) og kjente straks på følelsen. Fekk rett og slett ein klump i halsen!
Så kom eg til der det stod at dei valgte å sette seg ned med han for å fortelle det. Midt i leksene........
Tårene kom då eg las kva han gjorde rett etterpå!! Han skreiv ein lapp til læraren: Til frøken. Jeg har ikke gjort leksene. Mamma har fått kreft. Morfar døde av kreft for litt siden. 
Sterkt!!
Eg ser for meg redselen hans. Redselen for å miste mora for godt.
Mora som har kronisk kreft i skjellettet, spredning til levra som kom av tidlegare brystkreft.
Det er ikkje meininga ta livet skal vere lett!

Det er ikkje meir enn to døger sidan min eigen son spurte meg om korleis det vil gå med han om det skulle skje noko med meg som gjorde at eg blei borte. Korleis skulle han klare seg?
Kreft og andre sjukdommar er blitt så vanleg. Det er så mange som har opplevd å miste nokon.
Born følger i større grad med på nyheitene og dei får i større grad med seg ting som skjer i verda i tillegg til desse sjukdommane som tar liv.
Er det rart det set igong litt tankeverksemd?

Kva kunne eg svare?
Sjølvsagt ikkje noko anna enn at han ikkje fekk lov til å tenke på det og at eg sjølvsagt alltid kom til å vere hos han. "Eg skal leve til eg er minst 80", sa eg.
Ein letta son svarte "Bra!".
Heldigvis spurte han ikkje korleis eg kunne vere sikker på det....................

Ein kan aldri vere sikker. Eg veit ikkje kva morgondagen bringer med seg. Likevel, sannsynlegheita for at eg lever i beste velgåande lenge, lenge er stor. Mykje større enn at eg ikkje gjer det.
Det kan ikkje desse to kvinnene tenke. Spesielt ikkje ho med kronisk kreft.
Ho veit at ein dag er det stopp. Ein dag tar kreften livet hennar.
Ho veit at eigne born må gjennom sorga over å miste si eiga mor og eg kan ikkje tenke meg til at det er ein god følelse.
Eg håper eg aldri kjem i same situasjon!!

Det handlar om å leve medan ein kan og å gjere det ein har lyst til medan sjansen enno er der. Ikkje vente til det er for seint........

Eg hadde eigentleg eit par tema eg ville skrive om i dag, men eg kjenner at det gjorde noko med meg då eg las denne artikkelen om desse to som faktisk fekk ønsket sitt oppfylt. Dei fekk bli sminka og dressa opp. "Bli ny!!" Og fin blei dei!!
Ergo ventar eg heller med å skrive meir..........
Eg skal heller sette meg i sofaen og kose meg med guten min som er sjuk og svak i dag.
Med andre ord har eg ingen planar om å nyte det fantastiske vèret som er i dag.

Ha ein fortsatt fin dag! :=)
Hasta mañana!

IWALY


onsdag 20. mars 2013

Dette huset er satt ned med 305 millioner. Jippi!! Då har kanskje eg også råd til å kjøpe det!
Hmm..... Det var det med beliggenheita då. Storbritannia....... Hadde ikkje heilt tenkt meg eit hus der. So what to do??
Jaja, eg får vel vere grei og la andre få oppleve gleda med å kjøpe Storbritannias dyraste hus. :=)

Norske Axel tok favorittlagets hjemmebane til etternavn. Eg vil tru det ikkje er mange som heiter Anfield til etternamn..............
Beathe Susan New Meadow!! Yeah........ "I kinda like it"....... Kanskje eg skal søke om å få heite det?
Eller Beathe Susan Liberty??
Eg veit ikkje kva eg likar best å assosiere meg sjølv som....... Ei eng eller fridom?!
Eg håper berre at når eg bestem meg, så vil det vise seg at laget som speler på akkurat den bana faktisk er eit bra lag.
Litt ille å kalle seg sjølv opp etter eit møkkalag!

Dømt til fem fengsel for grove hjemmeran.  Hahaha....... Den var ny! Fem fengsel? Det har eg då vitterleg aldri høyrt om før! Fem fengsel..... Det var no ei snodig straff. Først litt her og så litt der. Kankje litt der før du hamar her og så tilslutt så må du nok der også! That´s life. It is supposed to be hard sometimes.

Sånn eigentleg er eg sikker på at det er journalisten som er heilt på villspor. Likevel..... Det er stor forkjell på fem fengsel og fem år! Skjerpings!!
Det blir som fangen som skulle benådes av kongen og beskjeden lød som følgande: Vent ikkje heng han før jeg kommer. 
Kor skal teiknet som manglar inn, liksom? Fangen blei hengt!! Shit happens all the time.....

EØS-borgarar kan få norske dagpenger i utlandet. Med fare for å bli for kvass i ordbruken, skal eg la vere å kommentere dette.

Det er lagt fram ei melding som skal gjere Noreg tryggare. Politiet er nøgd med meldinga, PST er nøgd med ho. Mange av dei vesentlege gruppene etter 22.juli er nøgd med ho..........
Opposisjonen på Stortinget er forplikta til å ikkje rose meldinga!! Slik er det berre...... Den dagen opposisjoen rosar posisjonen for noko................ Nei, det handlar om å leite etter feil. Til eikvar tid!
Er det rart at det fins så mange menneske rundt om som gjer det same?
Dei lærer jo av mange av landets fremste!

Så har vi rekninga til Giske. Sjølvsagt var den 90 000 kr for høg. Det ventar sjølvsagt media med å seie..... Først må skaden skje, at det skal høyres verre ut enn det i utgongspunktet er.

Tja...... Ei årsrekning på 150 000 kr for ein statsråd som han. Er det så mykje?? Eg reagerer lite og ingenting på det. Andre synker så lavt at dei seier at det kostar å vere på pornonettsider i utlandet.

20 000 av beløpet er forbeholdt abbonnementsutgifter. Då er ein nede i 130 000 kr. Litt i overkant av 10 000 i månaden.
Eg ville verkelegbyrja å lure dersom ein statsråd ikkje fekk høgare rekning enn eg sjølv!

Kva kostar det å ta ein telefon frå utlandet og heim til Noreg? Eg vil tru at ein god del av jobben hans innebærer å snakke i telefonen, også frå utlandet. Det kan fort bli dyrt. Det kan vel dei aller fleste som har vore i utlandet bekrefte.
Det er vel ei årsak bak det at dei fleste er forsiktige med mobibruken på utanlandsferiane sine.......Det er kostbart.
Vel, Giske sparar ikkje på bruken. Han bør heller ikkje det.
Ineffektiv jobbing vil det vere om han ikkje kan bruke telefonen når han er på reis.

Dataroaming er også dyrt, men ikkje til å unngå å bruke innimelllom. Det er ikkje sikre wifi-nett overalt.
Nei, fins det ikkje verre å henge seg opp i enn at ein statsråd brukar litt over ti tusen i månaden på telefon, ja då er det ikkje rart at enkelte ting er som dei er.
Give peace a chance.........

Vrakingskø for å slippe årsavgiften. Og dei fleste ventar til siste liten med å gjere det. Ergo er det vel ikkje av di dei har lyst.
Likevel.....Har du råd til å ha bil elles i året, har du også råd til avgifta.
Eg ville aldri ha gått til anskaffelse av ein bil om eg ikkje var sikker på at eg hadde  råd til å ha den.
Viss det berre er å vrake den, så betyr det vel i same slengen at du ikkje er avhengig av den. Då kunne du vel berre ha brukt den litt mindre i lpet av året og spart pengar på diesel eller bensin. Så kunne det blitt brukt på avgifta?
Eg veit ikkje........ Det er berre mine tankar.

Ja, eg er klar over at alle ikkje har like mange pengar å rutte med. Likevel syns eg det er eit paradoks at dei har råd til å køyre den korte biten ned på matbutikken for å kjøpe seg ei cola og litt snacks i tide og utide. Viss ikkje DET kostar i det lange løp........
Sjølv lar eg ofte bilen stå att heime når eg skal handle (om det ikkje er så mykje). Ikkje alltid, men oftast....... Ikkje av di eg ikkje har råd til å bruke den, men av di det er sunnare å gå, eg sparar miljøet og sånn eigentleg er det berre latskap som rår når det er snakk om ein så kort avstand.

Det er mange som har like kort avstand som eg i dette landet. Det er mange som ikkje set att bilen sin for å gå. Fleire av dei kondemnerer bilen sin 20.mars..............

Det kan fort høyres ut som om at eg skjærer alle under ein og same kam. Eg gjer ikkje det! Eg veit det er ei vanskeleg problemstilling for mange, men for veldig mange handlar det om prioriteringar. I stor grad!
Det er desse folka eg "kritiserer".

Eg ser ikkje heilt at 2500 kr skal vere nok til å lokke deg til å kvitte deg med bilen.
Ikkje når det blir slik som ei som blei intervjua på tv´n tidlegare i kveld sa. Ho sa at bilen var hennar beste ven. Det tyder vel på at ho bruker den ofte?.......... No skal ho vere utan bil. Kva med ein mellomting?
Ofte handlar det kun om prioriteringar.

Så kan ein diskutere om avgifta burde vere så høg som ho er, eller ikkje......men det er ei anna problemstilling!

Prøvde å bli Oslo-politimester, skattedirektør, pressegeneral, finansdirektør og helsetopp. Er det alderen som set ein stoppar for det når ein nærmar seg 60 år? Ikkje veit eg......... Ganske spenstig å søke på alle desse stillingane. Ganske ulike i så måte.
Eitt har det jo til felles. Dei er alle leiarstillingar, men likevel.......
Det er berre å stå på. Det er det einaste som nyttar! :=)

Klokka runda akkurat elleve og det er på tide å skjønne at no er det natta. Så sov godt! Jomfru Knutsen skal karre seg under dyna si og sove.
Ha ei god natt og hasta luego :=)

IWALY








mandag 18. mars 2013

Paradise hotel........... Say no more!! Det er ein grunn til at eg aldri har sett ein einaste episode og at eg aldri kjem til å gjere det. Viss eg skal gje programmet eit pseudonym, så må det bli "søppel-tv".
Så er det sikkert dei som vil spørre korleis eg kan påstå det viss eg ikkje har sett på det. Det må dei jo berre gjere.......
Eg har sjølvsagt høyrt på når fleire andre har snakka om programmet og no nettopp såg eg eit lite videoklipp på Vg sine nettsider av den enkle grunn at eg skulle kommentere det her.
Resultatet av nett det er at eg fekk stadfesta at eg ikkje går glipp av noko som helst. Eg vil heller påstå at eg blir spart for litt av kvart.

Gutter kliner med både gutter og jenter. Det kunne sjå ut som om at heile kvelden var ein sexleik og den endte sjølvsagt med nett det. To stykk som ikkje klarte å la vere lenger og hamna i både senga og dusjen medan resten av gjengen stod og såg på når dei to hadde hyrdestunda si. Kor kleint er ikkje det? Og det på live-tv........
Det blir fint å møte framtidige svigerforeldre etter denne episoden. Sikkert stor sjanse for at dei får vite om det på ein eller annan måte. Det er alltid ein eller annan som har fått det med seg.
I tillegg er det ein sikker jobbsøknad!!!
Kva sjef er det som ikkje vil ansette ho (eller han, for den saks skuld) etter å ha googla ho og fått opp dette klippet? Smart.................

Jeg tenkte at en gang må det begynne.  Paradise hotel blir som eit fordekt pornoprogram. Paul Bjerke har tidlegare uttalt det same, og eg må seie meg einig med han dersom det er dette som skal legge standaren for resten av showet.
No har dei brote barrieren, så då er det vel fleire som følgjer på......

Er det noen norske trenere som er bedre enn deg? Eh.....Det er vanskelig å svare på. (Sitat Vg). Kjetil Rekdal...... Er det dette som kalles god sjølvtillit? Han er jo kjent for å vere superegoist, så svaret var vel ikkje uventa?!

Kva meiner vi eigentleg om janteloven? Syns vi det er greit "å komme her og komme her"?
Jante betyr eigentleg "liten verdi". "Jeg har ikke en jante" betyr at ein ikkje har eit einaste rødt øre.
Ingenting som tyder på at jante betyr noko anna enn noko som er negativt lada!
Så spørs det....... Janteloven, gjeld den oss?

Eg vil tru at dersom ein lev med janteloven hengande over seg, vil ein etterkvart få mindreverdigheitskompleksar.
Dersom eit menneske prøver å vise sin individualitet, vil vi andre oppfatte det som eit forsøk på å vise at ein er noko. Ofte fører det til utestengelse.
I alle fall vil ofte misunnelsen råde, og akkurat den kan gjere mykje ugagn.
"Du skal ikkje komme her og komme her!"

"Du skal ikke tro du er klokere enn oss". Er det ikkje eit ordtak som heiter "Kunnskap er makt"?
I såfall slaktar janteloven dette ordtaket.

I moderat mengde kan kanskje janteloven virke positivt inn på menneske. Til dømes for å jekke ned enkelte som kan vere litt "høg på pæra".
Det vil mest sannsynleg "hjelpe" vedkommande og dei personane som er rundt "han".

Janteloven kan brukes i enkelte tilfeller, men ein må vere ytterst forsiktig så ein ikkje sårer andre.
Janteloven har i størst grad negativ verknad. Den drep både initiativ og tiltakslyst, noko som ikkje er bra.
Vi treng kreativitet og pågongsmot! Så viss vi skulle la jantelove bestemme over oss, vil samfunnet vårt aldri kome seg vidare.

Eg veit ikkje, men eg har inntrykk av at janteloven ikkje står like sterkt i dag som for nokre år sidan. Kanskje eg tar heilt feil?
Det som er sikkert, er at den er ikkje borte. Det er nok mange som får kjenne på den kvar einaste dag.
Likevel, eg har inntrykk av at vi som menneske er i ferd med å utvikle oss i den retning av at vi er meir opne for nye ting og at vi skjønner i større grad at janteloven ikkje er bra.

"Du skal ikkje komme her og komme her............" Joda, det eksisterer nok enno! Så spørs det..... Kan folk som blant anna Kjetil Rekdal vere med på å trykke ned janteloven. Ved at dei viser at dei ikkje byr seg. At dei faktisk tør å vere så sjølvsikre i svara som det han var i spørsmålet han fekk.

Det står ingenting meir enn akkurat spørsmålet og svaret på nettet. Likevel....Det var nok til å få meg til å tenke.......Janteloven??

Så spørs det........ Er det janteloven som gjer seg gjeldande når eg kritiserer Paradise Hotel??
Eg håper ikkje det! Å blotte seg på tv har vel ikkje så mykje med kreativitet og pågongsmot for å fremje samfunnet på noko måte. Ikkje anna enn at ungdommen sannsynlegvis får eit meir avslappa forhold til sex og kanskje testar sine eigne grenser tidlegare.
Så kan ein diskutere kor bra nett det er......

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta mañana!

IWALY!



søndag 17. mars 2013

Det er sundags kveld og ei hektisk uke er over. Det har gått med mange celler til tenking og akkurat no er det deileg å vite at det kjem ei uke der ettermiddagane er forbeholdt kvalitetstid med ein liten gut og ellers berre småplukk.

Å dra til Oslo to dagar same uke som ein skal få avikla ei fotballturnering med 52 kampar, er så absolutt ikkje ideelt.
Det var nervar i høgspenn begge dagane, der engstelsen var stor for at det skulle kome e-postar som sa at det var kampar som ikkje passa inn eller liknande.
Det som var "kjempeverynice", var at det kom ikkje ein einaste ein...... Sannsynlegvis så såg alt greit ut.

Oslo var likevel ikkje feil! Langt ifrå.... Spesielt ikkje når ein har ein liten halvtime på seg før toget skal gå!
Eit kjempebra kurs avsluttes og jomfru Knutsen er ikkje seig i vendinga.......... Ikkje når det er ein musikkforretning rett borti gata. Saksofon..........
Noko som førte til at det nesten kvar dag klinger saksofoniske tonar frå kjellaren. Georgia on my mind og Fly me to the moon. Kjempefine songar!! Gøy! :=)
Så det spørs om ein ikkje må ta seg ei langhelg i Tigerstaden rimeleg snart!
Det blei inga tid til shopping den tida eg var der nede, men det betyr ikkje at eg ikkje la merke til at det faktisk var mykje å shoppe!! Definitivt! Så Oslo må nok belage seg på eit shoppingbesøk frå ei halvgalen kvinne nordfrå! :=)

Han var blant dem som valgte paven. Pedofili er ikke kriminelt. Jeeeezes.... For ein ting å seie av ein kardinal. Ein kardinal blant dei framste i verda.

Eg skjønner godt kva han legg i det han seier. Eg er fullstendig klar over at han ikkje seier at pedofili er greit, me likevel..... Å seie at det ikkje er kriminelt?

Det er kardinalen Fox Napier som har uttalt seg. Han har sagt at han kjenner to prestar som er pedofile. Han meiner heilt seriøst at desse to prestane ikkje er strafferettsleg ansvarlege. At dei er pedofile, er ikkje noko dei kan for sjølve, for pedofili er ein sjukdom. Så om dei forgrip seg på eit stakkars lite og uskuldig born................

Nei, det tar meininga av  "Vend det andre kinnet til...." til nye høgder!! Mildt sagt!
Er du prest og vore utsatt for det sjølv då du var yngre, har du inga ansvar for det du sjølv gjer. Enkelt og greit.

Å stå der på talarstolen og prate om dei ti bod som blant anna seier at du ikkje skal slå ihel. Viss ikkje å forgripe seg på born kan klassifiserast som "slå ihel", så veit ikkje eg.

Det er ikke tilfeldig at han er en av få med grått hår. Det handler om partidisiplin. Jaja, no er visst hårfargen blitt eit argument for om du vil bli antatt eller ikkje i folkekongressen.
Du skal så absolutt ikkje ha grått hår.
Er du komen i ein alder som byrjer å sette preg på blant anna håret ditt, har du med å farge det! Det er viktig! Det er viktig å framstå som ein "enhet". Alle bør ha lik hårfarge og sveis i tillegg til at alle må ha mørke dressar.
Fantastisk bra!!
Eg syns eg ser det formeg........Når det kjem ein framand inn i lokalet og spør etter ein namngjeven person. "Ser du han der i den mørke dressen og med panneluggen mot venstre? That´s your man!" Ikkje akkurat ei fargerik verd.....

No seier overskrifta at det er ein mann med grått hår og at det ikkje er tilfeldig at han har det. Så då bør ein kanskje prøve å finne ut av saka. (Noko som viser seg svært vanskeleg!)
Ein god journalist lager overskrifter som passar til teksten ein skriv i artikkelen sin.
Vel, eg trur ikkje denne journalisten har vore heilt på stasjon då han skriev om dette.
Kanskje han rett og slett laga overskrifta FØR han skreiv om saka og så berre gløymde han å sjekke om at det var vesentleg for det heile. (Det var det ikkje).

Etter å ha lest teksten fleire gonger, finn eg ikkje ein einaste setning som seier noko om kvifor det er ein som har grått hår.
Eg var sikker på at det kunne ha med kven som er leiar å gjere, men ikkje ein einaste liten info kan vi få av å lese om det.
Ergo føyer journalisten seg inn på lista over dårlege journalistar, ei liste som byrjer å bli rimeleg lang.
(Han får passe på så ikkje sjefen oppdagar arbeidet hans, så slepp han vel billig unna. )

Han er grå av di han gjer seg katta i å farge håret. Han liker å bryte med normalen. Ein outsider med andre ord!

Eg ser for meg Erna Solberg, Anniken Huidtfeldt og Siv Jensen med nyfarga hår. Kanskje vi i Noreg kan innføre at kvinnene kan få ha sin eigen farge, medan menna kan ha ein annan. Aller helst lrosa og grøn. Så kan jo menna sjøl avgjere om dei vil vere rosa eller grøn!
Joda......... Siv Jensen vil sikkert vere veldig kledeleg å sjå på om ho får rosa hår! Det vil verkeleg få fram Frp sine standhaftige synspunkt i mange saker.
Det vil definitivt sørge for at mange fleire vil sjå på ho som seriøs.
Slik hårfarge vil definitivt skape større oppslutning.

Ikkje minst Jonas Gahr Støre med sin grøne pannelugg! (Viss hår manglar!!)
Heftige og grøne Stoltenberg i intens krangel med den rosa panter-lignande Erna Solberg.
Ikkje lett å seie kven som vil gå av med sigeren i DET sirkuset.

Så kunne dei grøne ha dobbelstemme medan dei rosa kunne strikke skjerf og Marius-gensrar i rosa og grøn til dei folkevalgte.
Stoltenberg ville garantert sett herleg ut i ein rosa og grøn Marius-genser. Ingen tvil om det!!
Då kan han invitere alle statsleiarar til fredskonferanse.
Fiendane ville brukt så mykje av energien sin på å stirre på den flotte rosagrøne brystkassa til Jens at dei ville gløymt av at dei skulle vere ueinige. Vips så var avtalar underskrivne og vi kan feire nok ein siger!

Klærne alle dei folkevalgte skal bære, trur eg vi held hemmeleg ei stund til. Kan jo ikkje avsløre dei lekre lilla skjortelane til Lysbakken og Geir-K. Hansen!

Så er det berre å gle seg til den beste skipåska sidan 1978, Skal vi tru Dagbladet og prognosane der, får vi ha snøen til over påske. Ei gledeleg nyheit for dei fleste, vil eg tru?! I alle meg!!

Det er kveld og ny arbeidsuke i morgon. Skjønnheitssvevnen må på plass, så då er det berre å krype inn på rommet og sove. Sove djupt og godt!
Ha ei fantastisk fin uke!!

Hasta luego! :=)

IWALY

lørdag 16. mars 2013

Mer personlig å snakke om tro enn sex. Eg veit ikkje...... Er det eit nytt "fenomen", eller går det langt attende i tid?
Eg trur nok folk er litt meir frittalande i dag enn for tjue år sidan når det gjeld sex. (Meg sjølv inkludert..)

Når det gjeld med sjølv, er ikkje mitt eiga sexliv noko eg brettar ut om, men sjølve temaet sex er ikkje noko problem å diskutere. Eg føler vel at akkurat det temaet er noko veldig mange snakkar om. Det blir kanskje meir majoriteten enn minoriteten.
Likevel, den største ulikskapen frå før til no, er nok ikkje akkurat den biten. Eg vil tru at dei heller siktar til at enkelte sit blant folk og brettar ut om sexlivet sitt.
Detaljar blir avslørt og det er ingenting flaut ved det.......... Det er lett som berre det, men spør dei same om trua deira. Då blir det plutseleg ikkje så lett å svare.
Eg kjenner mange som ikkje ønsker å svare på om dei trur eller ikkje trur på "Gud". Eller om dei trur på noko som helst, for den del.....

Sånn eigentleg er sitatet til overskrifta berre henta ut ifrå ein artikkel om Aune Sand. Ein artikkel der han seier at det for han er meir personleg å snakke om tru. Meir personleg enn sex.
At eg vel å ta det til eit anna perspektiv, er av di eg sit med inntrykket av at sitatet faktisk stemmer. At det faktisk er slik blant folk generelt.

Kven var det som stod fram og snakka heilt naturleg, offentleg, om orgasme og ulike sexstillingar for å skape dei rette stemningane og opplevingane før i tida? Er det ikkje tilfelle at det tidlegare var ganske tabu å snakke om slikt? (Ute blant folk, eller i media).
No er det vel heller slik at du er ganske "grøn" om du kan lite om emnet...........

Kvifor er det eigentleg vansklegare for eit menneske å seie at det er truande enn å prate om sex?
Eg trur ikkje eg kan klare å kome med noko oppskriftssvar, det ville i så fall berre vere rein gjetning.
Sjølv syns ikkje eg det er vanskeleg å svare på om eg trur eller ikkje. Det gjer eg titt og ofte.
Det er mange, spesielt born, som spør, og då vel eg alltid å vere ærleg.
Då er det viktig at ein sørger for at svaret ein gjer dei er gjennomtenkt. Det er viktig at dei ikkje skal påverkes av kva eg trur eller ikkje.
I skulen idag, er det ikkje lov å forkynne. Då vil eg tru at det motsatte heller ikkje er lov. Det å seie at det ikkje stemmer........
Difor er det viktig at ein, dersom ein vel å svare ja eller nei, påpeiker at det er eins personlege standpunkt og at det ikkje betyr at andre treng å meine det same. At alle på eigenhand må finne ut kva dei vil tru på, eller om dei ikkje trur i det heile.
Det blir eigentleg det same som å forklare dei kva ordet "tru" betyr.

Eg trur nok ikkje det er så frykteleg vanskeleg å svare på om ein trur på Gud eller ikkje. Eit ja eller nei er lett å gje. Det er nok meir viss du går i dybden at det blir vanskeleg.
Når ein må snakke om "kvifor" ein trur, trur eg at det med eitt blir vansklegare.
Det er kanskje ikkje noko som er så persoleg som si eiga tru.
Eigentleg litt rart at det same ikkje skal gjelde sex. For sex er då vitterleg personleg???

Ser rødt etter å ha fått våt finger i øret.  Hahahahaha......... Flaue greier!
Kor flaut er det ikkje om du trur du ser ein statue og når du vel å ta på den, så viser det seg at den lever?!
No visste visst vedkommande som det dreiar seg om at det var ein levande status, men han lærte noko nytt! Stikk aldri ein våt finger inn i øret på "statuen"!! Ganske greit.........eller?
Det spørs kor smart du er om du vel å terge deg på ein "statue".......
Eg berre nemner det.
I såfall bør du vere førebudd på at "statuer" også reagerer. Eit lite sekund og du er fitten drive.

Mannen som stakk ein finger i øyret på statuen, fekk lettare sjokk då statuen plutseleg meide han ned.

Åååhhhh.... Jomfru Knutsen hadde ein plan. Ein plan om kva ho skulle skrive om. Eg trur likevel eg må resignere. Etter å ha vore oppe i omlag 17-18 timar, evnar ho rett og slett ikkje å tenke og aller minst tenke og sende signala ned til fingrane.
Eg klarar visst ikkje vere oppe lenger, så då blir det natts <3 nbsp="" p="">
Hasta luego!

IWALY!!


torsdag 14. mars 2013

Kvinne truet dørselgere med halgle. Hahahahaha........Eg tippar det var svært effektivt!!
Jaja, viss det plutseleg står nokre menn på trappa mi for å selge meg fisk, ja då trur eg at eg hadde blitt skeptisk......... men eg er jo då fri for hagle!
Kanskje eg kan gjere det same som då eg tok liv av ein edderkopp ved å blåse han dau?! Litt råblåsing på instrumentet kan få kven som helst til å springe (og edderkoppar til å døy)!

Fant svinekjøtt i halal-produkter. Så blir i alle fall Narvik satt på kartet. Det er ikkje kvar dag dei hamnar i hovudstadsavisene, så kanskje vi skal gratulere dei?

Sjølv om det sikkert er bra med pengar å tene om ein puttar litt svin inn for storfe og slikt...... Svin er jo ikkje akkurat det dyraste kjøttet. Likevel..... Etter hesteskandalen burde alle passe seg. Mattilsynet tar heilt av no og er du så lur at du bruker svin istadenfor anna kjøtt, ja då burde du kjenne at det brenn under føtene dine. Du blir tatt!!
Ikkje så sikkert at innteninga blir så lukrativ likevel.......

Eg tenker at eg kjem til å fortsette med å kjøpe Kuraas-produkter. Svin, storfe..........Eitt fett, for min del.
Viss eg plutseleg skulle byrje å "nøffe", så er det berre å seie ifrå....så kanskje eg klarar å innhente meg.

Dette sliter norske menn og kvinner med i senga. Eg trur det må vere noko i den norske sementen som gjer at det norske folk har så mykje sengehalm-problemar.Ja, eg syns eg les om det kvar einaste  dag......... Står det så ille til med folk at dei treng å minnast på det kvar dag?
Vi har tydlegvis større problem enn dei fleste andre, så noko må det vere........

Det må skuldast den her likestillinga!! Det er eg overbevist om! Vi blir for like, menna og kvinnene.
Dessutan er det berre ein myte at menn alltid har lyst på sex. (Ifølge Dagbladet, vel å merke - sjølv skal eg ikkje uttale meg).
Klart dei ikkje alltid har lyst....Dei berre tenker på det kvar sjuande sekund.
Det er langt mellom det å tenke og det å ha lyst! :=)

Jeeezes.............Denne jomfrua er alt anna enn heilt med, nett no. Enkelt og greit! I eine augeblikket blar ho på internett, i det neste skriv ho og plutseleg sover ho med fingrane godt planta på tastaturet. Det er visst hamna nokre blylodd på augelokka, så her slites det. Om eg ikkje tar heilt feil, har eg vore borte minst ein fire-fem gonger til no. Korleis skal dette ende?
Kanskje ein berre skulle la svevnen få ta ordentleg feste og rett og slett berre sove på sofaen i natt? Ikkje så veldig dårleg idè, sånn eigentleg. Tenk berre på all den energien som må til for å lette ei tilrettelagt rompe frå sofaen og faktisk tenke at ein må røre på føtene for å nå det nye målet.
Det nye målet som er minst 20 meter unna. Minst!!
Eg går vel i bakken før den tid........

Det einaste sommanglar no er ein fotmassør! Tru kor deileg det kunne ha vore i dette augeblikk. Berre han treff på dei rette punkta-..... Det fins jo eit punkt for det meste! :=)
Litt naglemanikyr, skrubbing av daud hud......You name it! Det måtte ha blitt sofaen då, ja.

Av og til skulle eg ønske at eg var ein sau! Ein sau kan berre legge seg rett ned på marka og sove om han føler for det, så det må jo vere lykken.
Dessutan evnar eg meir enn litt å seie "bæææææææ".
Eg slepp i alle fall å telle sauer i kveld. Eg er borte før eg hamnar på puta. (Like greit).

Jomfru Knutsen skal vise styrke. Ho skal tvinge seg ut av den deilege sofaen og opp på føtene (heilt utan hjelp). Ho skal karre seg på badet og forhåpentlegvis hamnar ho ikkje sovande på baderomsgolvet. (Ikkje for det at det gjer noko. Baderomsgolvet er nok varmt og godt).
Unni Lindell må berre forbli attlukka denne kvelden, for denne knetta skal såvisst ikkje avsløre noko mord i kveld. Mordjakt kan skje på alle andre dagar enn nett torsdagar.

Nei, det er berre å slutte av medan det enno fins håp........... Ventar eg for lenge, skjærer det seg heilt! Så no er det om å vere hard med seg sjølv........

I alle fall.....Ha ein god natt og sov godt. Ikkje draum om meg som sau og tell meg til du sovnar, for eg vil mest sannsynleg berre halde deg vaken!
Hasta luego!

IWALY!!

onsdag 13. mars 2013

Sier nei til abort og ekteskap mellom homofile. Bergoglio går hardt ut! Den nye paven.... "Endeleg" kom det kvit røyk?
Eg trur dei såg seg lei av å vente på meg, så no har dei altså landa på denne moralisten.

Eg må no le litt for meg sjølv. Han er såvidt komen over dørstokken før sakene han brenner for blir bretta ut (og for nokre saker.......) Kanskje ikkje så revolusjonerande at det gjer noko, men absolutt ikkje nytenkande!

Den nye paven er 76 år. Eit greit tal, sånn eigentleg....... Eg har alltid sett for meg at paven er gamal, så då må dei ikkje endre på det no.
Kva du trur om dei hadde tilsett ein pave på 43 år og attpåtil kvinne? Hhahahaha...... Eg er rimeleg sikker på at ville vore enkelte som hadde gått av skaftet!
Kan forresten ei kvinne vere ein pave? Er det mogleg? (Eg berre spør.......)

Jaja, her til lands treng vi ikkje pavens velsignelse hverken til det eine eller det andre.

Bør bli kvitt sølibatet. Eh, no er eg ikkje sikker på om det er snakk om paven sjølv, eller alle andre. Viss paven ikkje har overholdt sølibatregelen, ja så er han ikkje den første som "feilar". Han stiller seg berre i rekke med mange andre kardinalar.

Viss paven har levd i sølibat heile sitt liv, er det nok livsfarleg å oppheve eit sølibat i ein alder av 76 år.
Skulle han falle for freistinga til å prøve "noko nytt", så kan det hende at han ikkje klarer å halde fokus på det rette lenger. Plutseleg så blir det forstyrrande elementer tilstades. (Og så spørs det om hjartet hans toler det!)
Eg har aldri sett bilete av ein pave som er ute og jogger, så eg berre antar at paver er litt lat?! Ergo kan det ikkje vere særleg bra for hjartet viss ein plutseleg skal bli så aktiv å enkelte områder. Hahaha......  Særleg...........

Biebers hamster er død. Og plutseleg er det ein hærskare med mennesker som sørger over tapet hans. Twitter.......
Jaja, hamsteren hadde sikkert stor betydning for Bieber, og for tenåringsjenter som er over hovudet forelska i Bieber, er det vel viktig å få ytra si medkjensle.

Hamsteren til Bieber er så viktig at den faktisk kom i avisa! Dagbladet! Då kan vi seie at den har satt spor........

Slik må Bh-endin aldri sitte. Heile 7 av 10 kvinnfolk gjer feil.... Jaja, viss prosentandelen er oppe i heile 70 %, er det ikkje vanskeleg å skjønne at jomfru Knutsen må vere blant dei det gjeld.
Eg kan ikkje i min villaste fantasi sjå at eg evnar å gjere det riktig.
Om eg hadde vore blant dei 30 % som "know how to wear a bra" , ja då trur eg at det må vere noko som er riv ruskande gale.
Det kan ein i alle fall kalle "just luck".

Sanninga er "I don´t care"! Eg må uansett ha nokre Bh´ar som held hengepuppene oppe, såååå så lenge dei gjer nytten sin, skal eg ikkje klage.
Skulle no mot formodning brystene hamne nede på knærne, skal eg kanskje søke profesjonell hjelp.

Om ikkje lenge så skal Bh få vere Bh........ Då skal den bli erstatta med den berømmelege dyna mi.
Ikkje har eg tenkt å drøyme om paven som er ute og joggar (eller gjer andre ting for den del). Skulle eg no først finne på å drøyme, så trur eg paven hamnar langt nede på lista.

Ha ein fortsatt fortreffeleg kveld. Sov godt til natta!! :=)
Hasta mañana!

IWALY!!


tirsdag 12. mars 2013

Det er god trim i det å stole på det som skjer på Oslo S!
Eg hadde eit fly å nå og på tavla stod det at avgangen skulle vere frå spor 14. Med nevane fulle av sekk, koffert og visse andre saker og berre få minuttar til avgang, var det berre å gå superfort til målet.
Joda, eg nådde det!
Plutseleg kom det ein mann og kauka at det ikkje kom til å bli noko avgong derifrå. Den var flytta til spor 1 og at toget skulle gå om få minuttar.
Kor i svarten er spor 1?? Joda, opp i avgongshallen og heeeilt i andre enden. Sukk, det var berre å "nesten-springe".
Hurra, det gjekk! Eg rakk å kome meg inn på toget og finne meg ein plass. Berre det at toget stod stille. Kvifor rørte det ikkje på seg?
"Jeg beklager, men dette toget kommer ikke til å gå fra dette sporet. På grunn av feil med signalsystemet på Oslo S, må jeg dessverre be dere om å ta toget fra spor 9. Jeg beklager det inntrufne."
What?? Og kor lang tid hadde vi på det, liksom? Uten peiling på nett det, var det berre å legge i veg. Ut av toget med all bagasjen. Opp i hallen på ny og så finne spor 9.
Eg berre seier det.......Lykken var veeeldig stor når toget starta med å røre seg framover. Med andre ord fans det håp.......

På flyplassen virka ingen av innsjekkingsautomatane (hurra!). Så då blei det venting på å få sjekke inn manuelt (og eg var ikkje først i køen).
Med reisa nedover friskt i minne, var eg pittelitt uroleg for at ikkje ting skulle gå som smurt nordover. Det er jo trass alt ein båt som skal nås!
Vi kom oss ombord på flyet sånn høveleg i tide, men det slo ikkje feil. Uroen eg følte, var høyst reell.
"Dette er kapteinen. Jeg beklager, men det er to som har sjekket inn som ikke har møtt opp til flyavgangen. Av sikkerhetsgrunner må vi ta ut bagasjen til disse to. Dette kan ta noe tid siden flyet er fullt." 
Skjønte eg det ikkje? Eg var rimeleg sikker på at eg måtte reise til Narvik og bli henta der. .........
Etter ei stund hadde dei funne den første kofferten. Endeleg fann dei den siste og vi kunne lette.
Kapteinen klarte å fly inn litt av tida og vi landa berre eit kvarter etter tida. Eit guds under!!

Så på litt over to døger syns eg at eg har brukt opp min kvote med venting for eit heilt år, minst!
Er det rart eg syns det er godt å vere heime att?
Mammakos er undervurdert!!

Svart røyk fra pipene. Ja, er det så rart då? Korleis kan dei einast om noko så viktig når jomfru Knutsen sit heime i sofaen i ei nordlandsbygd?
Nei, den kvite røyken kjem til å la vente på seg! :=)

Derfor er sex sunt. Det står faktisk "Elsk deg frisk". Så då veit de alle kva som må gjerast. Slutt med å syte og start med å gjere noko med det!!

Dårleg hjarte, vondt i ryggen, deppa...........? You name it! Sex gjer lindring! OG det er vel dokumentert. I alle fall om vi skal tru urolog og spsialist i seksuelle problemar, Raymond Mortensen. Og kven vil vel ikkje tru på ein spesialist?

Så med mindre du er perfectly frisk........

Daniel jages av FBI og risikerer 480 års fengsel. Jaja, om han blir funnen, så ser vel ingen han den næraste tida. Kor lenge er eigentleg 480 år? Kan ein ikkje ta bort 1450 månadar av desse åra? Med tank på at det er noko som heiter fengselsår........... Ein kan i såfall ta bort over 100 av åra.
Hmm..........100 år? Då står han jo berre att med 380 år. Er det så mykje så?

Eg har aldri skjønna meg heilt på vitsen med så lange dommar. Kan dei ikkje berre seie at han skal sitte inne på livstid og at livstid betyr til han døyr. Det blir jo berre teit med 480 år. (Viss ikkje dei skal spare på han som ein mumie........Kan jo hende det.)

Nei....... Denne knetta er supertrøytt. Det er såvidt ho evnar å lese det som står på skjermen. Då er det berre å kapitulere til ei betre verd. Soveverda!
Akkurat no er det vel ingenting som kan konkurrere med nett det!

I morgon er det ein ny dag. Sørg for å gjere den til ein god dag. Skap litt glede rundt deg.........
Ha ei god natt! :=)

Hatsa mañana!

IWALY!!


mandag 11. mars 2013

Det er ikkje ofte eg besøker houdstaden, men eg var her ganske ofte tidlegare i livet. Eg trur nesten ein kan konstantere at det ikkje er store endringa her sidan eg var i tenåra (for å setje det litt på spissen).
Då vi var 15, var det mest spanande vi kunne gjere, å stikke innom kondomeriet og kjøpe små sjokolade-bygåver eller slikkepinner til venninnene våre.
Kondomeriet ligg nøyaktig der det gjorde for snart 25 år sidan. Akkurat det same, lille lokalet som alltid. Berre at i dag er ein ikkje 15 år lenger, så ergo freista det ikkje så mykje å gå inn i "det herlege" rommet.

Eg var ein aldeles kjapp tur oppover Karl-Johan rett etter at vi var ferdig med dagens innsats. Når tida er knapp, går det fort i svingane. Det var om å finne ei musikkforretning, men sjølvsagt finn du ikkje det på Karl-Johan!! Det fann eg fort ut etter å ha nærma meg slottet med stormskritt.
Det som er så bra, er at i dagens samfunn har dei fleste med seg internett i lomma. Genialt på ein slik dag som denne. Eg kunne jo berre google.........and I did! Kongens gate 14. Kor i svarten er Kongens gate??
Dei små grå har vel aldri jobba så hardt på spreng som dei gjorde nett då. I og med at det er over 20 år sidan eg sist var i Kongens gate, så er det ikkje berre, berre å hente fram ting frå bakhovudet.
MEN, eg klarte det!! (Stort smilefjes!!)
Berre for å konstatere at eg var tre minuttar for seint ute. Dei hadde akkurat låst dørene!! Går det an å vere så uheldig? Der måtte eg stå og sjå inn på dei lekre instrumenta, men må reise heim utan eit einaste sjølv.......Sukk!

Hadde denne jomfrua kobla litt tidlegare at det gjekk an å google, så hadde ho nådd det. Typisk! Så då måtte det sjølvsagt trøystehandlast!
Eg skulle i utgongspunktet ikkje på noko shopping, men når Oslo City nesten ligg vegg i vegg med den nesten 40 etasjers høge bygningen eg bur i og det faktisk er opent heilt til ti.......... Slaget er tapt for lenge sidan.

Oslo City...... Eit kapittel for seg sjølv!!
Det er stort og flott (innvendig) og supermange butikkar. Nok til at augene går seg varm etter ei kort stund. Eg kjente at eg blei litt småklar i augene av di det var så mykje rundt meg, men stakkars lille meg klarte seg heilt utmerka.
Ein "bonde" på bytur. På leiting etter ein klesbutikk med borneklede.
Jeeezzeees kor mange klesbutikkar det er i senteret, men like mykje jeeezeeees til at eg holdt på å leite meg etter ein butikk tilpassa born.
Eg måtte til slutt konstatere at det ikkje bur born i Oslo. Oslo er rett og slett bornlaus! (Litt rart med tanke på alle som bur her. Nokon av dei må no vere glad i å kose så det blir resultatar?!)

Eg kom til slutt til ein butikk der dei hadde to ulike bukser, like mange jumprar og jakker. That´s it! I gave up.
Men å gje opp er heller ikkje berre, berre! Kor skal ein gå når ein har gjeve opp? Korleis kjem ein seg dit ein kom inn i bygningen. Kva etasje er eg eigentleg i og kor er utgongen?
Og så var det han som ropa og kauka i eininga. Ingen skjønte kven det var han kommuniserte med.
Eg holdt på å be han om å klappe att, men så kom eg på at eg skulle kome meg heil heim att. Ikkje kome på forsida av Vg liksom.
Det er nok at eg skriv om Vg, om at eg ikkje i tillegg skal hamne på innsida av ho........

Det var ein ting som slo meg........ Vi er eit multikulturelt samfunn. Etter ei lita stund langs gatene og inne på "cityen", så er det ikkje vanskeleg å sjå nett det.
Det eg reagerte på, er dei tydelege ulikskapane som er mellom oss nordmenn og dei som kjem frå andre land. (Eg tenker ikkje då på dei nordiske landa).
Det kan hende at det er eg som er heilt på villspor, men eg kan ikkje påstå at eg er så vane med å sjå normenn sitte på golvet på store kjøpesenter og prate i telefon. Det var det som var tilfelle på Oslo City. (Som eg i heile kveld har kalla City Nord av ein eller annan grunn...). Heller ikkje at det er vanleg at ein sit og matar bornet sitt inne i ein liten huk. Eit foreldrepar sat inni ein huk med maten på golvet og fora ungen sin med den. Alt var satt ut rundt dei og det såg alt anna enn bekvemt ut.
Normalt ville ein vel ha satt seg ved eitt av borda som står rundtom?!
Eg reagerte i alle fall på det....... Ikkje noko vanleg syn der eg kjem ifrå, men det er kanskje av di vi blir spart for mykje ved å ikkje bu så sentralt til?!. Eg veit ikkje.........

No var det ikkje så mange tiggarar oppetter Karl-Johan, noko som er forståeleg i denne vinterkulda. Likevel, nokre var det no..... Eg ga ikkje pengar til ei einaste sjel!
Etter å ha lese ein artikkel om at små born blir pumpa med heroin for å vere stille medan foreldra sit og tigg, har eg funne ut at å gje pengar til tiggarar nødvendigvis ikkje treng å bety at ein hjelper dei. Så med mindre eg heilt konkret veit at eg hjelper eit menneske, kjem eg ikkje til å strø om meg berre for å gjere det.

Jomfru Knutsen har hatt latterkick i kveld!! I riktig stort monn. Det smitta litt.......... Tårene har trilla og innimellom var eg litt redd for at eg skulle vere svart under augene.heilt til vitet kunne fortelle meg at når ein brukar mascara med kvalitet, så blir du ikkje svart under augene. Dei er nemleg tårefast! Noko som trengtes veldig i kveld. Så takk for det! :=)

Når alle snur seg og seier "Der e ho som flira sånn i går kveld" i morgon tidleg under tysdagens kursstart, skal eg berre smile og håpe at det ikkje betyr at eg startar på att. Viss ein først blir flirfull...... Det er slett ikkje så lett å gjere noko med det!! (Dessutan er det jo smittsamt og det er jo bra) :=)

Tage (82) ble vasket av bilvasken. Hehehehehe........Eg må no flire litt til!
Ein skal ikkje gjere narr av andre og her er det trass alt snakk om ein eldre mann.......men av og til går det ikkje an å la vere.
Eg har fleire gonger tenkt tanken på "kva om nokon er så uheldig at dei blir vaska av bilvasken?". Ein reell tanke med andre ord!
Eg har aldri høyrt om at nokon har vore så uheldig, så eg har berre avfeid det med at det ikkja kan skje. Vi har meir enn god nok tid på å kome unna.
No har det alså skjedd!! Og då kan eg ikkje berre la vere å le av det. Det er jo litt komisk (sjølv om det nok er synd i den utvalgte). Eg er berre glad det ikkje er eg sjøløv som er innblanda!

Det er i Sverige at slikt skjer... Say no more! Tage var faktisk heilt uskuldig. Han vaska med hlgtrykksspylar inne i hallen. Ein kunde på utsida satte igong maskinane. I og med at Tage ikkje var klar over det, stod han midt "inne i" maskinen. Det sørga for at sensorane trudde at bilen var komen på plass og vips.............. 20 sekundar blei han spyla før han kom seg bort. (Heldigvis like heil).
Eg har nett sett opptaket av det heile. Sånn kan det gå!
Det er i alle fall nok til at eg kjem til å fortsette med å ikkje så mykje som opne døra på gløtt før bilen køyres inn i hallen. Eg sit til eikvar tid inne i bilen for å vere sikker på at eg ikkje skal gjere noko galt. Sånn får det berre fortsette å vere.
I og med at eg ikkje er for 100% likestilling innanfor kva vi skal gjere, så betyr det at eg meiner at vaskehall er mannens ansvar. Ferdig med deg liksom.
I have never done it and I never will! Då tar eg heller og vaskar for hand!

Løy om fartsovertredelse, dumpa kona for biseksuell sekretær, kona tok hevn, nå må begge i fengsel. Ei herleg suppe!!! Hahhahaha..... Vg-nett er faktisk litt artig i kveld. Enkelte folk er rett og slett berre herleg. Så spørs det kven som vinn rettsaka.

Ekteparet var ansett som eit at Eglands mest suksessrike par. Ikkje veit eg korleis dei har blitt rangert slikt, men at rangeringa var feil, ja det har vi nett fått bevis på!
Spørs om ikkje kjerringa var einig med dei som har rangert dei. Ja, i og med at ho blei så sur for å ha blitt utklassa av denne biseksuelle kvinna som overtok mannen hennar.
Ho følte vel at han skulda ho litt meir etter at ho for nokre år sidan "overtok" nokre av prikkane hans i sertifikatet.
Litt for kraftig trykk på gassen. Ikkje heilt heldig.... Så for å ikkje miste lappen, laug han om at det var kjerringa som køyrde! Hmm.......For ei klyse!! Og så gidd ho bruke energi på å hemne seg på han når dette skjer?
Nesjda...........

Hevnen var ikkje verre enn at ho sa ifrå om at det var hans prikkar og ikkje hennar. Så no må dei begge sone x antal månadar i fengsel
Får håpe dei ikkje får same cella då!! Hahahahaha...... Det vil jo vere lykken på jord. Dele celle med eks-kjerringa som ikkje har så høge tankar om deg. Fins det verre på jord? Tihihi.....

Er rødvin virkelig sunt, og får du høyt kolestrol av egg? Det er mange myter ute og går i dag og mange lev faktisk etter desse mytene.
Så spørs det..... Kan ein lite på at ei myte er korrekt. Er det verkeleg så sunt med denne raudvinen? Kva med egget? Kjem du til å døy tidlegare av di du et egg, liksom?

Eg har nett lest om det.... Eg trudde det skulle vere meir spanande lesing, men der tok eg feil. Eg lærte at ein ikkje legg på seg av poteter, men at det er den totale mengden inntak av mat som avgjer om ein blir tjukk eller ikkje.
Berre spis egg og gløym for all del ikkje at det er snakk om EITT glas raudvin om dagen.Ikkje eit ølglas med vin, men eit normalt glas vin. (Polet blir nok ikkje rikare på meg!)

Klokka tuter og går......Eg skal stille mobilen på vekking før eg legg meg på den deilege puta. Det gjekk ikkje an å bestille ein hottis til å kome og vekke meg, så då får eg klare meg med ein fin song på mobilen. Herleg å vakne til det også! :=)

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!
Hasta luego :=)

IWALY!!!



Sånn der........

Akkurat no så føles livet akkurat sånn der...........sånn der når vekkeklokka ringer ein halvtime for tidleg! Ikkje vekkerklokka si feil, akkurat, men ei heller ubetenksom Beathe. Likevel, ganske herleg å stå opp og sjå ut av vindauget. Oslo er rikeleg forsynt med sol i dag, så for dei som er her og ikkje har arbeid dei skal utføre dei neste timane, vil få nokre fantastiske timar om dei vel å utnytte det!
Eg er diverre ikkje blant dei.......

Frukost på hotel plaza. Tja, eg veit ikkje. Nok av god mat, det er sikkert! Eg er ikke akkurat vant til denne folkemengda som er her. Frukostsalen er stoooor og det sit mennesker rundt nesten alle borda. Ikkje berre, berre å finne kjenningar. (Men eg fann!)
Kø meg her og kø eg der.......

08.33......Frukost ferdig inntatt og kroppen klar til dyst. Hmmmm.....Det var det med den halvtimen. Det må å stå opp litt over sju når ein heller kan sove.
Registrering mellom ni og ti. Klokka ti set vi igong. Klokka 10!!
Så denne jomfrua var ferdig med frukosten litt over halv ni og det ein og ein halv time før showet startar!
Treningskleda ligg att heime............ Her er både trimrom og basseng osv. Jaja....... Eg har lagt meg att. Ei god seng og data. Ikkje heilt feil det heller.

I stad drøymte eg meg heilt bort.........heilt bort i natta. Eg sat i mine eigne tankar og plutseleg såg eg for meg at eg tok ned det flotte maleriet frå veggen og strena gjennom resepsjonen og ut. Det var ingen som reagerte på det, så eg blei aldri stoppa.
Eg tvilar på at dei ville ha oppdaga det med det første...............
Tenk kor lett det hadde vore. Berre tatt det under armen og rusla sakte men sikkert ut av hotellet.
Kven vil vel mistenke ei som kjem med eit bilete heilt sånn openlyst??
Jada.....Eg veit eg er rar! Det er berre det at det fins så mange uærlege menneskei verda, så det er eigentleg rart at det ikkje forsvinn fleire bilete frå hotella.

Kondolanseklem fører til islam-kritikk. For ei verd. For ein religon. Når den iranske presidenten blir skulda for å miste kontrollen av di han gjer ein kondolanseklem til ei som har mista sonen sin, så blir ting satt i litt perspektiv.

Det er ikkje lov til å gje håndtrykk og aller minst ein klem til ei kvinne som ikkje er i familien din. Ikkje under noko høve........
Spesielt ein president skal ikkje vise følelsar!!

Det får i alle fall MEG til å tenke. Tenke på kor godt vi har det. Vi veit ikkje sjølv kor godt vi har det.
Vi som sjølv kan avgjere kva vi vil tru eller ikkje tru. Vi som kan gå i dei kleda vi sjølv finn ut vi vil gå i. Vi som stort sett kan seie det vi vil. Vi som er kvinner med rettigheiter.

Eg kritiserer ikkje islam. Ikkje akkurat no i alle fall. Eg berre konstaterer at eg er glad at eg ikkje veks opp i eit samfunn der menn bestemmer og der vi ikkje kan vere sjølvstendige individ på alle område.
At eg veks opp i eit land der menneskeverdet betyr noko, sjølv om eg er kvinne.
Eg er ikkje underlagt nokon som helst.
Mine tankar, mine ord, mine gjerningar.........

Nei, å tru at eg har så god tid, ja det re det same som å tru på nissen. Eg hadde god tid. Kjempegod tid! Kva hjelper vel det når ein er ekspert på å dagdrøyme.
No er det å kome seg ned i rett etasje, finne rett lokale og få dei små grå opp på stasjon.
Som sagt, ein nydeleg dag i hovudstaden, men den skal nok tilbringast inne.

Ha ein strålande fin dag!! Det er måndag, ukestart, så sørg for å ha ei flott uke!

Hasta luego! :=)

IWALY!! 

Oslo!

Jomfru Knutsen er på reisefot!! Så langt har turen starta kjempebra, så korleis det blir å ende, attstår å sjå.....
Neida, så altfor bra har ikkje turen starta. Då lyg eg! Men heldigvis har ikkje dagens tur og sjølve målet med reisa så mykje med kvarandre å gjere, så det blir sikkert "flotte" dagar. Kanskje det er meir korrekt å seie innhaldsrike dagar......

Halv tre starta eg........ Bilen var i kaldaste laget,men berre dei første to minuttar. Då syntes det litt teit å sitte der med ei svær boblejakke på seg. "Korleis er vèret og temperaturen i Oslo?" Sikkert kaldt der også, så boblejakke måtte det bli.

Tre timar, nesten, sat eg og venta på flyplassen og alle veit jo at Evenes er ein megastor flyplass med masse butikkar og stinn i folk til eikvar tid......
Eg sat der, ganske åleine. På bordet foran meg låg det kryssord, bok, mobil, mat, drikke.......tja, alt som trengtes for at eg skulle få tida til å gå litt kjapt.
Det blei mykje venting! Tre timar....altfor lenge.
Så fekk vi gå ombord og denne knetta gledde seg til at det ikkje var så lenge til ho kunne sette føtene sine på jorda i hovudstaden Joda, det er jo greit at ein håper. Det er ei lykke å ikkje vite på førehand kva som skal skje. Det er altså sikkert å visst. Hadde eg visst at eg skulle sitte to heile timar inne i flyet før vi i det heile tatt letta......... Gud betre! Det var mange som blei tissetrengte i løpet av dei to timane, men var toaletta opne?? Nope......Ikkje så lenge flyet står på bakken.
"Dessverre, du må vente til vi kommer opp i luften", høyrte eg fleire fekk til beskjed. Så gøy var det!!
Mangel på folk i Oslo. Vi kunne ikkje få lande der, vi måtte berre vente. Og vi venta!!

Halv tolv kunne eg entre hotellkarmen. Hotell plaza.......Endeleg! Trøytt.........etter først ha fått meg ein liten luftetir frå Oslo S og hit.
Eg var litt skeptisk og vurderte drosje, men så tenkte eg at "det skjer ikkje meg". Er det ikkje det vi som regel tenker?
Så kvifor ta drosje når det er mindre enn ti minuttar å gå? Sju kanskje?!
Eg hadde jo ikkje akkurat minikjørt og høge stiletthelar, så viss nokon skulle finne meg interessant........

No er eg i alle fall her. På eit rom som er ganske fint. Nok stort til at eg nett har bestemt meg kor eg skal sove. Hahahaha.......... Eg tok ei brei og god seng til høgre. Midt i mellom ei anna seng og ein stilrett "godsofa".
Ferdig stella med dataen i senga. Kunne det vore betre?
Tja, det er vel berre ein einaste "ting" som manglar......................

Retrostilen som gjør huset ditt Charter chic. What?? Det kan hende det er litt seint på kvelden, eller rettare sagt natta, men eg veit ikkje om eg kan skulde på det eller ikkje. Ein ting er sikkert og det er at det ringer inga bjelle i blant dei små grå når eg les denne setningen. Kva betyr den eigentleg?
Den høyres jo ganske fancy ut, men dog..........

Eg trur det er Charter chic eg ikkje har peiling på kva er. Chic? Eg tenker mitt, men er ganske sikker på at dei orda eg tenker på når eg les desse, ikkje er dei som er meint å vere.
Jaja....Det får meg jo til å ønske at eg veit det og difor er det berre ein ting å gjere. Skattejakt!!

Hahaha......Charter chic er berre ein trend. Ein gamal ein. Eg var ikkje eingong påtenkt då den tida var som er inspirasjonen til denne chic-greia.
60-talet. Eventyrlysten og entusiastisk!! Flotte ord, vil eg påstå. Så med andre ord så skal huset ditt bære preg av at du er eventyrlysten og entusiastisk.

Hahahah........Eg ser for meg at eg hadde fått den oppgåva. At eg hadde fått i oppgåve å løyse......."Puss opp huset ditt så det blir Charter chic".
Jeezzzes, hadde eg sagt og så hadde eg gått og lagt meg. Eg hadde då vel aldri voe i stand til å på eigenhand kome på noko som kan virke eventurlysten?! Eller....... Eg hadde kommet til å stå heilt fast.

På biletet på nettet er det fargerike tekstiler.

Når eg tenker meg om, så er eg kanskje ikkje så dum likevel. Alle skjønnte vel kva eg tenkte på då eg las ordet charter?
Eg hadde jo rett.Wow.........Det ville eg aldri trudd om eg ikkje nett har lest det. Charterturismen starta på 60-talet og derav ordet.
Men så var det jo det der ordet "chic". Eg trur ikkje at eg skal kommentere det så mykje.......

Ein ting er sikkert. Skal det pussast opp noko som helst, skal det vere i fargar eg syns er fin og uavhengig av kva alle andre syns. Om det er ein trend eller ikkje.......Eg gjer meg vel no katta! Noko Charter chic blir det i alle høve ikkje. Det blir altfor fargerikt.
Dessutan trur eg eventyrlysta treng å dempast innimellom og difor treng ein ikkje veggar og tekstiler som gjer det motsatte.

Nei.......Klokka er alt anna enn på parti med meg i dag. Det er altså sikkert og visst! eg har vel ikkje anna å gjere enn å stenge av og få meg nokre timar på augene. Så no ser eg berre fram til ein framifrå frukost på morgonkvisten viss eg finn fram til frukostsalen. Satsar på det! :=)

Ha ei fortreffeleg god natt.
Hasta mañana!

IWALY!!

lørdag 9. mars 2013

Søtstoffet kan gi kreft og for tidlige fødsler. Det er snakk om Papsi max, Cola light.........
Jaja........For tidlege fødsler? Eg fødde seks uker før tida og eg smakte aldri dråpen av hverken Pepsi max eller Cola light. Så det kan vel skje kven som helst.
Kreft? Tja.......Eg må no "face the traffic" kvar einaste dag. Så då må vi vel avskaffe bilane, slik at vi ikkje døyr i trafikken.
Stoffa i brussortane........Tja, brus er no berre eitt produkt av mange i denne verda som er kreftframkallande og liknande.

Ikkje greit å vite kva ein skal tru, eigentleg, når enkelte går ut og friskmelder aspartam, medan andre angrip attende når det skjer.
Så les folk om det og gjer seg opp ei meining og blir standhaftige i sine diskusjonar men andre av den enkle grunn at dei veit best!!
Eg er eitt hundre prosent sikker på at møter eg på rette vedkommande og seier at det ikkje er farleg med aspartam, ja då vil han tru at eg er heilt idiot. For dei opplysningane han har, er jo sjølvsagt korrekte! (Eg  tenker ikkje på ein spesiell person, men bruker "han" som eksempel. Det kan vere kven som helst).

Så istadenfor å henge meg opp i ditt og datt, så spis eg det eg vil og drikk det eg vil. Så kjem eg å døy når den tid kjem likevel.
Dessutan trur eg at det er noko heilt anna som kjem til å ta knekken på denne røya, så viss eg vil ha Cola light, så blir det det! (For Cola er så veeeeeldig mykje betre!!????)

Flere prester levde et dobbeltliv, og var ute av kontroll seksuelt. Hmm......Kva vil gagne verda best? Ei uvitande jomfru frå Vesten eller ein nymfomanisk prest som også lever ut sine lyster blant born?
Ei vanskeleg problemstilling med andre ord!!
Så synd at eg slo det heile i frå meg her om dagen. Psyken er ikkje lenger innstilt på noko pave-embete.
Fristen for å sende avgarde CV´n er ganske sikkert forelda for lenge sidan. Så når den kvite røyken stig ut av pipa, er det nok ein annan galning som får trona.

Sanninga er at det er fleire av kardinalane som står på lista for å bestemme kven som skal bli pave, skal ha vore delaktig i saker som vi absolutt kan kalle for uetisk!!!
Fleire av dei har blitt bedt om å trekke seg, og så vil tida vise om dei faktisk gjer det.
Skulle vi ende opp med ein pave som ikkje har reint mel i posen, vil ei heil verd miste tilliten til heile pavesystemet og då trur eg ikkje pave-veldet vil overleve i så stor grad i altfor lang tid.

"Om det skjer en katastrofe, vil kvinner trygle menn om beskyttelse".  Likestilling kan bare finnes i et avansert samfunn. I alle høve om vi skal tru det Camille Paglia og VG-nett.

Eg skal innrømme noko....... Eg er slett ikkje for full likestilling i samfunnet. Ikkje slik som mange ser på likestilling.
Likestilling, som begrep, betyr "lik løn for likt arbeid". Eit ordtak eg stiller meg eitt hundre prosent bak. Det er jo DET som er hovudpoenget bak det heile. Så har det berre eskalert og mange meiner det skal vere likestilling innen det meste.
Det må vere minst "så så mange" kvinner i eit styre, "så så mange" kvinner i .........bla, bla, bla.....

Kva er viktigast? At ein får eit best mogleg styre, enn at vi kvinnfolk skal bli behaga på best mogleg måte?
Det er sikkert mange som vil arrestere meg for å seie slikt og det er sikkert mange som kan bombadere meg med tusen argument som trykker meg ned i sanda. Eg tvilar ikkje på det.
Likevel, om ein set det litt på spissen, så er det litt galskap bak det også.
Når ein sit med ein stjernekandidat og ikkje kan velgje han av di han er mann. For det skjer, det også!

Eg kjem alltid til å meine at det er ting som er forbeholdt menn og det er ting som er forbeholdt kvinner. Slik er det berre. Det er ikkje meininga at vi skal vere like i det meste.
Og JA!!! Eg kjem garantert til å be menn om hjelp om det skjer ei katastrofe. Menn er sterkare, menn har trygge armar, menn beskyttar oss til det ytterste om dei må. Så vi kan meine kva vi vil.......Vi er avhengige av kvarandre, begge veier. (Menn og menn........Ein tyr vel aller helst berre til EIN mann.., men du ser vel poenget?!)

Beklager, men det hjelper ikke å sove lenge i helgene.  Det er berre å kome seg ut av senga på morgonkvisten.
Å sove utpå er berre å gjere deg sjølv ein bjørneteneste! (Eg veit kven eg skal slenge den setningen i.....)

Det er faktisk ikkje verre enn at det beste er at vi held ein stabil døgerrytme. Altså......Sov nok når det er ukedagar og då treng vi heller ikkje ekstra søvn i helgene. Stå opp i seks-sju-tida og få med deg dagen. Det er det sunnaste.
Jajaja......... Du kjære kollega på rom 1. Trur du at du kjem til å stå opp i sekstida neste sundag, etter å ha lese dette?? Eg kan sende deg ein waka-waka du kan vakne til?
Eller........Vi kan møtes for ein trim i hallen. HAhahahahaha........Thihihi............

(Ikkje røp det bort, men det er ingen fare for at det skjer. Dyna er bestevenen min!!!!)

Det er laurdagskveld. Eg har nett vore ute ein tur. Det var vondt å puste......Kulde, heiter det så fint. Eg håper det betyr at vi får litt stabilt vintervèr framover.
Kulda er lett gløymt no når eg sit her i varmen og ikkje treng å tenke på noko som helst.

Ha ein fortsatt fin kveld. Nyt laurdagskvelden!!
Hasta luego :=)

IWALY!!!