lørdag 2. mars 2013

Kelner, det er en giraff i maten min. Denne gongen er det ikkje snakk om hest. Kjøttet som skulle stamme frå ein antilope, var ei salig god blanding av giraff, esel og vannbøffel!! Hahahahaha........ Det er jo umogleg å ikkje flire til det! For ei blanding...........

Då eg først las overskrifta, tenkte eg at anten så kjem det ein dårleg "svenskvits", eller er det nokon som har funne eit eller anna med girafform i maten sin.
Så var det berre ein journalist som har hatt det artig og leika seg litt med orda. Ut av det kom så denne setningen.......

For det første så er det berre å seie ordet giraff og verkeleg lytte tl ordet når du seier det.
Høyrer du????? Det høyres så absolutt ikkje ut som noko ein spis! Eller?? Usj......Giraffkjøtt......
For det andre er det berre å gjere nett det same med esel. Hallo?! Esel!!
Så treig som det dyret er, fins det vel ikkje noko seigare kjøtt.
Tvilar på at jomfru Maria ville spist dyret som hjalp ho fram.

Vannbøffel? Tja, nja, hmm.........Eg veit ikkje. Eg er glad vi ikkje har vannbøffel her i alle fall. Om eg tar meg ein tur til Sør-Afrika, så er vel sjansen stor for at eg kan teste ut smaken på eit slikt dyr.
Skal eg til Sør-Afrika med det første? Ikkje det eg veit.......

Nei, etter at dei fann spor av hest i Frankrike her tidlegare, har det visst berre eskalert. Så no lurar eg eigentleg berre på kva det heile kjem til å ende opp med.
Kanskje vi alle blir nøydd til å bli bønder. Så kan vi slakte dei dyra vi vil sjølv............ Viss det ikkje blir sånn som med far min........ Han var med og slakta høns då han var yngre. Resultat? Han åt ingen form for fugl i vaksen alder og skjønnte ikkje korleis folk kunne bestille kylling til middag.

Ein annan prøve dei har tatt, viser ei blanding av giraff, svin, hest og kenguru. Kenguru!!!!

Slik får du sterkere og lengre orgasme. På ny skal Dagbladet prøve å lære oss opp i kunsten å nyte livet! Det er ikkje så lenge sidan sist dei hadde oppe temaet.
Onani-magi kallar dei det! Det handlar rett og slett om å lære opp kroppen til å tåle meir tilfredsstillelse. Dette er då ifølge ein verdskjent sexdoktor. Så då har dei vel dokumentasjonen på det dei skriv på si side.

Avisa gjengir nøyaktig oppskrift på framgongsmåten for å oppnå den sterke oppskrifta, men eg skal på ingen måte referere den her. Så er du nysgjerrig på kva som skal til for at du skal nå "himmelen", er det berre å logge seg på Dagbladet si nettside....... Der står det svart på kvitt!! Til og med korleos du må puste............ Livet blir aldi meir det same!! :=)

Lech Walesa raser mot homofile. Ein kan spørre seg om Lech Walesa sine ytringer er ein fredsprisvinnar verdig. Viss det er homofile blandt dei folkevalde, burde dei sitte på bakerste rad, eller aller helst bak ein mur. Den polske arbeidsleiaren bør vel kanskje tenke seg litt om før han ytrar dei sterke meiningene sine.
Det er klart at han har rett til å meine nett det han sjølv vil om homofile, men i og med at han er ein tidlegare fredsprisvinnar, er det nok uheldig å kome med slike uttalelsar.

Det er mange årsaker til at det er krig i verda. Mange vil sikkert påstå at religion er ein av dei tyngste grunnane. Vel, i bunn og grunn handlar det vel alltid om folks haldningar. Haldningane til dei som står bak krigane.
Så kanskje ein som er kåra til å vere med på å skape fred i denne verda, ikkje bør avle til "krig" sjølv om han ikkje er fan av homofile.

Hvordan kan jeg ha legitimasjon på meg når jeg er naken? Godt spørsmål!!
Hahahaha........Ein manns mareritt. Han klarte på eitt eller anna vis å låse seg sjølv ute frå hotellrommet. Noko som i seg sjølv burde vere ganske så vanskeleg å klare når ein er naken. Utan ein tråd!
Eg vil tru at ein ikkje går ut på gongen om ein ikkje har på seg noko som helst, men verda er visst ikkje så forutsigbar på det området likevel. :=)

Mannen prøver sjølvsagt å kome seg inn på rommet og det er nok ikkje så hyggeleg å stå der å sprade med lillelegemet sitt til andres åsyn når dei passerer han.
I tillegg må det jo ha vore megaflaut å tilslutt ta avgjerdsla som sa at han måtte gå ned i resepsjonen for å få ny nøkkel! Hahahahaha......... Eg trur eg hadde døydd om det hadde vore EG som stod bak disken........ Fantastisk bra!!
Og sååååå genialt å spørre ein naken mann som har låst seg sjølv ute på gongen om legitimasjon! Hahahahaha..........Dagens "blondie" liksom.

Sukk......Hotellet har sjølvsagt overvakningskamera i gongane og eg har nett seg videoen med sjølve hendinga. Eg ler så tårene trillar...... Stakkars mann!!
Han dekka seg til med ein tallerken som låg på gonggulvet og gjekk for å ta heisen ned.
I heisen stod eit kvinnfolk med ein gutunge. Kvinna fekk rett og slett sjokk og dekka augene på guten og styrta ut av heisen. (Ho trudde vel mest sannsynleg at det var ein galning som kom).

Ein skal ikkje gjere narr av andre, men det er rett og slett umogleg å ikkje flire av det heile. :=)

Nei, ein må jo berre slutte av no medan humøret er på topp! Elles risikerer eg at eg finn ei trist sak og så er "magien" borte...... Det vil eg ikkje ha noko av! Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når du legg deg!

Hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar