mandag 4. mars 2013

Helseskadelig å stå for tidlig opp. Så er du B-menneske, er det ikkje anna å gjere enn å kome for seint på arbeid. (Det ville arbeidsgjevaren ha likt!!!!)
Men eg tullar ikkje. Det er det dei "rekomanderar", som det så fint heiter på svensk.

Vekkerklokka sin snooze-knapp er ganske sikkert ein av hovudfienden til mange. Enkelte hatar den sikkert så mykje at dei trevjar ho i soveromsveggen kvar gong ho gjer lyd ifrå seg. (Ein god grunn til å ikkje la mobilen vere vekkerklokke!!)
Etter x antal gonger i veggen, er det ut og kjøpe ei ny. (Ganke lett om du bur der eg gjer!)

Eg kjenner faktisk enkelte som er så lite ven med klokka at dei gjer nett dette. Sånn eigentleg er eg ganske sikker på at eg kjenner fleire, men at eg berre ikkje veit det.

Slumring......... Når vekkerklokka ring for tiande gong, ja då er det på tide å hoppe i dusjen. Då er det berre skundar om å gjere. Alt går i hurtig tempo. Då kan ein ikkje bruke tid på å tenke om det var lurt å bruke intimsåpe.......eller sjå seg sjølv i spegelen og konstantere at q-tipsen du nett stappa i øyret, aller helst ikkje skulle vore brukt. Sannsynlegvis dytta du berre driten lengre inn.
Make-up? Tja........ Det var den der hersens vekkeklokka som var så dårleg ven at ho ikkje fekk deg opp tidsnok.
Vel, gutta på arbeid er vel ikkje så "hot" at det gjer noko. Dei døyr i alle fall ikkje om du dukkar opp usminka. Kanskje du skremmer dei litt og sørger for at dei ikkje ømsker å vakne opp med deg, men kven vil vel vakne opp med ein av gutta på jobben??

B-menneske. Verda er kanskje ikkje heilt skapt for deg?
Eg tippar dei fleste sover for lite!

Denne knetta er ikkje heilt i slag, så dagens innlegg blei ikkje av den lengre sorten. Eg får ta natta til hjelp og så blir heilt sikkert morgondagen fantastisk! Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt!
:=)
Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar