søndag 3. mars 2013

Storken gidder ikke fly til Afrika lenger. Thihihi...... Eg måtte le godt for meg sjølv då eg såg den setningen.
Der har jaggu meg fuglane også blitt late!! No er det ikkje berre oss menneske det går adundas med.
Kanskje det er litt for mykje sement i lufta?
(No er det vel ikkje latskap som ligg bak denne endringa, men "so what"?)

Pekes ut som kannibal-mentor. Jeeeeezes...... Kva er det? Kannibal-mentor....... Er det ein som lærer andre korleis ein et menneske? Sånn der kursing i etegilde, liksom?
Sykepleier mistenkt for å planlegge voldtekt, drap og å spise kvinnfolk. Ja, sjå der! Det måtte jo sjølvsagt vere kvinnfolk som skulle fortærast. For vi er jo ikkje seig i det heile?! Hahahaha...... Stakkars mann. Han har jo misforstått heilt.
Det må jo vere grueleg mykje meir mat i ei saftig og god "ølvom" enn desse kvinnfolka?! Hmm....Han er visst ikkje særleg smart.
Nei, et ein mann med ølvom og få deg ein fest på kjøpet. ("Gamalt øl" i form av feitt er sikkert megagodt. Er du heldig, så heng enno rapen godt i).

Sjølvsagt måtte det vere snakk om ein brite. Britane likar jo ikkje at vi søv ute i vognene som baby, vinterstid, men å spise kvinnfolk...........DET går an!! :=)
Både mannen og sonen på 30 blei arrestert i forrige uke. Så då må det vere sonen han har vore mentor for. (Håper berre dei ikkje har fortært mora/kjerringa i fellskap!)

Mannen har i ein e-post skrive at han har spist to kvinnfolk! Creepy, spør du meg.
Klart han nektar for det når politiet spør han. "Berre oppspinn".
Han skal ha vore heftig i sine diskusjonar med ein "ven" frå USA. Ein som er ein god del mykje verre enn han sjølv. Ein som verkeleg har stått på.

Jaja....... At folk er rare, er det vel inga tvil om?!

Sjekk deg selv for sykdommer med "urinprøve-app".  App?? Er ikkje det noko ein lastar ned på mobilen? Sånn som eg har gjort i fleire tilfelle......... Eg har appar på mobilen.
Kanskje det berre no er slik at du kan laste ned ein "urin-app" og så er det berre å pisse på telefonen din. Vips så har du svar........
Billegare enn å gå til lege, full diskresjon osv osv......... Ein litt klissete og stankful mobil overlever ein vel??
Eg berre lurar......

Neida...... Vi skal nok ikkje ha det fullt så artig. Det er dei som bur i dei fattigaste landa som skal kunne dra god nytte av dette. Ta bilete av urinen sin med mobilen og sende sjølve biletet inn til analysering.
Joda....Sikkert fint det, men er telefonar som kan laste ned app´er ein sjølvsagt heit blandt dei som bur i desse fattige landa? Kanskje dei har tenkt å dele ut telefonar?

Intimsåpene er ikke så milde som du tror. Jaha.....Og kor mild trur eg at den er?

Faktisk så kan intimservietter og underlivssåpe forverre dei plagane du eventuelt har. Hmm..... kanskje verdt å merke seg om du er søkkplaga med eit eller anna. Kanskje svaret ligg der?
Så visst mannen ynker seg litt......så er det ei naturleg forklaring bak det heile!!

Ein sexolog ved namn Gamnes påstår at vi kvinnfolk er for reinslege..... Så kva skal vi gjere då? Vaske oss kvar laurdag? Hahahaha........Det vill evel ha vore herleg?!

Det er vel med intimhygienen som med det meste......Vann funger best overalt!

Nei......... Jomfrua er ikkje heilt i slag, så det blir tidleg kveld. Ha ein fortsatt fin aften og sov godt til natta.
Hasta luego!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar