onsdag 6. mars 2013

Eg trur eg skal søke på jobben som den nye paven! Eg kjenner lysta vibrere i stortåa, så det må jo vere eit bra teikn.
Eg veit nøyaktig kva reglar eg vil innføre, men eg trur eg skal avvente med å nemne kva dei er før eg veit at eg blir den utkåra.
Tru når jomfru Knutsen skaper fred i verda!! Hahahaha.............
Så ung som eg er, så har dei pave i overskueleg framtid. Thihihihi...........(Må ein pave leve i sølibat???)

Eg lurer på kva tankar som svevde gjennom hovudet på Halvor då han i "Adams positur" entra hoppkanten på ski og svevde nedover bakken.
Viss ikkje "litjkaren" hans holdt på å fryse seg i hel, ja då veit ikkje eg! Kulde har vel aldri fungert så effektivt på dei edlare deler. .....

Litt av eit stunt vil eg seie! Hadde eg gjort det same, trur eg at eg ville byrja å le av min eigen galskap og det hadde sikkert skjedd medan eg var i lufta. Ergo ville eg nok ha landa langflat og slått meg halvt ihel!
Sjå for deg denne knetta i utforrennet med rompa i sky. Full satsing på hoppkanten og motstanden i lufta presser puppene heilt ned på knærne!
Filminga burde i alle fall vere betre enn det som er tilfelle i Halvor sitt hopp. Berre no og då vises han, men det er kanskje like greit.

No har han vel fått litt høgare status blant kompisane sine.........

Kate-effekten slår til igjen. Ny mamma-kjole utsolgt på ett døgn. Jeeezes.......Korleis klarer folk å få med seg slikt? Ein kjole blir utsolgt av di Kate brukar same kjolen.
Vel, skal eg vere ærleg, veit eg aldri om at kjolen eksisterer før eg ser no at VG har gjort eit poeng av det her på nettet.
Prinsessa har tydlegvis ein hærskare av tilhegjarar som følger ho kvar einaste dag.....berre for å vere sikker på at dei skal få det mest moderne av det moderne.

Jaja......Eg blir ikkje så misunneleg at det gjer noko. Eg skal trass alt ikkje bli mamma, så eg treng ikkje desse "pose på magen"-kleda.
Dessutan ser du meg ikkje i kjole ein vanleg kvardag. Då må det nok litt meir varme til eller eit festleg høve.
Neste gong eg skal ha på meg kjole, så skal eg rulle ut ein raud løpar, så kanskje eg også føler meg litt kongeleg!! :=)

Nei, det er "Mittwoch" og eg tenker eg skal slappe av med mitt eige indre....kanskje eg klarer å finne meg sjølv ein eller annan stad baki der. I såfall skal eg skjønne såpass at sofaen hverker etter kos, så det er berre å innta horisontalen. Dagens kaloriforbrenning er såvisst over, no skal resten berre få sette seg kor dei vil.
Om ikkje så altfor lenge er det å slepe seg bortover gongen og forhåpentlegvis hamne under dyna før midnatt. Slepe......... Jeeeeezez, det kan nesten virke som om at ting ikkje er heilt som det skal. Slapp av....slepe er berre eit uttrykk i mangel på eit betre! :=)

Ha ein fantastisk fortsettelse på kvelden og drøym søtt (ikkje om sauar som hoppar over eit gjerde - for du søvner ikkje raskare av å telle dyr!!)
Hasta mañana!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar