fredag 8. mars 2013

Derfor skal du gjøre ting du ikke liker. Hahahaha......... Spørs om ikkje argumenta faller i grus om eg  noterer ned alt eg ikkje liker!! Thihi..... Ikkje heilt trygt, vil eg tru. Gudane skal vite at denne jomfrua gjer ting ho ikkje vil!

MEN....sjølv om du syns det er ubehageleg, burde du faktisk gjere ting du ikkje vil. Enkelt å greit så utvidar du komfortsonen din om du gjer det. (Hmm....... Det kjem nok heilt an på kva det gjeld, vil eg tru. Eg kan i alle fall kome på minst EIN ting i livet mitt som ikkje vil utvide komfortsona i noko, tvert imot, om eg gjer det.
Likevel kan eg vel til ein viss grad vere einig. Ein skal utfordre seg sjølv litt og livet handlar jo i stor grad om at ein ikkje berre kan gjere ting ein likar.
Det er vel mest umogleg å kun gjere det ein likar.........

Om vi vel å gjere noko vi ikkje likar, kan det vere fare for at vi oppdagar at vi faktisk er god til det. At vi får oss ei A-ha-oppleving. Det kan faktisk skje! At du trur at det er noko du ikkje beherskar, men så viser det seg at du faktisk "ruler"!!  :=)

Anten så er det denne jomfrua som ikkje klarer å samle tankane sine. Elles så er det avisene som rett og slett ikkje maktar å spre dårlege saker på ein fredag i mars.
Det er så lite stoff å oppspore at det er til å irritere seg over.
Som om eg skulle gidde å skrive om at Bieber har fått kortere lunte, eller at han ikkje klarer å fullføre konsertar?
Dei songane eg har høyrt han synge..........tja det er minimalt. Det er nesten som om at eg må tenke hardt for å svare riktig på om det er Bieber eller One Direction som har den og den songen.
Tunga mi er nok langt unna knærne når det kjem til desse song-gutane. Det skal nok litt meir enn litt glatt hud og brunkrem til for å sjarmere denne knetta.

Så har vi ulikskapane som Erna og Siv diskuterer. Hallo......I det siste er dei blitt så usaklege at det ikkje er verdt å ofre tankane på dei.
Vi veit ikkje kor godt vi har det....... Alle får ta seg ein tur til USA og sørge for å bli ille sjuk der. Så kan dei kome heim att med full forståelse for at det er deileg å vere norsk når dei kjem ut av sjukehuset der, friskmeldt. Når di slepp å betale rekninga på 3-400 000 sjølv.............

Global oppvarming....... Eit viktig tema, ja, men ikkje akkurat noko som fenger ei viss frøken  på ein fredagskveld.
På tv........"Husker du hva du lærte på barneskolen?"......... Kvifor gidde å svare på det? EG må jo i alle høve ha lært at 12 gonger 12 er 144, for svaret kjem i alle høve av seg sjølv. Eg treng ikkje å vite kva eg lærte som 10-åring......I don´t care.

Hvilken planet burde du egentlig bo på? Enkelte journalister er jo berre heilt rå!! Viss dei kan gje meg fleire alternativ enn denne Tellus, ja, då er dei gode. Eg skal med glede flytte til ein annan planet, berre nokon andre tar utgifta med å få meg dit.
Det ville jo vere vel anvendte pengar!! Hahahahahaha.............. Kanskje eg kunne få tatt med meg EIN person?? Eller aller helst to........ Eg skulle levd lenge på det! :=)
Vel, viss eg får velge, så vel eg Uranus!!

I dag er jeg kvinne for å hylle dere. Bevares meg vel....... Ta det med ro menn rundt om. De treng ikkje å kle dykk som kvinnfolk for å behage oss! Vi er meir enn glad nok for å sjå dåke, heller som Adam enn Eva. Eg berre seier det..........
Kom ikkje i Bh og kjole berre av di du vil imponere meg og skuld i alle fall ikkje PÅ MEG at du fell for lysta.
Hyll oss gjerne, men  vel din metode med omhu.....
Kle deg akkurat som du vil, men ikkje av di det er kvinnedagen. Det gjer vi ikkje sjølv eingong!

Å sitte i fengsel er forferdelig. Ja, stakkars! Tenk at du må vere i fengsel. Verda er urettferdig........ Etter alt du har gjort, som er illegalt, så burde du heller fått ein pris for kreativiteten. Ikkje pines ved at du ikkje har full fridom til å fortsette med det illegale.

Jomfru Knutsen er så trøytt at ho ikkje heilt veit kor ho skal gjere av seg. Det er såvidt augene held seg opne og det er såvidt at fingrane maktar å gjere det hovudet seier dei skal gjere her ved tastane. Atså.....eit dårleg teikn.
Klokka er såvidt elleve, men kanskje ein likevel skal prve å vere halvvegs fornuftig??
Eg elsker dyna mi til tider. Dette kan vere eit slikt tidspunkt kor ho kan vere bestevenen min.
Deilege dyna mi.......
Eg må vel seie god natt før eg sover sjølv!!
Hasta mañana!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar