fredag 1. mars 2013

10 000 har tilgang til norske topphemmeligheter. Det må vel presiserast at det er snakk om personar som har lovleg tilgong til strengt hemmeleg informasjon. Det er ikkje snakk om at det er informasjon på avveie.
Ergo så sit ikkje jomfru Knutsen på noko hemmelege statsavsløringar. Kanskje litt synd? Det kunne jo vore litt artig..........Hmm! Skal vi sjå........Kva kunne det vore artig å vite litt om? Eg trur eg har ei viss peiling.
Det er vel ikkje berre, berre å kome seg til slik informasjon. Om eg ikkje tar heilt feil, så fins sikkert dei som kan klare å hacke seg til slikt, men denne unge frøkena har nok altfor lite kjennskap til dataens verd til å kunne forstå seg på slikt.
Hadde eg vore så "heldig" at eg kom over slik sensitiv informasjon, hadde eg sikkert ikkje forståt at det var nett det det var.
Med andre ord......Ingen fare for rikets sikkerheit! :=)

Kvart år klareres 2000....... for fem år i slengen. Så hadde eg vore den "baben" og på jakt etter heftige avsløringar, så hadde vel vegen å gå vore å spredd litt med føtene. Hahahaha........Moralsk som faen.
Det er jo slik det foregår i filmverda! Er det ikkje då naturleg å tru at det er slik i røyndomen også? Alt som skjer på film må jo vere sant!!

Det Vg skriver om saka, stemmer ikkje heilt. Dei har definert fleire nivåer og antal mennesker innanfor kvart nivå. Det dei ikkje nemner, er at dersom du er klarert på eit nivå, betyr det ikkje at du har tilgong til "alt".
Mange av dei som er klarert, er berre klarert for EI sak. Difor er det eigentleg berre misvisande når avisa påstår at det er 10 000 klarerte. Så då blir det med andre ord litt vansklegare å vite kven ein skal flørte med!! Hahaha......

To rottehjerner (bokstaveleg talt) koblet sammen over internett. Den ene rotta var i USA og den andre i Brasil. Hahaha..........Kult! Det høyres jo litt fantastisk ut at det går an. Å koble ei rotte til internett og sende signalar over til ei anna rotte.
Ifølge Vg nett var det heile svært vellukka! Å få ei rotte til å tolke sigala til ei anna rotte. Genialt å kome på slikt. Sjølv om prfessorane bak det heile ikkje syns det var uventa og overraskande.

Eg håper ikkje det skaper ein ny trend. Å koble to levande vesen til internett......... Med tanke på kva som går igjennom eit menneskes hovud i løpet av ein time (menn tenker jo på ein viss ting x antal gonger i timen) ...... Det kunne jo få nokre uheldige utfall, alt etter kven som sit i den andre enden.
Hugh Grant i eine enden og ein munk i den andre for å sette det litt på spissen! Hehehe....... Det spørs kva veg kommunikasjonen går. :=)

Ein ting er sikkert. Eg veit kven eg ville ha hatt i andre enden og kva veg kommunikasjonen skulle ha gått.

Jomfru Knutsen stiller seg eitt hundre prosent bak idèen om å arrangere OL i Oslo!! Hadde det berre ikkje vore for den handsaminga Tromø fekk!!! Aldri i verda om eg unnar Oslo den gleda det vil vere å arrangere eit sikt arrangement.
Det vil jo vere reine lukka om vi klarar å oppnå same resultatet som vi klarte då Lillehammer stod som arrangør.
Likevel........Kva  svarten er det som er så spesielt med Oslo?? Fortel meg det, den som kan......... For viss eg skal støtte eit slikt arrangement så knapp tid etter at Tromsø var eit alternativ, så må det vere eit jækla bra argument.
Ordinære Oslo.
Joda.......Det er jo ein storby........MEN i målestokk, sett opp mot dei største byane i denne verda, er Oslo berre ein liten dott på kartet. Ein liten ubetydeleg dott.

Når det plutseleg nemnes at Oslo er mogleg kandidat.......Ja,så hiv både idrettsstjerner og andre seg med på bølgja. "Klart vi vil ha OL der!!" 
Dei veit ikkje kva dei snakkar om. Dei veit rett og slett ikkje kva Nord-Noreg har å by på!
OG........... Ingen skal påstå at eg er innhabil i mine meiningar. For kvar er eg ifrå?
Joda, eg er født og oppvaksen på Husnes. Eg har Husnes i mitt hjarte. Husnes som er vestlandsbygd og alt anna enn det Nord-Noreg er.

Vetslandet er fantastisk. Ingen tvil om det! Kvinnherad har ein herleg natur og det har store delar av Vestlandet generelt.
Likevel......... Det OL i Tromsø kunne blitt, skal det mykje til å "matche". Nord-Noreg har verkeleg sine moment dei også. Enkelte av momenta tar pusten i frå folk om ein samanliknar det Oslo har å tilby.

Det er ikkje for ingenting at norlendingar alltid lengtar "heim" til Nord-Noreg.

Eg håpar du som lesar legg merke til at eg skriv Nord-Noreg og ikkje Nordland. Ordet nordlendingar er ikkje nemnt............. Det er ei enkel årsak til det.
Eg har lenge iriitert meg over at geografikunnskapane til det norske folk sør for Mosjøen. Uavhengig om det er snakk om ein bodøværing, tromsværing eller ein frå Kautokeino, så seier dei nordlending.
Ein frå Kautokeino eller Tromø er då vel ikkje nordlending!! Eit uttrykk "søringane" aldri kjem til å forstå seg på. Alle nord for Mosjøen er nordlendingar. Sånn er det berre.
Dei veit ikkje forskjellen på ein tromsværing, finnmarksværing eller ein nordlending.
Likevel er dei så høg på pæra at dei trur dei kan få arrangere OL i Oslo....................

Joda......OL i Oslo høyres fantastisk ut, men eg blir provosert over at dei er så snar ute med å ønske det etter "Tromsøsaka".

Ellers så kan eg ikkje for at eg syns synd i Tone Damlie Aaberge.......... Eg ligg her på sofaen og har idol på i bakgrunnen.
Eit lite blikk på skjermen og det er det som skal til for å skjønne at det sit ei dame der med posar under augene og eit iherdig forsøk på å sminke bort dei synlege teikna på at ho ikkje har det bra.
GUD eg er glad eg ikkje er kjendis.
Kanskje det er på tide å la ho vere i fred med brotet sitt. Kanskje det er på tide at media lar ho vere i fred. Vi døyr ikkje om vi ikkje få vite alt om kvardagen hennar.
Det er ei høyst personleg sak det ho gjennomgår, kjendis eller ikkje. Ho bærer tydeleg teikn på at ho ikkje har det bra, så la ho få ro til seg sjølv.

Det er ikkje ofte eg bryr meg om korleis kjendisar har det, av den enkle grunn at det blir så fjernt frå meg. Likevel............Det er så lett å sjå tydeleg at ho ikkje har det bra.
Det er tøft med samlivsbrot og det burde vere ein menneskerett å få gjere det i fred frå media.
Eg som menneske har ikkje krav på å få vite korleis, kva eller kvifor....................

Nei, no kjem resultata av Idol, så då får eg halde fokus der.
Ha ein fantastisk fin fredagskveld!!
Hasta luego!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar