torsdag 28. februar 2013

Niåring skaper veskehysteri. Ja, det er vel ikkje første gongen?! Denne gongen er det snakk om ei hundeveske og det slites med å skaffe nok vesker for å  dekke den store etterspørselen.
Det er ei lita Hollywood-stjerne som skaper denne hysteritrenden og på ein måte er den ganske søt.

Lille Wallis har sjølvsagt fleire versjonar av veska, slik at ho alltid har ein hund som matcher dei kleda ho brukar når ho skal opp den raude løparen.
Det er ikkje alle niåringar forunt når det kjem til å gå på den raude løparen. Det er sikkert og visst. Ergo er det nok ein kommande diva vi blir "kjent" med.

Veska er jo trass alt ikkje verdt meir enn ca 3000 kr, så.......... Hahahaha....... Løp og kjøp!!
(Eg reknar med at produsentane går for å lage ein litt meir billig versjon no når det er blitt sånn hysteri etter veska........ Kanskje den blir å ses i eit norsk kjøpesentervindauge etter kvart som våren tonar fram?  Maybe, maybe........
Eg er berre glad eg ikkje har ein son som er like dyr i smaken!!

Avslørte at lærer stjal fra elever. Kven skal elevane stole på om dei ikkje kan stole på sin eigen lærar?
Viss det er snakk om at det er noko som må tas vare på, er det som regel læraren som gjer det. Nett av di eleven veit at det er trygt å lemne det hos vedkommande.
Ein slik tillit er særs viktig å ha mello born og vaksen.

No er det snakk om ein lærar i California, men sjølv om vi ikkje har høyrt liknande episodar her til lands, har vi ingen garanti for at det faktisk fins slike menneske her også.
Eigentleg så er det berre trist.

Denne gongen er det snakk om ei lærerinne ved ein vidaregåande skule. Ei som har jobba der i over tretti år. Eg vil tru at det er kjipt å få noko slikt hengande over seg etter så lang fartstid, men sjølvgjort er det dog.........så ho kan vel ikkje klandre nokon som helst.
Lite veit vi om dette er noko som har pågått tidlegare eller om det kun har vore den siste tida.

Det som er litt spesielt med denne saka, er at det heile er filma med skjult kamera. Ein elev såg seg lei av at det forsvann pengar i tide og utide og gøymde seg i eit skap i garderoben.
Eg vil tru at sjokket var stort då ho oppdaga kven tyven var! Det var nok den siste ho mistenkte........ Noko som gjeld alle dei andre også.
Det var faktisk ingen av dei andre som trudde ho då ho fortalte kven det var. Ergo måtte ho til dyst på ny. Denne gongen med kameraet.

Ny gymtime, ny sjanse. Skapet blei inntatt og resultatet blei at ho fekk prov på det ho hadde oppdaga. Læraren gjekk gjennom alle gymveskene og sneik til seg pengar!!

Då ho viste filmen til rektor, fekk ho faktisk beskjed om at dei skulle sjå på saka, men at ho måtte slette filmen! Rett og slett slette heile provet på at handinga har skjedd.
Eg vil tru at det var dåleg dømmekraft av rektoren.
Sjølv om rektoren ville løyse saka på sin måte, kan det jo vere ein idè å ta vare på eit prov, i alle fall inntil at ein ser at problemet er løyst.

No blei ikkje filmen sletta. Det blei ikkje berre tatt vare på heller........... Jenta som filma hadde allereie sendt opptaket til sin eigen far og etterpå samtalen med rektor, sendte ho det til andre vener.
Så kan ein diskutere kor etisk rett det var å gjere det.
Eg vil tru at om ein hadde opna for kommentarar under ei slik sak (det er kanskje gjort også?), ville det kome mange varierte kommentarar. Både for og imot.........

Eg trur kanskje det var feil å "publisere" filmen. Sjølv om lærerinna gkorde noko som var heilt forkasteleg, så blei ho straffa med å miste jobben.
Ingen som har jobba ved ein arbeidsplass i over tretti år ønsker å måtte gå av i vanære. Det måtte ho og det i seg sjølv er vel straff nok.
Så spørs det kor lovleg det er å publisere ein slik film.
Det er sikkert stor forskjell om du gjer det i USA eller Noreg. Det handlar jo ompersonvern.

Det som er sikkert og visst, er at det er bra at det blei oppdaga. Vaksne personar som i utgongspunktet skal lære borna og ungdomen gode haldningar, kan ikkje gjere slikt.
Dei unge er nøydd til å kunne stole på lærarane sine. Tillit er veldig viktig.
Slike saker skaper negative ringverknadar for andre......... Slike saker vil gjere elevane meir mistenksame.
Om det er snakk om ei krone eller 100, speler det inga rolle. Det er ikkje summen som gjeld, men sjølve handlinga!

Frp-politikarar får munnkurv. Kva er det som er galt no då? Er det nokon som har trødd i den berømmelege salaten? Eg er i alle fall nok nysgjerrig til å opne saka og sjekke. Eit bilete av ei riktig så "bekymra" Siv Jensen lover ikkje bra. :=)

Det er ganske sikkert snakk om kontroversielle saker, noko eg får bekrefta når eg les saka. Kontroversielle saker som det at Per Sandberg i forrige uke gjekk ut og kritiserte partiets defensive linje i eit innslag på TV2.
Resultatet blei at det neste dag var heile 48 stykk som fekk ei tekstmelding frå kommunikasjonsansatte i partiet med beskjed om at dei fekk munnkurv.
Ein SMS dei fleste fann riktig så iriiterande. Berre ein ting av ei lang liste over hendelsar som har utløyst ein streng interne disiplin. Ein disiplin dei bør vere forsiktige med å gå imot. For går ein imot disiplinen i partiet, skaper det berre negativitet og uheldig utvikling med tanke på at det nærmar seg valg.
Jaja........... Eg veit ikkje kva som er verst. At partiet kan miste andletet utad, eller at partiets eigne kandidatar mistar trua på sitt eige parti?!

Carl I hagen sin utspel om at partiet er feig som ikkje deltok i NRK sin debatt om asylpolitikk har også skapt harde fronter internt.

Følgene det får for Sandberg? Han blir sikkert vraka som nestleiar. Det er i alle fall det som er signalisert. (Det er klart at dei som ikkje er hans største tilhengjarar vil ha han fjerna. Dei bruker ei slik sak for alt ho er verdt. Det er jo slik samfunnet er blitt i dag!!)

Fant bjørner og løver hjemme hos gjengleder. No håper eg inderleg om at det ikkje er snakk om at det er her i Noreg. Bjørnar og løver er ikkje akkurat det eg helst ser bli brukt av personar som kanskje kan kome til å bruke dei som "makt"/trussel. Eg syns eg ser det for meg at dei stikk av!!
Sånn sett kunne det ha vore eit nydeleg syn om ei overhysterisk jomfru som eg kom springande bortetter vegen med ei løve i ræva. Spørs kven som hadde vore den hurtigaste løparen då! Det er mykje adrenalinet kan gjere med deg om du berre blir redd nok............

Nei, gangsterfolk skulle vore ein utdøyande rase! Så slapp vi vanlege folk å gå rundt og uroe oss.

Romania - Bucuresti.  Det er der det skjer. Med andre ord ikkje så langt unna turiststaden Mamaia kor eg har feriert tre år på rad tidlegare.
Det hadde vore mykje deileg kjøtt å innta for ein svolten bjørn om han hadde dukka opp der! Det hadde berre vore å starta i eine enden av stranda...........
Bjørnen ville neppe lagt seg ned for å sole seg i lag med herlegheita når han er så brun han er ifrå før av. Det får heller vere desserten. Å sole seg.......når han er ferdigspist! Ei lekker kvinnehofte der og ein liten edel bit der.
Sure tær står han sikkert over!!

Avbestill voksetimen. Nå er det naturlig der nede som gjelder. Ei gladsak for dei som aldri har tort å gjere noko med dette tidlegare. No er det på veg inn, moten om at du berre skal la det gro!
Det er blitt så vanleg å barbere seg at enkelte reagerer om dei ser eit "bustehovud" der nedantil.
No er det hår som gjeld, så det er vel noko dei som produserer minibikiniane snarast må ta til seg. Viss ikkje vil dei risikere at salget går elendig. For eg reknar stort med at det framleis ikkje er så mange som ønsker å ha håret hengande på utsida av trusekanten. Ingen barbering - store truser!!

No skal unge Knutsen slappe av resten av kvelden. Eg reknar med at det ikkje blir lenge til sengetid og ein ting er sikkert. Eg har ikkje tenkt å drøyme om hverken bjørnar eller løver. That´s for shoure.
La dei kome til meg og eg skal spidde dei! Hahaha.....

Hasta luego! :=)

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar