søndag 24. februar 2013

Back in action.........

Jomfru Knutsen har hatt vinterferie og har brukt dagane på nett det.Vinter og snø!! Slalom og langrenn har fyllt dagane, heile uka. Det er ikkje mange timane sidan eg kom heim og eg er akkurat ferdig med å pakke ut sakene som er blitt drassa med til "Søta bror".
Sånn sett, berre for å konstatere at ein er like dårleg til å pakke som alltid. Ingen fare for at det skal bli tomt for klede med andre ord!
Ikkje skjønner eg kvifor bilen alltid må fyllast til randa for så å kome heim og gjere erfaringa som seier at "så blei det pakka for mykje denne gongen også." Ein klassikar som aldri kjem til å gå ut på dato!


Om du studerer dette biletet, vil du sjå kor fint det var mange av dagane. Herleg!!
Dette biletet blei tatt på fjellet overfor Hemavan. Langrennskia var festa til føtene og det var rett og slett deileg å få morgonen med seg når det var slik som dette.
Klokka var mellom ni og halv ti då biletet blei tatt, så sola har såvidt rukke å kome fram på himmelen.

Det var kjempefint å gå og sjølvsagt var turen ned frå fjellet minst like "kul". Det er ikkje farleg å renne nedover når løypene er preparerte. Ingen "knall og fall" med andre ord! (Heldigvis).

Oppe i hovudet mitt er det nokre små grå som har byrja å leike med ein tanke. Tanken har seriøst fått satt feste der og i alle høve foreløpig skal den få halde seg varm.
Det er ei skiløype som går ifrå Hemavan og heilt til Abisko. Løypa startar i nærleiken av der eg stod då eg tok biletet over. Distansen frå Hemavan til Abisko på ski er 45 mil. Ein distanse som ikkje burde vere umogeleg å gjennomføre på ei uke.
Så akkurat no kjenner eg at dette er noko eg har lyst til å prøve. Rett og slett bruke ei uke på å gå nordover frå Hemavan. Tru kor herleg fint det kan bli dersom vèret viser seg frå det beste?! (Slett inga garanti for det, sjølvsagt!).
Hovudutfordringa blir vel å finne ein eller annan som kan tenke seg å gå ilag med meg. Eg ser liksom ikkje heilt for meg at eg skal legge ein slik distanse bak meg mutters åleine.

No er det slik at nok er slalomskia som har vore mest flittig brukt. Ingen tvil om det. Eit kjempefint anlegg har sørga for flotte dagar i bakkane.
Då det var tid for å stenge trekka på ettermiddagen, hendte det at langrennsskia kom fram. Det kan jo vere greit å trene på det også! :=)

Det er nok ikkje eg som set neover bakken på langrenn her. Det er minstemann som ute og koser seg med ei lita ettermiddagsøkt.
Det som er litt kjipt, er at kvar gong eg tar bilete  av ein bakke, så ser den nesten flat ut. (Som om ikkje alle veit at ein slalombakke er alt anna enn "flat". Likevel er det jo litt kulare med bilete som viser dei reelle forholda).
Det er kanskje fotografen som ikkje er smart nok....................(?!)

Ei uke der internett nesten ikkje har vore tema. Ytterst få dagar har vore så heldige at dei har fått nokre få minuttar med internettbesøk.
Alle har vel berre godt av nokre dagar utan tilgong til omverda......... Berre nyte at ein har fritt.

Ei uke utan internett betyr også at denne knetta har lite peiling på kva som eigentleg har skjedd den siste uka. Det er vel meir rett å seie null peiling.
Så no skal eg ta meg ein tur inn på nettsidene til hovudstadsavisene og sjekke landet litt.

Britene reagerer på norske "kafèbarnevogner". Ikkje visste eg at det var eigne kafèbornevogner? Eg prøver å sjå for meg oppe i mitt lille hovud korleis ei kafèbornevogn må sjå ut, men eg trur kanskje ikkje heilt at eg klarar det. Ikkje bestått, med andre ord!! :=)

Problemet er at engelske born ikkje tåler kulde! Det må det vere..........Det er vel difor dei aldri har klara å avla nokre gode skihopparar "over there".
Å sove ute, om det er minusgrader, er heilt absurd.

Eit bilete av "Robberhaughytta" i Nomarka, viser hytta med heile 13 bornevogner på utsida (berre på eine sida). Eg vil tru at det vil by på problemar om alle desse vognene skal inn på denne kafèen samtidig.
Sovande babyar skal i følge britane inn.
At det er gode forkningsresultatar som seier at bornet får færre sjukemeldingsdagar som vaksen om det sover ute i litt kulde, ser ikkje ut til å fungere som argument på desse stabukkane som kjem frå landet med det internasjonalaste språket av dei alle.

At ein kan møte på sovande babyar utanfor kafèar i Noreg, er faktisk noko britane blir førebudd for før dei reiser som turistar hit. (DET kallar EG absurd). Watch out. Sleeping babies will take the breath out of you..............Hahahaha.........

Briane tar kanskje borna med seg på bar og på diskotek i syden?! Who knows? ......:=)

Lokalavis viste porno på forsiden. Oops, kanskje ikkje heilt heldig! Slik går det når aviser manglar sensurering av kva som kan leggast ut på nett.
Budstikka, er namnet på avisa som "reit på draget" her om dagen. Folk kan ta bilete med instagram og publisere dei på eigenhand på avisa si nettside. (Forsida). Joda.........Sikkert populært for mange, men utan at det er nokon som følgjer med, er det vel ikkje så heldig. Nett det viste jo denne episoden kor ein får sjå ein god del av "herlegheita" til eit kvinnfolk pluss enkelte andre ting.

Feirer verdens sverdsvelgerdag. Ein heilt vanleg hobby blant heilt "normale" folk. Kven er det som ikkje varmar opp dagen sin med å svelgje eit sverd? Det er då vel inga sak?!
Eg kjenner nok ingen stader på kroppen min at eg ønsker å sjå innslaget av dei som faktisk driver med slikt.
Eg trur dei skal få halde på med det i fred og ro og utan innblanding frå ei halvgalen og vestlandsk nordlendingsjomfru.

Dette er verdens raskeste mobil. Neppe............ Dei har nok ikkje sett min mobil når den kjem flagrande i over 110 km/t bortetter gangen!! Hahahahahahahahahaha............. Joda, sjølvsagt har eg for vane å trevje mobilen bortetter gongen. (I håp om å treffe ein "skolt"!!!)

Nei, no fekk eg det litt for artig her eg sit!! Thihihi.......... Men det kunne jo vere artig å sjå om det vil fungere. Å kaste telefonen i "skolten"...............Hahaha.......
Nei, den ligg vel aller helst best i futteralet sitt!! Ingen luftmobil her i garden med andre ord. :=)

Stoppet med 96 Wunderbaum i frontruten. Stakkars dei som eventuelt trengte å vere passasjer med denne 18-åringen. 96 Wunderbaum? Vel, mykje stank!!! (Reknar det var ei salig blanding av litt av kvart. Han var vel ikkje så lite kreativ at alle var o same duft....)

Kult å vere råner, liksom........ (Sjekketriks!)

Var like nerd som deg til jeg fikk kline med to damer samtidig. Er det det som kalles "jomfru i nød"?
Viss du er nerd, veit du kva du har å gjere. Klin med to damer (samtidig) og så blir du raskt kvitt problemet med å vere nerd.

Derfor bagatelliseres vold mot menn. Tja, det ser eg eigentleg for meg........at det blir bagatellisert. Eg vil tru menn kanskje syns det er litt flaut om det kjem ut at dei har kvinnfolk som er valdeleg mot dei. At ikkje det er dei sjølv som har "overtaket". At dei lar seg underkue........
Vi høyrer ofte om kor synd det er i dei kvinnfolka som blir mishandla, men det motsette......at menn blir utsatt for det same, er ikkje noko vi kan påstå er utdebattert.

Det er forskjell på fysisk og psykisk vald. For ein kan faktisk utøve vald psykisk. Psykisk "terror" kan mange gonger skape minst like mykje trøbbel for enkelte om ikkje meir. Det psykiske er usynleg.......
Ein tar gradvis ifrå dei sjølvbiletet sitt, noko som er alt anna enn bra.
I mange tilfeller er nok menn redd for at dei skal sprekke og ta igjen. Menn som ikkje ønsker å vere valdelege, men som plutseleg får nok og "sprekker".
I tillegg svekker psykisk vald livskvaliteten. Ein tar bort kvaliteten som kunne ha vore dersom den psykiske valden hadde uteblitt.
Likevel vel mange av menna å bli der dei er.............

Klokka er plutseleg nesten elleve. Det er kanskje ein idè å kome seg i seng i høveleg tid på ein slik dag.  Ei uke med mykje frisk luft har sørga for at ein blir ganske så kveldstrøytt.
Så hjernen får fortsette med å planlegge skitur til neste år, medan resten av kroppen får ta seg ein liten blund i nokre timar før det er opp og igang att.

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt!

Hasta mañana!!

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar