onsdag 27. februar 2013

Ein stor dag for ski-Noreg. Det kan sjå ut som om at ingen klarte å krype gjennom tv-skjermen for å ta litt på naken overkropp ala Northug mandag kveld. Det må jo vere difor han gjekk så godt i dag, heilt til gull! I og med ingen kom seg gjennom til han, var det heller ingen som kunne gje han noko som helst avsporing..............:=)  Det er vel med skiløparane som med fotballspelarar. Ingen sex tillatt det siste døgeret (om ikkje dei to siste). Så gratulerer!

Var det ikkje slik at han valgte å gå av di Tone er blitt singel?? Thihi........ Han la sikkert ikkje inn nokre fleire aksjer i dag........ Eller?

Eg lurer på om enkelte svenskar har gløymt at det ein gong i tida var ein skiløpar som heitte Gunde Svan. Han heiter forsåvidt det enno, men er dog ikkje ein av dagens største skiløparar. Så kan vi nemne tennisstjerna Bjørn Borg...........
Sverige har så definitivt hatt stjerner blant dei store. Tar vi og anklagar dei for doping i ettertid? Eg berre spør.......
Kva er eigemtleg vitsen med å spekulere i om Bjørn Dæhlie og co dopa seg på 90-talet? Er det rein misunning som er ute og går? Unnar dei ikkje oss nordmenn seirane som vi har hatt opp gjennom åra? Eg skjønner godt at Dæhli, blant anna, blir forbanna.
Uansett om det stemmer eller ikkje, vil det for alltid henge i lufta.....spørsmålet om han gjorde det eller ei. Sjølv om han tar rettsak og får oppreising, e det alltid nokon som skor seg på andre......

Nordmenn og svenskar har alltid holdt seg unna dei store dopingsskandalne. Kvifor kome opp med slikt no? Unn oss heller dei gode prestasjonane!!

Stjernene lar skjegget gro. Hmm...........Bra eller ikkje? Vel, av dei kjendisane eg har studert til no, må eg verkeleg seie "bruk høvelen og det snarast!". Trenden er på tur hit også no, så då har vi mykje flott å sjå fram til. :=)

Kvifor er det eigentleg stjernene som styrer moten? Det er jo det som er sanninga. Det er jo dei som startar dei nye motane (sjølv om dei ikkje alltid er så kule....)
Faktisk så var det slik at dersom du var mann og møtte opp på Oscar-utdelinga, så var det noko som mangla.
Enno godt at Clooney ikkje lenger har så høg stjerne hos meg, for han er ein av dei som såvisst ikkje passar å la skjegget gro!!
Tredagarsskjegg er eigentleg berre veldig maskulint, men når det får litt lengde...........
Tredagarsskjegg, litt hes stemme og ein gitar.........Jomfru Knutsen er solgt!!

Undersøkelsen som umulig kan stemme. Og jomfrua er eitt hundre prosent einig!!
Det har vore ei undersøking blant nordmenn for å finne ut kor mange som brukar blinklyset aktivt når dei er ute og køyrer. Berre 1% seier at det hender at dei gløymer det. Særleg!!! Hahahaha......... Det er jo berre ein vits heile undersøkinga og den viser berre at vi som oftast ikkje kan stole på dei gallupane som det frå tid til anna blir lagt vekt på.

Ta deg ein tur til Narvik ein laurdags formiddag. (Eller ein annan dag for den saks skuld). Det er vel meir regelen enn unntaket at det ikkje blinkes når ein skal ut av rundkøyringa.
98% av gongene eg har køyrt gjennom rundkøyringa i sentrum, har ikkje bile foran meg blinka seg ut. (Det er vel ikkje utan grunn at det er mange som snakkar om akkurat Narvik og blinklys.)

Eg er rimeleg sikker på at det ikkje berre er narvikingar som syndar. Dei fins overalt......så at berre 1% svarar at det hender dei gløymer å bruke blinklyset, ja då ringer det ei varselsbjelle. I alle høve hos meg.
Faktisk er det heile 83% som påstår at dei brukar blinklys i alle siyuasjonar. Joda.....Det er då ein skal bruke uttrykket LOL!!

Ellers har eg lest nokre totalt unyttige fakta i dag. Blant anna at over 80% av hjernen består av vann. Jaja, det forklarer jo litt!
Under ein kvinneleg orgasme vil kroppen produsere smertestillande stoffer. (Så om du knekker foten, så er det berre å "gå" til gubben og be om hjelp. Han ordner det meste!! Og til dei som skuldar på hovdverk kvar gonng gubben vil ha ei fornøyeleg stund......... Frå no av kan de rekne med at det er den dårlegaste unnskuldninga for å slippe sex. Orgasmen tar sannsynlegvis bort heile hovudverken. Autsj...............)
I 26 stater i USA kan kvinner få skilsmisse frå mannen sin om han er impotent. (Ja, det vitnar jo om djup kjærleik isåfall............)
Hjarterkongen er den einaste kongen i kortstokken som ikkje har bart!!! (Det er berre å sjekke det ut! Hahahaha........)
Kvinner smiler mer enn menn! (Hehehehe..........slå den!!)
Hvis du slår hovudet i veggen, forbrenner du 150 kaloriar i timen. (Slå til på den då........Høyrest jo så kjempesmart ut!! Nokre få kuler frå eller til.........)
Øynene dine har den same størrelsen heile livet, medan nasen og øyrene veks! (Ja, det ville tatt seg ut om vi alle hadde like liten nase i vaksen alder som då vi var nyfødt. Er det ikkje eit ordtak som seier "liten nase liten..........."?)
Ei floge og telefonens summetone er i tonen "E".  (Då blir det i alle fall eitt punkt her denne unge jomfrua kjem til å sjekke ut! Hahahahaha............. Jada, ho vel musikkpåstanden foran noko anna vesentleg på denne jorda!!) :=)

Nei, det er mykje uvettug informasjon ein kan finne berre ein har ein data og litt signalar som sørgar for internett. Desse punkta er berre nokre få av mange hundre. (Tusener, millionar.......osv......Kva veit vel eg?)
Det einaste eg veit er at det er leggetid og at eg skal krype under den gode dyna mi ganske straks. Berre nokre få skjønnheitsoppgåver som må gjennomførast først.
I bunn og grunn betyr det at i løpet av ein time-halvannan, er alt i boks. (Hurtigløp med andre ord!) :=)
Ha ei god natt!!

Hasta luego!!

IWALY 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar