lørdag 2. februar 2013

Når ei sak eldes............ Urettmessigheiter skjer både titt og ofte. Mange gonger blir det ikkje gjort noko med det akkurat der og då. Så kjem problema.........seinare.
Kva gjer ein då? Når ein har opplevd noko vondt som kanskje har satt preg på det livet som er levd og kjenner at nokon bør bli straffa for det........Aller helst den skuldige!

Dei siste to åra syns eg det har vore eindel i media om folk som er valdtekne eller forsøkt valdtekne. Dei fleste av menna som står bak dette går fri den dag i dag. Kvifor?
Vel, i ei verd som denne er det mange mennesker. Det er ikkje berre, berre å klare identifisere kven som som har gjort ei ugjerning mot deg. Sjansen for at det er ein totalt framand mann, er ganske stor.

Anett er ei dame som har opplevd å bli valdteken. Ho var berre seks år då det skjedde.
Den gongen blei det ikkje gjort noko med det og mannen går fri den dag i dag. Sanninga er at mannen, som har blitt konfrontert med dette den siste tida, har sagt at det stemmer at han gjorde det. Det og nokre fleire tilfeller også.
Han kan tilstå utan å vere redd for noko som helst (med mindre det fins lynsjemobb som tar han). Det er gått for lang tid til at han kan straffeforfølgjast.

For Anett er kanskje tanken på at han kanskje fortsatt forgrip seg på born, det verste. Så lenge han går fri,  er sjansen tilstades for at det kan skje på ny. Ein tanke som er vanskeleg å halde ut for ei som har opplevd det sjølv.

Mannen det er snakk om, var ikkje ukjent for Anett. Det var faren til eit par andre born i "gata". Ho skulle overnatte der og vakna midt på natta av at det gjorde vondt og at det var "noko" inni ho.
Hvis du sier noe til foreldrene dine, vil de aldri mer være glad i deg".
Tenk for ein trussel....... Kva er vel meir effektivt enn å seie at foreldra dine vil slutte å vere glad i deg?
eit born vil vel aldri tore å seie noko som helst då?! Fytti fa..........

Kva er vel eit liv i frykt? Knivar og gaflar under senga.........Kva om han dukkar opp?
Stakkars, stakkars born! Eg kjenner det langt inni hjarterota.
Slike menn burde ikkje få leve. Det er nesten verre enn drap.
Å få vondt i magen om du må gå eit ærend på butikken av di du er redd for å møte på nett han. Han som bur rett borti gata.

Som 14-åring klarte ho ikkje meir. Ho braut saman foran mora. Noko som gjorde godt av di ho ikkje lenger trengte å vere åleine med det. Likevel, kva godt gjorde det når ingenting skjedde?
Hadde det vore mitt born som hadde blitt råka av noko sånt, ville eg satt himmel og jord i bevegelse for at "rettferdigheita skulle skje fyllest". Ingen får gjere slik mot born og det er forkasteleg om ein ikkje sørger for at bornet i det minste får si oppreising ved at gjerningsmannen blir dømt.
Å slutte å omgå mannen.........Tja, det er klart at ein skal det, men det er så altfor lite.
Å vere redd for at det skulle bli så mykje oppstyr??? (Det var eit av momenta foreldra brukte for ikkje å anmelde det).

No når Anett er blitt vaksen og har anmeldt det, er det klart ho får sjokk når ho får beskjed om at det er forelda. Sjølv om han bekreftar at han har gjort det som ho påstår. Han seier berre at han "skjøvet det unna" i lang tid. Det er ikkje noko han ofrar så mykje tankar på no lenger.
Ved spørsmål om han har noko han vil seie til dei jentene han har gjort overgrep mot, skjønner han ikkje heilt kvifor han skal det. Han seier ikkje at han er lei seg for det, men kan strekke seg til å seie at han kanskje skulle ha det ugjort. Han seier at han ikkje har behov for å be om årsaking (unnskyldning). "Nei, det er såpass lenge siden". Det er deira eigen feil at dei ikkje har gjort noko med det tidlegare.

Snakk om idiot!! Han syns ikkje noko om at dei no drar saka fram i lyset no. Han seier at det kan virke som at jentene vil prøve å straffe han no, så lenge etter at han gjorde det. Det kan han ikkje forstå.

Ha lar seg intervjue og han tilstår frivillig. Hadde han skjemtes, kunne han vel berre ha nekta? I dag fins det jo ingen bevis på at det skjedde noko. Berre tre jenters ord............. Så at han bekreftar det dei seier og ikkje ønsker å beklage det til dei,ja, det seier vel litt om kva mann han er.
Det er slike menn som gjer at eg syns det er foredelsestidspunkt på det meste.
Eg har full forståelse for at det i mange saker må kunne seiast at det er gått for lang tid. Likevel, i ei så opplagt sak som dette, der gjerningsmannen tilstår og det er snakk om små born........ Inga straff er for hard.
Hadde han i det minste vist at han angrar og kunne han i det minste seie at han tenker på det kvar einaste dag og ønsker at han aldri hadde gjort det.......... Men nei, han seier at han har "skjøver det unna". Det er ikkje noko han går rundt og tenler på

Slike menn burde sperrast inne med tunge kriminelle. Er det ein ting som ikkje er akseptert blant dei som verkeleg driv med farleg kriminalitet, så er det overgrep mot born. Der går grensa for dei fleste.
Så samvær med slike ville nok ha sørga for at han kunne fått angra litt.

Det er laurdag og  heldigvis er det ikkje berre slike triste saker som regjerer verda.

Do you know what it means to come home at night to a woman who´ll give you a little love, a little affection, a little tenderness? It means you´re in the wrong house, that´s what it means. 
Hahahaha.......Eg måtte berre få med dette. Litt artig........

Det er litt "Sex på villspor".
Saka er omtala i VG helg, men den er vinkla litt slik at det, tja kva skal ein seie......,......Kanskje "ikkje så fengande"?................ Den er berre trist og eit slikt tema skal ikkje vere trist, så då er det berre å bla vidare.
Det er klart at det ikkje er kult om gubben hamnar i feil hus og får forsyne seg fritt, men "ordtaket" er jo sikkert meint å vere litt artig. I alle fall syns eg at det var det. The wrong house.........:=)

Det er enno tidleg på kvelden, eller rettare sagt så er det vel enno seine ettermiddagen. Det betyr at det er mange timar att å sørge for at dette skal bli ein hyggeleg kveld. Viss alle sørger for å hamne i rett hus når kvelden er over, så kan det jo vere at mange er så heldige at dei får hygge med rett person og morgondagen vil vere fri for bonanger. Hahaha........

Uansett om du skal i hyggeleg samankomst eller berre kose deg heime i det stille...... Ha ein fin laurdagskveld!! Have fun....:=)

Hasta mañana.

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar