mandag 4. februar 2013

                                                      Flotte dagen ved Dammen. 


Kven ønsker ikkje at alle vinterdagane skulle vore som denne? Snakk om herleg dag! 




Ski er gøy! Det er heilt fantastisk at snøen endeleg er komen. Då er det fram med "rall-skia" så ein får kose seg med hopping. (Rall-ski er det same som gammelski som det ikkje er så nøye med). 

Endeleg er sola attende og vi kan kose oss ute i finvèret. No er det sjølvsagt snart eit par uker sidan ho kom attende, men dagane etterpå har vore eindel overskya og slikt. Med andre ord er dette første skuledagen der sola er oppe.
Så det er berre ein einaste ting som er alternativet når ein entrar døra heime........Komme seg ut og nyte kvar ei stråle!
Så då blei det slik. Sekk og bil blei pakka med "stuff" og så var det berre å kome seg av garde.

Grilling, aking, skihopp, skitur i løypene.................... Godt humør og glede. Kva er vel betre enn det?
OG eg tippar det var litt av eit syn då eg entra bakken med sonen min sine ski på føtene. Hahaha...... Eg måtte berre prøve korleis det ville gå om eg fekk så små ski på føtene.
Då eg var yngre, hadde eg jo sjølvsagt miniski. Det er ikkje berre berre å halde flotte stilen på slike ski. Det var hakket likare på skia eg prøvde i dag. Dog ikkje heilt perfekt, men gjett om det ar gøy.
Smånervøs ned bakken......... (Det gjekk berre godt).
Eg datt ein einaste gong og det var på flat mark, men med djup snø. Gjett om det var ei kald oppleving?!

Sjeik vil ha baby-burka for å hindre overgrep. Så no skal ein gjere som dei gjer med kvinnfolka? Dekke til kropp og andlete........for at menn skal få mindre lyst til å ha sex med bornet.
Hallo? Kva verd er det vi lev i?
Eg vil tru at dei fleste allereie dekker kroppen til babyar med klede. Likevel, andletet? Skal ein ikkje få nyte det å studere det lille nurket som ligg  fanget ditt? Som nybakt mamma, er vel noko av det beste i verda det å sjå sitt eige born og berre draume seg bort i "det".

At eg skriv det, heng saman med antakelsane eg har i forhold til kven eg trur det er som gjer overgrep. Eg har inga fasit å støtte meg til, berre min eigen fornuft og tanke.
For meg virker det logisk at dei som gjer overgrep mot babyar er frå den næraste familien.
Kanskje tar eg heilt feil, men eg syns det er nærliggande å tru det.
Kvifor? Jo, av den enkle grunn at det er ikkje så mange som har tilgong til ein liten baby. Det er ikkje fritt fram for alle å berre finne seg ein baby dei får lyst på.
Eg vil tru at det skjer medan ein er åleine med bornet og då vil eg anta at det som regel er bornefaren eller ein nær slektning som ser etter bornet.
Dersom det eg antar stemmer, og berre dersom, må det nesten bety at bornet må tildekkast over andletet også når bornet er inne i sin eigen heim. I heimen der ein i utgongspunktet skal slippe å måtte tenke på slikt.

Viss det ikkje skal meir til enn at ein ser andletet på ein baby for at ein skal få lyst til å gjere overgrep................ Vanskeleg å skjønne!!!!!
Ein skal ikkje kunne sjå om det er ei jente eller gut. Vel, eg vil tru at alle dei som kjenner familien er klar over kva kjønn det er, burka eller ikkje.
Om det er utanforståande som berre er babyen tilfeldig på ein eller annan bytur o.l, så er sjansen for at vedkommande blir åleine med babyen lenge nok til å gjere eit overgrep ganske liten.

I mitt hovud så blir det heilt feil at vi skal innrette verda etter dei galningane som lev rundt omkring. Akkurat som eg syns det er ille om vi gjer etter for press frå terroristar.
Den dagen vi gjer etter, har vi tapt!!
No skal altså babyane (sjølvsagt ikkje her til lands) måtte lide av di det fins onde mennesker som kan skade dei.
Sørg heller for å ta dei som gjer det og kapp av dei heile "stellet".  Eg vil tru dei fleste menn har angst for å miste det dei har mellom føtene, så la dei få heile greia kappa av utan noko form for bedøvelse osv......
Om overgriparar høyrer om dei som blir tatt og kva følgene blei for dei, så kanskje dei ikkje tør å gjere slikt.
Eg veit ikkje, eg berre gjer meg opp mine tankar.

Sjølv om det ikkje er dei norske babyane det er snakk om, så meiner eg at vi alle har eit ansvar for rettigheitene til born i heile verda.
Det er ein grunn til at dei laga FN´n konvensjon om bornerettigheiter.
Å innføre burka på babyar er heilt klart eit brot på personvernet. Det meiner eg heilt klart!
Det blir som Ari Behn så fint skreiv........"Trist dom fanen".

Vi krangler så buska fyker med naboen. Hahahaha........Ja, eg har vel alltids høyrt enkelte episodar som tar kaka. Likevel, eg er glad eg aldri har vore i ein slik situasjon at det har skjedd. Vi må visst bu i eit roleg strøk!! :=)
Eg har eigentleg aldri forstått korleis naboar så til dei grader kan hamne i "full krig" med kvarande. Ofte på grunn av bagateller. Eit tre som står litt i vegen for sola, er eit klassisk eksempel på slike nabofeidar. Feidar som ofte endar opp i eit rettslokale der ein dommar faktisk må vere den som tar avgjerdsla for dei.
Ergo blir eit tre noko som kostar flesk!!
Nei, det er om å vere mest vanskeleg og sta. Vanleg fornuft skal aller helst ikkje eksistere.
For all del........Det er ikkje sååååå hyggeleg med gode naboar............

Nei, takke seg til at eg berre har gode naboar. Eg har faktisk så gode naboar at eg ikkje eingong treng å spørre om dei kan sage ned noko tre. Seinast i fjor fekk eg spørsmål frå eine naboen her nedi om det eine treet skugga for sola vår.
Eg takka for omtanken, men sa at det går heilt fint. Likevel sa han det berre er å seie ifrå, så skal han sørge for å få det fjerna! Så ingen vanskelege naboar her, nei. :=)
Med mindre det skal byggast store, nye bygg........Då risikerer du å hamne i avisa!! Spesielt viss du heiter "kommunen". Hahahaha...........

Jaja..............Så lenge ein har gode naboar er det vel berre å nyte kvelden! Eg får vel håpe at det gjeld dåke alle saman.
Ha ein fortreffeleg kveld. :=)

Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar