fredag 1. februar 2013

Det er fredag og det er helg. Jomfru Knutsen er ikkje heilt i slag, så då har ho stort sett vore fornuftig og holdt seg i ro.
For at det ikkje skulle bli ein heilt meiningslaus ettermiddag, har ho leita fram videoen frå tida på Nesna. Med andre ord er det snakk om musikal, nærare bestemt Les Miserables. Mimretid!!
Det blei nok eit par timar der ho var heilt borte i si eiga verd.
Det var tider, det! Det blei så mykje øving at alle førestellingane måtte gjennomførast med armen tilsmurt av tigerbalsam og støttebandasje. Senebetennelse vil vel kanskje nokon kalle det. (Og tigerbalsam i slike mengder var ikkje heilt luktfritt!!)
Unge Knutsen kan ikkje for det, men når "A little fall of rain" speles, ja då kjem det bestandig ei lita tåre..............Sterkt!!
Kanskje ikkje så rart at den største draumen hennar er å reise til London og sjå musikalen "live" der!

Wenche Myhre kastet vann på paparazziene. Eg tenker dei ikkje syns det var så kult..........men likevel ikkje så dumt. Kanskje dei lærte at dei skal passe seg litt for kva dei gjer mot denne dama?
Dei må jo ikkje gløyme at ho er passert "66" og kan gjere som ho vil!! :=)

Det er snakk om fotografar som forfulgte ho då ho budde i Paris. Dei låg i hekken hos ho osv osv...... Dei rett og slett "plaga" ho.

Hevder hun stammer fra en annen planet. Ho ser ut som Barbie og hevder at ho stammer frå ein annan planet.
Heilt klart!! Ein oppegåande tanke det. Viss vi ikkje forstår det, ja då er vi ikkje heilt med.

Kostholdet hennar består utelukkande av flytande veske, noko som umogleg kan vere sunt?!
Ho hevder at ho kjem frå stjernebiletet Pleiadene. Ho og ei kvinne til.
Dei som kjem derifrå ser nett slik ut, som Barbie.

Mange som vil sjå ut som barbiedukker tar operasjonar for å få det beste resultatet. Denne kvinna har kun operert brystene sine eit par gonger.
Kroppen har ho klart å få slik ved å sulte den. I tillegg er ho på treningssenter kvar einaste dag.

Eg veit ikkje heilt.........Å sjå ut som Barbie? Er det liksom noko å trakte etter?
Eg tvilar i alle fall på at du får meir lykke i livet av å sulte deg og vere sykeleg oppteken av kroppen Ein skal vel leve litt også?
Det blir liksom litt sånn der overflatisk............syns eg.

Ho veier berre 45 kilo, så om det er noko å trakte etter? Det er i alle høve lite å ta i!
(Kanskje dei ikkje tar i kvarandre i Pleiadene?)

Her blir Serbias statsminister rundlurt av truseløs reporter. Ei sak eg berre ikkje kan la vere å kommentere!! Hahaha...... Eg skulle likt å vite kva han tenkte i det augeblikket han oppdaga at det berre var å stirre rett inn i guds herlegdom!!
Han blei vel aller helst berre flau. Forståeleg nok.
Eit ganske teit påfunn å ta av seg trusa, men samtidig litt sprøtt........og i enkelte tilfelle er sprøtt bra!
Eg vil tru at akkurat denne episoden vil få konsekvensar. Ikkje berre blei det filma, men etter kva eg har høyrt av andre, så er det også lagt ut på You-tube.
Plutseleg blei saka x antal gonger meir alvorleg enn ho allereie var.

Skjult kamera er kult, men kanskje ikkje i slike tilfelle.......

Den gamle sminken din kan være full av dyr. Kast den før det er for sent! Sminke er tydlegvis ferskvare og det kan faktisk vekse dyr ut av alle bakteriane som legg seg i sminken.

Æsj......seier eg! Skal ein no gå rundt og tenke på det også??
No kjem eg vel aldri til å sminke meg til ein einaste fest lenger! (Joda, det er vel gløymt innan eg legg meg, men likevel.)
Det er berre det at i skrivande stund ser eg for meg små makk som kryp over augevippene! Herleg!!
At det kan vere liv mellom vippene er ikkje akkurat ein ok tanke.

Like etter havnet gorillaen på glattcelle. Jaha? Er det ein gorilla som har skjenks seg?? No må eg ærleg innrømme at eg blei hakket meir nysgjerrig enn vanleg.
No har eg enno til gode å sjå ein snytt gorilla og eg veit ikkje heilt om det freistar å møte på ein heller.

Det er Sirkus Eliassen som har det så artig at dei brukar "dyr" i musikkvideoane sine. Denne gongen blei "gorillaen" med på bar.
For dei som ikkje til no har skjønna kvifor eg har satt dyr og gorilla i anførselsteikn, så er det av den enkle grunn at det er eit menneske inni gorillaen, eller rettare sagt så er gorillabiten eit kostyme.
Heilt normalt å kle seg ut når ein skal i fuktig lag.......... Ein tiltrekk seg i alle fall ikkje noko merksemd!! Hahahaha..........
Det var kanskje det som var målet?!

Jaja, det er fredagskveld og då skal ein vel la tvilen kome dei fleste til gode. Så då får sminke vere sminke og gorilla vere gorilla.
Barbie må berre tru at ho er utanomjordisk.................Serbias statsminister sover sikkert megabra om nettene etter å ha fått sett litt "fersk-varer" og Wenche Myhre har uansett passert sine "66"...........

Ha ein fortreffeleg fin kveld med påfølgande god natt!! :=)
Hasta mañana!

ISLY





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar