torsdag 31. januar 2013

Spedbarn funnet forlatt i park i København. "Historien gjentar seg". Det er ikkje første gong at det er nokon som lemnar eit born ein eller annan stad og stikk av sjølv. Denne gongen er det i Købehavn...... Dei fann ein sportsbag med eit litt spesielt innhald.
Ein kan nok ikkje påstå at det berre er ein "forglemmelse" at bagen stod att.
Det riv i eit mors hjarte!! Mildt sagt....

Det verste er at denne lille jenta som dei fann, må ha lagt der i parken ganske lenge. Ho var veldig nedkjølt, men heldigvis i live.
Berre tenk om bornet allereie hadde døydd. Stakkars born.

Under saka har dei sjølvsagt opna for diskusjon. I og med at vi alle er ulike som menneske, vil det også kome ulike reaksjonar på det heile.
Dei aller fleste syns sjølvsagt at det er kjempetrist og grusomt. Likevel, er det nok enkelte som vil kome til å forsvare denne mora som "ingen" veit kven er.
Det vil kome utsagn om at vi ikkje veit kvifor mora valgte denne utvegen og at det sikkert er ein god grunn for at ho la bornet der ho gjorde.
For meg blir ei slik ytring heilt feil. Joda........... Eg trur nok at det ikkje er gjort med lett hjarte, men at det er siste utveg? Aldri i verda! Det fins mange andre metodar. Uansett kva problemet bak er, er det alltid ei løysing. Det er aldri ei løysing å lemne eit born ute i ein kald park. Om det så hadde vore på eit toalett på eit kjøpesenter, ja så ville det ha vore betre.
Det ville vore like trist i og med at det er snakk om at eit born er lemna, men betre av di sjansen for at bornet blir funne raskare og ikkje nedkjølt.

Det er allereie ein som har antyda at det sikkert er ei som skjemmes over at det blei ei jente! Hallo??? I dagens samfunn?
Vi lev ikkje akkurat i Kina, heller........ Det blir jo berre teit!
Like teit som alle andre forslag. Vi veit ingenting og bør vel aller helst ikkje antyde noko som helst. Saka er berre trist og det kjem ingenting godt ut av det om vi skal byrje å spekulere i noko vi har null peiling på.

Sjølv antar eg at det er ei trist historie bak, men uansett hisorie så vil eg aldri kunne forstå at ei mor kan forlate bornet sitt på ein slik måte. (Ingen andre måtar heller, for den saks skuld). Men slik er det i denne verda. Det er ikkje alt vi skal forstå. Det er heller ikkje meininga at vi skal det.
Eg håper berre at bornet, no når det er funnen, vil få ei fin framtid og at ho hamnar hos nokon som ønsker seg eit born og kan vise ho kjærleik livet ut!

Puppene mine! Auuuuu! Silikonen faller ut! Hahaha.......Linni Meister med superkommentar....... Jadda!!
Sånn kan det gå når ein er på kameltur. Hompetitten teia, liksom!
I og med at ho frykta for silikonen, må det vere snakk om ein ganske livleg kameltur!

I tillegg påstår ho at kamelar brøler som dinosaurar! (For det er klart at dersom vi har sett "Jurrasic Park", så veit vi korleis ein dinosaur brøler. Det er jo ikkje sååå lenge sidan dei levde).

Etter ei kort stund på "ørkenens skip", hoppa ho av. Årsak? Joda, det var av den enkle grunn at ho trudde at kamelen skulle spise ho!
Ho hadde heller ikkje lyst å stige opp på kamelen av di det ikkje var rett land å gå til legen i dersom puppene skulle "sprekke". Det var (er) liksom ikkje silikonens heimland det er snakk om.

Jaja, ho kom seg no tilslutt opp på ryggen og det endte jo bra!! Berre med eit lite utbrot om kor vondt det var for brystene, eller puppene for å seie det på godt språk! Haha.......

Moralen?? Joda, den er at du ikkje skal sette deg oppå ein kamel om du har implantert noko i puppene dine og ei heller om du har frykt for at ein kamel skal slå til og spise deg!

Hun er like sexy som en raggsokk. Wow.....Er det eit kompliment, kanskje?? Betyr det at ein er sexy då? I´m just asking........

Oslo Høyre: Ja til eggdonasjon. Høyre: Nei til eggdonasjon. Splid innen partiet med andre ord! Med andre ord kan det virke som at dette kan vere ei sak som skal opp til diskusjon snart.
Moderpartiet seier nei, men eg vil tru at Oslo Høyre er såpass stort at dei kan klare å leggje press på Erna og Co at dei kan vinne fram. Vinne fram med at saka skal drøftast meire. OG kanskje ende opp med ei anna haldning blant dei hovudtillitsvalgte.

Ei betent sak som fenger mange, både på godt og vondt. Det er vel ingen tvil om at dette er ei sak som engasjerer. Det er sterke meiningar både for og imot. Det er sikkert berre sunt å ta diskusjonen, men kva eg sjølv meiner bør bli utfallet, ja, det veit eg faktisk ikkje. Det er jo i utgongspunktet lett å ha meininger om saka, men sanninga er at det sikkert fins gode argumentar i begge retningar.

 Høyre sentralt har programfesta at det ikkje skal sorterast ut meneskeliv etter eigenskapar. Det skal ikkje vere surrogati eller eggdonasjon. Det skal ikkje vere forskning på befrukta egg. Osv.....
Nå det gjeld eggdonasjon og forskning på befrukta egg, er lokalpartiet i Oslo totalt ueinig. 
På mange område kan det virke som om at det er snakk om to vidt forskjellige parti. Noko som kanskje ikkje er heilt ideelt no når det snart skal køyrast igong valgkamp om makta.
Blir signala for utydelege, er det stor sjanse for at folk blir usikre på om dei vil stemme på dei. (Sånn sett skal dei berre fortsette med å vere ueinige!! Haha.......)

Jaja....... Ikkje har eg tenkt å få fleire born, så problemstillinga kjem aldri til å angå meg. Ikkje eingong den dagen det blir snakk om borneborn. Det blir feil å opparbeide seg meiningar ut ifrå egoistiske perspektiv.Skal ein vere for eller imot ein slik ting, bør ein gjere seg opp ei meining om det FØR ein hamnar i det dilemmaet som seier at det kan gjelde deg sjølv.
Det er kanskje lett å seie det. Mykje lettare enn den verkelege verda dersom du hamnar rett oppi det. Joda, eg ser den.......... Om ein verkeleg ønsker seg born og akkurat dette kan vere det som skal til for at du kan få oppleve gleden av å bli forelder, så skjønner eg godt at mange tenker at det skulle vore lov. 
Likevel meiner eg at ein burde ta stilling til det uavhengig av om ein kan få born sjølv eller ikkje. 
Då har ein i alle fall hovudet med seg og at det ikkje er følelsane som tar overhand i kampens hete. 

Som sagt....Eg er glad at eg ikkje treng å ta stilling til det. Sikkert av di eg ikkje veit korleis eg ville ha reagert om eg skulle hamne i ein situasjon som ville tvinga meg til å ta standpunkt til det heile. 

Det er momentet om at eit menneske ikkje skal sorterast ut etter eigenskapar som skaper litt tvil hos meg. Nettopp av di at eg trur enkelte av dei som vil bruke eit slikt tilbod vil vurdere kven dei skal bruke ut frå nett det momentet. (Som også på si side kan vere forståeleg). Vanskeleg med andre ord. 
Kva er mest etisk eller ikkje??...........

Jaja...... Det er på tide å ta kveld, så eg slepp å fundere så mykje meir på det. 
Eg håper dåke alle har hatt ein kjempefin kveld og at natta blir god! Have fun :=)

Hasta mañana! 

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar