torsdag 17. januar 2013

Kaller NRK-humor for nedverdigende og uforsvarlig. Det har sjølvsagt vore idrettsgalla...... Det er vel ikkje første gong at kanalen får pepper for det dei kallar dårleg eller ufin humor.
No veit ikkje eg kva som blei sagt i årets utgåve, men i fjor var det ganske graverande. Eg vil tru at dei i alle høve lærte litt av kritikken som kom i etterkant av forrige galla.

Jeg får ikke lenger puls av å kle av meg. Hmm.......... Berre sørg for å ha kledene på heile tida, då....
Nei, det handlar vel heller om at det ikkje lenger fins noko sperre for å kle av seg på tv. Det er skjedd så ofte at det er meir enn normalt!
Hyggeleg for han og hyggeleg for dei damene som likar å sjå kroppen hans. For oss andre "dødelege" er det vel ikkje noko å seie. Eg veit knapt kven fyren er. Trur kanskje eg aldri har sett ein einaste episode.
Sikkert berre eg som er "out of date" og bør puttast på ein boks for dei med utgått dato, men slik er no berre denne verda.
Det er snakk om tv-serien "Dag", som eg ikkje visste eksisterte før eg las det no.......... Shit happens all the time.
Den nakne kroppen hans sørga i alle fall ikkje for at eg blei så nysgjerrig. Sikkert ein bra serie?!!

Du kan bruke tv'n til langt mer enn du tror. Jaha? Kva då? På skitur, til dømes? Putt den i sekken og vips så har du "Paradise hotel i høgfjellet"........ Det må jo verkeleg varme i vinterkulda.
(Eg har aldri sett ein einaste episode av det programmet heller. Er eg då endå meir "out of date" mon tru?)
Kanskje tv'n kan lære seg å spele piano og så kan vi spele firhendig ilag? Det var jo ein knakande god idè.
Kanskje eg kan ta den med meg i senga og så kan den varme meg på føtene og puske meg på ryggen om eg føler for det? Ikkje så dumt!!
"Hei, Beathe, korleis har du det?" Joda, takk som spør....... Tv'n må jo berre vere den fantastiske samtalepartnaren!! Heilt utroleg!

Nei, kva kan eg eigentleg bruke den til??? Godt spørsmål. Eg tippar til å sjå på, høyre musikk, sjå på bilete, spele playstation o.l, ........tja moglegheitene er sikkert mange. Om eg orkar å forbrenne den kalorien det vil ta og taste på "opne saka" , så finn eg sikkert løysninga/svaret. Eg trur eg har forbrent nok kaloriar...............

Tv'n kan få deg til å smile, le, danse, grine, banne (bannskap forekommer ofte i heimar med fotballgalne mannfolk. EG bannar ikkje!!) Tv'n og eg blir nok aldri bestevener. Livet er for kort til det. Eg er ganske sikker på kva eg ønsker mest av alt, men det eignar seg ikkje på trykk!! Hahahaha............

Luksus i kvardagen. Skjem dere bort med eit luksuscruise. Nope.......Luksus i kvardagen er det enkle...........og føle lykke av å ha den rette rundt seg. Det er luksus det!!
(Men for all del......JA til cruise!!!!)

Alexander får bedre karakter enn Ronny. Jaja, då veit du kva du ikkje skal kalle gutungen din. Skund deg med å skifte namn før det er for seint!!

Høyrt sånn sludder?? Reint vøv. Namnet skjemmer ingen, heiter det så fint.

Diktet fotballstjernen opp død kjæreste? Jeeeezes..... Det var då og noko å ta opp. Om ein er kjendis og ein berre kan dikte opp ein kjæreste og så er ho plutseleg daud utan at nokon veit kven ho er....... Særleg! Mannen er i såfall gal! ¨

Kanskje eg skal få meg ein kjæreste ved namn Goerge Coloney, og når det passar seg......skal eg ta å sørge over han.
Likar du namnet??? Det tok kjempelang tid å resonnere seg fram til det. Kanskje han er i slekt med George Clooney??? Who knows?!

Nei, no må denne jomfrua få Clooney ut av verda si. Han er då verkeleg ikkje så hot som ho skal ha det til. Fjern litt av sminken hans og "you will see the real one".
Herved lar eg stafettpinnen gå over til Helene Bu. Sånn.......Helene, du kan få han!!!! (Ver obs på at han ikkje er musikalsk!! Så det vil aldri klinge så fint i øyrene dine...............)

Yr.no kunne i dag melde om 69 mm med nedbør i form av regn i morgon.Storm.no er litt meir realistiske, men melder om at det skal kome meir regn enn kva som er vanleg i dette strøket. Så då vil eg berre åtvare om at alle skalkar lukene i morgon!! Kan ikkje ha noko av at nokon må ut på svømmetur i januar!! Berre så synd at vi bur sånn til at flom aldri vil bli ein realitet.

Som dei syng i Bergen......."La regnet øse ned!" Joda, det er eigentleg litt koseleg med regn. Bli tvinga til å kose seg inne. I alle fall viss det er med dei/den rette folk(a). Berre fantasien som set sine grenser!!!

No skal jomfu Knutsen gjere seg klar for å gå på øving. Ja, gå! Litt frisk luft er vel ikkje å forakte. Så håper eg at eg finn vegen så det blir litt speling. Med mindre Supermann dukkar opp då, i eigen person. Då kan det hende eg må revurdere heile øvinga. Valgets kvaler, liksom.............
(Han skulle ikkje fått redda så mange fleire denne kvelden i alle fall!!!)

Ha ein fantastisk, trivialistisk torsdagskveld.
Hasta luego!! :=)

Gee........We can pick up....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar