onsdag 30. januar 2013

Det har vore ein herleg ettermiddag fylt med kvalitetstid med min eigen lille "snuskelusk".  Først nokre kilometer på ski før det braka laus med kinasjakk-tevling. Ei tevling som  endte med uavgjort.
No har eg akkurat sett "Idol"... Eg skulle eigentleg både skrive og sjå tv samtidig, men dataen måtte nok berre klappast att då enkelte av innslaga var så grusomme at det ikkje var mogleg å konsentrere seg.
Der og då følte eg meg litt som ein mann.......I og med at eg ikkje kunne gjere to ting samtidig. Hahahaha..........

Eg får gjere eit nytt forsøk no. No når det ikkje er distraherande momenter rundt meg. Så det er berre å svinge sveiva for å sjå om dei små grå gidd å svømme litt rundt på ein onsdagskveld.

Vil ha nordmenn vekk fra Gran Canarias strender. Det er eit stort antal nordmenn som skal til Gran Canaria framover. No har Dagbladet denne overskrifta som seier at dei vil ha nordmenn vekk frå strendene der.

Eg må ærleg innrømme at eg tolka overskrifta på ein heilt annan måte enn det som er fakta bak teksten.
Eg såg for meg at det er årsaker som gjør at nordmenn ikkje er velkommen der.
Så feil kan ein ta......

Det er snakk om at det ventes rundt 300 000 nordmenn. Gran Canaria har så mykje meir enn berre fine strender. Det er dette det er snakk om. Dei ønsker at desse 300 000 skal vise seg på litt fleire steder enn strendene.
Og vips så blei saka ikkje så ineteressant lenger. Det blei det liksom ikkje så mykje å ha meining om når det er slik det heng ihop.

Flere tror på spøkelser enn på Gud. Ja, det vil eg tru....Alt etter kva ein definerer som å tru på Gud. Om det er undersøkingar som spør om du er personleg kristen dei legg til grunn, er vel talet ikkje heilt truverdig. Det er mange som ikkje er personleg kristen, men likevel trur på Gud.

Uansett....... Eg trur nok antalet menneske som trur på spøkelser er rimeleg høgt. Så eg lurar eigentleg på kva det er som gjer oss menneske så redd for noko som faktisk kanskje ikkje er noko som helst?
For gudane skal vite at det slett ikkje er spøkelse rundt oss kvar gong vi høyrer mistenkelege lydar.
Dessutan trur eg hjernen vår er ganske så god til å spele oss enkelte puss.
Så viss du er ein skikkeleg grinebiter og plutseleg "ser" noko merkeleg, er det kanskje berre eit teikn på at det fins ein lun og god humor bak fasaden likevel. At du ikkje er heilt borte vekk.
Hjernen din evner å spele deg eit puss, eit teikn på at den ikkje godtar det kjedelege, hissige livet ditt og aper seg med deg for å vise at det lev noko anna i deg også. Hahahaha.........Det er eg sikker på! =)

Mange er slik at dersom dei høyrer ei skummel fortelling, eller ser ein skummel film rett før dei skal ut i mørkret og trø åleine, ja så ser dei seg nokre gonger ekstra over skuldra. Kanskje går dei litt raskare forbi det gamle huset som er ubebodd og kanskje hjartet dunkar litt ekstra hardt heilt til ein har komen seg innanfor husdøra heime.
Har det skjedd på film, kan det definitivt skje i den verkelege verda også!! Så det så!! =)

Eg veit eg sjøl er grim på det......... Det å sjå ein skummel skrekkfilm rett før eg legg meg og sjølvsagt er åleine heime.
Som oftast filmar der framande tar seg inn i huset ditt for å ta deg! Litt sånn der typisk jomfru Knutsen. OG ho lærer aldri av det. Neste gong sjansen byr seg, gjer ho akkurat det same.
Så er det berre å ligge der og stirre på soveromsdøra for å forsikre seg om at ingen er på tur inn døra. Spesielt ikkje med ei øks eller liknande i handa.
Medan ein ligg der under dyna, tenker dei små grå "Please, ikkje gjer sånn at eg må på do no!!" Og kva skjer?? Joda, tankane spreiar seg rundt i kroppen og plutseleg så er det nett det eg må.
Det er berre å skunde seg på badet i full fart med blikket retta mot stova når gangen krysses. "Puh......Det er ingen der!" Så litt hjerneaktivitet som ender med "No må du fa..... med skjerpe deg, jente. Gå og legg deg og sov. Du er jo ikkje riktig rett". 
Overbevist om at alt er ok og at det berre er å gå attende til rommet att, kjem tankane attende i same augeblikk ein er komen ut att i den mørke gangen.......og tida som blir brukt før ein er attende under dyna, er mindre enn minst. Alt skjer i hurtigtempo. Hmmm.......Hjartebank!!

Men så var det jo eigentleg spøkelser som var utgongspunktet. Det er litt forskjell på å vere redd for at det er nokon i huset og det å tru på eit spøkelse!
Program som "Åndenes makt" er jo heilt klart med på å nøre opp under denne frykta.
Sjølv ser eg aldri på programmet. Det er fleire årsaker til det, sjølvsagt. For det første er det ikkje noko som fenger meg, men like tungt veier vel det argumentet om at eg eigentleg meiner at det meste frå programmet er oppspinn.
Eg har vel kanskje sett to episodar fordelt utover fleire år.........og eg må ærleg innrømme at eg kun sit att med tanken om kor lettlurt folk er som faktisk trur på alt dei får servert gjennom programmet.
Joda, eg veit det fins meir mellom himmel og jord enn det eg kan sjå med mitt blotte auge og ja, det er sikkert "litt" i det dei viser på skjermen.
Likevel, vi må ikkje gløyme at for tv-kanalen handlar alt om pengar. For dei handlar det om å få episodane mest mogleg spanande for å vere sikker på at searane skal fortsette med å sjå serien.
Det er litt rart at det alltid er treff på det dei ønsker. (Ut ifrå det eg høyrer andre seier).

Joda, det skjer uforklarlege ting til tider. Så spørs det då.......Kva det er som står bak. Då må det no vel vere likare å tru på Gud! :=)

Jaja, ha ein trivelg kveld! Vuderer du å sjå ein skrekkfilm i kveld, så kan det jo vere lurt å la vere om du er åleine.
Har du ein beskyttande mann ved di side, kan du vel sjå kva som helst (om ikkje han også er ein tøffelhelt! Noko som av og til kan vere sjarmerande.......sjølv om ein mandig mann vil vere å fortrekke i ein slik situasjon!)
Sov godt når den tid kjem! :=)
Natta!
Hasta mañana.

IWALY





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar