fredag 25. januar 2013

Fredag og helg........og endeleg kom snøen!! Gjett om den er etterlengta?!! Det er nesten som om at ein kan kalle det for lykke. I alle fall om den blir liggande. :=)

Èn av fem lar kona styre klesvalget. Hahahahaha....... Ja, det ser eg for meg! kva du trur om alle menna skulle styrt det sjølv?
No er det kanskje fleire kvinnfolk som pakkar det litt inn slik at mannfolka ikkje skal skjønne at det eigentleg er kvinnene som styrer dei (i alle fall til ein viss grad).
mange menn spør jo om dei kan gå i det dei har tatt på seg om dei skal ut på festlegheiter. Då er det lett å pensle dei innpå "Joda, men sjå her. Syns du ikkje denne er litt finare?"..
Det hender vel at det kjem uttrykk som "Skal du gå ut i dei klerne der? Du ser litt teit ut....."
Kven er det som ikkje skiftar klede då? :=)

No trur eg det fins mange oppegåande menn, men likevel trur eg faktisk at det fins ein god del menn som faktisk er avhengige av at kjerringene seier kva dei må gå i.
Sånn eigentleg trudde eg faktisk at talet skulle vere mykje høgare. Minst to eller tre av fem!! (Burde kanskje ha vore det! Hahahaha............)

Husker ikke sist jeg kjøpte selv. Framleis klede som diskuteres. Her snakkar vi storheiter som Davy Watne og Carl I. Hagen, altså!! Dei er ikkje eingong redd for å innrømme at dei er underlagt kjerringene sine.
Om det er av di dei ønsker det sjølv eller ikkje, skal vere usagt. Det får vår eiga fantasi leve opp til å "finne ut av".

Kva skal ein eigentleg med kjerringene sine når ein kan få klestips hos VG??? Nei, hiv dei på dør......

Slik er det å bli slukt av en tiger. Himmel! Er det verkeleg nokon som kan forklare oss det? Kven er det som er så heldig å ha blitt slukt av ein tiger for så å overleve??
Det er faktisk slik at ein tiger faktisk sluker over eit kamera også, om han vil, så då et det vel det som har skjedd, vil eg tru.

Gi barna mer smertestillende. Setningen kjem faktisk frå ein allmennlege! Kanskje ikkje heilt forventa å høyre det i desse dagar når ein ofte les i avisene om at det brukes alt for mykje tablettar og det inkluderer blant anna smertestillande.
Eg skal i alle fall opne saka og sjå kva det dreiar seg om av den enkle grunn at eg blei litt nysgjerrig på dette som ikkje høyrest heilt ok ut.

Det er her i Noreg at ytringa har funne stad. I Bergen. Legen meiner at barn lider unødig mykje. Mange born seier ofte ikkje eit einaste ord når dei har veldig vondt og difor tokes det ofte som om at dei ikkje har smerter.
Det kan då vel likevel ikkje bety at kvar gong ein unge lar vere å seie noko, så skal vi proppe han med tablettar? Sånn berre for å vere sikre........

Legen meiner at det må ei haldningsendring til blant legar og foresatte. Vi må ikkje gå rundt og tru at det er så skadeleg med desse tablettane.
Born blir dessutan meir rolege under konsultasjonen om dei får noko før dei kjem til lege.

I andre land er det meir vanleg at born får smertelindrande medikamenter. Kvifor skal born mange gonger lide seg gjennom fleire timar med smerter og så går vi vaksne sjølv og puttar i oss om vi kjenner vi treng det?
Bør born tåle meir smerte enn vi vaksne?

eit beinbrot gjer like vondt for eit born sm for ein vaksen person.

Tidlegare gjorde dei opne hjarteoperasjonar på nyfødte babyar av di dei trudde at dei ikkje hadde smertesans. Det er til å "gaule" av.

Etter å ha lest saka, skjønner eg at det ikkje er snakk om noko overdosering. Eg er einig med legen. Born før faktisk få meir smertestillande.  Det er jo ikkje snakk om det same som det avisene i desse dagar åtvarar om.
Når det faktisk gjer dritvondt og ein kan gjere noko med det. Ja, då bør vi vel gjere det.

Eg har aldri tenkt over det før. Eg har sikkert vore ein av dei som har tolka ting som om at det ikkje gjer så veldig vondt når det faktisk gjer det. Eg kjem i alle fall på eit par eksempel her eg sit i skrivande sekund

Ti ting som får damene til å falle for deg. Ja, no er eg spent på kva som skal til for at eg skal falle for ein mann. Etter å ha levd alle desse åra, er det kanskje på tide at eg får vite sanninga om kva eg eigentleg fell for. Kanskje eg får meg ei overrasking eller to. Eg ler om eg har misforstått kva eg likar ved menn. Hahahaha........

Med litt mot og ren taktikk, kommer jentene løpende mot deg!

1. Unngå innøvde sjekkereplikker. Det virker som regel berre veldig uspontant og rart . Sjekkereplikkar er berre teit!! Det er om å vere seg sjølv...........

2. Sett deg litt inn i klær og stil. Dei fleste gutane kjøper klede med dårleg passform. (Det er jo om å få fram den sexy rompa).

3. Trim skjegget, få deg en frisyre som passer ansiktsformen din og bruk linser i stedet for briller. (Hugs berre på at det er Dagbladet som seier dette og ikkje eg......... Because I don't care about the glasses).

4. Unngå å gi komplimenter som går på utseendet. Gje komplimentar for personligheit i stadenfor.

5. Ikke gi for mange komplimenter generelt. Det kan fort virke som du smiskar.

6. Tør å lede. Dei fleste jenter likar at guten tar litt initiativ og at han har en plan.

7. Tør å ta ting videre. Jentene tar svært sjeldan første initiativ til å utveksle telefonnummer eller til å kysse

8. Stol på at du er bra nok. Jenter er mykje mindre kresne enn dei virker som

9. Les litt sjekketeori. Å vite kva du kan gjere i forskjellige situasjonar, gjer deg sjølvtillit

10. Lær av kompiser som er flinke. Sjå kva dei gjer og korleis dei forheld seg rundt jentene .

Så ergo, viss du held deg til desse 10 punkta, er du garantert napp hos draumejenta di!! Det er berre å hive seg rundt.....:=)
Skal du teste teorien ut på meg, er det berre å bestille time. Hahahahahahaha......... Så kan du jo sjå i praksis om denne teorien faktisk fungerer. Hugs berre at det der med at du ikkje må gje så mykje komplimentar er berre tull. Du kan berre gje så mykje komplimentar som du berre klarar. Smør gjerne litt ekstra på!!!!


Nei........No kjem eg til å vente i spaning på kor mange friarar som faktisk bit på kroken til denne jomfrua! I mellomtida får eg vel berre seie god natt og sov godt. :=)
Vips så er det ny dag!
Natta!!

Hasta luego!

IWALY




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar