mandag 28. januar 2013

Den deilige hevnen. Hahahaha........Voodoo-dukker eksisterer faktisk!! Kor bra er det ikkje om du har ei dukke med bilete av eksen på?? Då sjølvsagt utstyrt med nåler på visse kroppsdelar.

Om du har ei dukke som dette og faktisk utfører slike handlingar på ho, er det kanskje eit lite teikn på at du er grotesk og hemngjerrig. Likevel, eg blir litt flirfull her eg sit. Idèen er jo ikkje så dum om den hjelper på dei negative tankane du har. Hehehe........
Eg har heldigvis ingen eks eg har "langt oppi halsen".
Kva du trur? Jomfru Knutsen og ei voodoo-dukke......... Hahahaha........ Eg hadde då vel ikkje nøya med meg nåler!! Nåler er for pingler!

No er det eingong slik at tanken om hemn er eit behov for å gjenopprette balansen etter ei krenking. Vi vil vise den andre at vi ikkje likar å bli skjøven lenger ned i hierakiet. Så bunn i grunn kan vi vel seie at hemn og ære går hand i hand.
(Ikkje skjønner eg at den som treng å opprette balansen faktisk orker å gjere det. Krenkinga forsvinn likevel aldri. Gjort er gjort).

Det finnes kanskje fleire metodar enn voodoodukker om ein ønsker hemn. Kva med eksdama til Daniel Craig? Ho var jo eigentleg litt smart. Dei hadde ein konto med felles kort. Ho reagerte sporadisk då han hadde ein affære og tok ut ein million dollar frå kontoen.
Eg vil tru at det svidde!! (At det blei akkurat det beløpet, skuldast at det var maksgrensa for kva dei kunne ta ut i slengen).

I tillegg har vi ho Lisa Lopes. Ho satte fyr på huset til kjæresten etter at han hadde vore utro.
Tja....... ganske dristig, det også!
Eg vil tru at det vitnar om at kvinnfolk er hakket verre enn menn.
Ikkje skjønner eg at dei syns menna er så bra at dei er villige til å gjere seg til kriminelle for å vise kva dei syns om dei.
Det er jo berre å kaste dei på dør..........

På tide med ein åttpåklatt? Ja, det var vel det guten min også meinte då han sat i frisørstolen i forrige uke. Han og faren hadde frisørtime og sånn heilt ut av det blå, sa han følgande til frisørdama: "Det sku no ha vorr deilig med en lillebror!"
Joda, det kan han sikkert få, men det blir i alle fall ikkje eg som gjer han det. Då må det i såfall ei anna ung jomfru inn i biletet!! :=)

Hjelp, vi har grodd fast! Kor då?? Hehehe.....
Som om at eg ikkje skjønner kva det er snakk om når det heile er ei overskrift på ei side som heiter "Spør Peder om sex og samliv".
Denne gongen er det ei jente som er redd for kva som vil skje om ho trør ut av komfortsona.
Ho og kjæresten har vore i lag eindel år og har det bra ilag. Likevel er ho redd for at ho kanskje utelukker eit anna liv utan han. Viss ho skal finne ut av det, må ho på ein måte trø ut av denne kormfortsona dei har opparbeidd seg, noko som er ganske skremmande.

Tja, kva skal ein seie til det? Om ein har det bra, kvifor skal ein då gidde å bry seg med å finne ut om ein går glipp av noko?
Har ein det bra, er det vel greitt og har ein det ikkje bra der ein er, er det berre å gå.
Om ein elsker kvarandre, så må jo det vere det viktigaste. Då betyr det jo automatisk at ein må utelukke enkelte ting frå livet sitt. Det er berre slik det er. Det betyr ikkje at du får eit mindre bra liv. Tvert imot. Kva er vel betre enn å vakne opp med den du elsker, dag etter dag og har sjansen til å kunne fortelje det til han/ho dei same dagane?
Det må jo vere lykken på jord og om ein vaknar med den følelsen, så kan jo ikkje dagen bli anna enn god!
Så kvifor gidde å tenke tanken på kva om eg kan gjere det betre??

Den dagen du elsker eit menneske, trur eg du berre veit det. Då burde det vel ikkje vere behov for å finne ut om ein har grodd fast eller ikkje.........
Det er slikt ein berre veit om det skjer.

Berre spør Tiger Woods............ Eg trur det var her om dagen at eg las at han sa at eks-kjerringa skulle få over ein milliard kroner av han om ho kjem attende til han.
(Litt meir enn det eg ville ha gjort...... Eg trur eg ikkje ville lova noko meir enn kjærleiken min og håpa at det ville ha vore godt nok!)

Så var det nesten midnatt att........ Det betyr rett og slett ikkje anna enn at det er på tide å få litt skjønnheitssvevn. Så ergo seier eg natta til dåke alle.
Er du så heldig at du vaknar opp med eit herleg menneske........Ja, så sørg for at ho (han) får vite det! :=) Betre start på dagen kan du vel ikkje gje eit anna menneske?
God natt!
Hasta mañana!

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar