lørdag 12. januar 2013

Knutsenfrøkena har i dag konstatert ein vesentleg ting i livet. Skismurning er for alle andre enn ho. Definitivt! Glider, sikling, raudt, blått, lilla, varmt, kaldt, hydrokarboner, base, festesmurning, hakk-reparering, rotobørste, hestehårsbørste, blå nylonbørste............og så datt eg ut. Hjernen er rett og slett oppfylt for minst 40 år fram i tid. Smurning må nok stå i kø og vente på tur.

Ski var så uendeleg mange gonger lettare når denne jomfrua var i sine yngre dagar. (Eg skal kome attende til kvifor eg skriv yngre litt lenger ned).
Som 17-åring var det å sjå på gradestokken, finne den fargen som gradene tilsa og klæsje det under skia og sette opp etter fjellet. Medan no............ Når sveittekjertlane under armane byrjer å arbeide berre ved å vere vitne til at andre smører........... Jaudå, då er det på tide å forstå at det ikkje er meininga at eg skulle bli født inn i ei verd med skismurning.
(Eg trur eg må finne meg ein mann som i alle fall kan "litt" om temaet).

Moralen bak det heile er: Skal minstemann gå skirenn, meld han på same konkurransane som søskenborna. Då får han personleg smører!!
Kan du vanskelege ord innan temaet.......Ikkje nemn dei for meg!

I heile dag har eg gått rundt og trudd at eg er 38 år. Det verste er at ingen har reagert på det. Tenk det!! Eit heilt år meir enn det eg faktisk er.......
Hadde eg no trudd at eg var 36, så kunne eg ha forstått det, men eit kvinnfolk legg no vel ikkje til eit ekstra år etter at ho fyller 30?!
Nei, det får bli som naboen kommenterte, at det er på tide å flytte inn i husa på andre sida av vegen.
For dei som ikkje veit kva hus det er snakk om, kan eg hinte litt og gje stikkordea "for gamle".

Det verste var at nokre elevar spurte meg kor gamal eg er. Heilt sånn ute av det blå svara eg 38.
38?? Det er jo gamalt!! (Så ergo burde eg berre ha sagt 25).
Ei gruppe med dei same elevane fekk i oppgåve å stille spørsmål på engelsk der vi andre berre kunne svare "yes" og "no". Ved å tolke spørsmåla, skulle dei finne ut kven dei var. (Namn på ein person).
På ein av dei siste lappane stod det namnet mitt. Spørsmålet som etterkvart dukka opp var Is she old? Svaret kom kjapt, tydeleg og høgt frå dei andre. YES, she is!!
Det er det verste!!
Så ved å vite at det er ei som køyrer Citroèn og er gamal, var det lett å tippe mitt namn, liksom??!! Hmm........
Det må vere det der 8-talet! Noko anna er ikkje mogleg.......... Hadde eg sagt 37, ja då hadde dei heilt klart sagt at eg er ung!!! (Då får eg vel sove godt i natt likevel..........)

Ellers er hovudstadsavisene overfylt av "Idol-minner". Minner som den verste og beste auditionen. Minner som seier at David Pedersen skapte "Bieber-tilstandar" osv osv osv......... Lista er lang!! Nesten så lang at eg berre vurderer å ikkje bla lenger ned på sida av di det kan virke som om at det er berre det avisene har brydd seg om i dag. (Er det snart tid for idol, kanskje?)

Tone Damlie Aaberge skal gifte seg på Sicilia, I Hollywood er det ei på 25 år som ventar born, Lunde Pedersen med personleg rekord. Jaja....... Så er jo avisene fylt med gladsaker også. Så hyggeleg!

Slik skal menn kle seg til høsten.  Og så "spyr" eg!!!!!!! Det er vel ikkje første april i dag??
Det går rett og slett ikkje an. Eg syns eg seg at inspektøren kjem lårkort på arbeid etter sommarferien. Skjørtet har fin "svung" i drivet......... Gammelordføraren som har på seg lårkort kjole og høge stiletthelar, slik at kvar gong eg snur meg mistar all konsentrasjon.......... Naturforskaren som sit rett bak meg........Eg skal ikkje foreslå kva han dukkar opp med sånn medio august..... Jeeeeeezes. Om skismurninga gjorde meg sveitt, så gjorde denne artikkelen meg hakket verre!!! Say no more!!
Eg trur enkelte stylistar har fått drypp. Eit stort eit!!

Eg trur rett og slett at eg legg meg!!!! God natt!!

Hasta luego!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar