lørdag 19. januar 2013

Hotel Cæsar. Eg kan ikkje anna enn å bøye meg i støvet og hive meg på lag med dei som iltert kontakta TV2 forleden og ikkje kunne skjønne at Hotel Cæsar var blitt flytta til føremon for terrorisme i Algerie. Kca er så viktig med det, liksom?
Tenk på alle dei som ser Hotel Cæsar fast. Det er jo mange det går ut over om ikkje programmet går som vanleg. Det er eit særdeles viktig program som utviklar oss som menneske på ein framifrå måte. Hotel Cæsar er jo mykje viktigare enn alt anna i denne verda. Utan denne serien er vi ingenting! Det er som å ta frå oss livsnerven!! Så det så..........
Så det er jo berre på sin plass at TV2 får så hatten fyker!! Say no more!!

Hahahahaha.......... For dei som trur at jomfrua ikkje er heilt på stasjon (dei har sannsynlegvis heilt rett!), så følger denne knetta ikkje med på denne superviktige serien. Eg har nok gløtta tilfeldig innom, men eg kan ikkje hugse sist eg såg ein heil episode. Det er meir unntaket enn regelen
(les 0,1 %).

Eg kjente eg fekk spunk i hovudnerva då eg las om at Cæsar-sjåarane hadde gått "amok" mot TV2. Enkelte av kommentarane var heilt forkastelege.
Eg kan skjønne at dei syns at det blei mykje "Algerie-info" i og med at det blei vist i eininga (og framleis blir). Likevel, det er å gå litt langt å seie at dei ikkje burde sende det av di det ikkje angår så mange av oss. At det er synd i dei pårørande, men at verda må gå vidare utan at vi treng å bli proppa full av info vi ikkje treng.

Er ikkje brutal internasjonal terrorisme noko som angår oss?? Sjølv om vi ikkje er pårørande? Kva hovud tenker dei med, dei som påstår slikt?
Eg vil då vel gå så langt at eg tør å påstå at det angår oss alle i høgaste grad. Å tru noko anna, er rett og slett berre teit.
For dei som føler seg latterleggjort av den setningen.............. I don't care, because I really mean it!!

Den dagen vi ikkje lar oss påverke av terrorisme, har vi tapt. Eg er då vel opptatt av kva som skjer der nede. Eg er opptatt av det av den enkle grunn at eg vil vite korleis dei som tar dei ulike avgjerdslene utfører sine "plikter". Kjem dei til å gje etter eller ikkje for krava til terroristane??
Ein ting er sikkert. Vi kan ikkje la terroristane ta over denne verda. I det augneblikket vi gjer etter, har vi verkeleg tapt. Då er det ikkje lenger noko som kan kallast demokrati i denne verda. Gjer vi etter i denne saka, er det ikkje lang tid før neste terrorsak dukkar opp.
Eg er så glad at dei ikkje starta med å lauslate desse islamistane som dei krevde. Det betyr mykje.

Å meine at det er viktigare at TV2 sender Hotel Cæsar til rett tid (ikkje ein time eller to etterpå) enn å faktisk oppdatere oss på at dei ikkje vil gje etter for dessee hensynslause menneska. Det er rett og slett sjukt.
Ja, det er lov til å irritere seg over at favorittprogrammet ikkje kjem når det skal, men det er langt frå det til det å ringe ned eller skrive teite meldingar til TV2. Spesielt dei usaklege meldingane som til tider kunne sørge for at det føltes flaut å vere norsk.

Den dagen eit TV-program blir så viktig at du nesten ikkje klarar å overleve om du ikkje får sett det......... Den dagen er det på tide å setje seg ned og fundere over kva liv ein lever. Kanskje på tide å ta seg ein tur på hytta ei uke (utan TV-tilgong)?!

Ja, det blei mykje info om Algerie. Ingenting å seie på det. MEN hotellet er TV!! Såpeserie som blei vist seinare på kvelden og som sannsynlegvis går i reprise dagen etterpå.
Eg kunne aldri tenkt tanken på å kontakte TV2 berre av di eg er så egoistisk at eg ikkje vil vise solidaritet med dei som er påverka av det som skjer/skjedde der nede.
Alle er født med egoisme i seg, men det handlar då verkeleg om å klare å styre den litt innimellom.

Hensynslaus og meiningslaus vald mot uskuldige menneske. Terrorisme av verste sort. Ekstreme og ufattelege forhold. Eg håper vi verkeleg aldri får oppleve å vere pårørande til noko slikt. Opplevingar dei garantert blir å bære med seg resten av livet. Det er ikkje mogleg å fortrenge.........

Nei, terrorisme må stoppast for ein kvar pris!! Så kan vi alle føle oss hakket tryggare.......

Så mange ganger i uka bør dere ha sex. Nå får vi visst fasitsvaret på det også. Dagbladet veit det meste!!
Menn har som regel like mye lyst på sex som før han ble far. Javel? Er det noko nytt eller ulogisk?
Det er vel ingen grunn som skulle tilseie noko anna.........
Dei påst¨r faktisk at vi som mødre får dekka vårt behov for kos gjennom nærheita vi har til babyen.
Javel....? Då lærte eg noko nytt! Eg kan ikkje hugse at det var heilt slikt, men kva veit vel ei jomfru som eg? Eg skal jo aller helst ikkje hugse noko som angår slikt!!
Sex er mannens måte å uttrykke følelser på. Då er det berre om at dei ikkje er sinna heile tida!! Stakkars kjerring då! :=)

Ein bør i alle fall ha sex ein gong i uka. Masser kvarandre annankvar kveld. Slutt med å sutre.
Jaja.........Ein takk til Dagbladet for oppdateringa som gjer oss litt klokare. Eg skjønner vi har litt å lære.
Så sex 52 gonger i året og få massasje over 180 gonger og slippe å høyre på sutring............. Hmmm, det kan eg like. (Satsar på at talet er eit minstekrav, eller noko sånt!)

Slik unngår du å falle på glattisen. Tja, det må vel vere å halde seg inne med rompa i sofaen.

Det er "Grand Prix"-kveld, det er "Hver gang vi møtes"-kveld, det er musikkunderhaldning med andre ord. Eg må ærleg innrømme at det ikkje er feil.
Kanskje like greit at "HGVM" blei utsatt litt i kveld.......Så fekk ein med seg begge programma.
"HGVM" er nok hakket betre underhaldning enn det andre, men det funker. Det får jo tida til å gå. "HGVM" er koseleg og gjer i alle fall meg ein fin ro på ein laurdagskveld.
Ole Paus er absolutt ingen "songar", men du dyre for ein formidlar. Ingen over!!

Ha ein fortsatt fin kveld! Har du ikkje sørga for å få fylt opp ukas kvote, har du sirka eit døger att på deg. Og er Hotel Cæsar-sendingane ei av årsakene til at kjerringa seier nei, ja då kan du trøyste deg med at det ikkje sendes meir Cæsar denne uka!! :=)

MY



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar