søndag 20. januar 2013

Europa snør ned. Ja, det er akkurat slik det føles. Aldri før har vi hatt så mykje snø som no. Fantastisk skiføre og oppreparerte løyper, hagane fulle av snømenn og eit par isskulpturar på torget!!
Neida..............ønsketenkning!
Europa snør ned, kanskje, men det gjeld visst ikkje oss i Nordland. Det kan virke som om at eg ikkje bur i vinterland lenger.
Den som viser tolmod og ventar...........Tja, kanskje det kjem litt etterkvart.

Truer med søksmål etter togulykke. Eg lurar på kva eg ville sagt om det stod eit tog i hagen min, eller rettare sagt i veggen min!

Enkelte hevdar at det er eit kvinnfolk som har stole toget og køyrt i husveggen med det. (Det er snakk om eit TOG - for real, liksom).
Politiet arbeidar enno ut frå teorien om at ho er uskuldig.

Det er togselskapet som påstår at kvinna har stole toget. Kvinna er 22 år og reinhaldar på toget. Likevel.....Kven stel eit tog?? (Med meir enn èi vogn).
Kanskje eg hadde vore truande til det, men ei svensk jomfru, derimot.............Tvilar!

Midd lever blant annet av døde hudceller. Etter å ha studert "baken" til eit kvinnfolk, er det berre å konstantere. Sørg for å skifte sengeklede ofte!! Spesielt dyna og puta! Æsj..........
Det er ikkje noko nydeleg syn å sjå på denne ellers så flotte rompa.

Hver fjerde nordmann vasker aldri dyna si. Å vaske dyna kan vere lurt. I alle høve lufte ho!
Midden trives best i senga......... Tja, det kan eg forstå. :=)
Når den trives så godt med menneskeleg hudkontakt, er det vel ikkje rart at den oppsøker deg der du naken? Det må jo vere reine paradiset for midden. Lykke!!
Dei hiv seg med i sengevalsen, liksom........

Dyner bør vaskes ein gong kvart år, medan putene omtrent fire gonger pr år. Ein gong i kvartaletk med andre ord. Så når rekninga med kommunale avgifter dukkar opp blandt posten din, bør du putte puta i maskinen!
Dessutan er det bra om ein ikkje reiar opp senga når ein står opp. I alle fall ikkje før etter eit par-tre timar. (Eg ser for meg fleire som vil få spunk av uoppredde senger!! Vel, det er berre ei seng med dyner........Det er vel inga fare for at det er nett det rommet du viser fram om du får besøk. FY, FY om det ikkje er oppreidd og gjesten ser at du er menneskeleg..........)
Sørg for å ha god utlufting!! (Endå bra at eg har soveromsvindauget opent konstant, då!)

Ett tårn til hvert familiemedlen. Genialt!! Hahahaha....... Tenk å ha sitt eiga lille tårn! Utan mas frå nokon som helst.....
Eg har akkurat studert eit hus som er bygd opp som fem tårn. Ein familie på to vaksne og fire born..... Hmm! Det blir feil. Seks personar og fem tårn!! Noko som tydar på at det er eitt tårn til dei vaksne. Kjipt, for då er ein jo ikkje åleine likevel.......

Huset er "eitt" under jorda. Det er difor vi kan kalle det for eit hus og ikkje fem "hus".
Ganske originalt, meiner eg! Stilig!

Dette er nok ganske kostbart, så eg veit ikkje heilt om eg vil oppforde andre til å gjere det same, sjølv om "miljøet" vil bli rålekkert!
Energiøkonomisering og arealeffektivitet er nok kanskje to ord som vil gjere seg gjeldande her. Men "so what?". Har ein råd til å bygge det, har ein sikkert råd til å "drive" det også. Viss ikkje er det berre å finne ein rik onkel i Amerika........... Det fins sikkert mange lure argument å bruke for å få viljen sin.

Slik gikk det da Amanda skulle lese Shakespare ¨på ein vibrator. Jeeezeees, det er mykje kreativitet ute og går blandt den yngre graden.
Vi hugser vel alle orkanen "Sandy" som herja. Det blei snakk om ein del øydeleggingar.
No er det eit prosjekt som heiter "Hysterical Litterature-prosjektet" og det er dei det er snakk om i denne samanhengen.
Dei har rett og slett laga ein video av di dei ønsker å samle inn pengar til dei ofra som er etter orkanen. Ein video der det tydlegvis er ei "jente" som heiter Amanda som skal lese frå boka "The tempest" av William Shakespare. I tillegg har dei lagt ein link under videoen kor dei som ønsker det kan bidra med eit lite beløp.
Kluet med det heile er at ho skal lese det heile medan ho sit på ein vibrator.
Orgamse foran "alle" og folk kan bidra økonomisk? Nesten noko prostituerande over det heile..........

Vel, eg trur eg droppar å trykke på "spill av video"............. Vil eg ha påfyll av Shakespare, må eg nok heller låne boka sjølv!
Ikkje ein heilt smart ting å gjere, det å setje seg på ein vibrator foran skjermen (sjølv om det er for i god sak).
Likevel......... Dei skal ha kredit for at dei prøver å vere kreativ og nytenkande.

Skulle no nokon vere meir interessert i videoen enn det eg er, så er det berre å snike seg inn på Dagbladet si nettutgåve......., men eg tvilar på at det vil gje deg noko som helst!

Det er enno tidleg, så det betyr at det er fullt mogleg for meg å ønske dåke alle ein fortsatt herleg kveld.
Eg har nett spist pannekaker, tilreidd av åtteåringen min. Det smakte fortreffeleg, så eg trur han skal få slippe til oftare!!
Sofaen har kapra rompa mi for ei stund, men eg satsar på at ho raskt kjem seg opp att.

Hasta luego!

IWALY
 

1 kommentar:

  1. Heia Jomfruen! Artige funderinger. Har dere virkelig ikke snø i deres område? Her drrukner vi og man må passe seg for ikke å overse en bil bak snøskavlene når en er ute og kjører...Håper du har fått rompa opp av sofa i skrivende stund. Jeg sliter med samme, skulle vært og gått 230 min, men det er så herlig å bare sitte her og se TV og se på snøen på veranda. Det er jo så mørkt og kanskje lurer det en eleg bak i skyggene`?? Kanskje i morgen? Da er det sikkert bedre på alle måter... Klem fra Bardufoss:9

    SvarSlett