onsdag 30. januar 2013

Halvvegs på veg inn i draumeland, men ein hjerne som eigentleg er litt i koma, er det vel ikkje så lett å formulere noko som helst her inne. Likvel.........I'll give it a try!

Eg trur kanskje det må ha vore noko i den der innbakte pizzaen som blei fortært i stad. Plutseleg blei eg klar over at eg halvslumra under eit av favorittprogramma mine og rett bortanfor sat mannen i huset og sov. Ikkje heilt normalt (det med meg), så noko må det ha vore.
No er eg fullstendig klar over at denne skrivinga kan ha to utfall. Eitt som seier at eg berre må legge meg av di eg ikkje vil klare å skrive, eller det andre som sørger for at skrivinga gjer meg vaken att og at svevnen då vil utebli ei god stund.
Med tanke på at det er veldig nære midnatt,  veit eg ikkje heilt kva eg føretrekk............
Halvdaude hjerner er vel ikkje kjent for å vere fornuftige, så det spørs.................

Sexdømt professor sparket som bodredaktør. Boka handler om vold mot kvinner. Hmm...... Eg ser ikkje heilt logikken bak tankane hans om han verkeleg meiner at han er rette mannen for jobben. Ein skal jo i alle fall vere "litt" smart for å klare å bli professor (vil eg tru).

Eg veit ikkje heilt kva eg såg for meg då eg såg denne overskrifta. Sanninga er vel at det var noko heilt anna enn det eg oppdaga som var sakas kjerne.
Professoren har ikkje gjort noko anna enn at han har vore menneskeleg og at han falt for feil menneske.
Han er professor i psykiatri og når det kjem til slike ting, er det enkelte reglar som ikkje skal trøs over. Noko denne professoren gjorde likevel.
Han forelska seg i ein pasient og hadde sex med ho. Ingenting valdeleg bak det og han avslutta pasientforholdet til ho av di det ville vere uetisk å fortsette som psykiateren hennar etter at dei hadde fått følelsar for kvarandre. Han låg ikkje med ho før denne pasientrelasjonen hadde opphøyrt.

Det gjekk likevel ikkje upåakta hen og han blei dømt for brotet.
Så spørs det om det er rettferdig at han ikkje kan delta i eit bokprosjekt om vald mot kvinner pga dette.
Eg veit ærleg talt ikkje kva eg meiner om det. Sjølve saka er jo litt komplisert. På den eine sida har du det moralske aspektet og på den andre sida det menneskelege.
Han har jo ikkje utøvd vald......... Vanskeleg sak.

Få reisende kontantkontrolleres (på Gardermoen). Tja, eg ser vel så ekslusiv ut at eg kan ha med meg fleire hundre tusen i sekken min! Hallo..........Om eg skulle smugla med meg pengar, hadde eg vel sendt dei med kofferten. Tvilar på at sikkerheitskontrolløren vil klare å unngå å sjå det på skjermen om det skulle ligge mange buntar med pengar i sekken.

No veit ikkje eg om det er slik at eg kan knyte fast pengar rundt heile meg under klerne. At det ikkje vil pipe og bli raudt om eg ikkje "tar av meg" pengane.
Det er no i alle fall slik at vi skal legge frå oss alt og sende det gjennom for korntroll. Det kan virke litt snålt om det då er mogleg å berre feste dei på kroppen.
Kanskje ein idè til neste flytur?! Kvifor ikkje? Det ville i alle fall ha vore spaning ei lita stund...... Jomfrua som byrjar å vibrere av angst for å bli oppdaga. Svetteperler i panna........osv..... Neida....... Med slike ytre kjenneteikn er det vel ingen sjanse for at nokon skal bli mistenkelege.
Då går eg heller for nokre medsamansvorne!!!

Derfor tatoverte han 98% av kroppen. Berre han ikkje tatoverte inn namnet på kjerringa, så..... Hahahaha......Det ville jo ha vore søtt! (Men likevel det einaste ein ikkje bør gjere!)

Eg hugsar då eg var i slutten av tenåra. Ein kjenning hadde fått seg ny "dame" og fekk namnet tatovert på overarmen. Tre uker seinare var det forholdet over!! Genialt! Merka for livet med namnet til ei du ser på som "bitch".............

98% av kroppen....... Det er mykje!! Lurar på kor dei to resterande prosenta er?! (Eg har vel mine forslag......) Hehehehe.........

Han kallar seg for "sjakk matt". Han har tatovert sjakkruter over heile seg av di han ikkje vil hate kroppen sin. Han har nokre fødselsmerker han ønsker å skjule.
Vel, det spørs om han ikkje tiltrekk seg meir merksemd no når han går rundt og ser ut som eit vandrande sjakkbrett!

Vi spiser for mye fett og salt. (Men det fins noen gode nyheter også). Så då er fett og salt definert som dårlege nyheiter! Korleis skal det gå med oss?
Biletet viser pølse og chips....... Tja, det er kanskje ikkje så lurt å spise det for ofte.

Mykje av saltet vi får i oss, kjem av alt vi et på serveringsstader. Joda, så spørs det kven dei definerer som "vi"?
No et ikkje eg særleg ofte ute....... I alle fall ikkje ofte nok til at kroppen tar skade av saltinnhaldet! 
Eg reknar med det er Oslo-folket det er snakk om. I denne saka som i så mange andre.
(Regnar det heile sommaren i Oslo, medan det er sooooool Nord-Noreg, så kan du banne på at hovudstadsavisene skriver at Noreg berre har hatt regn heile sommaren.)

Etterkvart som eg les artikkelen, ser eg at det ikkje er måte på kor feil vi lev! Korleis vi i det heile kan overleve på denne måten......... Det blir som ei Hallelujah-oppleving. Endeleg vil vi ta inn over oss korleis vi skal leve.
Ingen har nokonsinne skrive om dette temaet før, så det var jaggu meg på tide! Kven kunne vite at vi ikkje skal spise så altfor mykje feitt og salt?
Dei fleste har vel gått rundt og trudd at det er farlegare å krysse Sinsen-krysset i verste rushtida enn litt usunn mat......... Så feil dei alle har tatt! Det er jo motsatt!!
Så då er det berre å oppsøke Sinsen-krysset med glede. Ikkje ver redd når du hastar over, livredd for at du ikkje skal nå fram i tide.
Take it easy!!! Når ikkje feittet og saltet har drepe deg enno, ja då vil ikkje nokre stakkarslege bilistar gjere det heller!
(Hmmm.....Er det forresten mogleg å krysse Sinsen-krysset til fots?? I haven't been there the last couple of years).

Ellers er det ei lykke i livet at det er noko som heiter mannedo og damedo!! Bom basta!
Å måtte snike seg inn på eit mannedo av di krisa er til å ta og føle på, vil alltid kome til å vere siste utveg.
Det er nesten som ein vel å heller tisse seg ut!
Det må jo vere ei eller anna årsak til at det bestandig er mannedoen som luktar heilt forjæ.........!

Eg hugsar då pappa hadde kroa. Ingenting var vel verre enn å måtte vaske herretoaletta. Mannfolk som pissa i vasken i stadenfor å vente på tur......Ishj.... Skikkeleg hygienisk!!

Mannfolk som "låner" dametoalett, skyller ikkje ned etter seg  og lamnar dolokket opent. Noko som sørger for dårleg lukt.
I tilleg etterlet dei seg ei salig stripe med gul smørje ned langs kanten av di dei stod og tenkte på Pamela Anderson i stadenfor å gløtte kor strålen traff......
Harde fakta, men passer på 95%!!!

Det har vore veldig nært at eg har gana enkelte............ Når ein i tillegg ikkje kan unngå å høyre at vasken aldri sildrar før døra kjem opp..... og dei rekk handa fram for å seie "takk for sist". Jaudå......
Det slår likevel ikkje gatekjøkkenmannen som gjekk ut for å pisse bak veggen til "bua" si og berre gjekk rett inn for å fortsette med å tilreie burger han hadde starta på.......Utan at fingrane hadde vore i kontakt med vatn etter at dei hadde gnofla over det heslige skaftet sitt. (Burgeren hamna demonstrativt i søpla!!)

Nei, med desse ille bileta i hovudet skal jomfru Knutsen ta kveld. (Og satsar på at det ikkje fører til noko mareritt........)
I alle fall.....Ha ei god natt! Sov godt!! :=)

Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar