søndag 27. januar 2013

Jeg vil ha sol, strand, sjø og store, villige, svarte menn. Så spørs det kva som ligg i ordet villige........ Berre for å poengtere det, så er det ikkje meg det er snakk om. I tilfelle du no i forbifarta skulle tru at denne jomfrua er på utkikk etter villige, svarte menn. Hahahahahahahahaha............. Akkurat den biten trur eg neppe eg ville avslørt her! :=)

Det er sjølvsagt avisa, nærmare bestemt VG, som har blese dene saka opp. Stort!!
Sitatet er komen frå ein kvinneleg sexturist. Namnet får vi aldri vite, men dei kallar ho for "Petra". (Eit namn eg føler eg har lest i mange samanhengar når det kjem til eit tema som dette.)

Viss ein skal definere kva som er mest vanleg i forhold til kvinnfolk som er sexturistar. er det at dei er middelaldrande, overvektige og lite attraktive her heime på det vestlege sjekkemarkedet.
I tillegg skiller den seg ut frå den mannlege sexturismen ved at den forgår på ein meir subtil måte og sjølve betalinga for det ein "får" skjer i mindre grad direkte. Eksempel på akkurat det siste kan vere at betalinga foregår i form av mat, klede og husleie.

Her i Noreg er det forbudt med all kjøp av sex. Det gjeld faktisk ikkje berre innanfor våre eigne grenser. Er du norsk, følgjer lova deg sjølv om du er utanlands.

"Petra" er ganske frittalande og legg eigentleg ikkje så mykje i mellom når ho fortel om livet og kva ho er på utkikk etter.
Ut i frå det eg kan lese om dette livet, vil eg påstå at det ikkje dreiar seg om kjærleik. Ikkje i det heile. Sånn sett er det berre trist.
No kan eg eigentleg ikkje påstå at det ikkje er kjærleik, men eg kan ikkje i min villaste fantasi sjå for meg at det kan vere det.
Ein unggut Vg har prata med seier følgjande: De kommer hit for å ha sex med oss, og kjøper gjerne fine ting i gjengjeld.
Så då kan ein vel seie at para utnyttar kvarandre.

Dei fleste av desse kvinnene nektar å sjå på seg sjølv som horekundar. Noko dei faktisk er ut ifrå korleis vi definerer kva ei hore er.

Store, svarte og villige menn. Det fins jo eindel "ordtak" som verserer om slike. Eg har no stort sett sedd på det som oppskrytt og berre ei form for myte. Kanskje eg tar heilt feil, at det faktisk er ein grunn til at kvinner vil ha store og svarte menn.
Ein ting er sikkert.......... Eg har absolutt ikkje tenkt å finne det ut!! :=)

Mange håper sikkert på penger og en bedre fremtid i et vestlig land, men får de ikke mer enn en middag og et herlig knull, er det neppe skadelig hverken for dem eller landet.
Nei, det er vel ikkje skadeleg, vil eg tru. Likevel, eg slit med det at vi skal respektere kvarandre uansett om vi ikkje har same livssyn. Eg slit ikkje med det til vanleg, men akkurat i denne saka klarer eg faktisk ikkje å meine at det er greit.
Denne saka er jo eigentleg ikkje noko som angår meg, så sånn sett burde eg ikkje ofre det så mange tankane. Likevel klarer eg ikkje å la vere å meine noko om det og meiningane er alt anna enn positive.

Eit herleg knull?? Jaja.......Viss ein meiner det er verdt det, så.
Ein veit jo ikkje korleis desse menneska har det i sitt "verkelege" liv og eg veit det er lett å dømme andre. Så litt forsiktig skal ein vel vere. Eg vil likevel aldri klare å forstå korleis ein kan leve eit slikt liv.
Då har eg meir tru på kjærleiken! (Men så er det vel mangelen på det som driv dei fleste ut i denne livsstilen?)
Som eg skreiv lenger oppe på sida, det er mest berre trist. (Mi personlege meining). Det er sjølvsagt ein sjanse for at fleire er ueinige med meg. Det vil vel aldri skje at vi klarar å finne ei sak der vi alle er einige. Så takk for demokratiet og ytringsfridomen.

Eg ser ikkje heilt for meg at eg skal gå på nettet for å bestille meg ein flybillett til varmare strøk i det ærend at eg skal få meg eit ligg. Eg skjønner ikkje heilt den mentale biten oppi det heile.
Ein ting er faren ein utset seg for, men ein annan ting må jo vere at det gjer noko med mentaliteten til dei det gjeld. Eit skummelt liv, spør du meg!

Store, villige og svarte menn. Heldigvis er det ikkje størrelsen det kjem an på!!

Nei, ha ei kjempegod natt, så "ses" vi forhåpentlegvis i morgon også! I'll be here. :=)
Natta!

Hasta mañana.

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar