torsdag 30. januar 2014

Først vil eg berre seie at enkelte må bli flinkere til å ikkje drive skjult digital mobbing. Skrive ting på ein måte slik at ingen kan ta dei på det, men likevel kan ein sjå "ironien". Eg tenker då spesielt på Facebook. Ein nettstad ein skal vere yderst forsiktig med kva ein skriv om. Seinast i går såg eg ein status som heilt klart var skjult mobbing og det i ei sak vedkommende så absolutt veit ingenting om.

Viss ei venninne seier noko til meg, kan eg ikkje berre publisere noko i den tru at eg sit med sanninga i mitt hovud. Skumle greier. Det er faktisk å synke ned på eit lavmål som seier mykje om vedkommande som person. Det oppnår ein ikkje respekt av.
Eg syns det er skremmande at enkelte ikkje skjønner kva dei gjer når dei driv med latterleggjering av andre på den måten. Det er heller dei som bør gå inn i seg sjølv og tenke på kva person dei eigentleg ønsker å vere.

Det er ikkje første gongen eg les statusar som er skjult mobbing. Mobbing av personar dei kjenner i form av kommentarar seg imellom under statusane til kvarandre.
Enkelte gonger har eg tenkt at eg skal kommentere det, seie at eg klarar å gjennomskue kven det er dei pratar om. Likevel lar eg vere………Kvifor? Jo, fordi ein kan uansett ikkje bevise at det er det dei gjer.
Ein burde kanskje gjere det uansett?! Er det noko eg er totalt imot, er det mobbing, og nettmobbing er nok kanskje ein av dei verste formene for mobbing som kan skje.
Har du først "uttalt" noko på nettet, kan du aldri ta det tilbake. Skaden er skjedd, og kanskje har du gjort stor skade. Kanskje mykje større enn meininga var. Og det er faktisk straffbart.
Så at vaksne menneske kan oppføre seg slik er forkasteleg, og sjeldan har dei mot nok til å beklage det dei har gjort.

Guppi. Det var eit menneske som ga meg eit hint om at det kunne eg skrive om…….Hahahahaha…. Guppi!! Akvariefisk!! Særleg………
Kva er så kult med ein guppi, liksom? Sånn bortsett frå namnet…..(For det er jo heeeeeilt på jordet.)
Ein akvariefisk med ein hukommelse som ei "apa", svinsa fram og tilbake, leitar etter mat og ellers ein sjanse til å formeire seg (for så å fortsette matjakta). Wow…….for eit innhaldsrikt liv.

Vel, om eg tenker meg litt om, så kan det jo hende at ein guppifisk har eit ganske så innhaldsrikt liv. Sånn for å ta eit eksempel…… No veit eg at det er eit stort akvarium på Hamarøy Hotel. Det er sentralt plassert nede i resepsjonen. Om det er nokre guppi oppi det, eller ikkje, skal vere usagt, men at det er fisk i det er i alle fall sant. Så la oss anta at det også er guppiar der.
Då lurer eg på kor mange menneske som dagleg gløttar gjennom glaset på fiskane. Studerer alt dei gjer. For tru for eit nydeleg syn det er om til dømes jomfru Knutsen (eller andre for den del) står der og lagar trutmunn til fiskane. Kva tenker dei då? (Viss dei evnar å tenke……..) Eller om ein unge fell for freistinga og ikkje klarar å la vere å la tunga gli oppetter akvariumsglaset……… Viss ikkje det er eit nydeleg syn for desse små krapyla, veit ikkje eg. Sjølv tunga til eit born kan virke stor og skremmande.
Kor mange gonger har vi ikkje sett at akvariefisk har stagga svømminga si og berre stirrar ut imot oss? Ein lyslugga og ein brunhåra. Snurrebart, gamle skjeggstubbar, musefletter, fregner, tenner(!)……..Tja, det er mykje for ein fisk å sjå.
Med tanke på kor mange menneske ein fisk i dette akvariumet ser i løpet av uka, ja då trur eg jaggu meg fisken skal vere glad han berre har ein hukommelse på nokre få sekundar. (Einaste aberet er at han då kan få sjokk opptil fleire gonger av ein og same person….Hahahahah…….)

Bardu-ordfører lokker befal med gratis sydenferie. Der ser eg mitt snitt til å få meg ei reise….. Her er det berre å søke om å få bli befal!! (Og så kan ein trekke seg etter ei viss tid med argumentet at "dette var ikkje noko for meg". Hahaha………
Hmm….. Det gjaldt visstnok berre dei som allereie er befal og pendler. Viss dei buset seg der, kan dei få reise til syden i to uker. Så der glapp den draumen!!!

Låste meg ute av lugaren på Color Line helt naken. Hahahaha….. Hadde eg dukka opp då, spørs det om eg hadde klart å la vere å le…. Seriøst…..Korleis klarar ein i det heile tatt å hamne på gangen utan klede i første omgang? Godt gjort!
Enno verre hadde det vel vore om det var eg sjølv som hadde klart å gjere det og så skulle det i tillegg kome folk. Då hadde eg no vel i alle fall flirt, og då hadde garantert blitt 100% meir flaut (pga fliringa). Poenget er jo er at det ville vore umogleg å la vere!

Det er Sondre Lerche som har opplevd dette. I tillegg gjekk han rundt i gangane og banka på dører. Sååååå ser eg at han berre var ti år den gongen, og då stiller jo saka seg heilt annleis.
Det er nok flaut for ein 10-åring, men viss det hadde vore ein 10-åring som hadde sett at faren hadde gjort det same, ville han nok ha syntes at det er hakke verre.

Nei, det er denne klokka då……Av ein eller annan grunn skal den heile tida nærme seg midnatt. Då er det berre å kaste inn årene og sørge for å få ei god natt med svevn.
I morgon er det fredag og helg! Forsåvidt er ikkje det særleg dumt. Helg og skirenn…….og ikkje minst tantebornkos!
Så ha ei god natt og sov godt!

Hasta luego!

IWALY!



tirsdag 28. januar 2014

Dette er kvelden der eg berre må ta ting som dei kjem. Ikkje det at det har skjedd noko som er nemneverdig, men eg berre konstaterer at om eg hadde hatt tidspress i kveld, ville det ikkje vore rette kvelden til å ha nett det.
Eg skulle køyre til Sætran for å avlevere passasjer til bussen som går til Narvik og hadde sjølvsagt lest at det er følgebil gjennom tunnelen her borti. Så for å vere heilt sikker på at tida skulle strekke til, var eg tidleg ute.
Det var berre det at vegen er opna for fri ferdsel. Eg hadde ikkje fått med meg informasjonen som var lagt ut i dag……..
Det var berre å køyre sakte, for kven gidd vel å sitte ei heil evigheit på Sætran og glo i mørkret? Ikkje denne knetta……….. Eg var uansett framme ein halvtime før det tidspunktet rutetabellen seier skal vere avreisetidspunkt derifrå. Og ingen buss kom……….Ingen andre bilar heller, for den saks skuld.
Berre eit lass med storbilar (vogntog og slikt..) frå ferga heime. Sju i talet! OG gjett om dei sjåførane er glade i fart?! Så glad i det at dei aldri ville fått lappen om det hadde vore oppkøyring på same tidspunket.

Sætran………. Eit vegkryss som i utgongspunktet er ganske så oversiktleg. Det kjem ikkje så mange plums på deg. Likevel……Eg vil tru at eit vogntog har ei viss bremselengde. Når det då ikkje bremsar ned før etter siste avkjørsla til busshaldeplassen, altså få meter før E6, så kan ein jo byrje å lure. For sååååå tidleg får dei ikkje oversikta over trafikken i krysset at dei berre kan ture på. Full fart og vips så er dei i full galopp bortetter E6.
Slike store bilar som dei sju som kom i kveld……Eg skulle "likt" å sjå dei bremse om det plutseleg kom ein bil i krysset. Eg tvilar på at dei ville klart å stoppe i tide! Så er det slik det er blitt? Har dei mista all forstand, eller er tidspresset deira med på å skape dette tapet av forstand? Ikkje veit eg, eg blei berre småredd og aller mest berre glad for at dei nådde fram til krysset før eg skulle attende heim. Då slapp eg i alle fall å møte på dei og hadde berre elgen å tenke på.

Bussen kom ikkje før 20 minuttar etter ruta. Så tru kven som angra på at ho hadde sagt til ein liten kar at han kunne få vente oppe til ho var attende?!
Plutseleg var det Greys-tid og kvelden gått……….. Det var berre å legge seg på sofaen og sjå på dei hyggelege og blodige ofra i serien. Det er alltid digg å sjå makabre bilete samstundes som ein sit og nyt kveldsen sin. Den smaker så mykje betre då!!
"Berre la vere å sjå samtidig, det", tenker du vel, men akkurat det er lettare sagt enn gjort.
Då står jo valget mellom å la vere å sjå serien, eller rett og slett vere halvt ihelsvolten ei lang stund ekstra. To like dårlege alternativer, så då blir det som det blir.

No sit eg her, mutters åleine, minstemann sover og eg burde vel strengt tatt tusle meg i seng, eg også. Lettare sagt enn gjort……..
Først må eg no ein tur innom nettet og sjå om det har skjedd noko spesielt i dag. På Facebook er det jo så grueleg mange som hadde skrive Henrik Kristoffersen i kveld og denne jomfrua har vel null peiling på kve det er……….
Eg måtte no berre google det, for eg følte meg litt teit når vener både nord og sør skreiv namnet hans og hos meg ringte det ingen bjeller.
Det kan hende at eg bør synes det er flaut, men eg gjer ikkje det. Eg har lest meg opp til informasjonen om at han har vunne noko skigreier idag, men utover det må eg seie eg aldri har høyrt om mannen.
Om det betyr at eg er lite "up to date", eller at han rett og slett er ein ny oppkomling av ein som heilt plutseleg stikk seg fram………skal vere usagt. (Eg går for det siste!)

I dag fanga eg opp følgande. Ein gullfisk har ein hukommelse på 3-5 sekundar. Det var ein kollega av meg som hadde denne særs viktige informasjonen å kome med.
For ikkje å få deg til å tenke i feile baner, kan eg informere om at vedkommande ikkje sa det som eit hint til meg. Det var meir slik at det gjaldt ho sjølv.
Du skal ha bra kort kortidsminne om du blir bedt om å gjere noko og fem sekundar etterpå så har du gløymt det.
No har vi googla gullfisk og funne ut at informasjonen ikkje stemmer heilt. Eg trur heller det at ho har eit ønske om å sjå ut som ein gullfisk og difor har overbevist seg sjølv om at ho har liknande eigenskapar som ein slik ein.
Det er nemleg slik at ho trives veldig godt under vann,og for tida trener ho på kor lenge ho kan overleve ved å svømme under vann. Kanskje ho har ein hemmeleg draum om å overvintre under vann ein gong.
Så viss ein koplar det saman med at ho har uttrykt i eit sosialt lag at ho er "lynskarp", så skjønner vi vel teikninga. (Og no kjem eg til å bli kaldkvelt når ho møter på meg. Lykken for meg er at eg skal tilnabokommunen i morgon og satsar på at det gløymt innan torsdag. For det var dette med korttidshukommelsen hennar!)
Forøvrig kan ein gullfisk lære å kjenne att eit menneske som gjer han mat. Noko som slår ihel den der myten om at han berre kan erindre noko i tre sekundar.
Så heiter det jo så fint at vegen til ein manns hjarte går gjennom mannens mage. Mat er altså ganske sentralt i både mannen og gullfisken si verd. Så kan vi finne ein samanheng der???? Mat, intellekt…….whatever……kven ser forskjellen, liksom?! Dessutan kan gullfisken bli opptil tre kilo! Mykje god mat i det…..

Årets matnyheter. Brunost på tube!! Kva er visten med det, då? Greit nok til å ha i saus, men på skiva? No trur eg det er nokon som er litt for useriøs…. Brunosten har jo alltid vore til og skal dei lage tube av den, ja då går det vel med den som det gjekk med sjokoladeosten.
Sjokoladeost var digg!! Plutseleg i løpet av tenåra var den borte. Det var sikkert ingen andre enn eg som likte den…..

Chips med smak av bacon og honning…… Hallo? Det blir like "tuillåt" som ho som baka kake i går med gulrot og sjokolade! For ei blanding!
Bacom og honning? Kvalmt!

Det er 1700 produkter som skal inn blant hyllene i matverebutikkane. Ergo betyr det at nokon må vike…… Påleggsalat med yoghurt! Nye lunsjrettar frå Fjordland. Jaja……….Det betyr no aller helst ikkje noko frå eller til, for eg har då vitterleg aldri kjøpt eit slikt produkt tidlegare, og følgeleg veit eg ikkje kva eg går glipp av.
MEN det var det der med den brunosten! Viss dei no sørger for å ta bort osten i den forma den er no, ja då skal eg personleg lage mitt eiga lille protesttog. Kanskje hamne på framsida til VG og Dagbladet (så seriøse som dei har blitt dei siste to åra).

Det handlar sikkert om at eg er litt konservativ. Mamma brukte alltid å seie at eg var/er det. Eg likar ikkje endringar i samfunnet. (Og då set eg det veldig på spissen….) Det handlar vel aller helst om dei store viktige sakene, men av og til så gjeld dei små sakene nede på golvet også. Sånn som brunosten!! Brunosten er jo litt av identiteten vår?! Eller? (Ingen får "messe" med den!)
(No trur eg enklete vil påstå at dersom vi finn identiteten vår gjennom ein brunost, ja då må vi vere mykje skada. Jajajajajaja……. Kva gjer vel det??) Hahahaha…….

Eg trur kanskje eg ikkje har så altfor godt av å vere åleine. Eg veit ikkje….. Eg ser tendensane som dukkar opp. :=)
Det er i alle fall slik no at klokka nærmar seg midnatt og då skal eg prøve og finne meg sjølv på eit eller anna vis……..for det er ein viss prosents sjanse for at det kan vere lurt med nokre timar svevn på augene. (Ferga går ikkje før åtte, men det kan no vere greit likevel.)
Så difor seier eg så fint god nattog sov godt.

Hasta mañana!

IWALY!!


søndag 26. januar 2014

Dette gjør ditt reisvalg enklere. Joda, og så putter dei med eit bilete til teksten……Digre silikonpuppar, langt lyst hår og havet rett bak.
Vel……om det digre silikonfylte brystene freistar nett meg til å opne artikkelen og sjå om det er litt meir seriøst å finne då, er vel heller tvilsamt.

Oslo Høyres leder, Nikolai Astrup, mener det er på tide å vurdere skolestart for femåringer. Jaja…… Det er jo klart. Spesielt når det samtidig er snakk om at dei då skal vere ferdig eitt år tidlegare, altså i ein alder av 14 og 15 år. I dag er det 15 og 16 år.

Det betyr i realiteten at dei skal lære det same, men i yngre alder. Hjelpes….. Elevane modnes på mange områder for kvart år som går, noko som har mykje å seie for kor "lett" dei syns det er å lære seg nye ting.
Skal dei starte når dei er fem år (då vil enkelte enno berre vere fire!!), vil det seie at dei skal lære like mykje som dei startar og er eitt år eldre.
Eg vil tru at det tar lengre tid å lære ein fire-femåring å lese enn ein som er året eldre. Ein skal jo klare å halde seg i ro lenge nok til å lære noko og ein fire-femåring må ha ei viss tid til å leike og drive samhandling.
Dei klarar sikkert å argumentere med at mykje av den første opplæringa skal vere meir leikprega enn det som er no. Vel……. Det kjem dei ikkje langt med om dei skal vere ferdig eitt år tidlegare.

Kva er hovudmålet med det heile? Få folk tidlegare i arbeid? Eg vil tru at det er mange yrker som treng at ein som menneske har modna eindel. Ein tenker annleis som 18-åring enn om ein er 19. Eitt år har mykje å seie. Det er ikkje utan grunn at det fins ulike utdanningslinjer som no vurderer å innføre aldersgrense på å starte eit studium, nett av di mange ikkje er modne nok når dei startar.

Nei, born skal visst ikkje få vere born lenger. Kanskje dei sparar pengar på det? Det trengs færre ansatte i bornehagen viss det går gjennom, og i skulen blir det akkurat som før i og med at tidsaspekteret før dei er ferdig er like langt som no.
Vel, det er jo ein måte å imøtekomme det at det utdannes for få førskulelærarar (bornehagepersonell), men for ein slett måte det blir gjort på i såfall. Det kalles å løpe ifrå ansvaret sitt.

KVA MED oss som bur slik til som det vi gjer??? Skal vi sende borna våre bort enno eit år tidlegare? Det er nok mange som syns det er nok smerteleg å sende dei på hybel med den alderen dei har i dag, om ikkje dei skal vere eitt år yngre. Det vil i praksis seie at dei som er født siste halvdel av året berre er 14 når dei reiser ut for å lære hybellivet å kjenne.

I England startar dei på skulen det året dei fyller fem. Denne grensa jobbes det med å få flytta. Dei har gjort sine erfaringer og no prøver mange å få endra grensa slik at dei skal starte eit år seinare.
Viss vi, som vi mange gonger gjer, skal sjå til andre land……Kvifor ikkje legge merke til nett dette i denne saka?

La born vere born!!

Glemte at hun vant. Skylder på fylla. Jaja, no er det eingong slik at dette er verdas dårlegaste unnskyldning. Golden globe awards…….. Cate Blanchett. Ho vann rolla for beste kvinnelege skodespeler. Du skal vere bra full for å gløyme noko slikt!! At hennar kategori blei delt ut seint i løpet av showt har vel eigentleg ingenting å seie. Eg går sterkt ut ifrå at ho var klarover at ho var nominert.

Å vere så full når du held takketalen din, at du neste dag ikkje hugser det……Tja, kva skal ein eigentleg seie? Jaja……Fylla har skylda!

Are Kalvø, humorist, har verkeleg funne eit viktig poeng. Det er veldig mange som kritiserer at legar skal kunne bruke reservasjonsretten sin når det gjeld abort. Mange av dei same har teke parti med mannen her nordifrå som nektar å bruke flytevest. Så spørs det……. Poenget til Kalvø lyder som følgjande: Kva er det som skil reservasjonslegar frå den nordnorske herren utan flytevest? 

Det er sant som han seier……at mange av oss mest sannsynleg fleire gonger har tenkt tanken at det ville vore flott om ein kunne sleppe å forhalde seg til absolutt alle lover og reglar.
Det heile handlar om samvit. Samvit er ein indre følelse om kva som er rett og gale.
Mannen frå nord meiner sjølvsagt at lova om flytevest er "Faen steike inn i helvete idiotisk". Hadde det ikkje vore for akkurat det, hadde det vel heller ikkje vore så artig for norske journalistar å intervjua han.
Det er jo alderen og språket som har sørga for den store mediadekninga.

Flytevestsaka handlar også om liv og daud…….. Joda, om du dett på havet utan, hjelper den deg ikkje. Likevel, skulle båten havarere, rekk du å ta på deg veste og då kan ein ofte prise seg lykkeleg for at ein hadde ein vest i båten.
Så kva skil legane frå den nordnorske mannen?? Det er visst berre språket. Kanskje noko å tenke på…..

No kan du velje å vere vanskeleg og misforstå meg med vilje. Då klarar du nok å la deg provosere.
Klarar du derimot å sjå gjennom det, skjønner du eigentleg hovudpoenget og skjønner at provokasjonen du føler er ugrunna.
Eg har ikkje skrive kva eg sjølv meiner, sånn eigentleg. Eg ser heilt klart fleire forskjeller mellom sakene, men om ein set det heile litt på spissen, handlar det i "bunn og grunn" om det same.
Likskap for lova.
Alle har vi ulike meininger om kva som er rett og gale, men det er likevel viktig å respektere dei lover og reglane som er gjeldane. Viss ikkje er det håplaust å sette ei grense for kva tid ein skal reagere eller ikkje.
At ein mann er gammal og har eit språk som ikkje liknar grisen, er slett ikkje ein god nok grunn til å sleppe unna.

Ha ein fin kveld!!   :=))

Hasta luego!

IWALY!!



lørdag 25. januar 2014

Dag 2 - tomatprosjektet…. Tomat nummer to er testa. I dag gjekk det heile litt rolegare for seg (betre vil det seie). Den blei tygd og hamna sjølvsagt også i dag i søpla etterkvart, men i meir "slow motion" enn i går. Setningen "Eg spyr!" dukka nok opp i dag også, men turen inn på badet var alt anna enn hurtig, så her er det håp å spore. "Mamma, det smaka nu ikkje så ille i dag so i går."
Han prøvde seg likevel med å spørre om dette ikkje kunne vere dag 2 av 5. Hahahahahha…… Aldri i verda. Er avtalen tolv, ja då er det tolv som gjeld. Eg gler meg allereie til i morgon!

Skal amasjøren opp - ja då skal den opp! 

Her er det snakk om å gjere fleire ting på ein og same gong. Er ein sulten, så er ein sulten. Treng ein amasjør, så treng ein det. Kva er vel då betre enn å kombinere det med kvarandre? Ein sparar i alle høve ein god del tid på det! 
Kanskje ein ide å ta den med i dusjen også?? Hahahaha……. Det ville gjort susen.

Her er gavene hun vil elske til valentine. Usb-penn, høghelte sko, lang kåpe, krem……… What? Til valentinsdagen? 
No har ikkje eg noko spesielle ønsker til denne dagen, men hadde eg no vore ei slik berte som forventa å få noko superflott og romantisk på ein slik dag, ja då trur eg at eg ville håpa på noko anna enn nett desse alternativa. Så å tru at eg vil "elske" det om eg får noko av dette, er å ta hardt i. 
Eg blir sjølvsagt glad for uansett kva det er  om det plutseleg skulle dukke opp ei gåve, men det er langt mellom det og det faktum at eg slett ikkje ser for meg å få høghelte skor. Då trur eg berre latteren vil sitte laust og så hamnar dei vel på "my walk in closet" for resten av mi levetid. That´s life……

Ei romantisk reise er jo noko å trakte etter! Hahaha…… Kve ønsker seg ikkje det? Paris, Roma, Venezia………Skiweekend med spa i Noreg er heller ikkje å forakte. 
Smykker? Tja, både og. Smykker er fint.
Eg kunne faktisk finne på å bli superglad for ein medisinball på 4 kilo! Hahaha……Sjølv om nett det er alt anna enn romantisk. Einaste aberet er at om ein mann gjer meg ein medisinball til valentinsdagen, så får han eit forklaringsproblem for å sørge for at eg ikkje skal tru at det er av di han meiner at eg treng å trene kroppen min meir! 
At eg på førehand seier at det er noko eg ønsker meg, speler så absolutt inga rolle. Kvinner er kvinner og då er det klart at hensikten blir analysert ned til minste detalj uansett. (Stakkars menn!)

Så foreslår dei enkelte artiklar som skal hjelpe kvinna til å kome seg gjennom den mørke vinteren. Hahaha……No når det går mot lysare tider liksom? Då burde dei heller legge valentinsdagen til november. Då kan vi snakkast! 
Romantiske og sexy gåver……. Tja, det er vel noko alle vil ha.

Den ekle sannheten om tyggis. Dropp mintsmak! 
Det er no eingog slik at mange, veldig mange, er avhengige av å tygge tyggis. Det vere seg om dei er på arbeid, på bussen, på butikken, på fest, ja overalt - stort sett. Tyggis er eit "must".
Så spørs det kvifor vi har lagt oss til denne vanen. Det fins mange gode årsaker. Ei av dei er dårleg ande. Viss du då i tillegg velger ei sukkerfri variant, kan du legge til argumentet at det er med på å beskytte tenna. Auka spyttproduksjon beskyttar betre. 

Kvifor skreiv eg eigentleg at du bør unngå tyggis med mintsmak? Joda…… Det er av di du får meir lyst på "søppelmat" av det. Med det meines sjølvsagt potetgull og godterier. Akkurat det er ikkje bra for tenna. 
Mintsmak gjer frukt og grønt ein bitter smak og då vil ein ikkje ha det. 

For mykje tygging kan føre til ein lidelse i kjeven. Kven ønsker seg det? Neppe nokon som helst…..
Likevel er det ein sjanse for at det skjer. Rørslehemming og mykje smerter. Alt anna enn godt. 
Har du syreskader på tennene, blir skadene forverra av sukkerfri tyggis. I tillegg er tyggis dårleg nytt for magen din. Den blir blant anna oppblåst. (På vanleg godt norsk kaller vi det for luft i magen!)
Slik blir det luftsmerter av. 
Så er det jo slik at mange har sølvfyllinger i kjeften. Kvikksølv! Det som blir frigjort av kvikksølvet når du tygger, hamnar i magen og kan føre til nevrologiske problem, kroniske lidingar og psykiske lidingar. 
Hmmm….no syns eg strengt tatt at denne negative lista byrjer å bli litt lang!! 

Då eg var liten, høyrte eg frå mange at ein absolutt ikkje måtte svelgje tyggis! DET var farleg det! Magen kom til å blåse seg opp osv osv……
Det var fleire skremselspropagandaer. Noko som fins i stor grad enno, for eg sjølv har brukt det overfor min eigen kar. Husk at du ikkje må svelgje tyggisen!" Det sit vel i meg enno…….

Eg har høyrt at tyggisen blir liggande i magen i fleire år. Dette stemmer neppe. Tarmane klistrar seg saman! Hahahaha…….. Dagens beste, men likevel effektfull om du tar den for born. (Ikkje det at eg har prøvd akkurat den taktikken.)
Sanninga er at den kjem ut på lik line med alt anna. Einaste ulikskapen er at den brukar litt lenger tid enn det andre, dog ikkje meir enn at det ikkje gjer noko. (Eg meiner likevel at ein bør unngå å svelgje tyggis, berre så det er sagt!)

Å svelgjeein heil pakke Hubba-bubba på kort tid er kanskje ikkje det smartaste ein gjer?! Då går eg sterkt ut ifrå at du ender opp med forstopping. Forstopping er alt anna enn godt! Då hjelper det ikkje særleg på at tyggisen brukar litt lenger tid på å kome ut av det anale rom.
Så i pakken, munnen eller søpla er dei tre alternativa vi bør gå for når det er snakk om tyggis. 

No arbeider eg dagleg med menneske, så det er lite sannsynleg at eg etter dette sluttar med å tygge tyggis. Eg er nok ein av dei som har skapt meg eit behov. Jaja…… Eg trur no uansett at skjebnen har bestemt seg for kva som skal skje meg allereie, så då går det som det går. :=)
Ha ein fin laurdagskveld! No skal jomfrua nyte eit glas med sukkerfri brus (i håp om at det er sunnare enn med sukker - eit tema som aldri vil bli ferdigdiskutert). Popcornet er komen i skåla og eg trur kanskje det er krim på tv. Sofaen er lang, så det skal eg utnytte i fred og ro og så håper eg at dei to "håla" eg gløttar med ikkje finn på og speler meg eit lite puss. Å sovne å sofaen ein laurdagskveld er ikkje heilt det eg har planlagt. Likevel…..trøytt er eg! 

Hasta mañana!

IWALY!!



Prosjekt 12 dagar! 

Her i huset har vi starta opp prosjektet "12 dagar". Det betyr rett og slett at i 12 dagar i strekk skal det smakast på noko ein ikkje likar. (No gjeld ikkje dette meg sjølv, men minstemann.) Første produktet som skal til pers er tomat!
Kvar dag i tolv dagar skal han smake ein tomat (av dei som er små i storleiken). Heile skal i munnen og må tyggast. Etter det er det lov til å spytte det ut om det er motbydeleg. 
Første dag…….. Han tygger og smaker på tomaten………Æ spyr!! Og så sprang han på badet! Hahahahaha………MEN forsøket blei såvisst godkjent! No er det berre elleve att! 

Det har seg slik at eg kom over ein artikkel der det stod at ein må smake på ein ting tolv gonger før ein venner seg til smaken. (På produkt ein ikkje sånn umiddelbart liker.) Så no skal vi teste ut dette. Følgeleg er det minstemann som skal til pers, for eg aktar ikkje å vere forsøkskanin. 
Eg skal då vitterleg ikkje plage meg sjølv på den måten! Det handlar rett og slett berre om å vere smart, så då får ein andre til å gjere det. Så spørs det kva neste produkt blir. (Kanskje ananas, for det veit eg at han ikkje liker.)
Så skal eg heller ikkje gløyme å seie at det medfølger ein premie om han klarar det. Altså om han ikkje trekker seg før det har gått tolv dagar. Smakar han alle dagane, så får han hundre kroner. (Og tomat er slett ikkje godt!!!!) 

Det er kanskje eit slikt prosjekt vi skulle hatt med meg og lutefisk. (Aldri i verda!!!) Det prosjektet blei lagt daud det året eg var ni og kjem aldri i verda til å bli fulgt opp på noko som helst område all den tid eg lever her på jorda! (Etterpå blir det kanskje litt vansklegare å få det til…..) Lutefisk og grønerter! 
Grønerter blei også avslutta i ein alder av ni og går med meg i grava. 

I stad sat eg i sofaen og såg på Norske talenter. Det er ikkje ofte at eg blir rørt inn til hjarterota, men det var nett det som skjedde i kveld. Ei trønderjente som hadde laga song sjølv, der temaet var mobbing. Ho var 14 år og hadde sjølv opplevd mobbing og musikken var staden ho hadde til å jobbe seg oppover i kvardagen. 
Gitarspeliga hennar var veldig behageleg og fin å høyre på, og då ho starta å synge, kjente eg det innerst inne. Så fin stemme og så fin formidling av eit slikt tema. Eg kjente plutseleg at eg var litt våt langs eine kinnet. Det kom frå auget…….
Når eit menneke klarar å fange deg sli ja då har det oppnådd noko! 

Den nye trenden!

                                                         (Foto: Steve Rosenberg. Bilete frå Aftenposten.)

Hahahahaha…….. At kvinnfolk slår følge når dei går på do (når dei er i sosialt lag), er vel ikkje akkurat noko nytt. Det skjer heile tida det. Så står den eine utfor døra medan den andre gjer sitt fornødne. 
No har dei funne løysinga på dette problemet. Eit avlukke - to do!! Hahaha….. Eigentleg ganske genialt, men eg tvilar eg nokon gong vil nytte høvet om det skulle by seg. 

Sender du litt toalettpapir? Standardspørsmålet som stilles oftast på dei offentlege toaletta. 
Desse toaletta er frå Sotsji og er meint brukt under OL. Då er det vel nærliggande å tru at eitt do er til deg og eitt til sikkerheitsvakta….. Hahaha…….. Det er jo trass alt snakk om Russland. 

Berre så det er sagt……Det er ikkje kun i Russland dei har slike toalett. Det har jaggu meg Oslobyen også, og det på opptil fleire stader. Det er vel ikkje lenge til før det er meir regelen enn unntaket.
Eg tvilar på at det gjeld begge kjønna. Til o er det stort sett berre på damedo, og eg håpar verkeleg det forblir slik. Aller helst ser eg at dei held seg til eitt do, men viss menn skal gå på do, to og to……. Blæh, det er berre ekkelt.
Eg veit ikkje kva det er, men kvinnfolk som går i lag er meir akseptert i samfunnet enn at menn skulle finne på å gjere det same. Det blir bere kleint………
Jaja…..Dobbeldo……..dobbelt så gøy!!! 

Nei, no tar eg kveld. Sov godt!!
Hasta mañana.

IWALY!!





torsdag 23. januar 2014

Det er mange som har delte meiniger om kva som er lykke i livet. Berre så det er sagt, har eg ikkje tenkt å begi meg inn på den "vegen"…….langt ifrå. Likevel, eg vil berre seie at det fins små og store gleder i livet og ein vel sjølv kva ein vil sette pris på eller ikkje. Ein ting er sikkert. Det er dei små tinga som ilag skaper den store lykken.

Eg er så heldig at eg er omgjeven av gode kollegaer. Innimellom ligg det ein koseleg gul lapp på pulten min, og denne uka kom eg faktisk til ein pult med eit wienerbrød!!! Viss ikkje DET kan karve seg inn som eit punkt på ei liste over kva som kan definerast som lykke, ja då veit ikkje eg.

At eg holdt på å sprekke av di eg allereie var så mett, gjekk det ikkje an å ta hensyn til. Eg var så svak for brødet at eg berre måtte spise det. 
Då avsendaren dukka opp, sa eg at "Eg trur du blir nøydd til å spise halve, for eg har ikkje plass." Halvanna minutt etterpå hadde visst heile greia hamna i jomfru Knutsens mage! (Svake menneske….) 
Som om eg nokon gong skulle klare å karre i meg litt middag etter eg kom heim…..Jada…… Hahahaha……. Eg kunne sikkert ha trilla bort etter golvet! 

Eg hadde eigentleg tenkt at eg skulle skrive litt i dag, men etter å ha vore på arbeid heilt til ni i kveld, så føler nok kroppen at den ikkje har så altfor mykje energi å gå på. Det likaste vil vel aller helst vere å traske inn på nattens rom, men akkurat det er lettare sagt enn gjort. 
Hmm….. Plutseleg tikka det inn ei melding her….. Ei venninne som i ein alder av 35 år ønsker seg ein piercing i navlen!! Hallo???? Sømmer det seg då??? Hahahahahaha…….
Eg ser det for meg. Sommaren og greske øyer……piercing i navlen, bikini og lange strender. Thihi….
Piercing…….

Eg tippar at dersom eg hadde kommet heim med piercing i navlen no, ja då trur eg at eg ville fått oppgitte auge mot meg. Då ville eg i alle fall blitt stempla som å vere kommen i midtlivskrisa. 
35 år?? Tja, eg veit ikkje. Det spørs jo om ho har innovernavle eller utovernavle og kva type piercing det er snakk om. 
Jeeeeeezes! Var det nødvendig å sende meg ei slik melding no seine kvelden?! No blir eg jo garantert å sjå det for meg (i mange variantar) før eg sovnar, og då kjem eg garantert til å drøyme om det i natt også. Ikkje snilt gjort! 
Det verste er at ho nettopp faktisk utvida kommentaren sin til at ho faktisk kjem til å gere det! Her er gode råd dyre! 
Då kan ho heller tatovere ein elefant på rompeballen. 

Piercing i navlen…… Er ikkje det sånn der "midtlivskrise" i tenåra? Ein liten sommarfugl eller liknande… 
Skal ho først ha i navlen, ja då bør ho no vitterleg sørge for å få i niplane sine også. Sånn berre for å sette den der berømte prikken over i-en. (Mannen hennar har sikkert ikkje noko imot det.) 
(Eg må no le litt for meg sjølv.) 

Nei, eg var på tur ut herifrå, og no ska eg jaggu meg skunde meg ut før et tikkar inn fleire meldingar her inne. Eg skal då vel ha natta god! 
No blei det berre mykje tull her, så akkurat det er vel eit tydeleg teikn på at dei små grå er utslitt etter den lange dagen. Så ha ei god natt og sov godt!! 

Hasta mañana!

IWALY!!!


onsdag 22. januar 2014

I går skreiv eg at eg skulle ta for meg det å trimme…….. Så no nettopp var eg inne på nettet og søkte på akkurat det. Trim! Det er aldri for sent å begynne og trimme! Den første overskrifta som dukka opp.
Selv om du……………(bla bla bla)…………kan du redusere risikoen for hjerte- og karsykdom betraktelig Jauda…… Flotte greier, det! Det var berre det at det ikkje heilt var den vinklinga eg hadde sett for meg. Den er sjølvsagt viktig og "up to date", men det der "up to date"-greiene var no ikkje det som ga den største motivasjonen.
Det er meir den der midtlivskrisa eg tenker på, blant anna. Dilla på trening. Avhengig av trening. Meir ei slik vinkling.
Så då var det visst ikkje ein genistrek å søke på ordet trim.

Eg søkte på midtlivskrise. Hahahahahahaha……. Då kan ein få opp mykje rart! Veldig mykje rart som absolutt ikkje har noko som helst med trim å gjere. (Kanskje eg heller skal bruke ordet trening.) va med midtlivskrise og trim? Det er jo verdt eit forsøk.
Joda……. "På slanker´n". Det er fleire enn eg som bloggar og dette er ei overskrift eg kom over i dn samanheng. Berre så synd at eg blei dratt rett ned på bakken att.
Her sat eg for berre få sekundat sidan og antok at no skal eg få lese noko (i alle fall litt) artig om temaet, og så viser det seg at det dreiar seg om ein hund. Ein hund i midtlivskrise???? På slanker´n? Tja, det er vel neppe sjølvvalgt! (Nedtur…)
Nei, det er vel berre å ta saken i eigne hender og la dei små grå få styre heile greia her. Så slepp eg å kome over sånne småteite innlegg. (Dei er jo ikkje det…..Misforstå meg no rett.) :=)

Eg er jo bra "toskåt" som ikkje har gjort meg opp ei meining om temaet før eg skal skrive om det.
Jaja…. I mitt hovud så er menn og livskrise det same som motorsykkel og tatoveringer. Plutseleg skal ein ta sertifikat og gjere slikt som ein aldri har brydd seg om tidlegare. Vere kul og håpe på mange blikk etter seg når ein passerer dei lekre damene. Hahahaha…………
Eg snakkar då ikkje om dei som har køyrt sykkel lenge før dei kom i midtlivskrisa! Dei gjer det sikkert av di dei brenn for det. Eg snakkar om dei som først kjem på tanken etter at dei har fylt 50.
Når dei ser på kjerringa og plutseleg føler seg gammal. Thihihihi…….Og det til trass for at dagens kvinner på 50 faktisk ser ganske så unge og flotte ut! Det er slett ikkje noko bestemoraktig over dei.
(Ikkje spør meg om kva dette har med trening å gjere! Det er litt lett å skli litt ut.)

Jaja, skal du ha motorsykkel og vil at bertene skal snu seg, er det nok ein føremon om du ser litt bra ut også. DER kjem treninga inn. Store biceps og greier! Hahaha…… Overivrig og med alt for mange kilo på vektene. Vitet som ikkje skjønnar at det ikkje nyttar å stormtrene. Då døyr du før du får sjansen til å sette ræva di ned på motorsykkelsetet. Hjartet vil nok ikkje overleve den plutselege endringa. Nei, gradvis er tingen. (Som om alle menn i midtlivskrisa har skjønna det…….)

Kva med kvinner? Kva skjer med dei i midtlivskrisa si? Eg berre spør. Det kan jo godt hende at eg hamnar der sjølv om ikkje så lenge, og då kan det jo forsåvidt vere greit å vere førebudd.
Har eigentleg kvinnene midtlivskrise? Eg må ærleg innrømme at eg blei litt usikker no.
Overgongsalder, ja, men midtlivskrise? Det er vel ikkje akkurat det same?! (Må den halde seg unna meg i minst 20 år til!)
Kvinner……..

Det her som kjem no, har dåke aldri lest, for eg nektar å innrømme det!! Likevel, det står på nettet at forkning viser at midtlivskrisen rammer menn og kvinner ganske likt. Hahahahahah……. Aldri i verda! Det går eg ikkje heilt utan vidare med på.
Greit nok at midtlivskrise er ein følelsesmessig tilstand og at det levnar ingen tvil om at kvinner kan bli troll i overgongalderen (enkelte av dei  - ikkje alle). Eg tvilar på at eg kjem til å få panikk og løfte puppene ein heil del, trene rompa riktig for at den skal sjå spretten ut og så vidare og så vidare. For ikkje å snakke om låra! Ein må jo ha muskuløse lår!
Kvinner og menn…… Nei, menna er mest drastisk. Kvinner er nok meir bevisst på det dei gjer. Sånn er det berre. (Oppe i mitt hovud, sjølvsagt.)

Eg smugkikka litt på ein forskningsrapport om temaet. Der står det svart på kvitt at hovudårsaka til at kvinner får midtlivskrise er at dei keier seg. Alt er rett og slett for kjedeleg.
Så då har vi fått respeten på korleis vi kan unngå krisa. Start med å gjere ting ein likar straks! Ikkje bruk tida heime for å kjefte på gubben. Då kjem krisa i alle fall……..

Dilla på trening…….. Dei finns…..Dei som har det……dilla. I følge KK er det nye ordtaket "Strong is the new skinny." Akkurat det er ganske forsvarleg. Dessutan er det med på å forebygge. Menn som startar opp med ein innsats som om dei hadde heldt på med det heile livet sitt, dei går rett og slett på ein smell. Kvinner som held seg til mottoet "strong is the new skinny", oppnår faktisk noko. Dei har eit anna mål enn desperasjon som motivasjon.
Dessutan kan kvinner med musklar unne seg mykje meir mat og godsaker enn andre. Enkelt forklart betyr det at du treng fleire kaloriar då.

Sånn eigentleg så står det også at kvinner skal ha høg feittprosent. Spesielt på baken og brystet. Viss ikkje er vi lite fruktbare.
Så spørs det då…….. Kva er viktigast? Musklar eller fruktbarheit? Tja……….

Dilla kan ein jo få av noko så enkelt som eit veddemål. Eit veddemål om å ikkje spise godterier, potetgull og brus over så så lang tid.
For å få tida til å gå og for å gjere det litt lettare, startar ein gjerne opp med litt enkel trening. Så finn ein ut at det faktisk gjer resulatar. Dobbelt så store når kombinasjonen var kutt ut usunt og tren samtidig.
Motivasjonen får seg eit kick og plutseleg har ein både dilla og er avhengig av å få dagens økt på trimrommet eller langs gata.
Så spørs det……. Kva om du ikkje rekk å trene den eine dagen? Blir du eit surt lite monster då? For då er det kanskje likevel eit teikn på midtlivskrise!

Nei, ein kan trene for å føle seg vel, for å slanke seg, for å få betre helse, fordi ein trur at det forventes….osv osv sov…..
Uansett kva vi trur eller meiner, kan vi ikkje krangle på at fysisk aktivitet i størst grad har positiv effekt. (Med mindre du ikkje har spelt fotball på 30 år og trur du er ein Gud på bana enno…. Då kan det fort ryke eit leddbånd eller to.)

Klokka er straks elleve og dei små grå skal få kvile litt. Ha ein fortsatt fin kveld!
Natta :=)

IWALY!!!

tirsdag 21. januar 2014

Jomfrua klarar liksom ikkje heilt å områ seg sjølv i kveld. Ikkje berre berre å få dei små grå til å vakne alltid. Kva i alle dagar skal eg skrive om i dag då? 
Eg må i alle fall få med at natta som står for tur verkeleg stod i fare for å bli øydeagt, destroyed, irriterande, "ikkje la andre få sove om du ikkje får det til sjølv", fylt med mat……osv, og det berre på grunn av ein liten bagatell. 
Vel, bagatell og bagatell…..For meg var det visst alt anna enn bagatell. Berre så det er sagt, så er det ordna opp i no, så natta er berga. 
Egg og bacon!! Svartens egg og bacon. Aldri hadde eg trudd at slikt eit enkelt samansett måltid skulle skape så store problemar for ei enkel jomfru som eg. It did……..Egg og bacon. 

Året er sånn tidleg på 90-talet, kanskje. I alle fall sånn sirka då eg var i slutten av tenåra og ikkje hadde lært meg alle "vanskelege" ord og uttrykk. I såfall ikkje når det kom til mat. Eg hadde vel aldri vore nøydd til å lære meg sære og rare namn på matrettar. I slutten av tenåra spiste eg sikkert ikkje eingong noko så enkelt som ris! (Ikkje spør meg kva eg likte……)
Uansett……. Min kjære pappa var på arbeid og eg hjalp til. Ute i restauranten sat det eit ektepar sørifrå og hadde sjølvsagt brukt eit sånn der framandord til meg og eg ville jo sjølvsagt ikkje stå der og virke dum, så eg lata no berre som om at eg forstod alt. (Eg hadde jo pappa på kjøkkenet, og han måtte no vel for Guds skuld vite kva orda betydde - betyr.)
Litt lettare nervøs skunda eg eg inn til han og sa "Ehhhhh, pappa...? Dei sa at dei skulle ha patent!??!!"
Han såg berre heilt roleg på meg og sa "Greit, egg og bacon skal bli." "????????? Egg og bacon?" 
Handflata mi traff panna mi i eit "lite" slag og eg tenkte stakkars Beathe som ikkje veit det eingong. 

Patent! Ordet som skulle sørge for at denne kvelden blei alt anna enn hyggeleg for dei små grå. For kva anna enn nett denne episoden byrja eg å tenke på i kveld? 
Eg såg eit egg og så byrja tankane og surre. Eg spurte sjølvsagt dei her heime, men då fekk eg svar som "Cowboylunsj" og "Engelsk frokost". Var det noko eg var sikker på, så var det at det såvisst var feile svar. 
Eg ringte bror min, for han måtte jo sjølvsagt vite det. Han har (hadde) jo same pappaen. Nesjda….. Eg skal ikkje nemne kva han foreslo……..men då var no dei to andre alternativa eg allereie hadde fått betre. 
Mamma!! Mamma veit det!! Hahahahahahahahahah……….. Som om det hjalp…… Ho kopla ikkje ordet før eg ringte og avslørte kva det var. Dåååå huska ho det jo sjølvsagt. Berre at det var altfor lang tid etter at eg trengte det. 
Facebook!!!!! Takk Gud for Facebook!! Den som seier at Facebook berre er drit, veit ikkje kva han snakkar om. Akkurat det er no sikkert og visst. Facebook sørga for nattasvevnen min! 
Eg stilte spørsmålet og like etterpå tikka det inn svar frå ein barndomdkompis……PATENT! 
JAAAAA! Takk!!!! DET var ordet pappa brukte. Det berga natta…..

Det er no eingong slik at dersom du veit at du veit svaret, men ikkje klarar å hente det fram, er det ikkje berre å la vere å tenke på det. Det ligg der og gnur til du får henta det fra.
For min del var eg SÅÅÅÅ nær ved å ringe sjølvaste himmelen for å få svar. (Desperat, kallar ein det.)
Egg og bacon. Patent. For eit useriøst problem!! At det går an! 
Lykke! Så lite som skal til for litt lykke! Sukk……………. Patent!!

No skulle eg eigentleg drøfte litt temaet trening. Avhengig av trening, midtlivskrisetrening, dilla på trening, you name it-trening……….. Lista er vel strengt tatt uendeleg. Vi har alle våre årsaker til at vi trener (eller ikkje). Enkelte av dei er heilt på jordet medan andre er meir fornuftige. Det kan jo kome mykje artig ut av eit slikt tema. 
No er eg berre lykkeleg og netsen rusa på egg, så eg skal heller ta treningstemaet ein dag seinare. 
Ergo attstår det berre å seie god natt og sov godt! Viss eg plutseleg skulle drøyme om grisar som hoppar over eit gjerde, må det vere baconet som har gjort utslaget. Om det er positivt eller ikkje…..tja det skal vere usagt 
Hasta luego!

IWALY!!!



mandag 20. januar 2014

I går var denne knetta eigentleg litt irritert (Men berre eigentleg………hahaha…..) I og med at det av og til kan vere greit å ikkje skrive då, tenkte eg at det likaste ville vere å vente til i dag.
I dag er eg ikkje mindre irritert, men likevel ikkje så oppheita innvendig som i går.
No lurar du kanskje på kva det er eg snakkar om?!

Det var ikkje særleg kult å vakne i går morgon og lese kva som gjekk føre seg i Lærdal. At store deler av husstandane stod i brann og at dei enno ikkje hadde full kontroll.
Det er trass alt snakk om mange menneske som er involvert i ei slik sak. Saka er ikkje anna enn trist og eg kan ikkje tenke meg til at nokon føler anna enn empati for dei som har hamna i ei slik setting.
Så feil kan ein ta…………..Eller….. Dei fleste føler nok empati med dei det gjeld, men likevel klarar dei å gjere det til noko "politisk".
Difor har eg mest lyst til å kalle enkelte for arrogante idiotar, men lar vere av di eg har lært at det ikkje er høfleg å bruke eit slikt språk om andre. (Likevel…..Det er det eg tenker inni meg!)

Eg var ein snartur innom Facebook. Eg låg på sengekanten og var ikkje heilt klar for å skille meg med den fjerde beste venen min, dyna. Så då titta eg no heller innom FB og sjekka tilstandane der.
Då la eg merke til at Jens Stoltenberg hadde publisert ei helsing til folket i Lærdal og skreiv at tankane hans gjekk til dei. Det var ein fin gest han som medmenneske viste.
Folk flest (av dei som kommenterte den) sa seg einige eller roste helsinga. Heil til det då dukka opp ein kromidiot som sa : Jens, du er ikke statsminister lenger………osv……Som om det å bry seg krever at ein må ha ei slik rolle. Å skrive at han ikkje trenger å bry seg av di han ikkje er statsminister?? Hallo, skal vi ta ifrå han retten til å vise medfølelse for andre av den grunn? Det blir jo berre teit.
Han brydde/bryr seg og må få vise det på lik linje som at halve Noreg gjorde det ved å dele slike statusar.
Så kom kommentaren: Bra Jens, flott at du bryr deg. Men hvor er Erna? Hvor er Erna? Kvifor ein slik kommentar under helsinga hans?
Eg er inga tilhengjar av Erna, men akkurat slikt er å synke ned på eit lavmål. Kanskje Erna faktisk var på tur til Lærdal? Kven veit? (Ho!) Kanskje ho ikkje hadde tid til å sitte på Facebook av di ho hadde viktigare ting fore, som til dømes finne ut korleis ho skulle forhalde seg til brannen i Lærdal og korleis staten Noreg kunne hjelpe?
Nei, av og til syns eg folk er litt kort! Det var fint av Jens å sende ei slik helsing, og då kan heller de som syns akkurat det, kommentere det (eller trykke liker) og så kan alle andre rett og slett la vere å kommentere noko som helst. Rett og slett av respekt for dei som har mista heimen sin. Alle bileta som er uerstattelege. Minnene…….osv.
Å byrje ein "politisk debatt" under ein sånn status som han la ut…… Det er ikkje ein nordmann verdig! Det er då det er flaut å vere norsk.

Om ein er gartnar, lege, søppelbilkøyrar, lærar, sjukepleiar, nordsjø-arbeidar…………eller statsminister, alle som ein har vi rett til å vere medmenneske. Vi har rett til å vise at vi bryr oss. I slike situasjonar skriv ikkje politikarane av di dei vil høste "stemmer". Dei skriv av di dei syns det heile er tragisk, akkurat som oss andre.

Sola er attende!! I helga såg vi ho! Endeleg, seier eg berre. Ho har vore djupt sakna. No går det endeleg mot lysare tider.
Som seg hør og bør, må ein jo feire litt at ho er attende. Så då blei det solbollebaking i dag. Minstemann og eit par kompisar stod for sjølve deigen. Sjølve utrullinga tok eg meg av.
I og med at det i oppskrifta stod at eg skulle age store boller, så blei det nett det. Store boller!! Megastore! Svimle meg gløymte å ta bilete av dei. Ei bolle var nok eit heilt måltid for seg sjølv. Solbolle og litago!
Neste gong trur eg dei blir halvert (i alle fall).

Insunierer at man må ha penis for å komme seg opp og frem her i verden. Hahhahaaaaa….. Her er det nokon som verkeleg er hårsår. I tillegg har dette blitt spreidd i stor grad via nettet, så det engasjerer faktisk mange. Likestilling tatt til eit høgare nivå enn nokon gong tidlegare. No skal vi verkeleg ha eit kjønnsnøytralt samfunn.
Eg beklagar, men eg er nok ikkje heil der enno. Sjekk dette biletet:
Foto: Kristian Helgesen VG.

Dette biletet har skapt storm i eit vannglas og no er det like før vannglaset er så fullt at det renn over. Bølgene blir berre større og større. 
Det er "Name it"-kjeda som får gjennomgå. 

Det heile starta med at det var ei mor som skulle handle klede. Ho endte sjølvsagt ikkje opp med å kjøpe ein slik som er på biletet. La det i alle fall ikkje vere noko tvil om nett det! 
Name it burde holde seg for god til å drive med indoktrinering fra tidlig alder. Sukk….Eg blir heilt sveitt. 
Hadde det vore eg som hadde vore innom butikken, ville eg aldri tenkt over det. Eg hadde sett anten på den rosa eller den blå (alt etter kven eg skulle kjøpt det til) og så hadde eg kjøpt den om eg syns den var kul, eller så hadde eg latt vere. Enkelt og greitt. 
Det er då vitterleg opp til kvar enkelt vaksen som handlar å ta avgjerdsla om dei syns den er kul eller ikkje? Skal eg miste retten til å kjøpe ein body med "adm.dir." på av di enkelte er hårsåre? (Eller……..MANGE er hårsåre…….sidan det spreiar seg raskt på nettet.) Eg kunne ikkje brydd meg mindre.

Kvinneleg, mannleg……whatever……… Likestilling……. Det går for langt. 
Viss det skal vere slik at alt som ikkje er kjønnsnøytralt skal måtte vike unna no, ja då veit eg ikkje om eg likar det samfunnet vi held på og skape. Menn og kvinner er ulike!! Vi har alltid vore det!! Eg ser ikkje problemet med det. 
Om eg ikkje kan kjøpe "adm.dir." til tantebornet mitt (som er jente), ja så er eg ikkje redd for at det betyr at ho aldri kan bli det. 
"Hjerteknuser"? Ein treng ikkje den teksten på seg for at folk skal forstå at ein er det. ALLE små born er hjarteknusarar!! Så det så! 

Eit slikt plagg insuerer ingenting om "pikk eller ikkje". Det er berre ein "artig" tekst på eit plagg. Om du ser i ein annan butikk, kan det hende du finn same teksten på motsatt kjønn. 
Det er krig i verda……..Då gjer eg meg vel katta i eit slikt luksusproblem som dette. 
Supermann, Batmann, Spidermann…….Alle superheltar……..og MENN!! La oss for all del få lov til å halde på oppfatninga vår om at menn er "store og sterke" og skal ta vare på oss. Dei skal gjere at vi føler oss trygg. I alle fall syns eg det, og mi meining har akkurat like mykje å seie som dei som er ueinige. 
Eg vil ikkje vere kjønnsnøytral, sjølv om eg ikkje er den som går oftast i kjolar, oversminkar meg og kjem i høge stilletthelar. That´s just me……. For meg så vil alltid mannen vere det "sterke" kjønn. Ferdig med det! (Og deileg å få det sagt!!!!) Eg vil bli tatt vare på! 
Rosa eller blå…….hjarteknusar eller adm.dir…………. What a problem?!! 
Nei, kva butikk eg skal handle dei nye gardinene mine i, er eit mykje større og viktigare proble for meg. Eg berre seier det! 

Nei, etter å ha lest noko så tåpeleg (synes eg), å er det vel på tide å tlogge av. Så ha ein fantastisk avslutning på kvelden og sov godt til natta! 
Hasta luego!! 

IWALY!!

lørdag 18. januar 2014

Eg har akkurat vore ein snartur innom nettavisene. Ikkje det at det var så fantastisk mykje av interesse, men noko var det……. Som til dømes Nonne fødte sønn.  Det høyrtes ikkje heilt ut som at det var oppskrift etter boka. Heller tvert imot.
Nonna påstår at ho ikkje eingong visste om at ho var gravid, så då må det jo vere århundrets forsøk på å  bli den nye "Jomfru Maria". Det spørs om ho er så heldig med den. Sanninga er vel aller helst at ho har synda og "straffa" har innhenta ho.
Det kan jo hende at det er ein eller annan nervøs munk der ute……………

Å kjenne si besøkelsestid. Ei sak som eigetleg opptar mange, men dei fleste er for høflege til å snakke så mykje om det, anna enn med dei næraste. Dei som eigentleg burde fått hinta, får dei diverre ikkje. Ergo er det eit begrep til besvær (for mange).

No er det ikkje slik at alle i denne verda blir nedrent av andre. Enkelte av oss skulle såvisst ha blitt flinkare til å vise at vi veit at andre eksisterer. Samtidig har vi dei som er i den motsatte kategorien. Dei som ikkje har antenner ute og som ikkje kjenner si besøkelsestid.
"Er det greit at vi stikk innom ein tur?"  Eit spørsmål som berre krever eit ja eller nei, men som likevel i dei fleste tilfella ender med ja av di vi ikkje har samvit til å seie nei (med mindre vi faktisk er på tur ut av huset). Er vi heime og aller helst vil slappe av i fred, lar vi vere å seie det. Vi svarar ja.
Kvifor er det eigentleg så vaskeleg å seie nei?

Enkelte tropper opp på besøk hos dei same, dag etter dag, utan å faktisk tenke tanken at det er noko som heiter kvalitetstid med sine eigne. Utan å tenke tanken at dei kanskje har lyst å gjere anna enn å ha besøk. Berre ein så enkelt ting som å gjere husarbeid. 
Det er faktisk ganske irriterande om klokka plutseleg er passert ni og dei huslege syslane du hadde tenkt å få gjort, ikkje lar seg gjere av di klokka er blitt så mykje. 

Kor husvarm kan ein tillate seg å bli? Kan ein berre trampe innhos folk? Er det greit å ikkje ringe eller banke på. Berre heilt sånn plutseleg stå der midt i stova, utan tanke på at dei som bur der kanskje er midt oppi noko "hemmeleg", eller i alle fall ikkje ønsker at andre skal sjå at dei gjer. Kva om dei faktisk kranglar og ikkje ønsker at alle alle andre skal vite det? Det er mange hensyn å ta, så er det greit å berre gå rett inn utan at dei som bur der får eit lite signal om at dei ikkje er åleine? 
Valsar du rundt i berre undikken, ja då er det høveleg flaut om det plutseleg står nokon der og stirrar. (For ein må vel få vere så fri i sin eigen heim at ein kan tillate seg og valse som ein sjølv vil? Eller….?!

Kor lenge kan ein bli verande og framleis kunne tenke at ein ikkje er uhøfleg ved å bli sittande lenger? For er det ikkje slik at det kan vere vanskeleg å seie ifrå om at no syns eg det er på tide at besøket ditt er over? 
I alle fall syns eg det kan vere vanskeleg. Ikkje nødvendigvis at det er besøket som varar lenge. Det kan vere så enkelt som at nokon forstyrrar deg medan du arbeider og så blir dei ståande og prate og ikkje ser at eg faktisk prøver å få gjort noko fornuftig og nødvendig. Tida strekk som oftast ikkje til og då kan det vere greit å ta signala. 
Ein smilar av di ein er høfleg, men det betyr ikkje at ein ønsker at den tilmålte tida skal bli borte slik at resten berre blir stress. Slik er det vel også med besøkande. 

No er eg litt redd for at ingen skal tørre å besøke meg etter dette innlegget. Bevares meg vel……. Eg har ikkje sagt at dette er noko EG er plaga med. Kanskje, kanskje ikkje…….. Eg snakkar heilt og haldent på generelt grunnlag av di eg veit at det er slik for mange. 
Her er det ikkje snakk om dei som ein sjekdan gong tar turen innom til andre. Det er meir dei som kjem kvar dag, eller i alle fall svært ofte og samtidig er der i fleire timar. Sjølv om ein "slappar av" i godt selskap, kan det virke stressande. Alle har behovet for ein og anna gong vere i fred. Kanskje akkurat den dagen alle borna er ute ein ettermiddag, eller den kvelden gubben/kjerringa er borte og ein får lyst å halde på med det ein likar best. 

Å kjenne si besøkelsestid……. Det er slett ikkje lett. Vi er alle skapt ulike og har difor ulike behov og grenser. Enkelte er flink til det å seie ifrå om at "no treng eg tid for meg sjølv", men det er slett ikkje alle som er det. Aller helst trur eg majoriteten høyrer til under siste gruppa. 
Difor trur eg også at vi "alle" burde bli flinkare til å tenke over dette. Dei som føler seg "plaga" tenker allereie mykje på det……….fleire burde kanskje tenke over om det faktisk gjeld dei. 

Det fins mange kategoriar. ………. Spør du mine vener, trur eg heller svaret vil bli at eg besøker dei for sjeldan. Eg er litt lite flink til å besøke folk. Eg er fullstendig klar over det, men dagane går og det blir berre slik, Ikkje av di eg ikkje vil, men……. Eg har eigentleg ikkje noko fullgodt svar på det.
"Ta no turen innom en dag!" Ei standard setning mange tar, og standardsvaret eg gjer attende er "Jada, det skal eg." Og så uteblir eg…….. 
Det er kanskje uhøfleg det også? Berre at det ikkje er meininga  å vere det. Eg tvilar på at eg er den einaste. Samfunnet er blitt meir slik. 
Likevel er det enno litt for mange som ikkje kjenner si besøkelsestid. 

Det er betre å tenke at no har eg vore her ei stund og bør ta turen heim så dei får fred resten av kvelden, i stadenfor å spørre om det passar dårleg at ein er der litt lenger. For som regel vel dei fleste den høflege varianten til svar og så ergrar dei seg heller etterpå over timane som forsvann i det blå. 
Det er greit å bli husvarm, men ikkje FOR varm. 

Det er laurdags kveld og denne knetta kjenner at no er det på tide med litt snacks. (I spiseleg form!!!!!)
Klokka har passert halv tid for ikkje så lenge sidan, så sånn ett er kvelden enno ung.
Liza Marklund har ikkje komen med fleire glupe bibelsitat (som eg skreiv om igår då eg blei klar over kor mykje vi eigentleg syndar!!!!! Thihihih…..), så eg får berre lese vidare og sjå kva som dukkar opp på mi ferd gjennom den svenske kriminalverda.
Når eg blir ferdig med boka, skal eg bli litt meir internasjonal att og lese ei kriminalbok eg fekk til jul, på engelsk. Det er greit å lese litt anna språk innimellom også.

Ha ein fortsatt fin kveld! Hasta luego!

IWALY!!

fredag 17. januar 2014

Jomfrua har storkjeda seg på denne fredagen. Kva er vel då hyggelegare, når ein ligg henslengt på sofaen, enn at det plutsleg står eit vesen der i døra og seier "tittei"……..og har noko i hendene?! Noko til meg!!! Jippi!!

Interiørblad, Cola-light og kinderegg!! Kindereggpakke med NI gleder. Det heiter jo så fint at eit kinderegg er heile tre gleder, så tre egg - ni gleder! <3 nbsp="" p="">
Ei hyggeleg overrasking sådan! (Og kinderegg er ikkje som smil-sjokoladen. Der heiter jo reklamen at den er til for å deles. Kindereggene er og forblir mine, og ingen får smake.)

I stad fekk eg meg no ein god latter. Ein skal jo ikkje "godte seg" på andresine vegner, men av og til er det vanskeleg å la vere, spesielt viss det er nokon som drit på draget og får ei straff som berre er heilt "fantastisk" med tanke på tidspunktet det skjer på. 
Ei studievenninne av meg frå Bergen hamna i ein slik situasjon i dag. Overskrifta hennar starta med ordet "Karma!" Og gjett om det er snakk om karma…… 
Karma! En fyr på typ 20 år knabbet parkeringsplassen jeg var på vei inn i! Whar ever, tenkte jeg, det er mange andre ledige plasser. 
Da jeg kom ut igjen, stod fyren der og var fly forbanna. Noen hadde rygget inn i bilen hans, knust lykt/lys og store skader på støtfanger og bare stukket……… Karma!

Eg kjenner at eg berre må le litt her eg ligg i horisontalen og prøver å få tida til å gå litt kjappare. Karma de luxe!! Rett og slett herleg! 

Ein fredagskveld må også innehalde god mat, så no har vi inntatt eit betre måltid og er gode og mette. 
Enkelte born er "lettlurte" og då eg heilt sånn ut av det blå spurte (på slutten av måltidet) om ikkje ti rundar rundt huset var ein fin dessert, så var svaret ja(?????). Jomfua hadde vel aller helst forventa eit anna svar, men slo sjølvsagt til med å følge det opp. Mange minusgrader og masse mat i magen…….to born, 10 rundar rundt huset. Sjølvsagt halvdaud då dei kom i mål, men eg får håpe at smurfedrops bøter på "smertene". 
No byrjar det faktisk å sjå ut til at kvelden kan bli ganske bra!

Bibelen! Ein kan seie mykje rart og ikkje rart om Bibelen og ein kan velge å tolke den på ulike måtar. Det er i alle fall det som er tilfelle i dagens samfunn. Kristne og ukristne har mange ulike tolkningar. I tillegg er det vel rom for ein del ulike tolkninger innanfor dei kristne gruupperingane også. 
Uansett…….. Kristendommen er jo tufta på dei gode verdiane i livet. Nestekjærleik, dei ti boda osv….

No held eg på med ein kriminalbok av Liza Marklund  og då kunne ho, gjennom Annika Begtzon, fortelle den mørke sida ved Bibelen. Eg har sjølvsagt sjekka med bibelen for å sjå om det faktisk stemmer, at det ikkje berre er forfattaroppdikta. På side 120 i boka står det følgjande: I følge Andre Mosebok 35:2 skal vi drepe alle som arbeider på søndager. Og i Femte Mosebok 21:8-21 sies det at hvis barn motsier foreldrene, skal de steines til døde ved byporten.
Hvis du går til frisøren og klipper håret og barberer skjegget i kantene, så synder du ifølge Tredje Mosebok 19:27. Hvis du banner, skal hele forsamlingen i fellesskap steine deg til døde, Tredje Mosebok 24:15-16. 

Tja, kven tørr eigentleg kaste den første steinen? Hmm……….Nokon som føler dei sit i glasshus?? I´m just asking…….. :=) 
Eg har arbeidd på sundagar, eg har motsagt mine foresatte, eg har vore hos frisør og eg har, i løpet av livet mitt, også banna. Så eg seier berre "shit" - eg slit!!!!!! 
Det verste er at eg faktisk må på arbeid denne sundagen også……. Eg lurar på om skiftarbeidarar har sånn der eigen avtale med han der oppe?? Ellers lever dei ganske farleg! 
Er det dette som kalles for nestekjærleik??? Hahaha………. 
Du skal ikkje slå ihel, står det………men steining??? Det gamle og nye har vel sine ulikskapar. 
Det er godt dei fleste ser etter det gode i boka og vel å leve etter det. 

Tone kjøpte leilighet med kjæresten. Tja, kanskje ikkje så dumt med tanke på at dei venter born ilag. Ein naturleg ting, vil eg tru, og sjølvsagt av nasjonal interesse!!! No får eg sove ekstra godt når eg viet at det har ordna seg med bopel. 

Jaja……Så var det i alle fall nokre få ting som sprita opp dagen litt. Så no, etter å ha sett fleire kjenningar på tv, tar eg kveld frå skrivinga. Eg har ikkje sett på tv på over ei uke, og når eg først skulle sjå urpittelitt, så var det folk eg kjenner som er på skjermen. Litt kult, då…. :=)
Ha ein fortsatt fin fredags kveld! 

Hasta luego! 

IWALY!!



torsdag 16. januar 2014

Fridag! Kva legg vi eigentleg i dette ordet? Fridag…….. Eit ord som kan bety ganske mykje forskjellig, alt etter kven vi er som person og etter kva behov vi har som menneske. 
Berre for å ramse opp noke forslag, kan ein spørre om det er: 
- at ein har fri frå jobb (eller skule for den del)
- at det er noko ein føler
- noko ein bestemmers seg sjølv for om morgonen om at det er
-  kanskje kvar dag kan vere ein fridag
- ein fridag skal vere hyggeleg?

Dette blei eigentleg berre ei lita liste ein kan legge som botn for ein diskusjon rundt temaet. Det kunne jo vore artig og sjå kor mange ulike svar ein kunne få om folk hadde engasjert seg i nett dette spørsmålet…….."Kva er ein fridag?".

For dei aller fleste blir nok assosiasjonane retta mot fri frå arbeid eller skule. Ein dag der dei ikkje treng å møte opp som vanleg og kanskje kan ta seg ei langhelg borte om det høver seg slik. 
Skiftarbeidarar har gjerne fridagane spreidd litt meir slik at dei treff ukedagar, men det er trass alt dagar ein til ei viss grad kan kalle helg. 
I dei fleste yrka har ein som regel fritt to dagar i uka. Det er slett ikkje slik at alle er så heldig at dei alltid har dei akkurat når det er laurdag og sundag…… Så enkelte av oss seier at vi tar helg, seier gjerne skiftarbeidarar at dei har fri. Fri frå arbeid………(i begge samanhengane.)
Betyr det at ein har ein fridag? 

Du er firebornsmamma (ja, eg er klar over at ikkje alle er det) og har fritt frå arbeidet ditt ein onsdag. Du ser fram til det og tenker at du skal slappe av heile dagen og kanskje ta deg eit kafebesøk om det høver slik. Om det høver slik…….. 
Onsdagen kjem, du må tidleg opp av di dei to minste skal i bornehagen og dei to eldste på skulen. Dit kjem dei ikkje av seg sjølv. Det skal smøres niste, dei minste må ha hjelp med kleda sine. Det må køyres hit og dit og gjerne innan ei viss tid. 
Når du forlater bornehagen, høyrer du aloen etter dei to minste som skrik av di dei eigentleg aller helst vil ha kosedag heime med mamma. 
Kom dei to eldste seg på skulen? Du satsar på det og ser fram til fridagen (som starta så alt for tidleg på morgonen). 
Du entrar døra heime og plutseleg hentar realiteten deg. Véret i går var ikkje bra, og var det ikkje slik at minst tre av borna kom inn kjempeskitne av di dei hadde rulla i gjørme og søle osv….? Du kikkar inn på baderommet og ser eit "hav" av klede som burde vaskes (aller helst i går). Det er berre å gyve laus på det, for det einaste som er sikkert, er at haugen ikkje vil minke i løpet av dei neste døgera. Kleda vaskes og henges opp…….
Korleis var det med oppvaskmaskinen? "Tømte eg den i går kveld……før eg slokna på sofaen? Eg hugser ikkje….. " Du kikkar inn i den og i det same sørgelege augeblikket skjønner du at fridagen ikkje vil bli heilt som du hadde tenkt. No rullar alle tankane om alt som må gjerast inn. Vaske huset, handle inn matvarer, lappe hull i klede, gjere dei småærenda som du ikkje har hatt tid til å gjere på dei ellers så travle dagane…….you name it. (Her er det berre om å vere kreativ, for då kan lista bli svært lang.)

Fridag…… Fridagen du trudde du hadde, men kvardagen ville det annleis. Kor mange har ikkje opplevd nett det? Sjølv med berre to born. 
Ein treng ikkje eit hav av born for å oppleve ein slik kvardag. Dei som har mange born, har gjerne gode rutiner, så å ha to born kan vere like "stressande". (Hmmmm……No høyrtes det ut som om at det er negativt å ha born…..For all del…..misforstå meg RETT!)
Uansett…..Kafebesøket blei det aldri noko av. 
Så på slike dager trur eg ikkje ein har hatt følelsen av å ha hatt fri. Ergo er ikkje alltid fri frå arbeid det same som fridag! 

Det skal jo vere deileg med fridag. Mange vel difor å reise bort for å nyte det. Tenk berre på kor godt det kan vere å få reise på hytta heilt åleine. Kunne gjere akkurat som ein vil utan avbrot av andre. 
For enkelte er det luksus. Luksus er ikkje å kjøpe seg noko dyrt, men rett og slett ha ein fridag for seg sjølv og sleppe å ta hensyn til nokon som helst. 

Så nemnte eg jo eit punkt som sa at kanskje fridag er ein hyggeleg dag. Stemmer det? 
Det er slett ikkje alle som ønsker å ha noko som helst fridag. Dei veit ikkje kva dei skal fylle den med og kunne likesågodt gått på arbeid. Det ville gjeve dei meir. 
Dei ville i alle fall følt seg nyttig. 

Kva med ei sjukemelding av di du er sliten? Er det fridagar? Kan du gjere akkurat som du vil då? 
Svaret er jo i utgongspunktet ja. Viss du er sjukemeldt av di du mentalt treng det, kan det hende at du treng å bli frisk ute i naturen. Gjere andre ting enn det du til vanlegvis gjer når du er på arbeid. Det fins dei som treng det ein eller annan gong i livet. 
Då spørs det kor du bur………
Bur du i ein stor by, er det lett å gøyme seg bort. Då kan du gjere nesten kva du vil utan at nokon legg merke til det. 
Bur du derimot i ei lita bygd, forverrar det situasjonen litt. Då har "alle" andre meiningar om det du gjer. Du er ikkje på arbeid, men å gå i fjellet, ja det gjer du. Då kan du ikkje vere mykje sjuk!"
Eg tippar det er fleire som kjenner seg att her. 
Sjølv har eg ikkje vore i akkurat den situasjonen, men eg er ganske sikker på at det skjer. At andre vurderer deg ut frå det du gjer og kva tid du gjer det. 
Så snakkes det……medandre……og plutseleg er det som eigentleg skulle vere med på å bygge deg opp blitt til eit sladder utan like og er med på å bygge deg ned istadenfor og du burer deg heller inne enn å gjere det du burde. 
Sjukemeldinga skulle vere din sjanse til å ha fritt. Fritt til å finne attende til ditt eiga "jeg". Det blei ikkje slik. 
Det er ikkje fridag når ein må sitte inne og sture i frykt for kva andre vil seie. 
Kanskje vi alle er litt for flinke til å bry oss med kva andre gjer og overtolker ting? Sånn satt litt på spissen……..?!

Nei, det er visst ikkje så enkelt å finne ein definisjon på kva ein fridag er. 
For meg er ein fridag sjansen til å få halde på med noko eg har lyst til. Ein dag der eg ikkje treng å ta hensyn til noko plan eller avtalar med andre. Ein dag som berre er. 
Den beste dagen vil nok kanskje slik som dette ut: Vakne tidleg og sjå at sola kjem til å prege dagen. Gå ned i kjellaren og musisere litt før ein et seg eit godt måltid og legg til fjells for å nyte ei god utsikt i finvèret. I sekken er sjølvsagt ei god niste og litt snack så ein kan vere der oppe så lenge ein sjølv vil. Ein går i nett det tempoet ein kjenner ein har lyst til. Akkurat passe fort, med andre ord. 
Kameraet er sjølvsagt med og foreviger turen. 
For andre er det heilt andre ting som er viktig. Kanskje rett og slett så enkelt som å få lov til å sove ein heil dag. Ikkje stå opp! Hahahah……Det er faktisk FRIDAG det, for enkelte. :=)

Eg er glad vi er ulike som personar. Verda ville vore ganske så kjedeleg om alle hadde dei same interessene som eg. Tenk berre på alle dei som då ville okkupere dei same områdene som eg?! Kor mykje fri ville ein då få? 
Det einaste som er sikkert, er at vi må bli flinkare til å akseptere at vi er ulike som menneske og at vi har ulike syn på livet. Det vi sjølv meiner er rett, kan vere totalt galt for eit anna menneske. Slik er det berre. 

Ha ein fantastisk fin kveld! Fri eller ikkje……………..
Sov godt til natta!

Hasta luego! 

IWALY!!

tirsdag 14. januar 2014

Israel-Palestina…….Konflikten som ingen ende tar.  Israel-Palestina-konflikten er kanskje det mest brukte begrepet som brukes om nett desse to folka, isralittane og palestinerane. Ein evigvarande konflikt.  
Mykje av problemet ligg i orda anerkjennelse, grenselegging, sikkerheit, vanntilgang, kontroll over Jerusalem, palestinsk røyrslefridom, reglar om flyktningar osv….osv….. Lista kan sikkert lagast enno lengre, men dette er nok dei viktigaste momenta. For ikkje å gløyme israelske busetnadar!

Over ei kjempelang tid har det vore lagt ned arbeid for å prøve finne ei løysing på problemet, berre at det slett ikkje er dei enklaste å megle mellom. Tvert imot.
Målet er ei tostats-løysing som kun er mogleg ved å etblere ein palestinsk stat som er uavhengig og sidestilt med ein jødisk stat, eller ved sidan av staten Israel.
Fleirtalet der nede meiner at dette er mogleg, men pga mistillitsforhold blir det veldig komplisert. Om dei inngår avtalar, er dei begge redd for at den andre parten ikkje skal overhalde sin del av avtalane.
Det verste med denne konflikten er det store tapet av menneskeliv. Ikkje berre millitære liv, men også sivile folk.

Eg skal så absolutt ikkje ta for meg heile den lange historia denne konflikten bygger på, for det vil nok ta meir enn ein kveld å kome gjennom. Staten Israel blei oppretta i 1948 og sidan den gong har det vore mykje blod.
Eg tenker meir slik at eg vil kome inn på korleis det har vore den siste tida og ikkje minst "i dag".
Våpenkvileavtalar har vore gjeldande, men dei har nok ikkje fungert som dei skulle.
Gaza-krigen har satt sine spor. Ein 25 dagar lang krig som la heile området i ruinar.

I 2011 blei det vedtatt at ein stat, Palestina, ville vere levedyktig, noko som er ein forutsetnad for at det skal fungere. FN kjem på banen og ting skjer.
Palestinarane håper at at FN skal sørge for at det internasjonale samfunnet skal anerkjenne den palestinske staten.
Det nærmaste dei er komen dette, er at dei blei tatt opp som medlem av UNESCO i 2011. Dette er noko som underbygger støtte til Palestina.

Noreg har hatt eit engasjement i forhold til denne konflikten, men i dag er den ikkje så stor som den tidlegare har vore. Noreg si rolle er blitt meir beskjeden.
Det fins ei givargruppe til palestinarane og denne er det Noreg som er leiar for. Likevel, det er ikkje lett å vere leiar når ein slit med å oppretthalde støtta frå andre rike land. Tidlegare var det ei større vilje til å bistå med midler til prosjekter og infrastruktur, men dette er ikkje lenger tilfelle. Så i og med at det er blitt slik, speler Noreg ei heller beskjeden rolle i fredsprosessen.

Dette er eit bilete eg har lasta ned frå nettet. Eg søkte på "bilder israel palestina" og dette kom opp. Kven det er som har "laga" det, får eg ikkje heilt tak på, men det er i alle fall ikkje eg som skal ha æra for det. 
Uansett…….Det viser i alle fall tydeleg utviklinga frå Israel blei eigen stat og fram til no. Biletet talar vel sånn sett for seg sjølv. Ikkje vanskeleg å sjå at her er det skjedd ein urett. 
Dersom dette biletet faktisk er eit bilete som viser den reelle realiteten, er det inga tvil om at vegen til det rettferdige er lang!!

Seinast denne uka har det vore ein del skriverier i forhold til Israel. Blant anna av di Ariel Sharon, den tidlegare israelske statsministeren, har gått bort. 
I den samanhengen har den nye statsministeren vår, Erna Solberg, sendt ei helsing der ho utdjupar medfølelse i sakas høve. Dette er det ganske sterke meininger om. Spesielt Karpe Diem sin Magdi. Han går nesten "rett i strupen" på ho. I alle fall kan det klassifiserast som kraftig kritikk. 
At Erna kalte Sharon for ein sterk leiar og ein sentral skikkelse, fekk det til å lyse raudt for Magdi. Han vel å kalle Sharon for ein jævel. "Har du tenkt å gjøre det samme med alle andre jævler som dør?" Eit spørsmål han rettar mot Erna og samtidig kallar han henne for feig. 

Med andre ord er israelsaka (om ein kan kalle den for det) er betent sak. Vegen til fred er lang og det er tvilsamt at det er nokon som vil gje etter i den næraste framtida. 
At det skal måtte vere slik i verda, i 2014, er heilt utroleg. Eg er spent på korleis det ser ut i 2050 (om eg lever då). 

Går på byen for å bli gravid. Er det noko som er sikkert i denne verda, er det at vi menneske er ulike, og det på dei aller fleste områda. Likevel, det er ein ting vi har til felles, alle saman. Alle menneske er født egosentriske. Skilnaden, oss i mellom, er i kor stor grad vi klarer å styre denne egosentriske eigenskapen. 
Enkelte klarer å skyve den til sides, i stor grad, medan andre er heilt i den andre enden. 
Det kan knyttast opp mot mange ting her i livet, men eg tenker akkurat no at eg vil knytte det opp mot èi spesiell sak. Ei sak som verkeleg er passande til dette egosentriske genet vi er fødd med. 
Å bli gravid…….

Å bli gravid og forelder er ingen rettigheit vi har. Dersom vi får born, er det ei gåve! Ei gåve vi skal vere veldig takksame for. Samtidig er det ikkje alle som bør få born. Det er ikkje vondt meint, men slik er det berre.
Enkelte har eit stort ønske om å bli foreldre, men naturen set sin stoppar for det. Andre har inga ønske om det, men tar seg eit ligg og "vips" så er det gjort. Ganske urettferdig, spør du meg, men lite å gjere noko med. 
Så til sakas kjerne…… Det å få eit born er ein egosentrisk tanke. Det er for å tilfredsstille seg sjølv. (I dei tilfella der ein prøver å bli gravid og blir det.)
Å få born krever mykje. Det skal trasss alt følgjast opp i mange år. Difor er det mest tenleg at bornet har både ein far og ei mor. 
No skal eg sjølvsagt poengtere her at eg ikkje tenker på homofili i denne samanhengen. For å få fram poenget burde eg kanskje heller skrive to foresatte, for det er det eg meiner. Det handlar om "tryggleiken" til bornet. Tilhørigheit……. Born veks til og etterkvart lærer dei korleis born blir til og vil ha sine spørsmål. Då er det ikkje så kult å svare "eg tok meg ein bytur og fekk meg eit ligg…….og her er du". 

Det fins dei sjelene som ønsker seg born så sterkt at dei går på "byen" eine og åleine for å bli gravid. No skal ikkje eg sette meg på min høge hest, men eg syns det er feil å gjere slikt. Det er feil overfor det ufødte bornet som kanskje kjem til etterkvart, men også kjempefeil overfor den mannen som blir skuld i denne graviditeten. 
Det er greit nok at alle må vere sitt ansvar bevisst, men viss ei dame bevisst lurer ein mann i fella, ja då er det på ein måte litt ondskapsfullt. Også om planen er at ho ikkje skal informere mannen det gjeld om det. Ei slik haldning som seier at det er greit å gjere det på denne måten, er ikkje akkurat med på å bygge opp landet. 
Det er veldig egosentrisk, for det er berre seg sjølv ein set i sentrum for tankane sine og utfører handlingar som får konsekvensar for så mange fleire enn berre deg sjølv. 
I ei ideell verd, skjer ikkje dette, men diverre skjer det. 

No kan det vere slik at enkelte tenker at det ikkje er dumt at det skjer. Årsaka er at enkelte kan ha problem med å finne seg ein livspartnar og tida for befruktning held på å renne ut. Den biologiske klokka tikkar…..
Joda, det er forståeleg at enkelte tenker slik, men det rettferdiggjer aldri at ein fører andre bak lyset for å oppnå noko slikt. 
Og kva om du plutseleg hamnar i "uføret" og treng økonomisk hjelp? Plutseleg står bornefaren der og får krav om bornebidrag utan eingong å vite om at han er far. Alt av di mora til bornet har lura han og så etterpå komen i ein kjip situasjon. 
Ein kan difor også diskutere om det er rett at det er kvinnfolket som sit med all makt når det kjem til å få eit born når ein er gravid. Eit tema mange har meininger om….sterke meinger. 
Eg skal ikkje bevege meg inn i den diskusjonen. Ikkje meir enn at eg har ei løysing som set ein stoppar for heile problemet……… Vil du ikkje at dama di skal bære fram eit born som vil bli ditt?? Så la vere å gjere ho gravid. Enkelt og greitt. Då har du heller ikkje lagt all makta i hendene på ho. Verre er det ikkje. 

Å gå på byen for å bli gravid er ikkje greitt. Det syns i alle fall ikkje eg. Etiske grenser tøyes ofte, men dette er verkeleg ei etisk grense ein ikkje bør strekke så alt for langt. 
Er ein verkeleg desperat etter å bli gravid……så kan ein gjere som mange andre gjer. Dei reiser til Danmark for å få sæddonasjon. Då er det i alle fall ingen som blir narra ut i "ulykka". 

Følgene av å gå på byen for å bli gravid kan føre til mykje sorg og smerte etterkvart. Det spørs om det er verdt det.

Det blei visst ein superseriøs kveld, denne gongen. Shit happens all the time! Jomfru Knutsen skal straks få besøk av Jon Blund, forhåpentlegvis, og i morgon er det onsdag og midtuke. Det har nett vore helg, og i morgon er det straks helg på ny. Ikkje så ille det! 
No er det i alle fall seine kvelden og uansett om du er på arbeid i natt, eller du er så heldig og får sove i ei deileg seng……Ha ei god natt, på alle måtar! 

Hasta luego! :=)))

IWALY!!