mandag 13. januar 2014

Kva skjer eigentleg ein måndags kveld i januar? Det er i alle fall ikkje snakk om noko etegilde, sjølv om det ikkje er lange tida sidan vaflene blei fortært.
Ettermiddagen har gått i eitt! Såpass mykje i eitt at jomfrua heilt gløymte av brøda som stod og sola seg så fint i omnen. 40 minutt på overtid…….då vakna denne knetta til liv og fekk litt aktivitet lant dei små grå. Til trass for dette tilfellet av, tja, kva skal ein kalle det(?)……….. så trur eg faktisk at brøda berga seg sjølv på eitt eller anna vis. Litt tjukkare skorpe overlever vel dei fleste.

Minstemann er komen i seng etter først å ha spurt søstra om ho kunne forklare oss andre noko frå i går, før han sjølv la i veg og forklarte før søstra i det heile tatt fekk tid til å starte. (Lurer på kven han har det ifrå?! Hahahah….)
No speles det kort borti sofaen, men "familiens" dårlegaste kortspeltapar er ikkje med, så då er det ikkje like skøy. Han befinner seg nokre timilar lenger sør, så då hamnar i alle fall ikkje kortstokken bak pianoet og ei heller kan han nakke tak i meg som avslørere det her! Thihihih….. (Ellers ingen fare….eg er så mykje kjappare enn han i vendinga likevel!)

Human trafficking. Kva er eigentleg dette? Human…….. Menneskeleg……. Det er så klart menneskehandel det er snakk om. Eit problem som eksisterer den dag i dag. Trist som faen, men tilfelle. Og verda er vitne til det.

Det er slaveriliknande verksemd som foregår i regioner der det faktisk er illegalt. Ein tar fridomen ifrå mennesker. Eit direkte lovbrot som burde vore nett det, lovbrot, uansett kor i verda du bur. Så skal eg la vere å seie kva eg meiner bør skje med dei som står bak slik aktivitet.

Bortføring, salg, tvangsprostitusjon, seksuell utnyttelse…….treng eg eigentleg seie meir? Kvalmt!
Likevel er det mange som driv med dette og tener seg søkkrike på det. Tvang, vald, svindel…..alle ord som skildrar ein del av aktiviteten.
Kva med ulovleg adopsjon? Det skjer oftare enn vi trur. Tenk på alle dei borna som blir kidnappa frå foreldra sine og adoptert bort til heilt framande menneske dei aldri før har sett.
Tenestegjering i krig. Born som må til pers….. Lista er rett og slett superlang og kanskje til og med utømmeleg.

Human trafficking er ikkje det same som menneskesmugling. Akkurat det er enkelt å forklare og forstå av di at dersom det er snakk om menneskesmugling, er det snakk om menneske som "deltar" frivillig. Dei betaler for å få denne "hjelpa". Sjølve traffickingen er retta mot det ufrivillige. Maktovergrep, med andre ord.

Human trafficking er noko som skjer i det skjulte for styresmaktene. Ergo er det ikkje "berre berre" å få bukt med dette. I tillegg spør det korleis vi vel å avgrense temaet. Ein kan velje å berre ta for seg hallikverksemd og sosial dumping. Berre desse to avgreiningane av temaet er nok til å skrive ei heil avhandling. Som sagt….trist som faen.

For meg som person, er det menneskehandel som når mest inn til mitt indre. Spesielt der det er snakk om born. Når det gjeld dette, har eg prøvd å google for å finne eit tal på kva grad det eigentleg er snakk om. Det eg kjem fram til er at omlag 2,5 millionar kvinner og born, på årleg basis, er offer for slik versemd. Eit skremmande høgt tal, og det går faktisk så mykje inn på meg at eg kjenner at enkelte tårer prøver å presse seg fram, men eg klarer å kontrollere det og stoppe dei akkurat i tide. You know the feeling……

Sexindustrien: Kvart år blir omlag ein million nye born tatt inn i sexindustrien, den kvalmaste av dei kvalme verksemdene som fins på denne jorda. Stakkarslege born blir misbrukt på det grovaste utan at dei kan gjere noko for å hindre det. Når vaksne, eldre menn utnyttar 10-åringar (for å ta eit døme), ja då fins det nesten ikkje ord. Pedofili er rett og slett grusomt. Tenk berre på den frykta borna må kjenne på og så er det ingen vaksne der for å støtte opp om dei og verne om dei og fortelje at det går bra.
Det er vel ingenting som er så sårt for ei mor, eller far for den del, og vite at du ikkje kan vere der for bornet sitt om det treng dei.
Difor er det ekstra ille om eit born blir kidnappa og aldri funnen. Blir det funnen drept, veit du i alle fall kva det måtte kjempe mot. Blir det bortført og aldri funnen, veit du ikkje kva liv som er lagt for bornet. Berre tanken på at det kan vere utsatt for trafficking osv….er meir enn nok til å ta livet av ei mor og ein far innvendig.

223 millionar born misbrukes årleg. Med born meiner eg at dei ikkje er blitt 18 år enno. Alle land er nøydd til å sterkare inn for å bekjempe dette. Viss ikkje er eg redd for at det berre vil vekse og vekse.
I tillegg må straffane bli mykje høgare. Spesielt her i Noreg!
Når ein i USA kan få straffar som seier livstid for å stjele, må ein i det minste klare å få same straff for dei som gjer slike lovbrot som dette.
Kjøps av seksuelle tenester av mennesker under 18 år er berre på usle to år. Særdeles grov karakter kan føre til 21 år. Så veit vi jo alle at 21 år ikkje er 21 år. Fengselsår er noko heilt anna…..og med god oppførsel får ein sjansen til å bli fri mykje tidlegare. Straffa for å øydelegge eit anna menneske på ein slik måte.

Handel med kvinner er eit stort problem over store deler av verda. Dette er ei krenking av dei store, blant anna av rettigheitene deira og det er rett og slett ein manifestasjon av dei historiske ujevne maktforholda som har vore mellom menn og kvinner. Dette er noke som har ført til at menn har hatt ein dominans over, og ikkje minst diskriminering mot, kvinner og i stor grad jenter.
Dette vitnar om at det er ei sosial oppfatning om at vi kvinner er eit objekt som kan selges og kjøpes. Difor er det ein grunnleggande årsak til det problemet vi har med menneskehandel.
På grunn av at slike haldningar har så brei aksept i samfunnet, blir dette vidareformidla frå generasjon til generasjon. Difor er det sæs viktig at det blir retta lys mot den oppvoksande generasjonen og då meiner eg blant gutane.

Det som faktisk er tilfelle, er at dette er det som er mest lønnsamt av alt i denne verda. (Då tenker eg mest på dei illegale verksemdene.)
Difor kan vi kalle det for komersiell sex og med ganske sikker margin seie at det er 100% sikkert at dette er noko som vil vekse med tida. Difor må det skje noko straks.

Det er kveld og straks leggetid for denne unge knetta. Difor passar det godt å avslutte med å seie "ta vare på kvarandre". Det er særs viktig i dagens samfunn.
Uansett…… Ha ei god natt!!

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar