lørdag 18. januar 2014

Eg har akkurat vore ein snartur innom nettavisene. Ikkje det at det var så fantastisk mykje av interesse, men noko var det……. Som til dømes Nonne fødte sønn.  Det høyrtes ikkje heilt ut som at det var oppskrift etter boka. Heller tvert imot.
Nonna påstår at ho ikkje eingong visste om at ho var gravid, så då må det jo vere århundrets forsøk på å  bli den nye "Jomfru Maria". Det spørs om ho er så heldig med den. Sanninga er vel aller helst at ho har synda og "straffa" har innhenta ho.
Det kan jo hende at det er ein eller annan nervøs munk der ute……………

Å kjenne si besøkelsestid. Ei sak som eigetleg opptar mange, men dei fleste er for høflege til å snakke så mykje om det, anna enn med dei næraste. Dei som eigentleg burde fått hinta, får dei diverre ikkje. Ergo er det eit begrep til besvær (for mange).

No er det ikkje slik at alle i denne verda blir nedrent av andre. Enkelte av oss skulle såvisst ha blitt flinkare til å vise at vi veit at andre eksisterer. Samtidig har vi dei som er i den motsatte kategorien. Dei som ikkje har antenner ute og som ikkje kjenner si besøkelsestid.
"Er det greit at vi stikk innom ein tur?"  Eit spørsmål som berre krever eit ja eller nei, men som likevel i dei fleste tilfella ender med ja av di vi ikkje har samvit til å seie nei (med mindre vi faktisk er på tur ut av huset). Er vi heime og aller helst vil slappe av i fred, lar vi vere å seie det. Vi svarar ja.
Kvifor er det eigentleg så vaskeleg å seie nei?

Enkelte tropper opp på besøk hos dei same, dag etter dag, utan å faktisk tenke tanken at det er noko som heiter kvalitetstid med sine eigne. Utan å tenke tanken at dei kanskje har lyst å gjere anna enn å ha besøk. Berre ein så enkelt ting som å gjere husarbeid. 
Det er faktisk ganske irriterande om klokka plutseleg er passert ni og dei huslege syslane du hadde tenkt å få gjort, ikkje lar seg gjere av di klokka er blitt så mykje. 

Kor husvarm kan ein tillate seg å bli? Kan ein berre trampe innhos folk? Er det greit å ikkje ringe eller banke på. Berre heilt sånn plutseleg stå der midt i stova, utan tanke på at dei som bur der kanskje er midt oppi noko "hemmeleg", eller i alle fall ikkje ønsker at andre skal sjå at dei gjer. Kva om dei faktisk kranglar og ikkje ønsker at alle alle andre skal vite det? Det er mange hensyn å ta, så er det greit å berre gå rett inn utan at dei som bur der får eit lite signal om at dei ikkje er åleine? 
Valsar du rundt i berre undikken, ja då er det høveleg flaut om det plutseleg står nokon der og stirrar. (For ein må vel få vere så fri i sin eigen heim at ein kan tillate seg og valse som ein sjølv vil? Eller….?!

Kor lenge kan ein bli verande og framleis kunne tenke at ein ikkje er uhøfleg ved å bli sittande lenger? For er det ikkje slik at det kan vere vanskeleg å seie ifrå om at no syns eg det er på tide at besøket ditt er over? 
I alle fall syns eg det kan vere vanskeleg. Ikkje nødvendigvis at det er besøket som varar lenge. Det kan vere så enkelt som at nokon forstyrrar deg medan du arbeider og så blir dei ståande og prate og ikkje ser at eg faktisk prøver å få gjort noko fornuftig og nødvendig. Tida strekk som oftast ikkje til og då kan det vere greit å ta signala. 
Ein smilar av di ein er høfleg, men det betyr ikkje at ein ønsker at den tilmålte tida skal bli borte slik at resten berre blir stress. Slik er det vel også med besøkande. 

No er eg litt redd for at ingen skal tørre å besøke meg etter dette innlegget. Bevares meg vel……. Eg har ikkje sagt at dette er noko EG er plaga med. Kanskje, kanskje ikkje…….. Eg snakkar heilt og haldent på generelt grunnlag av di eg veit at det er slik for mange. 
Her er det ikkje snakk om dei som ein sjekdan gong tar turen innom til andre. Det er meir dei som kjem kvar dag, eller i alle fall svært ofte og samtidig er der i fleire timar. Sjølv om ein "slappar av" i godt selskap, kan det virke stressande. Alle har behovet for ein og anna gong vere i fred. Kanskje akkurat den dagen alle borna er ute ein ettermiddag, eller den kvelden gubben/kjerringa er borte og ein får lyst å halde på med det ein likar best. 

Å kjenne si besøkelsestid……. Det er slett ikkje lett. Vi er alle skapt ulike og har difor ulike behov og grenser. Enkelte er flink til det å seie ifrå om at "no treng eg tid for meg sjølv", men det er slett ikkje alle som er det. Aller helst trur eg majoriteten høyrer til under siste gruppa. 
Difor trur eg også at vi "alle" burde bli flinkare til å tenke over dette. Dei som føler seg "plaga" tenker allereie mykje på det……….fleire burde kanskje tenke over om det faktisk gjeld dei. 

Det fins mange kategoriar. ………. Spør du mine vener, trur eg heller svaret vil bli at eg besøker dei for sjeldan. Eg er litt lite flink til å besøke folk. Eg er fullstendig klar over det, men dagane går og det blir berre slik, Ikkje av di eg ikkje vil, men……. Eg har eigentleg ikkje noko fullgodt svar på det.
"Ta no turen innom en dag!" Ei standard setning mange tar, og standardsvaret eg gjer attende er "Jada, det skal eg." Og så uteblir eg…….. 
Det er kanskje uhøfleg det også? Berre at det ikkje er meininga  å vere det. Eg tvilar på at eg er den einaste. Samfunnet er blitt meir slik. 
Likevel er det enno litt for mange som ikkje kjenner si besøkelsestid. 

Det er betre å tenke at no har eg vore her ei stund og bør ta turen heim så dei får fred resten av kvelden, i stadenfor å spørre om det passar dårleg at ein er der litt lenger. For som regel vel dei fleste den høflege varianten til svar og så ergrar dei seg heller etterpå over timane som forsvann i det blå. 
Det er greit å bli husvarm, men ikkje FOR varm. 

Det er laurdags kveld og denne knetta kjenner at no er det på tide med litt snacks. (I spiseleg form!!!!!)
Klokka har passert halv tid for ikkje så lenge sidan, så sånn ett er kvelden enno ung.
Liza Marklund har ikkje komen med fleire glupe bibelsitat (som eg skreiv om igår då eg blei klar over kor mykje vi eigentleg syndar!!!!! Thihihih…..), så eg får berre lese vidare og sjå kva som dukkar opp på mi ferd gjennom den svenske kriminalverda.
Når eg blir ferdig med boka, skal eg bli litt meir internasjonal att og lese ei kriminalbok eg fekk til jul, på engelsk. Det er greit å lese litt anna språk innimellom også.

Ha ein fortsatt fin kveld! Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar