mandag 6. januar 2014

Kroppsdeler falt fra himmelen i Saudi-Arabia. Politiet trur at kroppsdelane stammar frå ein mann som har falt ned ifrå eit fly. Målet med flyturen var å prøve å smugle mannen inn i landet. Jaja…. Det er vel det vi kallar mislykka forsøk?!

Først tenkte eg at korleis kan ein mann som fell ned frå eit fly, kome ned i fleire deler. Det var heilt til eg leste årska som gjorde at eg kjente det heilt inn til hovudnerva i tolvfingertarmen.
Han har mest sannsynleg blitt sittande fast i hjulbrønna til eit fly.
Ikkje det at eg har så store kunnskaper om fly, men akkurat den setningen er det ikkje vanskeleg å forstå!

Kven er det som er så dum at dei klatrar inn der hjula lagres under ein flytur? Det må jo vere svinkaldt der oppe i lufta og kva med oksygenmangelen? Det er rimeleg mykje tynnare luft der oppe blant skyene enn her nede på bakken! Det er faktisk ei årsak til at det ligg fleire strødd øverst oppe i Himalaya av di dei ikkje har takla høgden.
Eg skjønner at folk kan bli desperate, men hallo?? Det må jo finnes ei viss grense ein eller annan stad for kor gal ein kan bli?!

Pappa sier at hele Norge lukta melk på 70-tallet. Det tror jeg ikke det gjør lenger. Hahahahha…… Eg trur faktisk det stemmer ganske bra. Eg hugser sjølv at då eg vaks opp, ja då var det eindel andre lukter enn dei vi møter i dagens samfunn. Utan tvil!
No kan det hende at eg hugser det slik av di eg var eindel på besøk på gardar og kjente fleire gardsfolk, men likevel. Det kan ikkje samanliknast med den verda vi lever i idag.
Hadde dagens ungdom blitt presentert for dei duftene vi var vant med før i tida, ja då trur eg vitterleg dei hadde grine på nasen sin. Fått spasmar…………
Kanskje enkelte ville ropt høgt om hygiene….(sjølv om det ikkje var hygienen som stod bak luktene.)

Mann (61) parterte sin egen samboer (64) med sag, og han i plastposer under senga. Først trudde eg det stod feil….. Han gøymte han…..sambuar……. Så kopla eg at vi lever i 2013 og hjernen min blei med eitt pittelitt meir moderne i tankegongen sin.

Likevel, saka er ganske rystande. At det skjer i Sverige er uvesentleg for kva ein syns om at slikt skjer.
Eg kjem aldri til å skjønne korleis nokon klarar å leve i ei slik stank. For det blir då vel vitterleg ei forderleg lukt etterkvart?
No er det sjølvsagt drapet som er mest uforståeleg, men ein ting er å ta livet av han……men når du i tillegg då vel å leve med liket i huset? Under SENGA di??

Å partere nokon med sag fortel vel eigentleg at ein er rimeleg "gal". Alle som drep er gal, men å sage nokon opp er enno verre. Viss dei i tillegg ser ei glede i det…. Say no more!
Det verste er nok at han sikkert ikkje får fengselsstraff av di han hadde psykiske problem.

Det heile viser jo berre at du ikkje kan stole på nokon som helst. Dette er ikkje første saka der ein sambuar tar livet av den andre parten. Det har skjedd ein god del gonger dei siste åra. Og kven kan du stole på om du ikkje kan stole på dn du vel å tilbringe livet ditt med?
Og ikkje minst…….kva tid kan du sjå på eit anna menneske at no er det på tide å vere varsom? For eg trur neppe at det er noko som plutseleg skjer utan at det har vore ei foranledning. Ein blir vel ikkje gal sånn rett over natta heller?

Eg kjenner at eg blir litt stressa av det heile. Ikkje av di eg er i noko faresone når det gjeld slik, men av di det viser at ein ikkje kan vite kva som lurer rundt om. Sjølv om det er snakk om store byar eller små bygder, ligg alltid faren der og truar.
Vi kan aldri vite kva som skjer i dei andre sine heimar og plutseleg har det klikka for ein eller annan. Creepy!!

I morgon tidleg er det ny arbeidsuke, sjølv om den eigentleg starta med nokre timar arbeid i dag. Klokka har akkurat bekka midnatt no og jomfru Knutsen skal difor sørge for å få skjønnheitssvevnen sin. Det blir sikkert fantastisk godt!
Så ha ein fortsatt fin kveld om du framleis er vaken.

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar