tirsdag 21. januar 2014

Jomfrua klarar liksom ikkje heilt å områ seg sjølv i kveld. Ikkje berre berre å få dei små grå til å vakne alltid. Kva i alle dagar skal eg skrive om i dag då? 
Eg må i alle fall få med at natta som står for tur verkeleg stod i fare for å bli øydeagt, destroyed, irriterande, "ikkje la andre få sove om du ikkje får det til sjølv", fylt med mat……osv, og det berre på grunn av ein liten bagatell. 
Vel, bagatell og bagatell…..For meg var det visst alt anna enn bagatell. Berre så det er sagt, så er det ordna opp i no, så natta er berga. 
Egg og bacon!! Svartens egg og bacon. Aldri hadde eg trudd at slikt eit enkelt samansett måltid skulle skape så store problemar for ei enkel jomfru som eg. It did……..Egg og bacon. 

Året er sånn tidleg på 90-talet, kanskje. I alle fall sånn sirka då eg var i slutten av tenåra og ikkje hadde lært meg alle "vanskelege" ord og uttrykk. I såfall ikkje når det kom til mat. Eg hadde vel aldri vore nøydd til å lære meg sære og rare namn på matrettar. I slutten av tenåra spiste eg sikkert ikkje eingong noko så enkelt som ris! (Ikkje spør meg kva eg likte……)
Uansett……. Min kjære pappa var på arbeid og eg hjalp til. Ute i restauranten sat det eit ektepar sørifrå og hadde sjølvsagt brukt eit sånn der framandord til meg og eg ville jo sjølvsagt ikkje stå der og virke dum, så eg lata no berre som om at eg forstod alt. (Eg hadde jo pappa på kjøkkenet, og han måtte no vel for Guds skuld vite kva orda betydde - betyr.)
Litt lettare nervøs skunda eg eg inn til han og sa "Ehhhhh, pappa...? Dei sa at dei skulle ha patent!??!!"
Han såg berre heilt roleg på meg og sa "Greit, egg og bacon skal bli." "????????? Egg og bacon?" 
Handflata mi traff panna mi i eit "lite" slag og eg tenkte stakkars Beathe som ikkje veit det eingong. 

Patent! Ordet som skulle sørge for at denne kvelden blei alt anna enn hyggeleg for dei små grå. For kva anna enn nett denne episoden byrja eg å tenke på i kveld? 
Eg såg eit egg og så byrja tankane og surre. Eg spurte sjølvsagt dei her heime, men då fekk eg svar som "Cowboylunsj" og "Engelsk frokost". Var det noko eg var sikker på, så var det at det såvisst var feile svar. 
Eg ringte bror min, for han måtte jo sjølvsagt vite det. Han har (hadde) jo same pappaen. Nesjda….. Eg skal ikkje nemne kva han foreslo……..men då var no dei to andre alternativa eg allereie hadde fått betre. 
Mamma!! Mamma veit det!! Hahahahahahahahahah……….. Som om det hjalp…… Ho kopla ikkje ordet før eg ringte og avslørte kva det var. Dåååå huska ho det jo sjølvsagt. Berre at det var altfor lang tid etter at eg trengte det. 
Facebook!!!!! Takk Gud for Facebook!! Den som seier at Facebook berre er drit, veit ikkje kva han snakkar om. Akkurat det er no sikkert og visst. Facebook sørga for nattasvevnen min! 
Eg stilte spørsmålet og like etterpå tikka det inn svar frå ein barndomdkompis……PATENT! 
JAAAAA! Takk!!!! DET var ordet pappa brukte. Det berga natta…..

Det er no eingong slik at dersom du veit at du veit svaret, men ikkje klarar å hente det fram, er det ikkje berre å la vere å tenke på det. Det ligg der og gnur til du får henta det fra.
For min del var eg SÅÅÅÅ nær ved å ringe sjølvaste himmelen for å få svar. (Desperat, kallar ein det.)
Egg og bacon. Patent. For eit useriøst problem!! At det går an! 
Lykke! Så lite som skal til for litt lykke! Sukk……………. Patent!!

No skulle eg eigentleg drøfte litt temaet trening. Avhengig av trening, midtlivskrisetrening, dilla på trening, you name it-trening……….. Lista er vel strengt tatt uendeleg. Vi har alle våre årsaker til at vi trener (eller ikkje). Enkelte av dei er heilt på jordet medan andre er meir fornuftige. Det kan jo kome mykje artig ut av eit slikt tema. 
No er eg berre lykkeleg og netsen rusa på egg, så eg skal heller ta treningstemaet ein dag seinare. 
Ergo attstår det berre å seie god natt og sov godt! Viss eg plutseleg skulle drøyme om grisar som hoppar over eit gjerde, må det vere baconet som har gjort utslaget. Om det er positivt eller ikkje…..tja det skal vere usagt 
Hasta luego!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar