lørdag 4. januar 2014

Den siste tida, kvar einaste dag - utan unntak, har nettavisene fokusert på temaet sex. Undersøkingar, artiklar…….metodar, debut, sadomachonisme, sex og mørketida, difor vil ho ikkje, kor ofte, porno, dette tenner vi på……ja, you name it. Eg trur faktisk at det ikkje har vore ein einaste dag utan temaet på lenge, lenge.
Så spørs det. Er det av di dei manglar tema å skrive om, eller er det av di dei drevne journalistane har hatt juleferie og så er det berre dei einspora som har vore att?! Kanskje…….., men sikkert ikkje.

21-åring tatt for å selge stjålne hjerner på Ebay. Og JA!! Det er snakk om menneskehjerner, så ein kan trygt seie at det er ein sjuk hobby denne karen har og ikkje reint lite ekkelt!
Eg skulle vel klare å kome på eit par betre alternativ til å tene pengar på om eg var nødens. Definitivt.

Det er snakk om hjerner frå omlag 60 psykiatriske pasientar litt attende i tid.  Dei er solgt via Ebay, ein nettstad kor det i utgongspunktet ikkje er lov til å selge kropsdelar. Ein heilt grei regel, spør du meg!
Om eg no skulle miste ei tå, vil eg nok ikkje prøve å skaffe ei ny via nettet. Eller ein nase….for den saks skuld, :=)

Eit glas med ein hjerne i? Kva i alle dagar skal ein med det, liksom? Eg trur eg ville fått mine tvil om eg plutseleg kom inn i stova til ein kar og det stod ein hjerne eller to der på hylla.
Det verste er at det var ein kar som kjøpte heile seks stykk!
Det var forresten han som starta tanken om at det var tjuvgods på ferde og så hadde han i alle fall vitet til å melde i frå.
Så sjølv om han tilsynelatande er gal, så er han i alle fall litt oppegåande også.

TV-profil kom ut av skapet. Akkurat i denne saka balanserer media veldig på kanten. Det var like før jomfru Knutsen holdt på å kome ut av sitt gode skinn her. Under denne overskrifta er det eit bra stort bilete med George Clooney i midten på. Han har sjølvsagt ei kvinne med seg, men første tanken som slo meg var "no way!". Ikkje snakk om at han får kome ut av noko skap. Alle andre kan berre gjere det, for min del, men ikkje han!
Det var ikkje han………Det var snakk om kvinna. Likevel, det var rimeleg dårleg gjort å bruke eit slikt bilete der det kun var hans auge som såg imot "oss". Dei har sjøvsagt brukt akkurat det biletet i nett av den grunn………at vi skulle tru at det er snakk om han. For då er det nok eit visst antall fleire kvinner som opnar saka for å sjekke. I alle fall gjorde eg det.

Mange kinesere sliter med å få kontakt med kvinner. Avisa sitt beste råd er å skaffe seg ein gladhund. Dte skal visstnok sette fart på det heile.

Hovudproblemet er vel aller helst at det er eit stort kvinneunderskot i Kina. Med dei haldningane dei har der, er det fleire menn enn kvinner som ser dagslys. Jenter blir ofte valgt bort.
Trist, men sant.

Kinesiske kvinner sier at de ikke stoler på kinesiske menn. Så snart de er sammen med en mann, synes de at han drikker for mye og at han er utro og lyger ved en hver anledning. Etter at de er gift og har fått barn, stikker ofte mannen av og melder seg aldri igjen. Som et resultat velger mange kvinner å leve alene eller sammen med storfamilien. Høyt utdannede velger oftere alenelivet enn andre kvinner.
Samtidig har mannen et problem med at de ikke ønsker å gifte seg med kvinner som har barn eller som har passert 30 år.
Giftevillige til dels høyt utdannede kinesiske kvinner fyller stadig mer opp kontaktsider på nettet, og de gjør det helt klart at de ønsker en vestlig mann.
Som et resultat av de nye samfunnsmotsetningene har også et land som Thailand til enhver tid ca 2 millioner kvinner klar for menn i den vestlige verden.
I vesten er det omvendt. Her sparker kvinnene mannen og skiller seg, 
der mannen ved neste korsvei velger seg en asiatisk kvinne. Denne utviklingen er aksellererende..
Det kan også bli et problem for staten Norge at selv med et fødselsoverskudd på ca 15000 pr år blandt etnisk norske, så minker antall etnisk norske boende i Norge. Hvor blir disse av ?
Sitatet kjem frå ein Sivert Sæterbø

I følge dette sitatet, er det fleire årsaker som blir nemnt. Det er jo litt "artig" å lese samanlikninga mellom Noreg og Kina. Menn og kvinner………
Thihihihi…… Vi sparker menn og skiller oss. (Stakkars menn!) Kinesiske menn er ikkje til å stole på. 
Ein annan skriv at det ikkje er noko overskot av kvinner….at det berre er tull. 

Overskrita er jo litt meir spenstig enn innhaldet i artikkelen. Hadde vi berre hatt overskrifta, kunne vi trekt fram moment som kroppslukt, u-sjarm……..og fortsett i det uendelege i den retninga. 
I stadenfor bei det heile dyssa ned ved å fokusere på skeivfordelinga mellom menn og kvinner. 
Det var så absolutt ikkje manglande dametekke (som eg hadde håpa)………… Det kunne jo ha vore det??!

Nei, sjølv om det er helg, må ein vel i seng ein eller annan gong. For min del blir det NO!
Så ha ei god natt og sov godt!

Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar