torsdag 2. januar 2014

En tale om lodotten inni den norske navlen. At ein tale blir for navlebeskuande, er vel kanskje ikkje heilt positivt?! Eller………
Det er ein førstelektor i retorikk som er rimeleg overraska over kor lite internasjonalt innhald statsministeren vår hadde i sin første nyårstale. Verda var rett og slett ikkje tilstades og han meiner at talen meir var sm lodotten vi har i navlen. Hhahaha…… Eit litt artig uttrykk…..Det skal han ha! Thihihi…..
Det nytter nok ikkje å kome ut av ei fuglekasse og fortelje om livet inni fuglekassa.

Likevel…..Til trass for at innhaldet kunne vore litt meir "fengande" (ops….det er visst berre eit såååååå feil ord å bruke…..men du skjønner sikkert kva eg meiner), så framstod ho no i alle fall som trygg på det ho gjorde. Med eit språk som var godt og  enkelt, var ho tydleg på det ho sa.
Så får ho no berre ta til takke med at herr Ringdal syns det blei for mykje lo i navlen.
Det er sikkert ikkje verre enn at ho kan hente fram støvsugaren for å få den fjerna!! Hahaha….

Mann bet fingeren av sønnen. Hmm…..Det var då ikkje særleg snilt gjort! Håper eg aldri blir så sulten at eg finn på noko slikt. Det er jo klart ein må ha mat om ein treng det, men det fins vel andre alternativer enn ein finger? (Håper ikkje han er musiker - sonen altså.)

Skriver av marihuana og strippebesøk på skatten. Hahaha….. Kanskje ikkje det smartaste ein seier offentleg….  I alle fall ikkje om ein har eit sterkt ønske om at skatteetaten ikkje skal oppdage det.
But, but….. Viss det fins dei som skriv av slikt på skatten, jadå fins det vel andre ting vi vanlege dødelege kan skrive av? Det kan virke som om at det berre er fantasien som set grenser for kva.

Har du rett til erstatning når vannet er kaldt eller viagraen ikke fungerer? Ville forsikringshistorier!
- Bryllaupsreisa blei ein fiasko av di kjerringa fekk mensen. Hahahaha………
- Kjønnskifteoperasjon i Thailand.
- Urne med aske forsvann i flybagasjen. (Hmm…….den er velstrengt tatt ikkje mogleg å erstatte. I alle fall ikkje med innhald!)
- Daud bestefar i skiboksen. Bilen blei stelt ved fergeleiet.
- For varm sand på stranda.
- Mistet viagra-pilleboksen på havet. Forlangte å få dekket ny.
- Dame brakk tå på Rhodos. Krevde dagpenger av di ho ikkje fekk danse på kveldane.
- Gjekk gjennom ei glassdør!
- Kaldt badevatn og manglende drag på damene! Hahahahaha……… Så har du ikkje utsjånaden på di side, er det berre å ta deg ei reise og søk om erstatning for at du ikkje har drag på damene!

Ikkje vanskeleg å forstå at enkelte menneske ikkje er heilt på stasjon, nei! Desse døma er neppe av dei verste…….
Det er sjølvsagt lov til å prøve seg, men det må jo finnes ei grense ein eller annan stad.
Uansett….. Det var jo litt artig lesing, så sånn sett blei det jo ei fin avslutning på kvelden. Det er vel ikkje så lurt å sitte så altfor lenge oppe når ein skal opp "grytidleg" i morgon. For ein kan gjerne kalle det grytidleg når ein har klart å snu døgeret litt i det siste. Då er det tungt å starte opp att.

Vi er ferdig med første dag av januar. Ein dag som ikkje har vore altfor innhaldsmessig når det gjeld aktivitetar som krevst noko av oss.
God natt!

Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar