Jomfrua har storkjeda seg på denne fredagen. Kva er vel då hyggelegare, når ein ligg henslengt på sofaen, enn at det plutsleg står eit vesen der i døra og seier "tittei"……..og har noko i hendene?! Noko til meg!!! Jippi!!
Interiørblad, Cola-light og kinderegg!! Kindereggpakke med NI gleder. Det heiter jo så fint at eit kinderegg er heile tre gleder, så tre egg - ni gleder! <3 nbsp="" p="">3>
Ei hyggeleg overrasking sådan! (Og kinderegg er ikkje som smil-sjokoladen. Der heiter jo reklamen at den er til for å deles. Kindereggene er og forblir mine, og ingen får smake.)
I stad fekk eg meg no ein god latter. Ein skal jo ikkje "godte seg" på andresine vegner, men av og til er det vanskeleg å la vere, spesielt viss det er nokon som drit på draget og får ei straff som berre er heilt "fantastisk" med tanke på tidspunktet det skjer på.
Ei studievenninne av meg frå Bergen hamna i ein slik situasjon i dag. Overskrifta hennar starta med ordet "Karma!" Og gjett om det er snakk om karma……
Karma! En fyr på typ 20 år knabbet parkeringsplassen jeg var på vei inn i! Whar ever, tenkte jeg, det er mange andre ledige plasser.
Da jeg kom ut igjen, stod fyren der og var fly forbanna. Noen hadde rygget inn i bilen hans, knust lykt/lys og store skader på støtfanger og bare stukket……… Karma!
Eg kjenner at eg berre må le litt her eg ligg i horisontalen og prøver å få tida til å gå litt kjappare. Karma de luxe!! Rett og slett herleg!
Ein fredagskveld må også innehalde god mat, så no har vi inntatt eit betre måltid og er gode og mette.
Enkelte born er "lettlurte" og då eg heilt sånn ut av det blå spurte (på slutten av måltidet) om ikkje ti rundar rundt huset var ein fin dessert, så var svaret ja(?????). Jomfua hadde vel aller helst forventa eit anna svar, men slo sjølvsagt til med å følge det opp. Mange minusgrader og masse mat i magen…….to born, 10 rundar rundt huset. Sjølvsagt halvdaud då dei kom i mål, men eg får håpe at smurfedrops bøter på "smertene".
No byrjar det faktisk å sjå ut til at kvelden kan bli ganske bra!
Bibelen! Ein kan seie mykje rart og ikkje rart om Bibelen og ein kan velge å tolke den på ulike måtar. Det er i alle fall det som er tilfelle i dagens samfunn. Kristne og ukristne har mange ulike tolkningar. I tillegg er det vel rom for ein del ulike tolkninger innanfor dei kristne gruupperingane også.
Uansett…….. Kristendommen er jo tufta på dei gode verdiane i livet. Nestekjærleik, dei ti boda osv….
No held eg på med ein kriminalbok av Liza Marklund og då kunne ho, gjennom Annika Begtzon, fortelle den mørke sida ved Bibelen. Eg har sjølvsagt sjekka med bibelen for å sjå om det faktisk stemmer, at det ikkje berre er forfattaroppdikta. På side 120 i boka står det følgjande: I følge Andre Mosebok 35:2 skal vi drepe alle som arbeider på søndager. Og i Femte Mosebok 21:8-21 sies det at hvis barn motsier foreldrene, skal de steines til døde ved byporten.
Hvis du går til frisøren og klipper håret og barberer skjegget i kantene, så synder du ifølge Tredje Mosebok 19:27. Hvis du banner, skal hele forsamlingen i fellesskap steine deg til døde, Tredje Mosebok 24:15-16.
Tja, kven tørr eigentleg kaste den første steinen? Hmm……….Nokon som føler dei sit i glasshus?? I´m just asking…….. :=)
Eg har arbeidd på sundagar, eg har motsagt mine foresatte, eg har vore hos frisør og eg har, i løpet av livet mitt, også banna. Så eg seier berre "shit" - eg slit!!!!!!
Det verste er at eg faktisk må på arbeid denne sundagen også……. Eg lurar på om skiftarbeidarar har sånn der eigen avtale med han der oppe?? Ellers lever dei ganske farleg!
Er det dette som kalles for nestekjærleik??? Hahaha……….
Du skal ikkje slå ihel, står det………men steining??? Det gamle og nye har vel sine ulikskapar.
Det er godt dei fleste ser etter det gode i boka og vel å leve etter det.
Tone kjøpte leilighet med kjæresten. Tja, kanskje ikkje så dumt med tanke på at dei venter born ilag. Ein naturleg ting, vil eg tru, og sjølvsagt av nasjonal interesse!!! No får eg sove ekstra godt når eg viet at det har ordna seg med bopel.
Jaja……Så var det i alle fall nokre få ting som sprita opp dagen litt. Så no, etter å ha sett fleire kjenningar på tv, tar eg kveld frå skrivinga. Eg har ikkje sett på tv på over ei uke, og når eg først skulle sjå urpittelitt, så var det folk eg kjenner som er på skjermen. Litt kult, då…. :=)
Ha ein fortsatt fin fredags kveld!
Hasta luego!
IWALY!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar